Velkommen
Hei på dei!

13. juni, 2021: Eg leste boka Heart of Darkness.

9. juni, 2021: Det er kvad o'clock ⌚. Harald Hårfagre sin son Håkon har si eige soge og eg har skrive tre korte kvad og eit lite samandrag eller kommendar til ho. Tekstane blir visst berre lengre og lengre. Og det er på høytid eg begynner å tenkje på ei innholdslisteside til kvada, det er litt folksamt der borte.

3. juni, 2021: God dag! Eg leste boka River Town om ein fyr som reiste til Kina i to år, og nå kjennest det nesten som om eg akkurat har vore på ferie i Kina.

27. mai, 2021: Eg la til ein tekst om boka Solens Rike og eg føler meg littegranne ufornøgd med ein såpass kort tekst. Fordi boka fekk meg til å tenkje på fleire ting. Kanskje eg ein dag skriv ein lengre tekst før eg gløymer det. Eg trur eg berre saknar nokon å diskutere boka med, berre bli ein vidaregåandeelev for 45min.

26. mai, 2021: NYE KVAD!

23. mai, 2021: 📕 Eg har også lagt til ein ny liten tekst om ei bok: A Fine Balance, eller Balansekunst på norsk.
Eg la til ein liten tekst om dikt. Det kan ver eg om ei stund les han om igjen og synst han er for personleg og slettar han får internettets overflate, så les han mens du kan. Eller ikkje les om teksten blir for meg ein fremtidig flause.

22. mai, 2021: Hei igjen! Eg la til litt kvad og la til ein enkel meny. Eg ser for meg at eg kjem til å ha tusenvis med kvad for det er så kjekt å skrive! Anbefales!, det er litt ulike regler, eg har berre prøvd meg på ljodahått og fornyrdislag.

19. mai, 2021: Gratulerer med overstått syttendemai 💃! Eg har lagt til ei til side der eg kan skrive om ting eg vil, men eg har berre skrive litt om kulturlandskap til no fordi det synst eg er fantastisk spenande! Eg har ei lengre liste av andre greier eg gjerne vil finne meir ut av, og kanskje muligens gidder eg gjennomføre det 🤞! Eg har òg lagt til tre kvad inspirert av Ynglingesoga (du kan gjette kva bok eg har starta på...)

3. mai, 2021: Hallo. Eg leste ei soge i går, ei soge eg klarte å forstå i motsetning til alle desse sogene frå den eldre Edda som er heilt greske for meg. Eg leste soga om Torstein Vikingsson. Han blei uvenn med ungane til pappens bestekompis så han bruker store deler av livet på å slost med dei. Så drar han til slutt på egne eventyr med kompisane han har fått underveis. Eg blei inspirert til å skrive kvad. Eg vil ha null kritikk, takk. (Ros er akseptert).

27. april, 2021: Det har gått ei stund. Eg har lest ferdig ei bok om Lucrezia Borgia og i tillegg oppdaterte eg, eller fyllte ut litt, teksten om North and South. Men Borgia-boka er hovudgreia i denne oppdateringen. Det følger med ei ordliste/ordbok (eg veit ikkje heilt forskjell) med eksempellsetningar frå boka! Ooo! Spennande!

14. april, 2021: Eg leste gjennom bok fire i Haikar-serien, så eg skreiv ein pitteliten tekst om den, det var liksom ikkje så mykje å sei. Eg les fortida gjennom cellebiologiboka mi, og det er jo litt kjekt nå som eg allereie kan alt fra før ting gir mei meining nå enn då, men ho er forderdeleg tjukk - det kjennest litt absurd å bruke så mykje tid på ting eg kan eller i alle fall har lært før. Men det byr meg i mot å stoppe når eg fyrst har begynt, og det er jo ikkje keisamt heller. - men det er altså ein del av prosjektet eg nevnte på sida om lesing der eg sa at eg vil lese skulebøkene mine for å sjå om dei er verdt å beholde, sida eg liker ikkje å ha ting berre for å ha. Og eg trur cellebiologiboka ender på ha-lista. Fin er ho òg med fine og fargerike bilder. (I motsetning til enkelte biokjemibøker som ligger lengst nede på lista over skulebøker eg ynskjer å lese om igjen 🤮(altså kritikk av biokjemibok ikkje biokjemi)).

