Kulturlandskapet (og meg)

Eg elskar kulturlandskapet, eg visste ikkje at eg elska det når eg fyrst høyrde om det på… ungdomsskulen var det vel. Då tenkte eg berre: «Kva har kultur med landskap å gjere? Om det ikkje er kulturhus og operahallar med snakkar om så forstår eg ikkje», men så gjekk det opp for meg at kulturlandskapet er berre.. kva skal eg kalle det? «bevis»? på at mennesket er ein del av naturen. Korallar lagar rev i havet, måker dekorerer fjellsider med reir, og folk lagar kulturlandskap.

Kulturlandskapet lar meg få sjå mennesket som ein del av naturen, at me kan ha ein like nøytral påverknad på alt rundt oss som alle andre organismar. Gir det meining? Altså: Me og andre dyr og plantar kan ha ein negativ påverknad på naturen: Me og dei kan endre områder såpass drastisk at andre artar ikkje kan leve der lenger, det kan gå så langt at me og dei utryddar andre artar. Det er nemleg ikkje berre menneske som går rundt å utryddar andre dyr og plantar, så spesielle er me ikkje, det kan andre gjer også. Men som regel er ikkje dyr og plantars påverknad så innmari stor at resten av dyre- eller plantelivet går heilt ad undas.

Eg trur ikkje det er mange landskap og økosystem som er hundre prosent stabile og lev i maks harmoni – lite i naturen er uansett «evig». Organismar lev sine liv og knuffar og skubbar litt på kvarandre. Når eit rev dør eller fuglefjell blir forlatne så veks det opp andre eit anna sted. Folk brenn plantene på heier, men dette gir berre ein opning for at nye plantar kan vekse opp.

Eg vil lære meir om korleis me har bidratt til eit landskap som for ein gongs skyld ikkje bidrar til tap av biomangfald, men heller det motsette.

Litteratur mens me venter:
Her er to veldig greie artiklar om kulturlandskap. Den fyrste har eit globalt perspektivt og den andre eit nasjonalt et.

Ein generell oversikt

Her kjem ein kjapp oversikt over kva toppfolka i google-søket mitt seier om kulturlandskap[1].

Leksikonet seier ganske enkelt at skiljet mellom kultur- og naturlandskap ikkje er soleklar(Bruun). Folk har drive med jordbruk i 4500 år(Syverud) og då har vel kulturlandskapet vore ei greie sida då, og det er jo ganske lang tid. Etter å ha gått så lenge er det ikkje greitt å ha kontroll på kva delar av naturen kan reknast som «påverka av folk» og ikkje, så da blir vel dette skiljet litt flytande og etter auge som ser. Miljødirektoratet er einig i at kulturlandskapet har blitt forma over tusenar av år og dei informerer oss òg om at nesten ein fjerdedel av Noregs trua artar er knyta til kulturmark. Dei seier ikkje klart å tydeleg om desse artane er trua fordi kulturmarka skrumpar eller om dei hadde vore trua uansett av andre grunnar, kanskje eg kan lese meg til det seinare. Kulturlandskap kan vere alt frå landsbygd til industriområde(Bruun), men vanlegvis meiner me landskap skapt frå jordbruk(Miljolare.no) og slike landskap kan vere eng og mark, skog, myr osb. alle slike område som har blitt brukt til dyrking av mat og områder brukt til beite av husdyr[2](Miljødirektoratet).



Fotnoter:

Jordbrukets start

Unnskyld på førehand om det går litt i baddel med åra, eg bruker "år sidan" og "år fvt." litt om kvarandre. "år siden" er altså "år fvt" + 2020.

Eg synst det er overraskande vanskeleg å finne nokre ordentlege artiklar og tekstar som skriv om norsk jordbruk i gamledagar – sånn ordentleg gamledagar, og ikkje dei siste hundre åra. Eg får gå til sjølve kjeldenes kjelde: leksikonet. SNL seier at jordbruket i Noreg starta rundt 2500fvt (Syverud mfl.) og det er òg ndla [1] einige i, Wikipedia derimot[2] påstår jordbruket starta over 1000 år før: 3700 år f.Kr.. Men alle er i alle fall einige om at me snakkar yngre steinalder[3] (Syverud mfl.) – ein periode på korte 2200 år. Miljødirektoratet seier at rydding av lyngheier starta for 5000 år sida[4], og det er jo definitivt skaping av kulturlandskap sjølv om det sikkert ikkje reknast som "jordbruk". Eg har skrive litt meir om dei under «kystlynghei». Konklusjonen er at me har aktivt forandra på naturen rundt oss i tusenar av år.

Artikkel nr2 av dei eg linka til på introduksjonssida (lesing anbefales!) seier at Noreg fort blei heilt dekka av trer etter at isen trakk seg bort frå kysten, men så for 4000-3000 år sida[5] forsvann dei igjen – men ikkje samstundes![6]. Dei seier då at det ikkje kan vere klimaårsakar til at trea forsvann – fordi då hadde dei forsvunne alle på same tid, så det må altså ha vore folk som har fjerna trea litt etter litt (Vetaas & Måren).



