Euripides

Land: Hellas

Alkestis (Ἄλκηστις) 🗓️

År: 438 fvt.

Omsettar: Egil Kraggerud

Er Admetos oppriktig? Koret, Herakles og sjølv Apollon er jo heilt sjarmert av han, han må jo vere ein goding? Men eg forstår ikkje kvifor han går med på at Alkestis døyr for han, kvifor er det aldri ein samtale? Kanskje om nokon fyrst sa ‘ja’ til å ta hans plass så blei det automatisk eit ubryteleg løfte? Eller noko slikt, han vil jo ikkje at Alkestis skal døy, men han prøver heller ikkje døy sjølv slik som var planen i utgangspunktet. Men, men. Eg må vel berre godta at Admetos er glad i kona si og ikkje vil at ho skal døy (og at han ikkje setter store spørsmålsteiknet ved kvifor ho døyr og ikkje han).

Og ved guder jeg ber, ei meg svikte du får,
og ved dem som du morløse gjør,
stå opp, vær nå sterk!
For om du går bort, fins for meg intet liv,
for på deg det beror, om jeg lever eller dør.
Din kjærlighet er det jeg dyrker.

Tragedien er ikkje så tragisk, og det har visst folk vore einige om sidan tidenes morgon fordi det står i et av dei antikke fororda: «Stykket har en utgang som ligger nærmere komedien» og «Dramaet står nærmere satyrspillet fordi det i motsetning til det tragiske ender i fryd og gammen». Til tider er det ganske morosamt! Særleg Herakles – han er svært underhaldande. Brautande og glad og full, men òg ein god ven når det går opp for han at han har tråkka i salaten. (Apropos gresk salat så er sjopskasalat nesten akkurat det same men utan den forferdelege olivenen. Då eg var i Nord-Makedonia åt eg haugevis av sjopskasalat. Eg kunne levd av det.) Herakles gir gode råd til Admetos: «man bør tale åpent til en venn og ikke dypt i hjertet gå med taus kritikk». Godt råd, men vanskeleg å fylgja. Eg liker at Herakles lurer Admetos på same måte som Admetos lurte han. Herakles tergar Admetos og presser han til å bryte alle sine løfter til si døde kone, men.. kunne han ikkje berre sagt sannheten frå starten av! Eller hadde Herakles hjelpt han då? Slost Herakles med døden berre fordi Admetos hadde vist så stor gjestmildskap? Eg likte òg når Herakles skildrar korleis han skal banke opp døden 💪, og så neste gong me møter han har han gjort det og han har ikkje ei skramme!

Og hvis jeg styrter på ham fra mitt skjulested
og griper ham og legger begge armer rundt
hans midje, er det ingen som kan fri
hans ømme flanke før han kvinnen overgir.

Krangelen med far Feres var interessant, den fekk meg til å tenkje. Admetos er sur fordi foreldra ikkje tilbaud seg å døy for han, til tross for at dei har levd lange gode liv og har ein son som alltid har æra dei høgt og dei kan stole på at heiderleg fører slekta vidare. Også er dei uansett for gamle til å få fleire barn så om Admetos døyr så vil dei døy barnlause. Men Feres set ikkje pris på at sonen ser på hans liv som oppbrukt og ferdig, «Du gleder deg ved livet, tror du ei din far?». Det minner meg litt om denne sangen. Den handlar om ein arbeidar og ikkje om ein gammal konge, men å tenkja at gamle folk ‘skal jo uansett døy snart’ kan vel vere likt uansett. Eg liker at Feres står for det han sa, det er jo sant at han ikkje skyldar sonen å døy for han. Alle sitt liv er jo deira eige, «På ett liv, ikkje to, beror vår ekistens». Fyrst når eg leste kor heftig Feres nektar å døy for sitt einaste barn så syntest eg han var litt egoistisk. Men etter å ha tenkt meg om, og lest etterordet kor omsettaren òg skriv om det, så synst eg ikkje så ille om han likevel. Det kan vere eit godt karaktertrekk å ofre seg sjølv slik som Alkestis, men det kan òg vere eit godt karaktertrekk å … ikkje ofre seg, sjølv for dei ein elskar høgast. Å verdsette sitt eige liv (og særleg, som nemnd, når ein er gammal og ofte blir tenkt på som overflødig).

