To Mennesker đŸ—“ïž

Forfattar: Anna Munch

Land og sprÄk: Norge og norsk (konservativ type)

År: 1898

Meir sitat her

Fru Sigrid StrĂžm lir av ein «sjelelig sygdom», eller psykisk sjukdom som man seier i dag. Ho blir heilt betatt av Leif Erlandsen, men sender han brev pĂ„ brev for Ă„ overbevise han om at ho ikkje er forelska og faktisk ikkje interessert i det heile tatt, sĂ„ det sĂ„. Det var nesten sĂ„nn at eg slutta lese ved ~30% fordi bĂ„de ho og han var sĂ„ irriterande, men samstundes var eg litt nyfiken: ‘kor har du tenk deg med dette Sigrid?’ – eg trur ikkje ho hadde nokon plan. Eg blei sittande storauga og skrikande innvendig: ‘Slutt Ă„ skriv brev Sigrid! Herlighet!’ ... boka er ikkje langt i frĂ„ Ă„ vere ein thriller om ein gal stalker.

Sigrid bur i Kristiania og dĂ„ Erlandsen er ei stund i byen og Sigrid ikkje klarer Ă„ ‘tilfeldigvis’ mĂžte han nokon stad sĂ„ tar ho inn pĂ„ same hotell som han. Ho fĂ„r seg rom rett over gangen. OgsĂ„ sit ho der og venter heilt til ho hĂžyrer han og gĂ„r ut og overraskar han.

Hans udtryk husked hun siden. Han braastansed, veg lidt bagover, stirred paa hende og sa med en ubeskrivelig betoning, som i en slags sublim betagelse: «men menneske da!»

Og seinare bur dei ved same hĂžgfjellshotell (‘tilfeldigvis
’) og han er ikkje sĂŠrleg interessert i vere i lag med ho og i staden for Ă„ spĂžr han rett ut (dei har hatt fleire samtalar aleine fĂžr) eller berre bestemme seg for Ă„ slutte Ă„ bry seg sĂ„ fortsett ho med det ho veit best: skrive brev.

«Nei, fru StrÞm, jeg vil aldrig tale med Dem mere. De har trÊttet mig du. De har pint mig.»

...

«Hvilket -? Har De da ikke lĂŠst 
?»
«LÊst. Tror De, jeg lÊser. De driver paa med Deres. De skriver til mig nu, nu, da vi endog bor under same tag. Og det, endda De fik brev uaabnet tilbage, dernede»

...

Men hun kunne ikke motstaa situationen. Med en gang begyndte hun at sige et par ord. Men enten der var noget bebreidende i hendes tone eller hvad det var: han fór op, sa «nei, hold op!» og gik hurtig fra hende ind til de andre.

Men Erlandsen er litt rar han ĂČg.

«Hvad heter De? Til fornavn, mener jeg»
«Sigrid.»
«Sigrid. Det er vakkert. Men hvorfor heder De ikke Sigrun?»

Og han er langt ifrĂ„ eit sĂžt liten engel, sjĂžlv om dei flĂžrtar titt i starten sĂ„ seier han ĂČg tydeleg ifrĂ„ at han er ikkje interessert i meir enn Ă„ ligge med ho. ‘Å nejda det gĂ„r bra me er jo berre venner, ikkje sant, nei eg er ikkje interessert i noko meir enn venskap eg kompis! Null stress! Me kan berre slenge gatelangs slik gode kompisar gjer okei?!’ seier Sigrid omtrent, samtidig som ho definitivt er interessert, og mest interessert i eit ordentleg langvarig forhold. Det er jo heilt hĂ„plaust. Det var nokon som sa i introduksjonen til boka at Erlandsen er ikkje sĂ„ frykteleg viktig som person for historia. Sigrid har festa seg til han som ein flĂ„tt og hadde det ikkje vore han sĂ„ hadde det vore nokon andre. Erlandsen er berre med for Ă„ flĂžrte i starten og sĂ„ for harde livet Ă„ unngĂ„ Sigrid. PĂ„ spansk kallar ein folk som Sigrid for eit albueskjell, (eller ‘lapa’ pĂ„ spansk da).

(Visstnok er historia kanskje basert pÄ Anna Munch sjÞlv og Knut Hamsun, internettet seier sÄ, men introduksjonen i boka seier at Anna Munch nekta for det).

