DRAMA

Aino 🗓️

Forfattar: Alvilde Prydz

Land: Norge

År: 1900

Fleire sitat her

Aino er deprimert og då hr. Andersen kjem og er òg deprimert så kjenner ho seg igjen i han og knyter seg til han. Eg forstår det, og det er lov å vere deprimert..men: eg fattar ikkje korleis Aino kan ha forelska seg så djupt i han Andersen på to veker slik han oppfører seg mot ho! Ho seier jo sjølv: «Hver gang vi har været sammen og havt det hyggeligt, så kommer De næste gang og river ligesom ned det hele» 🥵🥶. Kven blir jo ikkje sjarmert av perler som: «De ser på mig, som om De troede, at jeg kunde være forelsket! Hvem skulle det være i? I fru Edvardsen eller i Dem for eksempel? Nej, det gider jeg sgu ikke!». Om eg hadde blitt presentert med litt meir av hans sjarmerande stunder...:

Fuldmægtig Andersen(grublende): «Er det morsomt? -at leve?»
Aino(usikkert): «Siden det så skal være - men det kunde være ligeså bra, noget andet forresten!»
Fuldmægtig Andersen(nikker): «Det syns jeg med! Det er hyggeligt å tænke på, at man skal fra det engang.»
Aino(livlig): «Ja ikke sant! For da må det jo blive anderledes, tænker jeg mig!»
Fuldmægtig Andersen(lystig): «Ja, når man dør? Det kan De være næsten vis på! Ser De alltid så lyst på livet?»

...hadde det vore ein ting, men det er det stor mangel på. Dei flørta litt i fyrste akta, i dei tre sekunda han var der, og resten er …tvilsomt. Kanskje er det manglande mødrer dei har til felles og som er nok for at Aino skal fortape seg heilt i han?

Eit døme til. Aino prøver å vere positiv: «Ja, nu vil vi forestille os, vi er rigtig lykkelige. Så bliver vi det også!», Fuldmægtig Andersen: «Hvad skal det til? De er så dumme, de lykkelige, de kan verken høre eller se. Lykke er igrunden et slags idiotisme! Hvorfor sidder De og stirrer sådan ud i luften? Fortæl heller noget!». Hr. Andersen i eit nøtteskal: «Værst er det, at dagene er så mange».

Men eg leste jo stykket til endes så heilt gale er det ikkje. Replikkene er til tider ganske morosame, tante Lisinka, som jo er ganske ufordrageleg, buser ut med all slags saker, og spesielt samtalen hennar med Johannes, der han vil spørje om å få fri til Aino, mens Lisinka hadde visst heller sett han hadde fridd til ho: «Ved du hvad, Johannes, jeg synes, du er en liden smule, jo jeg synes det, en liden smule sjofel!». Heile den samtalen var ganske underholdande. Også likte eg at hr. Andersen gjekk frå å vere Fuldmægtig Andersen til Andersen til Francesco (i sideteksten? Det navnet før replikken i alle fall) etter kvart som om han og Aino blei nærare kjent. Cute. (eller kanskje slikt er vanleg, eg les lite drama).

Til biblioteket
Til toppen

Tartuffe, eller Den skinheilage 🗓️

Forfattar: Molière

Omsettar: Halldis Moren Vesaas

Land: Frankrike

År: 1664 (siste versjon i 1669)

Fleire sitat her

Det var visst tid for komedie på tampen av året, og regel nummer ein for komedier er at dei ender godt! All dialog i Tartuffe er på rim, men det går som ein lek – så ikkje besvim. Eg trur alle dei eldre skodespela er skrivne på rim kanskje? Eg hugsar Peer Gynt er jo òg skriven slik. Det er ikkje naturleg, men vakkert er det. Stykket er i fem aktar og alt foregår i heimen til ein familie. Det tok visst ei stund før Tartuffe blei Tartuffe, det skulle ein del fram og tilbake mellom kyrkje ↔ kong Ludvig XIV ↔ forfattar Moliére til før det blei det skodespelet me har i dag. I dette essayet, 'Tartuffes ansikt' er eit forslag til korleis stykket kan ha blitt forandra for kvar versjon (side 61-65). Det er spesielt akt 2 og akt 5 som skil seg ut og verker som seinare tilføyingar. Og eg må i alle fall sei meg enig i at dette skrinet som dukker opp i slutten av fjerde akt er svært utavdetblå til tross for at det er megaviktig for heile familiens framtid. Men det gjer ingenting, eg synst ikkje Tartuffe lir av noko haltande handlingsforløp eller noko slikt – eg likte det!

