Inspirert av sagaen om Torstein Vikingsson

Historia om Torstein handlar vel så mykje om far hans Viking (eg synst Viking er meir spennande enn Torstein). Der er Viking som tidleg i historia drep Hårek og så blir bestekompis med Njorve. Sønane deira blir desverre erkerivalar fordi Torsteins lillebror drep Njorves son, men til tross for dette forblir Viking og Njorve vener 💘.

Odden spidda
son til kongen
Ein brødreflokk
på evig flykt
Trollet frå havet
redda Torstein
Viking og Njorve
forblei vener

Vivil sverdet
gav til Viking
Kløyvd av jernet
Hårekknollen
Søster flådd og
bror i flammer
Fri for Kol
fann han fred

Ni søner
har kong Njorve
Bestekompis
har likt kull
Ungane kranglar
og drep kvarandre
Vennskapet
viker ikkje


Innhold!

Inspirert av Sagaen om Fridtjov den Frøkne

Fridtjov er søn til Torstein og bur i Vangsnes (der dei har ei flott statue av han). Han forelsker seg i ei kongsdatter, Ingeborg, men får ho ikkje. Fridtjov blir istedet sendt til Orknøyene og Ingeborg blir gifta bort til ein annan. Seinare gjenforenes Fridtjov og Ingeborg, men sidan Ingeborg er lykkeleg gift så lar Fridtjov være å blande seg inn(me blir i alle fall ikkje fortalt noko slik spennande sladder), men da Ingeborgs mann dør gir han Ingeborg til Fridtjov .🤷‍♀️.

Fridtjov drømte
om dette eine
å ekte drottens datter
Kongen avslo
og gav Ingeborg
bort til ein anna adam

Heftig sjø
skyller ombord
og folk dør som fluer
I Fridtjovs hode
finst det berre
jenter, fyll og fest

Rede til å knele
foran kongen
gift med Fridtjovs frøken
Dyd og godhet
gagner alle
arva var drottning og aker


Innhold!

Inspirert av Ynglingesoga av Snorre

Samandrag av soga

Ynglingesoga er den fyrste soga i Heimskringla. Den er meir eller mindre ein oppramsing av folk frå Odins dagar fram til år 800, og korleis dei døydde.

Side opp
side ned,
evig rams av ætt
Halve parten
får ein helsing
og så sloknar dei

Kven ante
at han Odin
vandra vest frå Asia?
Snorre hevder
at dei høge
var våre like

Eldre namn
går i arv,
slikt går i surr
Duger meir
å ha dreis på
alle bitre baner

Innhold!

Inspirert av Skirnesmål frå eldre Edda

I starten av Ynglingesoga nemnes Frøy og Gerd og korleis dei er stamforeldra til Ynglingane. Skirnesmål fortel historia om korleis dei møtest og blei saman. Eg vil ikkje kalle det megaromantisk, men det er underhaldande å høyre kor irritert Frøys tenar Skirne blir på Gerd når ho gong på gong avslår noko ekteskap.

I kvad nummer 3 har eg skrive om dei grøne lestene, og det er frå eit uttrykk eg lærte i boka om Lucrezia Borgia og står i ordboka som eg lagte("upavelege ord" så klart). Uttrykket er eigentleg: "å gjøre sine hoser grønne", men eg måtte endre litt på det så det passa med rimet. Det betyr å fri til ei dame.

Han var gut
ho var tøs
gangen er opplagt, eller?
Han var vane
ho var gyger
treng’eg tilføye meir?

Ikkje eple
eller ring
klarte lokke lilja
Siste utveg
var kvasse sverdet
og nokre nifse runer

Frøy ein dag
seg brått forelska
i ei vakker veikje
Dei grøne lester
han lèt liggje
skipa heller Skirne


Innhold!