Til biblioteket

Heaven (ヘノン) đŸ—“ïž

Forfattar: Mieko Kawakami

Omsettar: Magne TĂžrring

Land og sprÄk: Japan og japansk

År: 2009

Meir sitat her

Det var fint i starten nĂ„r hovudpersonen fĂ„r seg ein ven – han trengte ikkje gjer noko eingong: det er Kojima som tar kontakt. Brevvekslinga deira var sĂ„ sĂžt og det var godt at dei fekk begge noko anna Ă„ tenkje pĂ„ enn alle mobbarane pĂ„ skulen. Eg er glad i Ă„ skrive brev sjĂžlv (berre synd med skyhĂžg porto) og har ofte tenkt pĂ„ korleis mine brev blir oppfatta av mottakaren akkurat som hovudpersonen her lurer pĂ„ (det er alltid sĂ„ kjekt nĂ„r eg kjenne igjen mine eigne tankar sjĂ„ andre).

Etter Ä ha sittet sÄnn en lang stund gikk jeg bort til bokhylla, tok ut ordbokeska med de gamle brevene hennes og leste gjennom dem. Alle fÞltes sÄ glade, som om hun satt der rett foran meg og pratet. NÄr jeg leste dem igjen, begynte jeg Ä lure pÄ hva slags stemning det var i brevene mine, hvilken tone de var skrevet i. Hva slags brev var det egentlig jeg hadde sendt henne? Jeg tenkte pÄ noe hun hadde skrevet til meg en gang, at selv om brevene vi skriver, pÄ en mÄte er vÄre, blir de i det Þyeblikket vi sender dem fra oss, en del av en verden vi aldri vil fÄ del i.

Venskap er jo eit av mine favoritt-tema, men dette venskapet er ikkje heilt ideelt likevel. Eg fekk til tider lyst til Ä filleriste Kojima, ho oppfÞrer seg som ein asketisk munk som trur Ä ta imot og godta mobbing er vegen til Nirvana. Ho har femtitusen unnskyldningar for alt, og det gir ganske mykje meining nÄr ho og Momose smeltar saman i slutten til tross for at deira meiningar er heilt ekstreme i kvar sin retning. Hovudpersonen slit med Ä finne svara pÄ dei store spÞrsmÄla om sitt eige liv: Kvifor han blir mobba? Korkje Kojima eller Momose er noko sÊrleg til hjelp synst eg. Hovudpersonen seier sjÞlv at:

Jeg kunne kjenne pÄ en frykt som jeg visste verken kunne bekreftes eller avkreftes, for at det var noe grunnleggende feil i min forstÄelse av virkeligheten, og at jeg med dette skeive utgangspunktet aldri ville kunne finne fram til annet enn gale svar.

Men han har ein betre forstĂ„ing av verkelegheita enn dei der andre to i fylgje mi meining – om ikkje det betyr at min eigen forstĂ„ing er gal! đŸ€Ș. Den som hjelpe mest i slutten er mamma, overraskande nok: eg trudde ho skulle bli ei ekkel stemor, men var faktisk svĂŠrt snill og grei. DĂ„ ho synst det er skuffande at sonen berre treng Ă„ ligge pĂ„ sjukehuset ein dag etter operasjonen var eg heilt einig: «Det burde jo bli litt mer drama nĂ„r du fĂžrst gjĂžr dette. Action, liksom».

Til biblioteket

Invictus đŸ—“ïž

Forfattar: Sunniva Lye Axelsen

Land og sprÄk: Norge og bokmÄl

År: 2022

Det fyrste eg blei minna pÄ av denne boka var eit dikt me las pÄ vidaregÄande: Oppslag i en OBOS-blokk (s.17). Eg skal ikkje pÄstÄ eg heilt forstÄr dette diktet, men det gav meg verkeleg den same stemninga. I blokka i boka er folk bÄde sÄ nÊre men sÄ fjerne, dei lev oppÄ kvarandre - ufrivillig og heilt glÞymt av resten av samfunnet. Dei har blitt sitt eige minisamfunn, kvar dag dei same pÄ opphaldsrommet, men alle verkar sÄ triste og einsame. Og som sagt: svÊrt tilsidesett. Hovudkarakteren Hugo er heilt ufordrageleg, dÞmmer alle han kjenner og sjÞlv er han nÊrmast perfekt, men det er jo umogleg Ä ikkje fÞle for han heller. Han blir med ett sÄ sÄrbar nÄr han tenkjer over barndommen og faren. Eg fÄr heilt vondt av han kvar gong han tenkjer over faren som han saknar.

