Salamanderkrigen (Válka s mloky) 🗓️

Forfattar: Karel Čapek

Land og språk: Tsjekkia og på tsjekkisk

År: 1936

Omsettar: Dagny Gjerdrum (Eg trur ho må vere same Dagny som Dagny Rytter som omsatte boka i 1938, berre då med eit anna etternamn)

Eg synst boka om salamanderkrigen var litt deprimerande, men eg likte ho så godt! Boka er skriven så annleis enn dei fleste bøker, me hopper litt frå sted til sted, frå folk til folk og frå tid til tid, og i tillegg er bok to nærmast ein stil om Salamander-historie basert på Povondra sine avisutklipp. Omsetjaren hadde gjort ein skikkeleg bra jobb med å skrive i ulike stilar der det passa inn, frå svært uformelt og naturleg til gammaldags og stivt. Fantastisk leseoppleving. Men handlinga er trist og mørk, til tross for ein del humor.

«Behager herren å være tsjekkisk?» lød det plutselig bak oss på korrekt og rent tsjekkisk.
Vi så oss overrasket om. Det var ingen der, bare en stor sort salamander, som satt på steinene og holdt noe som liknet en bok i hånden.

Det var vondt å lese kor vonde og hjartelause menneskja var mot salamandrane. Slavehandel blir greitt igjen fordi salamandrane er jo ikkje folk så då gjer det ingenting. Jakta på salamandrane er nådelaus, dei blir ikkje skotne eingong, men klubbar ihel?! Og så stappar dei dei saman på skip direkte kopiert frå slaveskipa og godtar at det blir store mengder svinn (om lag 25 – 30% overlev). Så blir dei brukt eksperimentert på i alle retningar og fasongar. Det blei lista opp kva slags organ og kroppsdelar salamandrane kan leve utan og ikkje og kor lenge dei kan overleve utan mat og vatn. Det var vondt å lese, for dette er jo ikkje eksperiment menneskjer har kjent seg for gode til å utføre på folk. Klangbotnen er så ekte og verkeleg at det er ubehageleg. Og salamandranes arbeid er òg ikkje utan ironi: dei produserer landområde til menneskja på kostnad av deira eigne levestadar (havet altså).

Mengda med satire og kritikk av menneskjesamfunnet i boka er stor og til stades på kvar side. Fleire land får gjennomgå: Tyskland med sine «ariske» salamandrar, USA som lynsjar sine salamandrar, og verda generelt som ikkje veit å samarbeide om noko fordi alle andre land er potensielle fiendar dei ikkje kan være verre enn. Det er heilt håplaust og menneskja er tydeleg fullstendig ansvarlege for sin eigen undergang. På mange måtar minner Salamanderkrigen meg om Rachel Carson sin Den Tause Våren, der ho skildrar korleis folk øydelegg jorda for framtida for å få ein god hausting dette året. Temaet i hennar bok er jo ikkje så deprimerande, fordi mykje forandringar blei faktisk gjort (men DDT er framleis i bruk). Men aller mest minner Salamanderkrigen meg om ein kombinasjon av KI og dei globale klimaendringane. KI som utviklar seg så raskt at det er vel utanfor vår kontroll, men heller ikkje på nokon måte hindra av oss – heller oppmuntra. Og klimaendringane som kan bli vår undergang utan at noko land eigentleg løfter ein finger for å gjere noko med det.

Hvorfor skal alltid Naturen rette på det som menneskene selv har fått i stand? Altså tror ikke du engang at de kan hjelpe seg selv? Der ser du, der ser du; til sjuende og sist vil dere atter stole på at noen eller noe berger dere! Jeg skal si deg noe: Vet du hvem som ennå i dag, da alt femteparten av Europa er oversvømmet, leverer sprengstoff og torpedoer og boremaskiner til salamandrene? Vet du hvem som dag og natt arbeider feberaktig i laboratoriene for å finne enda virkningsfullere maskiner og stoffer til å sprenge verden i været med? Vet du hvem som låner salamandrene penger, vet du hvem som finansierer denne Verdens Ende, denne nye Syndeflod?
«Jeg vet det. Alle fabrikker. Alle banker. Alle stater.»

Til biblioteket