Fotnoter:

Biomangfald

Kvifor er det så viktig eigentleg at me tar vare på så mange ulike plantar og dyr? Eg veit at om me ikkje gjer noko, om me berre lar naturen gjere som han vil- så vil nok i fyrste omgang den store sitkagrana ta over. Sitkagrana høyrer ikkje til her, ho kjem frå Amerika og vart planta i Noreg dei siste hundre åra fordi ho veks fort og toler det meste. Altså på eiga hand [1] vil ho spreie seg vidt omkring. Men er det eit problem? Kan me ikkje unne sitkagrana dette? Me kan vel det, men det vil nok gå ut over mange andre plantar og dyr som då vil måtte sjå sin heim forsvinne.

Vgs-sida ndla seier at me rett å slett ikkje veit kva som vil skje om landskapet slik me kjenner det forsvinn og blir erstatta med noko anna. Ulike artar er så komplisert kopla saman og me har ingen oversikt over alle moglege påverkingar ein art har på ein anna art, vitskapen har rett og slett ikkje alle svara. Det me uansett treng naturen til er matproduksjon. Det er ikkje berre sjølve matplantane som er viktige, men òg heile miljøet dei lev i: dei må pollinerast av insekt, jorda dei bur i må ha passande næringsinnhald og konsistens, regnvatn må kunne renne bort og korkje drukne eller rive med seg dei stakkars plantene(''Miljø i alt''). Slike greier kan plantar og dyr ordne sjølv, men om dei då forsvinn så veit me ikkje heilt korleis det går – det er nemleg ikkje verdas enklaste sak for folk å erstatte. Du tenker kanskje: «kan me ikkje berre gjødsle?» men det er ikkje alle ville planter som tol moderne gjødsling("Historier om vår natur") og poenget var jo å verne desse ville plantane.

Min konklusjon er at det er viktig å ta vare på det me veit funkar.

Fotnoter:

Kystlynghei

Kystlyngheiane er eldgamle og det er me som har laga dei! I følgje miljødirektoratet er det fleire plantar, fuglar og insekt som er avhengige av desse lyngheiane, og det er jo ein fin motivasjon for å halde dei ved like.

Du trudde kanskje at berre lyng veks i kystlyngheiane? Vel, det er feil. I tillegg til lyng finst der mykje gras, urter og tre(Måren mfl. 2009). Desse trea må aldri få lov til å vekse opp fordi det er ein del av å ta vare på heiane. Naturlandskap kan bli verna av at me ikkje gjer stort – at me lar naturen stå i fred, men kulturlandskap blir verna ved at med held dei i drift(Vetaas og Måren), me er sjølv kystlyngheias nøkkelart! For ein ære!

Det finst altså fleire ulike plantar i kystlyngheiane, men dei vanlegaste er jo lyngen, og sida lyngen er vintergrøn kan han bli beita på året rundt(Miljødirektoratet: Kystlynghei). Men me har jo tradisjon med å brenne lyngen med jamne mellomrom, og dette er altså til lyngens beste. Ung lyng er ein mykje betre beiteplante enn gamal lyng, så om ein svir av ein god del gamal lyng så opnast plass til ny lyng(og nye gras og urter)(Lind mfl.). I tillegg kan ein bli kvitt tre som beitedyra ikkje har klart å beita bort(Miljødirektoratet: Kystlynghei). Når ein brenn lyngheiane er det ikkje meininga å brenne alt saman på ein gong, men å brenne enkelte områder slik at ein ender opp med ulike planter i ulik alder slik at det alltid er plantar å beite på[1] altså dette er greier som må planleggast godt på forhånd(Bär).

Slåttemark

Alle marker er ikkje skapt likt. Slåttemark er skapt ved slått. Slikt starta me med i jernalderen (500fvt- ca. år 1050(Solberg)) og då brukte me ljå – i alle fall etter år 200(Norderhaug & Svalheim), men før det veit eg ikkje sikkert. Det neste her er veldig viktig: slåttemark er ikkje det same som beitemark! Slåttemark kan bli beita litt, men om dyra beiter der heile tida så overlev ikkje planteartane som føretrekk slåttemark. Det betyr at me sjølv må gjere jobben, dyra kan ikkje gjere det for oss. Dette er naturlegvis fordi plantane har blitt brukt til vinterfôr(miljødirektoratet: slåttemark), så då hjelp det ikkje om dyra et vintermaten sin på sommaren.

Slåttemarker blir altså slått av folk med jamne mellomrom, og dei må bli slått varsamt. Ein bruker pittesmå, lette traktorar eller gamaldagse reiskap som ljå(Bär & Thorvaldsen). Desse områda blir ikkje gjødsla med moderne gjødsel og det er ingen dyrking som skjer der.

Kjelder