Det er sĂ„ mange vegar livet kan ta og som ein ikkje sjĂžlv har noko rĂ„derett over, og vegane skildra i boka er slike triste og urettferdige vegar. Dei som slit mĂ„ slite meir, resten av samfunnet har ikkje plass til dei, anna enn for Ă„ synst synd pĂ„ dei og for Ă„ synst betre om seg sjĂžlv. Her hadde det sikkert vore kjekkare for meg sjĂžlv om eg hadde sett nrk-programmet ‘Helene sjekker inn’ fordi bokas program ‘Innsjekk’ med Helena er jo ganske tydeleg basert pĂ„ det. Men eg har altsĂ„ ikkje sett serien som blir 
 kritisert gĂ„r eg ut i frĂ„.

Til biblioteket

Kveldens Ubehag (De avond is ongemak) đŸ—“ïž

Forfattar: Marieke Lucas Rijneveld

Omsettar: Hedda Vormeland

Land og sprÄk: Nederland og nederlandsk

År: 2018

NĂ„ har eg gĂ„tt fram og tilbake pĂ„ om eg skulle skrive noko om ‘Kveldens ubehag’ eller ikkje. Boka gir eit sterkt inntrykk kan ein sei og vel sĂ„ det. Men det er vanskeleg Ă„ formulere ordentlege tankar. Dei meir groteske delane setter djupe spor i mitt hĂ„ve og tar mykje plass, og eg hugsar no - som eg burde visst frĂ„ fĂžr frĂ„ vidaregĂ„ande dĂ„ eg og venninna mi sĂ„g haugevis med skrekkfilmar - at eg taklar ikkje ekkelt-vondt. Og ‘Kveldens ubehag’ minna meg altsĂ„ pĂ„ det. SĂ„ berre la meg fokusere:

Dette er ei bok med mykje sorg og ein familie som ikkje klarer Ă„ handtere det eller ikkje veit korleis. Eg anar ikkje om eg hadde visst heilt sjĂžlv heller. Dei er alle sĂ„ vane med at Gud har ein plan for alt og ting gĂ„r bra til slutt, men sĂ„ gĂ„r det ikkje bra likevel og dei ser ikkje snurten av nokon stĂžrre plan. Det er vondt Ă„ lese kor borte frĂ„ ungane foreldra blir, spesielt mora. Ho skrumpar heilt inn forsvinner nesten. I boka eg las rett etterpĂ„ ‘Vegetarianeren’ skrumpar ĂČg hovudkarakteren inn som ein respons pĂ„ sine sorger og vonde ting i livet. Men desse to damene er ikkje heilt like likevel. Jas’ mor er sĂ„ tydeleg trist og visner mens Yeong-hye blomstrar og finn si frelse ved si innskrumping. Jas’ mor glir nesten heilt ut av historia. Eg veit jo ikkje korleis det var fĂžr i denne familien, men det verker som om familieforholda var heilt annleis. Jas fĂ„r absolutt ingen kroppskontakt frĂ„ mor si i lĂžpet av boka, og ho saknar ho. Jas er konstant bekymra for at foreldra skal dĂžy. Ho har blitt fortalt at livet som barn er sĂ„ greitt fordi ungar ikkje har nokre bekymringar, men Jas er berre bekymringar for foreldra.

Ungane mÄ finne vegen ut av sorga si sjÞlv. Det lover vel ikkje sÄ godt nÄr foreldra, som skal veileie dei, ikkje fÄr det til ein gang. Ungane mÄ altsÄ greie seg aleine og det blir til ein del sinne, vald og seksuelle greier. Eg ante ikkje kva eg gjekk til - tabbe, det med vÊrhÄra var verst for meg, sikkert fordi det var lettast Ä sjÄ for seg. Til tider var det litt morosamt faktisk, pÄ ein mÞrk mÄte. Jas har jo vore forstoppa heile boka og dei stundene nÄr faren prÞver Ä hjelpe ho, til tross for at det er svÊrt vondt sÄ er det nesten koseleg fordi endeleg tar faren pÄ ho, hud-pÄ-hud-kontakt, og tar seg av ho. Viser litt omsorg og kjÊrleik.

Det var ei krevjande bok Ä lese, alt raknar og det er dei uskyldige det gÄr ut over. Og det er jo ikkje eit heilt umogleg problem heller, ein les og tenkjer at det er ikkje sÄ mykje som skal til for Ä komme ut av all denne sorga littegrann, kanskje berre snakk saman? Men slikt er som regel lettare sagt enn gjort.