Inspirert av soga om Halvdan Svarte av Snorre

Samandrag av soga

Halvdan Svarte(han hadde svart hår) levde på 800-talet, var ein konge på austlandet og har si eiga soge i Heimskringla. Sagaen hans er ikkje ekstremt spennande, men det fortelles om dei fine draumane til kona hans Ragnhild mens han sjølv drøymer ingenting. Men så ein dag har han faktisk ein draum, og då drøymer han om masse hår av ulike lengde (som visstnok skal representere hans kommande slekt, nokre vil bli store kongar, mens andre vil bli dårlege kongar(og son til Halvdan vil jo bli verdskjent ved sitt hår)).

Dronning Ragnhild
drøymte vakkert:
Lite tre blei
størr’enn landet
Kongens netter
var lutter koma
Men så eit syn
av smukke lokker!


Innhold!

Inspirert av soga om Harald Hårfagre av Snorre

Samandrag av soga

Sagaen om Harald Hårfagre er kanskje den mest kjente av sagaene i Heimskringla, men det der med «ikkje klippe håret før eg har samla riket»-opplegget er berre starten på historia. Slaget ved Hafrsfjord, det endelege slaget, var i år 872 i følgje Wikipedia, og då hadde kong Harald nesten 60år igjen å leve. Ja, det er dessverre sant. Harald Hårfagre samla riket vårt då han berre var 22 år gamal (ifølge tala på Wikipedia).

Eg syntest soga var kjekkare mot slutten. Då treff han Snøfrid, også får me høyre om ungane deira som berre gjer ugagn. Og om Torv-Einar som tilhøyrar ein annan familie og slost mot ungane til kong Harald og Snøfrid.

Eg har skrive litt kvad til dei ulike delane av soga eg synst var spennande. Det fyrste handlar om den kjente historia om å samle riket. Nummer to handlar om ein bonde som hadde både norskekongen og svenskekongen på besøk, men gjorde forskjell på dei basert på alder og svenskekongen var ikkje imponert. Nummer tre handlar om ein fyr som blei landsforvist og drog til Normandie og grunnla…Normandie visstnok. Nummer fire handlar om Snøfrid. Og nummer fem er om Torv-Einar, som heiter Torv-Einar fordi han budde på Orknøyane der han måtte bruke torv i staden for tre til ved.

Samling av riket

Smukke Gyda
sa til kongen
hans rike var for ringe
«Så rart at ingen
nordmann ønsker
å herske heile Noreg»

Fornuftige Harald
takka nymfa
for slike smarte ord
«Før eg rår
over heile riket
skal mitt hår ei stussast»

Bonden

Svensken eldst
og norsken yngst
besøkte same bonde
Svensken fekk
det gamle serviset
og hugga til husets eigar

Gange-Rolv

Rolv han var
så veldig stor
at ingen hest
orka ber’an
På havet vidt
han drog i viking
til sist han hogg
Harald si strand

Slike angrep
var lovstridig
og kongen Rolven
kalla fredlaus
Mora gret
og berga guten
så vandra Gange-Rolv
sør til Valland

Snøfrid

Kjærleikselden
brann intenst
da kongen såg
bort på Snøfrid
Livet var berre
glede og begjær
Harald rett dreit i
sitt ansvar som drott

Treårig likvake
fekk livlege Snøfrid
Då ho blei lyfta
for å skifte drakt
steig det opp
ein stinkande eim
og or ho kravla
ekle øgler

Torv-Einar

Einar si mor
var ein ynkeleg træl
«svært skammeleg» sa far
«Eg gir deg pappa
den gjævaste gåva:
Eg drar for evig og alltid!»

Far blei drepen
av drottens søner
som tok alle Einars øyer
Berre den forrådde
utan sine brør
hemna den falske fader


Innhold!

Inspirert av soga om Håkon den Gode av Snorre

Samandrag av soga

Håkon er son til Harald (Hårfagre) og er kjent som «den Gode», men eg er ikkje heilt sikker på kvifor. Det er ingenting i soga hans som tyder på at han var godare enn nokon andre. Eller det er løgn, fordi han er godare enn broren Eirik (Blodøks) og Eiriks søner, dei har visst klart å irritert på seg det meste av nordmennene og må til slutt rømme til England. Så kanskje Håkon er den relativt Gode. Håkon er fødd i Noreg men veks opp i England sjå den engelske kongen (slikt var visst vanleg på den tida, for å styrke vennskapet mellom dei vaksne) og når han er 15 år kjem han tilbake til Noreg (Harald er daud) og blir tatt imot med opne armar. Så klart vil me ha denne utanlandske fjortissen til konge! Så eg antar Eirik og hans søner må ha verkeleg irritert folk.

