Fortellinger fra Sahara (撒哈拉的故事) 🗓️

Forfattar: Sanmao

Land og språk: Taiwan og kinesisk

År: 1976

Eg prøvde finne ut kor eg fyrst høyrde om Sanmao, fordi eg veit det var ein film eller ein TV-serie – eg klarar berre ikkje komme på akkurat kva for ein, og det irriterer meg mykje. Uansett har boka stått på leselista mi ei stund heilt til det gjekk opp for meg at biblioteket hadde ho som e-bok. Så dette var ein begivenhet eg har gleda meg til ei stund!

Ei ung dame, på min alder eller litt yngre, frå Taiwan som reiste rundt i verda og enda opp i Spansk Sahara. Boka er satt saman av 20 forteljingar, nokre svært morosame og andre svært triste, om livet til Sanmao i Sahara. For meg blei det ein blanding av Pippi og Herodot, så det trefte meg altså midt i blinken 🎯. Eg tviler ikkje på at ho har dikta litt til historiene sine slik som òg forordet seier, men det gjer ingen ting fordi det er så underhaldande. Sanmao kan liksom få til alt, ho er fantastisk, men samtidig så tviler ho ofte på seg sjølv, er redd og einsam og fortvilt. Ho er både ein draum og lett å kjenne seg igjen i.

Jeg hadde aldri følt meg som en del av livet rundt meg, men snarere hatt behov for å finne min egen vei og gjøre ting uten å forklare hvorfor.

Hennar skildring av saharawiane er ikkje alltid heilt sympatisk (i nærmast kvar forteljing føler ho trong til å informere oss om at ho har lite til overs for deira kroppslukt) og ho er negativ til eit sjølvstendig Vest-Sahara. Dei bør visst vere takknemlege for at Spania har kolonisert dei. Det er heftige meiningar i ei bok som handlar minimalt om politikk.

Jeg var så nedfor at jeg ofte gråt mine bitre tårer. Saharaørkenen var uendelig vakker, men å venne seg til livet der forutsatte en grenseløs besluttsomhet. Ikke fordi jeg mislikte ørkenen, men fordi jeg stadig støtte på motgang i forsøket på å tilpasse meg.

Sanmao fortel om alt som går ho i mot, særleg naboane som kan vere heilt elskverdige den eine dagen for å så forsyne seg fritt av alle møbel-materiala ho har lagt frå seg føre huset den neste. Men ho blir òg invitert heim og inn til dei mest intime rom og hendingar i same familie. Ørkenen sluttar ho heller aldri å sei fine ord om, og sjølv når landet er i fullt opprør og folk dør i landminer hist og pist så vil ho ikkje dra frå sitt nydelege Sahara. Hennar kjærleik til landet er så inspirerande og gjer det så kjekt å lese.

Alt i alt så likte eg desse historiene kjempegodt. Dei er svært godt fortalde, det er morosamt å få høyre på og alt blir gjort så levande. Eg vurderer å putte denne boka på ynskjelista til jul, skjønt ho berre er i innbunden versjon hjå bokhandlaren til over 300kr! Uff, er det mogleg å finne ei brukt?

Ja, òg forresten seier ho at: «De virkelig slette elementene her i verden er dem vi kinesere kaller “drager”. De kan være små eller store, synlige eller usynlige, men de lar seg hverken fange eller sperres inne» og då tenkte jo eg på Beretningen om dei tre kongedømene der Cao Cao kallar seg sjølv og Liu Bei for «dragar». Så dette gjer meg litt forvirra om dragar er gode elle dårlege? Eller er det berre Sanmao og Cao Cao som har litt ulikt syn på ting?

Til biblioteket