Til biblioteket

Vegetarianeren (ì±„ì‹ìŁŒì˜ìž) đŸ—“ïž

Forfattar: Han Kang

Omsettar: Vivian Evelina ØverÄs

Land og sprÄk: SÞr-Korea og koreansk

År: 2007

BĂ„de denne boka og boka over ‘Kveldens ubehag’ er slike bĂžker ein kan skrive side opp og side ned om. Djupe lag med meiningar og alskens verkemidlar. Men eg har ikkje slik kompetanse eller lyst. Yeong-hye er hovudpersonen i ‘Vegetarianeren’ og boka startar med at ho blir vegetarianar pĂ„ grunn av ein svĂŠrt blodig og valdeleg draum. Men me fĂ„r aldri hĂžyre historia frĂ„ hennar synspunkt, bortsett frĂ„ draumane. At Yeong-hye ikkje har nokon sĂŠrleg stemme, ingenting ho skulle ha sagt om sitt eige liv, er tydeleg nĂ„r me aldri fĂ„r hĂžyra hennar tankar ein gong. Me fĂ„r tre andre synspunkt: ektemannen, svogeren, storesĂžstera. Yeong-hye blir alltid sett utanfrĂ„ og me fĂ„r aldri heilt forstĂ„ ho, korkje me eller dei rundt ho. Det minner meg om eit dikt av Haldis Maren Vesaas: ‘Ord over grind’. Men menneska i ‘Vegetarianeren’ mĂžtest svĂŠrt sjeldan, kanskje aldri, ved grinda. Det verker som om dei alltid berre har titta pĂ„ kvarandre gjennom glaset. Til nĂžds stĂ„tt pĂ„ dĂžrtrappa. Folk kjenner jo ikkje kvarandre, i alle fall ikkje dei gifte para, men kanskje systrene var pĂ„ nippet til Ă„ forstĂ„ kvarandre den gongen i skogen. SĂ„ klart vil me jo aldri heilt forstĂ„ kvarandre nokon av oss, men Yeong-hye har hatt vonde opplevingar i barndommen og det ser ikkje ut til at det nokon sinne gjekk opp for storesĂžstera kar traumatisk det var.

Eg nemnde det i teksten over, den om ‘Kveldens ubehag’, at Yeong-hye verker ikkje trist. Ho har funne si lĂžysning, sin sti til si frelse og er fornĂžgd (mindre fornĂžgd med familien som berre er til hinder). Kanskje ho aldri fekk heilt sjans til Ă„ vere seg sjĂžlv, til Ă„ vere sjĂžlvstendig fĂžr. Og ved Ă„ bli meir passiv blir ho meir levande, det er i alle fall slik og sĂ„g det. Ho blir og skildra svĂŠrt barnslig, ho blir meir og meir eit barn, ein baby. Uskylden sjĂžlv. Det verker ikkje som om ho rĂžmmer bort frĂ„ livet sitt, sjĂžlv om ho foreslo det og eingong, men at ho vil bli til alt vold og smerte og blod ikkje er – ho vil kanskje bli uskyld.

Ho er svĂŠrt mĂ„lbevisst og ofte blir ho skildra som ein blome i sola(eg likte svĂŠrt godt dĂ„ ho tok av seg pĂ„ overkroppen og vendte seg mot sollyset: vakkert, varmt og eit bilete fullt av energi đŸŒ»). Til tross for at ho er berre skinn og bein er ho nesten meir levande enn dei andre.

Til biblioteket

Trelegemeproblemet (䞉䜓) đŸ—“ïž

Forfattar: Liu Cixin

Omsettar: Lars Peder Kallar Devold

Land og sprÄk: Kina og kinesisk (mandarin antar eg?)

År: 2008

Science fiction er ikkje ein sjanger eg les ofte! Det er vel berre Haikerens guide til galaksen eg lest fÞr, sÄ med ein gong romvesena dukka opp kom eg i ein slik tullestemning. Dei haldt jo pÄ med denne utbrettinga si av proton slik at dei enda opp i all slags fasongar og dÄ var eg med ein gong i Haikeren-universet. Og alt blei sÄ fantasifullt og vakkert. Eg likte best den fyrste versjonen med proton i ein dimensjon der ein sÄg lysets refleksjon overalt, men kunne ikkje faktisk kjenne noko, men likevel klÞdde alle i ansiktet pÄ grunn av det. DÄ var eg der! Eg klÞdde eg og!