Likevel er heile deira krangel svært ubehageleg, eg lurar på korleis det går vidare? I krangelen erklærer jo Admetos sine foreldre barnlause, han har ikkje tenkt å vurdere dei sine foreldre meir. Kanskje Alkestis vil ordne opp mellom dei, hu er jo så from og snill og sikkert glad i all slags forsoning.

Admetos:Ved alle guder, ta meg med deg, ta meg ned.
Alkestis: Det klarer seg da godt med meg som dør for deg.

Dette var det fyrste eg har lest av Euripides og det har vore ein veldig positiv oppleving👍. Omsettaren seier at «gudene hos denne yngste av de store dramatikere er gjennomgående ikke særlig effektive. Det er gudesønnene som klarer brasene!» så det må eg hugsa til seinare. Eg håper når eg har lest meir av han her og Sofokles at eg vil kunne sjå forskjellar mellom dei. Ein annan ting omsettaren nemner er at mytane og dramaa for oss ofte er akkurat det same, men den gong var alt variasjonar og nye vriar på dei kjente gamle fortellingane. Tenk på alt av kunst og litteratur som ikkje er blitt tatt vare på til i dag! Kanskje nokon av dei handla litt om kvifor Admetos gjekk så lett med på at Alkestis skulle døy for han når han tydelegvis ikkje kunne leve utan ho uansett.

Mangfoldet i mytene, overleveringen som en skiftende strøm, kunst og litteratur som spenningsfylte og varierende realiseringer av et lite homogent ‘materiale’ – slike selvsagte sider ved den mytiske verden som omga det antikke menneske, er nesten fullstendig foirsvunnet i de fastfrosne moderne ‘mytologier’.

Medeia (Μήδεια) 🗓️

År: 431 fvt.

Omsettar: Egil Kraggerud

Fleire sitat her

Å gru! Hvor menneskers kjærlighet er ond og tung!

Eg forstår at dette er eit populært drama. Eg blei heilt fortapt i historia, fekk heilt vondt av Medeia – kor håplaust hennar liv plutseleg har blitt, og eg blei så sur på Jason! For ein drittsekk! Og det evige tattelet hans om sjalusi og at han berre gifta seg med ei ny kone for Medeia og unganes del. Hm skeptisk. Det er jo berre bra for dei at han, Jason, får mykje makt og pengar (og ei gresk kone han slepp å skjemst av). Medeia svarer: «Bevare meg for denslags bittert lykkeliv og all den velferd som får pine sjelen vondt!». Då slutten kjem og Medeia gjer det utenkelege: drep sine eigne barn, er det nesten så eg forstår det. Fantastisk stykke altså, og eg har notert meg altfor mange sitat, men eg får sjå kva eg kan få pressa inn!

Det blir gjort eit stort poeng ut av det i heile stykket: Medeia er ikkje gresk – ho høyrer ikkje til her. Og familien heime der ho kom ifrå forrådde ho då ho drog med Jason – ho drap inntil sin eigen bror. Sjølv koret, ein gjeng gifte damer som er svært medfølande med Medeia, høyrer til i byen og er på den måten annleis frå Medeia. Ho er berre heilt aleine og svikta av han ho brøyt alle blodsband for. Korleis kan ho ikkje vere sint? Og jo meir eg forstår av gamle Hellas, så var dei ikkje særleg snille med utlendingane. Etter at Medeia skriker til Jason at ho har faktisk redda livet hans opptil fleire gonger så han burde være evig takknemleg og vel så det, så svarer Jason at ho burde nå vere endå meir takknemleg fordi han tok ho med seg heim så ho kunne «bo i Hellas’ land og ikke på barbarisk grunn og kjenne rett og nyte godt av lov i uavhengighet av maktens luner». (Hans andre argument er at han har gitt ho kjendis-status. Korleis kan folk som ikkje er kjendisar vere lykkelege? – seier han til ho meir eller mindre. Jason er sit permanent i vrangstrupen frå fyrste inntreden!)

