Lesing

Eg liker å lese bøker, bøker er kjekt. Greitt, uansett. Vidare. Eg lagde meg et Excel-ark der eg putta inn alle bøkene mine for å sjå på data eg var interessert i, og det må du gjer! Mine kategoriar er: kjønn på forfattar, land og kontinent, og årstal. Er det litt stereotypiske kategoriar? Ingen er vel særleg overraska. Men det som er ekstra kjekt er jo at med Excel kan du berre velje kategoriar sjølv så lenge du har data og gidda.

Eg såg at blant alle mine bøker var afrikanske og asiatiske forfattarar manglande (det er ein ekstrem overvekt av norske og britiske forfattarar). Eg reiser ikkje lenger, og det er ein vane eg har tenkt å halde på, så eg tenker eg får oppleve verda gjennom bøker i staden, så det er plan 1. Òg ein del av plan 1 er å lese bøker på spansk slik at eg blir betre i…spansk (og alt blir pittelitt annleis når ein les på andre språk, andre bilete andre drakter, ikkje sant?), og nynorsk om eg finn bøker på nynorsk. Eg har ingen nynorske bøker så der må eg gjere litt meir research. Men hovuddelen av plan 1 er berre å lese bøker frå asiatiske og afrikanske forfattarar. Ikkje berre altså, eg har fleire bøker liggande frå gjenggangarlandet Storbritannia som òg er høgprioritert!

Plan 2: (altså ikkje fyrst plan 1 og så plan 2, begge planane skal gjennomførast eller blir gjennomført samstundes!). Altså, plan 2: Eg rydda forleden, eller nokre månadar/år sidan, opp i alle bøkene mine og eg stussa sånn på kva eg skulle gjere med alle skulebøkene mine. Det er jo ingen som vil ha gamle, men ikkje kult gamle, skulebøker, og det er heller ikkje bøker eg pleier lese. Derfor tenkte eg lese dei. Eg skal lese dei og sjå om eg vil ha dei, også blir eg jo så klart forhåpentlegvis megasmart av å lesa alt som ( eg trur?) eg har lest før. Det er i alle fall det eg satsar på. Eg tenkte starte med dei kjekkaste bøkene så får eg heller sjå korleis det går, det kan ver dette prosjektet tar type 70år. Det skal ein ikkje sjå bort i frå.

Eg leser helst på lesebrett fordi det er så innmari praktisk. Eg kan lese på senga! (Eg har ikkje lampe ved senga, så vanleg bok er litt tungvindt om det er mørkt også er det litt knove heile "lese bok på senga" opplegget. Eg ligger i senga, eg sitter ikkje). Når eg leser vanlege bøker bruker eg penn og tusj og fargeblyantar flittig (eller der eg synest det trengs) og ordbok er viktig. Lesebrett har ordbok innebygd så det er tipptopp, også kan eg markere så mykje eg vil. Av og til skriv eg ned stikkord, kva som har skjedd eller kven folk er, nå mens eg leser «Beretningen om de tre kongedømmer» har eg gått pittelitt bananas, eg har over 7000ord, og eg har ~30% igjen av boka. Om du synst slikt høyrest negativt ut eller som ein u-ting så er det berre noko du må godta, for eg ELSKER lister. Eg er ein listeproblem, på lista over ting er liker er lister på fyrsteplass (bortsett frå rangeringslister ironisk nok). Alt blir betre om ein kan ha det i listeform. Men det er, så klart, ikkje alle bøker som blir listifisert.

Enda meir tips. Av og til når eg les på engelsk så omset eg til norsk samstundes som eg les. Det tar litt ekstra tid, men det er ganske kjekt, ein blir tvungen til å komme på dei rette orda ganske raskt! Om eg i tillegg er aleine i huset så liker eg å lese høgt til meg sjølv, og då helst på norsk - direkte omsatt. Også kan det vere like kjekt å lese gåande som å lese sitjande. Særleg om det er høgtlesing på gong får eg ei trong til å gå og mime ut det eg leser. Det blir ein del gestikulering. Det er også kjekt å høyre på musikk mens eg leser, det må jo helst vere musikk som passar til teksten - altså frå same land eller område eller epoke som handlinga. Eg pleier høyre på slike 1-timers snutter på youtube, det er òg ein grei måte å holde styr på kor lenge eg har sotte å lest, og at det kanskje er på tide å spare nokre sider til ein annan dag.

Det var alt trur eg.