Eg synst eigentleg alt var lett Ă„ sjĂ„ for seg, det blei nesten som ein film! Og alle gamle kjendisane som dukka opp .. slik kan jo aldri bli gjort tilfredsstillande pĂ„ film fordi mine eigne bilde av gamlefolk er sĂ„ klare i hovudet mitt og det stemmer jo ikkje overeins med nokon skodespelar. Men at dei dukka opp i boka, i spelet, var kjempekjekt. Eg las Sofies Verden i vinter og det minna meg svĂŠrt om det, der ĂČg mĂžtte me jo gammalkjendis etter gammalkjendis.

Det er mykje fokus pĂ„ syklusar. Ting gĂ„r frĂ„ godt til vondt og til godt igjen. Utan ende. Er dette svĂŠrt vanleg i kinesisk kunst og kultur? Det er i allefall slik Beretningen om dei tre kongedĂžmma ĂČg startar. Uansett sĂ„ liker eg det, tanken pĂ„ syklusar fenger meg veldig, og det minner meg om enda ei bok: Resiliens-boka! Den ĂČg er jo full av syklusar i naturen og samfunnet. System som gĂ„r frĂ„ ein tilstand til ein annan og tilbake igjen (eller til noko heilt nytt, men det kan vel reknast som ein del av syklusen det ĂČg? Ein Syklus i fleire dimensjonar!? Eller forvirrar eg berre meg sjĂžlv no?).

OgsÄ er det jo eit slikt tema som fÄr meg til Ä tenkje: Kva ville eg gjort, kven si side ville eg vere pÄ? Og eg er ikkje heilt sikker. Det er jo ein ting Ä berre fundere pÄ det og noko anna Ä leve det. Men dette er berre fyrste del av ei lenger historie sÄ det er litt skummelt Ä bestemme seg allereie nÄ nÄr eg liksom ikkje veit alt som er Ä vete. Fordi eg har inntrykk av (frÄ internett) at kontakt med romvesena kanskje var verre enn noko me kunne ha funne pÄ mot kvarandre.

Til biblioteket

Herrene sendte oss hit - om tvangsflyttingen av samene
(Herrarna satte oss hit : om tvĂ„ngsförflyttningarna i Sverige) đŸ—“ïž

Forfattar: Elin Anna Labba

Omsettar: Trude Marstein

Land og sprÄk: Sverige og svensk

År: 2020

I langlang tid hadde samer budd pÄ fjellet i Sverige om vinteren og dradd til kysten i Norge om sommeren (i lag med all reinen sin sÄ klart), men sÄ stengte Norge grensa for slik livsstil (ingen rein fikk krysse grensa!) og dei fikk aldri dra heim til Norge meir. Tanken pÄ at ein dag plutseleg er den siste er trist. Siste gongen ein ser sitt elskande landskap med dei kjente lydane og luktande. Og ein veit det ikkje ein gong fÞr det er for seint. Ein fÄr aldri tatt farvel. Hjartet mitt hadde blÞdd i hel.
Landet dei vil til og saknar er rett der borte, men dei fekk ikkje lov Ă„ dra dit fordi staten hadde sagt det. Og reinen vil ĂČg tilbake. Heile tida mens dei drar sĂžrover i Sverige i staden for vest til Norge, strittar reinen imot fordi dei veit det er feil. Og det er mange som mistar dyr. Alt gĂ„r sĂ„ tydeleg naturen imot, men i Norge er samane og reinen "utav syne og utav sinn". (Det var jo samar igjen i Norge, men boka handlar om desse som budde pĂ„ fjellet i Sverige om vinteren og kysten i Norge (TromsĂž/Senja) om sommaren).

Alle dei forskjellige historiene er gjenfortellingar av dagbĂžker og intervju, om eg har forstĂ„tt det riktig? Det er ein slik gjenfortelling som gjer meg litt usikker, har forfattaren gitt dei tankar og kjensle dei aldri tenkte og kjente? Det minner meg om boka om Lucrezia Borgia, der ĂČg fĂ„r ein kjenne hovudpersonane meir intimt enn eg klarer tru pĂ„ og setter meir spĂžrsmĂ„lsteikn enn lever meg inn. Men eg veit ikkje, kanskje var det svĂŠrt utfyllande dagbĂžker/intervju?

Det boka i alle fall har er nydelege bilete! SÄ klare og flotte. Ein kan jo lure seg pÄ innpÄslitne slike fotografar var, eg liker i allefall ikkje bli fotografert i tide og utide, men eg er takknemlig likevel fordi eg elsker Ä sjÄ pÄ bilder av folk.