Etter at Håkon har vore i landet ei stund blir det litt trøbbel fordi Håkon er kristen og vil gjerne at nordmennene også skal vere kristne. Men det vil dei ikkje, det blir kaldt inn til ting og ingen er fornøgde (bortsett frå meg fordi det var så underhaldande). Siste biten av historia er slåssing med Eirikssønene, og den biten inkluderer fleire kvad frå Håkonarmål av Øyvind Skaldespiller, og det var eit av sogas høgdepunkt fordi kvada var fine og lette å lese. Eg har lagt eit lite kvad til Kong Øystein og hunden Saur som blei nemnt så vidt: Øystein er ein fyr sørfrå som slåst i Trondheim og set son sin til å styre der, trønderane dreper sonen og Øystein er ikkje blid. Då får trønderane ein hund til hovding.

Håkon og Eirik

Unge Håkon
vaks opp i England
og var blitt reint brite
Men femtenårige guten
fridde til nordmennene
og jublande krona konge

Storebror Eirik
var i Noreg oppvaksen
men likevel forhatt av folket
Håkon blei æra og
Eirik måtte ile
til litlebrors barndomsland

Feilslått kristning

Urbane Håkon
var aldeles nyfrelst
og ville så gjerne
feire jul
Norskane gjekk berserk:
Han vil’kje blote!
Kan du tenkje:
Kongen måtte til tinget!

Hunden Saur

Det kom ein opplending
og la under seg Trondheim
så satt han sin son til å styre
Trønderane drap’an
og trudde dei gagna
men då fekk dei ein hund til herre


Innhold!

Inspirert av soga om Eirikssønene av Snorre

Samandrag av soga

På dødsleiet gir Håkon (son av Harald Hårfagre) landet til (bror) Eirik Blodøks sine søner(Eirik er daud for lengst). Altså Eirikssønene er Håkon den godes nevøar og Harald Hårfagres barnebarn. Dei klarer aldri få heilt autoritet andre stader enn på vestlandet og mor Gunnhild er ekstremt oppgitt over sine håplause søner. Eldsteson Harald prøver å vise Sigurd Ladejarl i Trondheim si aller beste side med besøk og gåver og masse fine ord. Sigurd gir tilbake presangar og komplimenter, men noko vitjing har han ikkje tid til, «Sorri kompis, men eg har berre så mykje å gjer om dagen. Sjukt travelt». Gutane går i staden til Sigurd sin litlebror(som ikkje har noko jarletittel eller andre staselege saker) og overtaler han til å bli med dei å drepe dumme storebror Sigurd.

Mor sitt største ønske
for sine ungar; å vere
folkekjær som gamle farfar
Men da dei prøvde
å dyrke venskap
hadde ingen tid til overs


Innhold!

Inspirert av soga om Håkon Jarl av Snorre

Samandrag av soga

Eirikssønene er hovudpersonane i denne soga som ikkje bærer deira namn. Håkon er nemnd han, for all del, men han gjer ikkje stort meir enn: bu i Trondheim, hemne seg på onkel Grjotgard (som sveik Håkon sin pappa Sigurd) og dra på ferie i Danmark.

Eirikssønene herjar og irriterer folk og mor Gunnhild er paranoid for at dei skal tape landet. Men la meg fortelje meir om dei tre hendingane som festa seg mest i meg.

Det kjem kjøpfolk frå Island for å selje skinnfellar men det er ingen som vil kjøpe. Islendingane er heilt frå seg. Kong Harald (Eiriksson) er grei og kjøper ein fell – og ikkje berre kjøper han den, men han tar fellen på seg og spankulerer rundt slik at alle som ser han vil òg ha slik ein fell på ryggen. Harald Gråfell…Olala très chic!