Fyrste akta er svært praktisk og grei: familiens sure og gamle bestemor klagar på person etter person – og gir ein kort skildring av dei alle. Også Tartuffe sjølv, som ikkje er til stades, blir blanda inn. Familien (og kammerpike Dorine) er heilt forferdeleg (ifølge Bestemor), men Tartuffe er visst den heilagaste engel som nokon gong vart fødd til vår jord 👼. Bestemor er heilfrelst. I andre akta kjem familiefar Orgon heim og i same stil som si mor er han heilt betatt av Tartuffe. Kammerpike Dorine seier:

Han kaller han sin bror, og dei som står han nære
– mor, kone, dotter, son – held han langt mindre kjære

Det er ikkje før i tredje akt at Tartuffe dukker opp, og fram til da har me høyrt SÅ MYKJE om han! Alle har ein meining om han og han er eitt temmeleg hett 🔥🔥🔥 og omdiskutert tema innad i familien. I essayet eg nemnte over skriv forfattaren at: «Det er intet mysterium omkring Tartuffe, intet rom for tvil, og når vi nå spent venter på Tartuffes tilsynekomst, er det mindre for å se hvordan han er, enn at han er, for å få et syn for dagen.»  Og dette kjente eg meg svært enig i. Som du skreiv mine egne tankar forfattar.

Etter å ha lest stykket ville eg jo såklart SJÅ det, og i nrk-arkivet fann eg heile to versjonar! Eg las Halldis Moren Vesaas si omsetjing, men desse framførte versjonane bruker André Bjerke sin omsetjing.

I Fjernsynsteatrets versjon frå 1964 verker stykket nesten som ein tragedie for meg, til tross for ein lykkeleg slutt. Men Tartuffe er så … 🤢🤮. Han gjer meg ukomfortabel. Heile greia minner meg om folk som blir lurt til å gi bort alle sparepengene sine til såkalla kristne på TV. Cléante hadde sikkert vore enig med denne moderne samanlikninga. Her snakkar han om dei mest klandreverdige svindlarar:

Dei sjarlatanar som seg straffelaust tør smykke
med kristennamnet, men som – når det kjem til stykke
– har påtatt gudsfrykt som forretning og som fag,
og kjøpt tiltru og stor vinst av verdsleg slag
for falske blikk, falsk glød, for sukk frå hyklersk bringe.

Altså ein slik versjon, der Tartuffe ser ut til å verkeleg øydelegge ein uskuldig familie er meir trist enn morosam, det knyt seg i hjarta når son Damis prøver å overbevise far Orgon om at Tartuffe er ein slemming og Orgon svarar med å jage han ut av huset og å gjere han arvelaus. At alt ordnar seg til slutt tar jo ikkje bort den sorga som var, og det må jo vere forferdeleg vondt å sjå sin eigen forelder blir manipulert og bortrøva frå seg slik. Av ein ussel og opplagt hyklar som Tartuffe. PS. Elmire blir spilt av Sjuende Bergdatter.

Så såg eg Fjernsynsteatrets versjon frå 1987, og det var heldigvis ein meir komedisk komedie – eg lo på ordentleg! Det var bra for min då sorgfulle sjel. Denne hadde òg morosamme kostymer som alltid er ein bonus. Tartuffe er jo framleis Tartuffe, men litt i overkant dramatisk til å vere skummel og ukomfortabel.

Så to ganske forskjellige versjonar av Tartuffe altså.