OgsÄ blir sluttordet at eg er alltid sÄ imponert... eller misunneleg pÄ folk som har lÊrt ordentlege fag av foreldra sine. Alt desse folka kan om reindrift som har dei lÊrt frÄ foreldra sine, og all syinga: dei syr alle kleda sine sjÞlv og attpÄtil skoa. Eg kan ikkje sjÄ for meg ein gong Ä sy sko som faktisk fungerer til Ä gÄ ute i. Dessverre var ein konsekvens av tvangsforflyttinga rundt om at familiane blei revet frÄ kvarandre. Eller dei gifte verkar for sÄ vidt Ä fÄ halde saman, men fleire mistar kontakta med enkelte av sine eigne barn, og tanter og onklar og syskenbarn og, ja, nettverket sitt og lÊrarane sine.

Til biblioteket

Koke bjĂžrn (Koka Björn) đŸ—“ïž

Forfattar: Mikael Niemi

Omsettar: Erik Krogstad

Land og sprÄk: Sverige og svensk

År: 2016

Eg trudde eg ikkje var noko glad i krim, men no har eg funne ei krim-bok eg likte! ‘PopulĂŠrmusikk frĂ„ Vittula’ var ein slager for meg pĂ„ vidaregĂ„ande sĂ„ det var ingen stor overrasking at eg likte denne boka ĂČg. Det er ikkje magisk realisme i ‘Koke bjĂžrn’, men ein god del religion – ein av hovudpersonane er tross alt LĂŠstadius sjĂžlv. LĂŠstadianismen hadde eg eit dĂ„rleg inntrykk av frĂ„ ‘PopulĂŠrmusikk frĂ„ Vittula’, men her er prosten vĂ„r stolte (og kortvaksne) helt! Det er ikkje heilt ut pĂ„ viddene Ă„ forkynne avhald nĂ„r innflyttarane tener seg rike pĂ„ sal av sprit, slik at lokalsamfunnet plutseleg har fĂ„tt eit alkoholikar-problem som prosten vĂ„r sjĂžlv vaks opp i lag med pga sin far. Men det er jo ikkje alt han heller har kontroll pĂ„, LĂŠstadianer-vekkkelsen er stĂžrre enn han sjĂžlv. Det er svĂŠrt tydeleg nĂ„r dei snakkar om folka i Kautokeino og SkjervĂžy som oppfĂžrer seg ein god del meir radikalt enn LĂŠstadius er komfortabel med. Det er desse som ropar hĂžgast og gjer mest utav seg som blir folkets ansikt utad, sjĂžlv om dei kanskje ikkje er gode representantar i det heile tatt. Prosten verker sĂ„ tvilande, og i si kjerke er han «ensom fremme i stavnen av dette krengende skipet».

Noko av det eg liker aller best er sprÄket, kanskje eg burde ha lest boka pÄ svensk? Eg likte Jussis tankar ute i naturen, hans filosoferingar. Han er berre ein vandrar, han er som lauvet som forsvinn pÄ hausten og snÞen som forsvinn pÄ vÄren. «Og nÄr man en gang forsvinner for godt, er det som om man aldri har vÊrt her». DÄ prosten skriv namnet hans inn i boka si er det heilt magisk for Jussi, det er som om han vil finst for alltid, han skal ikkje forsvinne sporlaust likevel. I epilogen seier forfattaren at desse namnebÞkene til prosten brann opp, sÄ eg veit ikkje om eg er heilt einig i at ein vil aldri gÄ tapt i verda om berre namnet blir skrevet ned ein gong. Men eg forstÄr at det Ä fÄ namnet sitt skrive ned er mykje stÞrre enn Ä aldri fÄ det. Det var lenge berre enkelte som kunne skrive, dei mest privilegerte i samfunnet, sÄ dÄ nÄr sjÞlv Jussi, det litle hittebarnet alle foraktar, kan lÊre seg Ä skrive og Ä fÄ sin stemme hÞyrt er det ganske fantastisk. Eit av LÊstadius sine beste dÄdar i boka!
Her er litt av Jussi sine tankar etter eit sĂŠrdeles hardt liv:

Lenge satt jeg der og lot fossens messende larm fylle Þrene. Det lÞd som mumling av utallige stemmer. Jeg tenkte at det var bÞnner. All menneskehetens vanmakt og klage. Slik hÞrtes det kanskje ut for Gud, en mislyd som aldri tok slutt. NÄ og da stakk vÄr Herre en finger ned i strÞmmen og fanget opp en drÄpe helt ytterst, gransket den nÞye fÞr han plasserte den pÄ tungespissen. Og i samme stund skjedde et under et eller annet sted pÄ jorden Da fikk et menneske trÞst.