Zevs! Hvorfor har du gitt oss mennesker sikre tegn
som skiller falskt fra ekte gull, mens derimot
en mann går uten preg og merke så vi kan
se klart på forhånd om han har en ussel sjel

Det er ein ting til om dette med utlendingar som eg lurer på: måten Jason snakkar om Hellas og barbariske land, er ikkje dette slikt som dei tenkte på den tida vanlege folk? Det er i alle fall mitt inntrykk. Men Jason er jo så skurkete og umoralsk, er det dette då ein kritikk av slikt nasjonalistisk syn eller er det meir slikt ‘ei stoppa klokke som har rett to gongar om dagen’-opplegg som dei seier på engelsk? I tillegg sida Medeia gjer jo noko sjølv moderne meg vil kalla barbarisk: ho myrdar sine eigne barn.

Andre interessante greier er då prinsessa døyr. Det er svært ekkelt?! Kroppen hennar smeltar og det er som ho blir heilt dyrisk. Og med faren i fanget. Svært ukomfortabelt, men likevel lett å sjå for seg. Synd for ho da som eigentleg ikkje har gjort noko gale, kvinner på den tida hadde vel neppe så mykje dei sko ha sagt om kven dei gifta seg med – kanskje minst av alt dei med fedrar med makt.

Nesten for kvart drama eg les så får eg ein ny favoritt. Så no er favoritten min Medeia. Ho er så innmari rå og ho har jo nesten gått heilt frå vettet, og det er som eg har sagt tidlegare – ikkje så vanskeleg å forstå. Kven hadde vel ikkje blitt gal. Ho har mista si framtid og ho har ingen stader å gå, med to ungar å ta vare på attpåtil. Det er jo heilt håplaust, sånn på ordentleg. At ho har lyst på hemn, og at ho tar den verste hemna ho kan komme på blir nesten forståeleg. Det er jo heller ikkje noko ho gjer lett: ho vaklar fram og tilbake, grin og skrik og må tvinge seg og sitt hjarte til å gjere det grufulle. Så gjer ho det og flyktar til Aten. Me får ikkje vite meir etter dette, eg lurer på korleis det går med ho sidan.

Dog er vi, hva vi er – om ikke noe ondt -
så bare kvinner

Heracleidae (Ἡρακλεῖδαι) 🗓️

År: omlag 430 fvt.

Omsettar: David Kovacs

Denne tragedien snodde seg langs vegar eg ikkje såg komma! Eg ville anbefalt å lese det utan å lese slutten fyrst, berre så det er sagt. Sitata har eg sjølv omsett frå engelsk så godt eg fekk til.

I 431 fvt. så starta Peloponneserkrigen og det er frå rundt då denne tragedien er frå òg, sånn rundt om – folk er ikkje heilt sikre. Men dette verker for meg som eit stykke der dåtidas situasjon viser seg sjølv om eg ikkje kan nokon ting om verken krig eller Peloponnes. Men det var altså ein krig mellom Athen og Sparta, og i denne tragedien er det Herkules’ ungar som kjem som flyktningar til Athen og finn beskyttelse der. Athen går til krig! Og tilfeldigvis (eller absolutt ikkje) så var visstnok kongane i Sparta etterkommarar av Herkules’ ungar eller Herakleidene som dei kallast. Eg lurer på korleis Evripides og publikum tenkte: om det putta Sparta i eit positivt lys – Herakleidene er jo ganske så modige og ærefulle i stykket, eller det eit svik? Desse som Athen ein gong redda livet til no kjem som fiendar? Fienden i stykket, Eurysthevs, ender faktisk sjølv som ein beskyttar av Athen – spesifikt skal han beskytte Athen mot Herakleidenes etterkommarar.

«Eg skal her ligge under jorda for alltid, ein vennleg gjest og beskyttar av byen, men svært uvennleg mot Herakles’ barns etterkommarar den dag dei forråder den nåden dokker viste og dei kjem her med ein stor hær»

Det er eit stort fokus på å gjere det rette: då det kjem flyktningar til Athens dørstokk er det ikkje snakk om å snu ryggen til. I tillegg så ber dei ved eit alter og kongen seier at om kven som helst utlending kan stele der så er han ubrukeleg i sitt verv og Athen kan ikkje bli rekna som eit fritt land ein gong. Flyktningar er jo framleis eit tema og det er ganske imponerande med ein slik konge som med ein gong lover å hjelpe dei og så får det drøfta og kjem tilbake til flyktningane med beskjed på type ein dag! Og sjølv om resultatet ikkje er heilt positivt så er det jo tydeleg at kongen verkeleg har prøvd og gjort sitt aller beste. Han diskuterer seg jo nesten heilt til borgarkrig for desse flyktningars skyld.

