Jevgenij Onegin (Евгеній Онѣгинъ) 🗓️

Forfattar: Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin

Omsettar: Olav Rytter (norsk) og James E. Falen (engelsk)

Land og språk: Russland og russisk

År: 1825-1832

Boka er på rim! Og forfattaren laga sin heilt eign rimestil - er ikkje det morosamt! Eg leste boka fyrst på norsk og eg synst omsetjinga var bra! Humoren var lett å forstå og det var ein lek å lese. Eg har òg høyrt ein engelsk omsetjing på lydbok og det var kjempekjekt! Det var svært fint å høyre på dikt som rimar så! Eg latar som om eg er ein gammaldags person, før TV, og einaste underhaldning i selskap er høgtlesing av dikt. Eg antar dei heldt på med slikt i gamle dagar. Også såg eg operaen! (Eg valte den med dei finaste kulissene så klart). Eg likte best korsongane og dansesongane. Men operaen var ganske tam og kjedeleg samanlikna med boka. Boka er så morosam og forteljar-stemmen(er det Aleksandr sjølv?) har noko å sei om alt. Også hadde dei ikkje med draumen til Tatiana med den bjørnen i snøen i skogen, og selskapet hans med alle dyra(og etc.). Det hadde vore ein fin ballett-scene om det er lov å ha med litt slikt i ein opera. Også kunne dei hatt slike kostymer som dei har i filmen «Med Grimm og gru», dei er så fine.

Boka har altså ein forteljarstemme som det tok meg littegranne tid før eg forstod. Det er liksom ein «Eg»-person som er ven med hovudpersonane? Men samstundes er ikkje «eg»-personen med i forteljinga? Jo, det er fordi det er «eg»-personen som er forfattaren, ofte – spesielt mot slutten av kvart kapittel, så snakkar han direkte til oss, lesaren/høyraren. Desse ulike kapitla blei gitt ut over fleire år, så det er litt rart å gå direkte frå «farvel kjære lesar, nå gidder eg ikkje meir for denne gong, sjåast om nokre år elns» og så rett til neste kapittel. Men, men. Ja, også er forteljaren glad i å vimse rundt på all slags tema i løpet av historia. Ein god del av boka er forteljaren som snakkar om litt andre ting enn kva folka i historia gjer. Favoritt-temaet mitt var i kap.4 når han hadde fleire vers om minnebøker *dån*.

Eg hadde eigentleg frykteleg lyst til å skrive alt på rim slik som Pusjkin, men det var litt for komplisert for meg. Ikkje berre skulle det rime, men nokre rim skulle rime på siste stavelse og andre på ant siste. Eg veit ikkje om eg kunne skrive noko som helst som ga meining med slike regler. Pusjkin har visst vore svært inspirert og glad i den engelske poeten Byron, eg antar han òg skreiv lange dikt? Uansett så synst eg det er morosamt å lese om det folka i bøkene eg leser leser, så då blir det sikkert litt Byron i framtida. Ikkje at det er mangel på referansar i boka og det er kun Byron som blir snakka om... Det er ein heil HAUG med folk som blir omtalt som eg aldri har høyrt om før, men dei var sikkert skikkeleg poppis på 1820-talet i Russland.

Og, Pusjpusj, om du tuller eller er seriøs er eg usikker på, men vær å snill og ikkje heimsøk meg med slikt som det er så alt for lett å kjenne seg igjen i: «Kan meir eg vente nyfødd vår, med mine fylte tretti år?»... Eg vil gjerne ha eit svar frå deg Aleksandr som fylte tretti for nesten 200 år(192år) sidan. Men eg ser frå Wikipedia at han her levde berre i trettisju år totalt, så eg håper at dei sju tretti-åra var toleleg gode i alle fall.

Til biblioteket