Til biblioteket

Mamma Karasjok đŸ—“ïž

Forfattar: Per Hansson

Land og sprÄk: Norge og bokmÄl

År: 1970

Det her er, for meg, eit boktips frĂ„ ei bok eg las. Eg las «Brua : ei fengselsdagbok» av John Reier Martinsen, og «Mamma Karasjok» er ei av bĂžkene han las i fengselet. Han likte ho og eg hadde aldri hĂžyrt fĂžr om nokon Mamma Karasjok, sĂ„ da blei det sĂ„nn. Ho her sĂ„kalla Mamma Karasjok heitte eigentleg Kirsten Svineng, og mamma-kallenamnet kjem frĂ„ jugoslaviske fangar som bygga veg frĂ„ Karasjok til Finland under krigen og som ho sneik mat til. Dette er altsĂ„ hennar biografi (med fleire bilde!). Eg liker svĂŠrt godt Ă„ hĂžyre om nĂ„r folk fortel om livet i gamle dagar, kanskje sĂŠrleg fordi mine eigne besteforeldre dĂžydde fĂžr eg fekk spurt dei om noko som helst – sĂ„ dĂ„ fĂ„r eg heller ta til takke med alle andre sine historier og liv.

Garden ho vaks opp pÄ heit altsÄ Svineng, eller Spiinniidgieddi, og det er fordi dei som budde der (fÞr Kirsten sin familie) fekk dei fyrste grisane i.. bygda? Distriktet? Fylket? Eg er litt usikker pÄ kor spektakulÊre desse grisane var, men dei var i alle fall fyrst. Garden ligger rett ved Karasjohka (johka betyr elv), og elva var hovudvegen til og frÄ Karasjok bÄde sommar og vinter. Det visste eg ikkje, at dei brukte elva som veg nÄr ho var frossen. Det gir jo meining, men eg har knapt sett ei ordentleg elv i mitt liv sÄ eg tenkjer sÄ sjeldan pÄ elver.

Eg mÄ innrÞmme eg synst lite om at norsk blir kalla «egenrettferdighetens sprÄk» og nordmenn ikkje blir rekna som menneskjer. Eg kan jo forstÄ det, samane har erfart undertrykking og utsletting av sitt sprÄk og kultur frÄ nordmennene. Men likevel: eg er sensitiv og hÄrsÄr og sterkt imot generaliseringar. Uff det er vel definitivt mi lyte Ä henge seg opp i dette.

OgsĂ„ synst eg faktisk starten var meir spennande enn alt det om krigen. Eg liker vel betre det daglegdagse. NĂ„r ho feira bursdag for fyrste gong med venninna, ogsĂ„ sparte ho pĂ„ gĂ„va heile resten av livet. Slikt liker eg. KjĂŠrleiken til setra Assebakte der dei drog kvar sommar, det hĂžyrest ut som eit ordentleg paradis! OgsĂ„ likte eg nĂ„r ho fortalte om ferda over til Alta med rein og ho ville kĂžyre aleine slik at ho kunne bestemme farta sjĂžlv – helst ville ho kĂžyre fort! Det er rart med slike forteljingar som gjer at ein nostalgisk og saknar greier ein aldri har opplevd.

Til biblioteket

Shuggie Bain đŸ—“ïž

Forfattar: Douglas Stuart

Omsettar: Hilde Stubhaug

Land og sprÄk: USA/Skottland og engelsk

År: 2020

Denne boka las eg midt i mellom alle Kristin LavransbĂžkene og korleis kan eg vel ikkje samanlikne Kristin og Agnes. Dei valde begge Ă„ elske ein tvilsam type til deira foreldres store sorg. Og no mĂ„ dei finne ut av livet vidare. Kristin har hell og lykke med seg i alt, ogsĂ„ kjem ho jo ifrĂ„ ein forholdsvis rik familie – og her er Agnes’ liv motsett i alt. Agnes har berre uflaks og er ulykkeleg, og familien 
 heile byen eigentleg
 lid med arbeidslĂžyse (dette er visst pĂ„ grunn av Thatcher, men eg har ikkje lest meg opp 😳). Glasgow er grĂ„tt og trist, mennene berre reker gatelangs og damene sit heime og dĂžyver livets mas med ditt og datt. Agnes er ikkje den einaste som slit med noko.