Og flyktningane sjølv er jo òg svært så ærefulle – å ha ein slik terskel for flyktningar verker ikkje som eit krav, men det er ein av ungane sjølv som synst det er viktig: «Når denne byen er villig til å gjere det ytste for oss, for kva grunn kan me, som berre er til plage og slit for dei, rømme frå dauden når det er i vår makt å redde dei?». Og ho står jo verkeleg for det ho seier. Slik blir jo Herakleidene satt i eit svært positiv lys.

I tillegg til alt dette politiske så er biten der gamle Iolaus stavrar seg av gårde til krigen ganske hysterisk, eg heldt på å le meg i hel – det kom så uventa midt oppi alt dette alvorlege!

Tenar: Om du bekymrar deg for vekta, så kan du gå bort utan brynja på, og heller kle deg når du kjem bort. Eg kan bere ho for deg.
Iolaus: Bra forslag! Ber brynja mi du, og gi meg spydet i handa og støtt meg på venstrearmen, lei meg.
Tenar: Skal eg leie krigaren som om han var eit barn?
Iolaus: Eg vil ikkje skli, det hadde vore eit dårleg tegn.
Tenar: Om du berre kunne gjere alt du ville!
Iolaus: Skund deg! Det hadde vore krise om eg gjekk glipp av slaget!
Tenar: Det er du, ikkje eg, som er treig.
Iolaus: Ser du ikkje kor raske beina mine er?
Tenar: Du ser det du vil se.
Iolaus: Du skal ikkje snakke så når me er framme!
Tenar: Og kva skal du gjere då? Eg ynskjer deg alt vel når me kjem fram.
Iolaus: Eg skal spidde ein fiende gjennom skjoldet hans!
Tenar: Ja, om me då nokonsinne når fram.

Hippolytos (Ἱππόλυτος) 🗓️

År: 428 fvt.

Omsettar: Peter Østbye

For ein tragedie! Alle hadde jo levd heilt greitt hadde berre Afrodite hatt litt.meir.chill ❄️. Men slikt har vel aldri gudane, dei må kjede seg noko forferdeleg. Hippolytos er ikkje interessert i elskov, han vil jakte – og dette er heilt uakseptabelt meiner Afrodite. Eg må innrømme at Hippolytos verker å mislike og unngå Afrodite litt i overkant og har et nesten rart nært forhold til Artemis (eg antar gudinner ikkje er det same som kvinner på nokon måte sida Hippolytos har sin lange tale om kor ekstremt mykje han hatar kvinner! Sjølv fedrar hatar døtrene sine og beviset er konseptet medgift: dei betaler seg ut av maset «dotter». Kvinner er ein særdeles dum oppfinning. Menn burde kunne ofre ditt og datt på altera og få ungar i gåve frå gudane. Kvinner er ein flopp! Meiner Hippolytos.

«Forbannet være hun og du! Mitt kvinnehat skal aldri mettes, selv om mange dadler meg fordi jeg alltid taler om det»

Men til tross for at Hippolytos ikkje er noko sjarmerande og har svært tvilsamme meiningar så gjer han jo faktisk ingenting galt. Han avviser Faidra - som er jo det rette å gjere, ein kan jo ikkje klandre han for noko eigentleg. Og Faidra handla ille. At ho laug kan eg forstå: ho var redd for skamma for barna og ektemannen om folk visste ho hadde forelska seg i Hippolytos. Sjølv om ho aldri gjorde noko utav det så er det kanskje ille nok å berre vere forelska i nokon andre enn ektemannen, ja at kvinneliva har så stramme rammer at ein forelskelse ikkje hadde vore til å halde ut. Akkurat den delen minner meg om Hedda Gabler, ho var òg heilt besatt med korleis alle andre såg på ho og tenkte om ho – alt det der med å ‘dø i skjønnhet’. Faidra seier at hennar daud vil gje ho auka ry, hennar «streben er å høste ære av min skam». Det må vere vanskeleg å vere kvinne når samfunnet er så strengt og rigid.