8. april, 2021: Hallo! I dag tenkjer eg meg ferdig med boka The Romance of the Three Kingdoms, eg likte denne boka SÅ godt! Eg leste ein forkorta versjon "abridged", og eg tenkjer at om ei stund, i sommar eller til neste år eller om nokre år, vil eg lese den lange versjonen. Kanskje eg kan lere meg å lese kinesisk fyrst så kan eg lese ho på orginalspråket?! Det hadde vore noke. Eg forstår såvidt Ibsen, men kinesisk frå 1300-tallet det skal eg klare.

6. april, 2021: Håper du hadde ein fin påske! Eg la til ein tekst om boka Second Class Citizen som er skrevet av Buchi Emecheta. Det er ho som også har skrive The Joy of Motherhood. Dei to bøkene handler begge om to damer som har vokst opp i eit samfunn, men som så må bo og leve i eit heilt anna samfunn der dei sliter litt med å passe inn, kulturforskjellane er store og dei er nødte til å vere sjølvstendige og ta ansvar for sitt eiget liv(begge bøkene er prega av menn som oppfører seg dårleg og mangel på vener å snakke med).

29. mars, 2021: Det tok ei stund, men eg har lest ferdig boka om samfunn og økologi og korleis det heng saman. Eg endte opp med å skrive ein del meir enn eg pleier, eg veit ikkje om det er sakprosaen som gjer det eller fordi eg synst det er eit interessant tema. Uansett vurderer eg sterkt å finne på ein annan måte å organisere desse bok-tekstane mine på.

25. mars, 2021: Plutseleg har eg sotte 12 timar i strekk 10.00-22.00 og skreve om folk og greier frå "Beretningen om de tre kongedømmer". Ojsann. Fitbiten min viser meg imponerande 436 skritt, og likevel er eg dau i beina.

14. mars, 2021: Eg hadde så lyst å lage ei spesiell type side, så eg gjorde det, og sida blei dedikert til dei personene i boka "Romance of the three kingdoms" eg hugser mest av. Det er berre ein liten guide, om du vil - og den er ikkje heilt ferdig, eg er ikkje ferdig med boka eingong, eg er berre halvveis!

12. mars, 2021: Det er ingenting nytt å klikke på, men eg har lært meg omtrent pittelitt om konseptet flexbox, og eg er heilt hekta! Det er fare for kun oppdateringer på css-filene framover. Også prøver eg å gjere sida OK på mobil, (berre for utfordringens skyld, beste opplevelse er på datamaskin, fordi det er det eg bruker og eg bestemmer) så gjerne sei ifra om noke ser merkelig ut, til nå er kun framsida mobilvenleg (håper eg)(zwölf!!!)

9. mars, 2021: Eg la til vitser og gåter! Ellers så berre pynter eg. (+ oppdateringene mine dei siste gangene har 3-gangen som tema!)

6. mars, 2021: Eg la til ei minneside! Altså ei side full av minner frå minnebøker! Dei er veldig fine så nyt dei.

3. mars, 2021: Om du ikkje finn heilt fram har eg lagt til eit kart, eg håper det er forståeleg. I tillegg, har eg oppdatert sida om meg.

27. februar, 2021: Bok nr.3 i serien om haikerens guidebok er lest ferdig, og nå tenkte eg å lese noko anna ei stund før eg tar dei siste bøkene. Eg brukte formiddagen i dag på å endre pittelitt her og der, også har eg ein bokmeny!! Der er jo ikkje så mange bøker endå og eg håper han forsetter å fungere fint sjølv med mange bøker.

22. februar, 2021: På biblioteksida la eg til ein liten tekst om kvifor eg leser, eller kvifor leser det eg leser, og litt om korleis eg leser.

20. februar, 2021: Eg har lest ferdig den andre boka i the Hitchhiker's Guide to the Galaxy-serien, og skrevet pittelitt om ho.

19. februar, 2021: I dag har eg oppdatert ei side med min rulletekst altså, eg seier kor alt på sia kjem frå. Opphavet - ikkje sant.

18. februar, 2021: Andre oppdatering for dagen visst! Eg la til ei side om meg eg. Det blei litt lengre enn planlagt, og det uten å skrive noko særleg om meg sjølv eigenleg. Meir typisk blir det vel ikkje.

18. februar, 2021: Bakgrunnen og slikt er blitt littforandra, eg klarer ikkje bestemme meg for kva eg synst er fint og ikkje. Også har eg lagt til ei side om min kjære pus.

15. februar, 2021: Eg har lest ferdig den fyrste boka i serien"Hitchhikers Guide to the Universe" og skrevet eit liten tekst om den.

Rulletekst Kart