UfĂžrhet er den eneste klubben vi har, og mandag er klubbdag.

Å Agnes! Eg fĂ„r heilt vondt av ho, at ho aldri skal fĂ„ fred – frĂ„ andre og frĂ„ seg sjĂžlv. Alle desse drosjesjĂ„fĂžrane som kjem og gĂ„r med den evinnelege glasruta i mellom ho og dei. Alle freistingane, det er sĂ„ fint nĂ„r ho har klart Ă„ ikkje drikke pĂ„ mange dagar og ungane held teljinga, men bĂ„de eg og dei lĂŠrer jo at det Ă„ telje dagar gjer berre sorga stĂžrre den dagen ho er full igjen.

Tilbake til Kristin: Kristin syt fordi alle sladrar om ho og ler av ho, men ho seier ĂČg at alle gjestar ho heile tida og ber om rĂ„d og overauser ho med komplimenter, dei gjer stas pĂ„ ho heile tida. Det er jo heilt ulikt det Agnes og Shuggie opplever! Og dei som ynskjer sĂ„ sĂ„rt Ă„ bere vere normale og Ă„ passe inn, men dei fĂ„r aldri lov. Naboane ser med ein gong at Agnes er alkoholikar og Shuggie har altfor feminine fakter for Glasgows megamaskuline samfunn. Shuggie er heilt herleg forresten. Det er Shuggie og Agnes mot heile dumme og slemme verda.

Hun var ubrukelig nÄr det gjaldt mattelekser, og enkelte dager gikk man sulten uten varm mat Ä fÄ, men nÄ sÄ Shuggie pÄ henne og skjÞnte at det var med dette hun utmerket seg. Hver eneste dag, med sminken lagt og hÄret ordnet, kravlet hun opp av grava og lÞftet stolt pÄ haka. NÄr hun hadde skjemt seg ut med drikkinga, sto hun opp neste morgen, tok pÄ seg den fineste kÄpa hun hadde, og gikk trassig verden i mÞte. NÄr magen var tom og ungene gikk sultne, ordnet hun hÄret og lot verden tro noe annet.

Eg las boka pÄ norsk og eg likte omsettinga, pÄ engelsk er sikkert mykje av dialogen skrive pÄ noko Glasgow-dialekt sida pÄ norsk var det i alle fall svÊrt tydeleg forskjell pÄ Agnes og Shuggie si «finslegare» dialekt og alle dei andre si breie dialekt.

Til biblioteket

Kallocain
Roman frÄn 2000-talet
đŸ—“ïž

Forfattar: Karin Boye

Land og sprÄk: Sverige og svensk

År: 1940

Dystopisk roman! Slikt leser eg ikkje sÄ ofte. Det er ein svÊrt grÄ og trist verden som blir skildra, den er lett Ä sjÄ for seg: full med undergrunnsbanar og undergrunns-leilegheiter og berre generell mangel pÄ sol og mÄne. SjÞlv om det er eit deprimerande samfunn med forferdeleg mykje overvaking sÄ er det sÄ mykje godt og spirande positivitet likevel. Det kjipaste eller vondaste er kor redde alle er for Ä vere opne og Êrlege med nokon som helst. Ein kan ikkje stole pÄ nokon og alt er sÄ sÄrbart.

Kontrasten er stor nĂ„r folk blir injisert med Kalloacain: folk opnar seg opp som blomar og fortel heilt fritt om liv og framtid. Eit forferdeleg stoff naturlegvis – men effekten er heilt magisk! Og ein forstĂ„r verkeleg at ein, som sagt, ikkje kan stole pĂ„ nokon. Det beste for meg var at boka likevel var sĂ„ full av hĂ„p.

Organisation? Sade hon. Vi söker ingen organisation. Det som Àr organiskt behöver inte organiseras. Ni bygger utifrÄn, vi byggs inifrÄn. Ni bygger med er sjÀlva som stenar och faller sönder utifrÄn och in. Vi byggs inifrÄn som trÀd, och det vÀxer ut broar mellan oss som inte Àr av död materia och dött tvÄng. FrÄn oss gÄr det levande ut. I er gÄr det livlösa in.

Dette blei ein kort tekst, men skinnet bedrar fordi eg likte boka svĂŠrt godt.

Til biblioteket