Sluttordet for denne teksten er ein hyllest til Elmire, kona til Orgon og stemor til hans to barn. Elmire er ei snill stemor! Eg visste ikkje slike fanst ein gang. Men det er heilt sant! 😍

Til biblioteket
Til toppen

Edderkoppen

Forfattar: Hulda Garborg

Land: Norge

År: 1904

«Edderkoppen» var ordentleg spennande og eg lurte oppriktig på kor denne historia hadde tenkt seg. Og historia er ikkje særleg koseleg, men heller trist – særleg sidan det er dei unge jentene som får svi mest. Og kanskje mor deira, men ho var vel kanskje ei slik ung jente ho òg ein gong då ho fyrst blei sviken. Hulda Garborg har vore svært inspirert av sin eigen barndom (dessverre) og no har eg overtalt meg sjølv til å lese ein biografi om henne. Inspirasjonskjelda til Jomfru Linde må ha vore litt av eit menneskje for ho er ikkje skildra særleg vakkert...

Fyrst og fremst er det svært mange folk i dette stykket at det er littegranne vanskeleg å halde tritt med dei alle. Men: damene er generelt misfornøgde i sine ekteskap (på ein skala frå Jomfruen (som ikkje akkurat er gift men likevel, til mor Hald). Mennene er fornøgde ungkarar, og som fru Jul seier:

«Det er ingen Sag at være Ungkarl, naar man er saa heldig som du, Henriksen.
Langkokt Mad og huslig Hygge, naar du har Lyst paa det, og fri Fugl, naar du har Lyst på det.
Og saa Burdøren paa Gløt bestandig, saa du kan flyve ind igjen, naar du blir - sulten, havde jeg nær sagt»

Dei gifte mennene er vel heller stusselege. Frå samfunnets side er det mennene som har mest makt, det er dei som får har friheita å gjere som dei vil utan noko særleg konsekvensar. Kanskje helt far Hald, som forlat si kone til fordel for Jomfrua, mens mor Hald blir sitjande igjen i største fattigdom. Men i sjølve ekteskapa så er det, her i dette stykket, kvinnene som har mest dei skulle sagt – Jomfrua så klart med alle sine «pleiebarn», men òg fru Jul som har satt sin mann på havresuppe og fru Rask som ikkje ser ut til å respektere sin mann særleg. Men den mektigaste av dei alle er vel Jomfrua, Edderkoppen sjølv, ikkje berre fangar ho mennene, men ho har fått damene til å sladre vilt om mor Hald. Dei er ganske så ufyselege mot ho og seier då dei får høyre at Fanny kjem til Raby at «endelig har vel den stolte Nakken faat bøie sig» - det er altså mor Halds stolte nakke dei meiner. Men mor Hald lever jo eit heilt forferdeleg stusseleg liv, berre sorg og svolt og sott.

Men eg trur ikkje at far Hald heilt uskyldig blei fanga i Edderkoppens nett: Marja seier at Bertha minner ho om far Hald då Bertha seier ho er lei av dei tamme hestane, for slikt kunne visst han óg seie, og eg antar den utamme hesten han heller vil ha er Jomfru Linde. At han tok med seg den eine dottera og berre besøkte ho yngste ein gong i to sekunder teller jo heller ikkje hans favør, men det er så vanskeleg å vite kva som ligger bak. Nils-Petter har blitt lova pengar, så blei far Hald òg lova noko? Eller er han berre ussel og ville leve eit godt liv aleine med den eine dottera på Raby?

Tidleg i stykket snakkar Tora og Fanny om harmeskvinder, at dei «sværmer du ogsaa for Haremskvinder», men i dette stykket er det vel fleire haremsmenn enn kvinner, dei skulle berre visst (og det er heller ikkje noko å sverme etter).

Men det er noko eg ikkje forstår: Kvifor ombestemmer Bertha seg og ikkje vil at Fanny skal bli verande? Går det opp for Bertha at Fanny er for ung og vil skåne ho, til tross for at ho har eit dårleg inntrykk av mor si? «du har jo ikke endu faat Løkken om Halsen, du» seier ho. Også ein ting til eg lurer på er: kvifor trur ikkje Marja at byfolk kan ete lefse?

I frå eit brev (s.170-171) frå ektemannen Arne Garborg til Hulda skriv han om stykket og gir sine inntrykk. Blant anna nemner han moral, at ho i staden for å preike så drar ho fram samanhengen: «Mandfolk, som tanke- og samvittighedsløst gifter sig med alle de unge, friske, livstørstende Pigebørn». Han seier òg at ho «desverre er retfærdig nok til at se Galskaberne paa den anden Side ogsaa, saa Du faar Emancipationen ogsa imod Dig».

Til biblioteket
Til toppen