«Just dette driver meg i døden; frykten for at folk skal finne ut av skjensel var den arv eg etterlot min ektemann og mine barn»

Både Seneca og Racine har skrive drama om same tema og dei vil eg òg lese, men ikkje med ein gong då blir eg fort leijj.

Andromache (Ἀνδρομάχη) 🗓️

År: 428-425fvt.

Omsettar: Christian Wilster

Desse Evripides-spela er underhaldande! Det er så drama-drama og eg blir heilt oppslukt. Har eg forstått det riktig så er dette stykket skriven samstundes som Athen har ein konflikt med Sparta – og Spartanarane får verkeleg gjennomgå, både Menelaos og Hermione er skildra som svært stusselege og hissige. Men uansett om bakgrunnen til stykket er slik eller slik, så er det ein spennande liten handling, med ein søt slutt? Eg begynner å miste heilt forståelse for kva ein ‘tragedie’ er? Eller Andromakes liv er jo superkjipt, men det var det ifrå starten av stykket og mot slutten så skal ho jo få leve så godt som det går an ser det ut til? Og Peleus lev i alle fall lykkeleg. Hermione og Menelaos klarar seg fint dei òg, skjønt dei ikkje får noko hemn – men at slemmingane ikkje lykkes med hemna si er vel ingen tragedie!

Det mest tragiske eg ser må vere Andromake sitt liv, eller korleis hennar liv har blitt. Ho som var nærmast ei prinsesse i Troja er no blitt træl og blir tvungen til å ligge med son til han som myrda Hektor. Eg set pris på at ho ikkje lastar sin nye son nokon ting for at faren er den han er, men ho seier at sonen er hennar einaste glede i livet no og ho ser ut til å elske ham svært høgt og vil villig gje sitt liv for at han skal få leve. Sjølv om Andromake har vore igjennom så mykje vondt og ha no ein lågare rang enn før så er ho ikkje redd for å sei si meining fritt: ikkje berre til Hermione, men til Menelaos! Eg trur ikkje eg hadde vore like modig. Ho kallar han svak og umandig rett i ansiktet på han! Når Andromake viser at ho er såpass sterk og tøff så er det trist å sjå kor fullstendig avhengig ho er av andre, av mennene i livet hennar: Peleus og Neoptolemos. Ho er ikkje i stand til å redde seg sjølv fordi samfunnet er berre bygd opp slik – og det minna meg litt om sjølvbiografien til Equiano, han òg har mykje sjølvtillit og er ikkje sein med å svare frekke folk, men likevel er han heilt avhengig av andre sidan han sjølv knapt eig ein einaste rettighet sida han er svart og loven er rasistisk.

Hermione er svært Ekte Husfrue og svært underhaldande når ho kranglar med Andromake. Andromake blir temmeleg lei: Men kan du ei bejamre taus din Elskovsqval?. Og eg blei nesten imponert på kor ivrig ho er på å drepe seg sjølv, fungerer ikkje metode ein er det rett på metode to. Men ho har jo same problem som Andromake: hennar lagnad er fullstendig i mennenes hender: mannen, belaren og faren sine hender. Eg trur ikkje det enda så ille for Hermione, mitt inntrykk frå Orestien er at Orestes er ein grei type (skjønt desse folka har ein tendens til å forandre personlighet etter som kva dramatikar det er som skriv…). Men før Hermione forsvann ut av stykket så klarte ho å irritere med å skylde all sin dramatikk på andre kvinner, at det var dårlege venninner og nabokoner som hadde oppausa ho til all denne kranglinga. Koret er einig med meg og seier at slikt seier en ikkje om sitt eige kjønn – det er svakt å legge all skylda på dei undertrykte Hermione og dette nærmar seg farleg nær ‘vel-meg’-jente.

Menelaos er hissig og kjeftande, men det er jo sjarmerande at han berre vil si dotters beste. Det er jo som sagt sant at desse kvinnene er heilt avhengige av menn som står dei nær og slikt sett gjer jo Menelaos ein god jobb å glede dottera si. Me får aldri treffe Neoptolemos i stykket og eg lurer så fælt på korleis han er? Kven hadde han heldt med? Gir det meining for Hermione å frykte han fordi ho truga me å drepe Andromake og sonen? Er han sur på henne som Andromake seier fordi ho berre snakkar om Sparta Sparta Sparta i staden for greier som interesserer Neoptolemos? Eg er så nyskjerrig!

