Broen over Drina (Na Drini ćuprija) 🗓️

Forfattar: Ivo Andrić

Land og språk: Bosnia/Jugoslavia og serbokroatisk

Omsettar: Waldemar Brøgger (frå tysk)

År: 1945

Hovudpersonen er ei bru! Mehmed Paša Sokolović-brua stod ferdig i 1577 og i boka får me vere med på heile byggeprosessen og fram til fyrste verdskrig (omtrent). Byen der ho står, Višegrad, er ein grenseby mellom Bosnia og Serbia og opplever stadig nye tider og tilstandar, men både brua og folka blir alltid verande seg sjølve. Alt er så roleg. Det kan vere krig og tortur og bomber, men så på neste side er dei alle og tatlar på kapijaen igjen. Alt går så treigt. Mi lesing av boka òg, det var nok med et kapittel til dagen! Eit kapittel er forresten ofte nesten eit liv i seg sjølv, heile historia om nokon i byen.

Men byen og dens forstad er bare slike tettbebyggelser som alltid og uunngåelig oppstår på viktige samferdselssteder og på begge sider av store betydningsfulle broer.
Derfor er også husene grodd opp her i tidens løp og har spredt seg utover fra begge endene av broen. Byen levde av broen og vokste ut fra den som fra en uforgjengelig rot.

Byen blei til fordi Drina måtte kryssast og då blei det laga ei bru. Med ei bru som byens hjarte er det jo òg naturleg at byen er eit knutepunkt for folk mange stader frå. Det er muslimar, kristne og jødar. Bosniarar, serbarar, tyrkarar, ungararar osb. Det er altså ein god del ulike synspunkt og liv med får høyre om, men som alle har brua og byen til felles. Dette er ei bok eg kunne tenkt meg og lest igjen ein gong: hadde dei meir til felles? Byens folk blir skildra som «ettertenksomme og drømmende av vesen» og at dei har ein karakteristisk «melankolsk sorgløshet», er eg einig? Boka, teksten, er i alle fall slik. Ho berre fortsett og fortsett utan at noko eigentleg skjer, men ja.. ettertenksamt og drøymande.

Folk med ulike religionar og ulikt opphav lev jo ikkje alltid heilt i fred og fordragelighet, men i sjølve byen verker det ikkje å vere så halvgale faktisk. Dei kjem overeins, folk har si rolle og sitt arbeid, og ofte heldt dei seg til sine trosfeller. Det er heller utanfrå dei største truslane kjem. Skjønt det var jo folk utanfrå som bygga brua òg. Brua er kjempeviktig militært, fordi utan brua kan ein visst ikkje krysse Drina. Så med ein gong det er militære i byen er det brua dei okkuperer og patruljerer. Seinare når dei kjem for å bygge jernbane er det med stor skepsis frå enkelte av folka i byen.

«Hvis du vil til helvete, er det bedre at du reiser langsomt,» sa han kort og sint til en ung kjøpmann. «Du er en tosk hvis du tror at sjvaberen har brukt masse penger og brakt disse maskinene hit for at du skal komme fortere fram og få dine forretninger fortere unnagjort. Du ser bare at du selv reiser; du spør ikke etter hva disse maskinene i tillegg til deg og dine fører hit til byen, eller hva de fører fra den. Slike ting tenker du ikke på engang. Men reis hvor du vil, vennen min, jeg er bare redd for at du vil angre på det en vakker dag. For den tid kan komme da sjvaberen kjører deg dit du ikke vil, og dit du aldri hadde tenkt deg å reise.»

Kvar gong venninna mi kjem heim hit kor ho vaks opp seier ho alltid at alt ser likt ut, heilt som før – og det er jo eigentleg sant. Det står så fint i boka, for brua forandrar seg jo heller ikkje, til tross for brann og bomber og flaum og kva slags. Mange liv blir levd, som sagt: kanskje berre på eit kapittel, men brua står det traust og stødig, og alltid lik seg sjølv. Slutten på boka er ikkje brua akkurat på sitt stødigaste, men no er tross alt dette ei bok gitt ut i 1945.

Livet på kapijaen fornyer seg tross av alt og alle, og broen forandrer seg ikke med årene eller århundrene, ja ikke engang med de smerteligste forandringer i menneskenes forhold. Alt dette forsvinner over den på samme måten som det urolige vannet forsvinner under den under de glatte og formfulle buene.

Eg har notert meg ein god del sitat som eg gjerne skulle skrive ned, men skildringar og formuleringar er så lange og detaljerte at sitata er jo sideslange! Den norske omsettinga er ikkje ei direkte omsetjing men satt om (heiter det «satt om?») frå tysk, og ikkje originalspråket serbokroatisk, men setningane er så vakre likevel (og lange). Eg blei heilt trollbunden til tider. Og alt er som sagt så drøymande roleg, akkurat som ei stor (og svært lang) elv.

Til biblioteket