Og til slutt Peleus. Han gjer vel for Andromake som Menelaos for Hermione og beskyttar henne så godt han kan. Han får slengt all slags etter seg – han drap visst bror sin! Som ikkje får han til å virke som ein engel akkurat, men det set ut til at han bryr seg nok om Andromake og sonen. Og i tillegg kjem jo Tetis og gir han evig liv i lag med henne og det er vanskeleg å ikkje stole på gudane dei er jo Gudane! (Eller dei som ikkje å ser ut til å vere av den aller kåtaste sorten i alle fall, eg stoler ikkje heilt på Zevs og Afrodite).

Hekabe (Ἑκάβη) 🗓️

År: 424 fvt.

Omsettar: Robert Emil Berge

For ein gongs skyld kom ein av desse dramaa i ein moderne omsetting! Eg blir jo heilt bortskjemt – ekstremt lettlesen. Eg likte då enkelte replikkar blei sånn halvveges delt og repetert: ‘så la min, la min datter få slippe fra det’ og eg likte at det blei valt hokjønnsord (som jenta og dattera (skjønt ikkje konsekvent … som i førre døme der han bruker min dotter i staden for mi, men eg liker òg å vere ukonsekvent)). Eg har ikkje satt meg ned og telt men det kjenst i alle fall som om det berre blir fleire og fleire roller med namn i desse stykka. Det er nesten så eg må halde tunge rett i munnen for å hugse kven som er kven – men det hjelper jo at det alltid er dei same folka som dukkar opp. Eg synst det er fasinerande at alle tragediane handlar om same univers, fordi komediane gjer visst ikkje det, dei handlar om meir dagsaktuelle ting (visstnok, eg har aldri lest nokon). Men samstundes så er jo dei overlevande tragediar og komediar svært få så kanskje det er nesten drygt å konkludere noko som helst.

I denne tragedien er det stortstort fokus på eit tema eg synst dukkar ofte opp (og for min del fyrst dukka opp i Herodot si historie), og det temaet er at «Ingen kjenner dagen før solen har gått ned». Eller altså at dei som er lykkelege plutseleg på eit blunk kan bli dei mest ulykkelege. Og det skjer jo til dei grader med Hekabe fordi ho mister jo absolutt alt som det går ann å miste også er ho attpåtil gamal så ho var liksom nære å døy lykkeleg i høg alder, men så falt absolutt alt i grus altså. Han Polymestor opplev òg ein stor omvelting i sitt liv, men dei færraste synst vel synd på han, og Agamemnon blir fortalt at han er på veg heim berre for å bli drepen sjølv han òg (men teller Agamemnon her? Kva om han døyr før det går opp for han kva som har skjedd og kven som har drepe han? Eg er usikker).

Eg blir stadig imponert over Evripides og hans kvinner, han skriv dei med slik medynk og det er vanskeleg å ikkje beundre dei og like dei. Hekabe er ei gammel (skrukkete antar eg) dame men ho er minst like tøff som alle mennene. Visst klagar ho seg, òg ho får litt kjeft frå Odyssevs fordi ho er absolutt ikkje den einaste som har mista alt i krigen, men sorga hennar kjenst ekte og sår, til tross for at ‘riking som mistar alt i krigen’ ikkje er eit svært sympatisk utgangspunkt. Men så er det vel heller ikkje byen og tittelen og pengane ho sørger over, men tapet av alle ungane sine og ein slik sorg er jo den same for alle 👒👑.

Koret likte eg òg denne gong, det er trojanske damer som har blitt tatt til slavar, og songane deira er stemningsfulle – eg likte best då dei funderer på kva som vil skje med deira liv framover. Også likte eg aller best då dei gjenforteller kva dei gjorde med Polymestor: det er så levande og eg ser det heilt klart for meg. Dei minner meg svært om dei hemngudinnene frå det siste stykket i Orestien (i alle fall å sjå til). Og då Polymestor snakke stygt om damer så svaret koret: «Ikke vær frekk! Ta ikke hunkjønn under ett og klag på hele kjønnet for din ulykke!» og det kan eg jo ikkje unngå å ver einig i. Er nokre visse sider på internettet som hadde hatt godt av å lære seg det same.