Så er det at Kong Gudrød (Eiriksson) spør om kongen på austlandet, Trygve, vil vere med å herje i sommar og det vil Trygve. Eit skip kvar på sommarherjing. Guttaboys. Gudrød Eiriksson kjem seglande sørover, går i land, og drep Trygve. Då Trygve dør er kona gravid, med kven mon tro? Kven er denne son til Trygve? Hmmm….

Til sist for her, og til sist i soga, må det understrekast at under Eirikssønenes regjering svoltar nordmennene i hel. Det er uår så det står etter. (Det minner meg litt om himmelens mandat som klart seier at uår er beste bevis på at ein konge ikkje har rett til å vere konge). Bøndene er sure på Eirikssønene og Eirikssønene er sure på bøndene. Soga avsluttast med at Øyvind Skaldespille, hoffskalden, kvedar berre om kor ufatteleg vanskeleg det er å få tak i sild. Han betaler med pilene sine og eg liker så godt verset i denne omsetjinga:

daa snare boge-sild
for smale sjø-pil eg selde

Eirikssønene

Då Gode Håkon døyde
ga han landet
til sine upopulære onkelbarn
Einaste dei veit
er å irritere folk
òg visst: drepe og voldta...

Gråfellen

Så barsk og tøff
i tillegg praktisk!
Kva heng på herda hans?
Kor har han kjøpt
denne fantastiske kappe
plukka av Popelka sine skuldre?


Innhold!

Inspirert av Volundskvida frå eldre Edda

Slik eg forstår kvadet, slik eg vel å forstå det er slik: I starten møter Volund ei vakker dame med svaneham ho kan fly med. Han stel svanehamen og gifter seg med ho, men han er hennar fengsel for utan hamen kan ho ikkje dra noko sted. Sida får ho hamen tilbake og flyr bort og ut av historia. Volund smir mange hundre vakre ringar til dama som drog og ein dag kjem ein konge og stel ein ring. Ikkje berre stel han ein ring, men han arresterer Volund og seier gullet var kongen sitt og Volund har stole det. Volund blir skore over knea på slik at han ikkje kan gå og satt til å smi for kongen(Han er i fengsel og kan ikkje gp noko sted). Han hemnar seg på kongen ved å drepe og voldta kongebarna. Han får flygeevnar og flyr vekk leande, mens kongens valdtekne og gravide dotter står igjen, gråtande.

Visst var det krenk
når kongen tok Volund:
hasane sneide og lenka til smida
Men, du Volund var det
nødvendig å straffe mest
dei uskyldige prinsar og prinsesse


Innhold!

Inspirert av soga om Olav Tryggvason av Snorre

Samandrag av soga

Olav Tryggvason veks opp i utlandet sida Gunhild og Eirikssønene vil drepe han. I Noreg styrer Håkon Jarl og Håkon er godt likt (heilt til han ikkje blir godt likt fordi han ligger med alle andre sine koner og døtrer). Olav, eller Ole som han kallar seg, vil bli konge i Noreg (hans oldefar er Harald Hårfagre) og drar til Noreg. Håkon Jarl døyr og hans son Eirik flyktar til Sverige. Ole bruker heile si tid på kristning. Kristning skjer ved å true folk med dødsstraff om dei ikkje lar seg døype. Dreping-dreping og kristning-kristning. Sik går dagane. Siste biten, om slaget ved Svolder var veldig spennande. Eg anbefal kapittel 92 og utover.

Oles fødsel

I nattemørket Astrid
vassa ut til øya
Blant sivaks fødd’ho Olav
Hakk i hæl
kom hastande
Gunnhilds lydige gutar

Håkon Jarl og Danmark

Fine Håkon Jarl
lar folket blote,
Jesus er ei invitert
Til Noreg sendast
uønskte nyfrelste
Danmark og fjelllandet blir fiendar

Gyda på mannejakt

Irlands kongsdotter
ønskte seg ein mann
Dei single blei
stilte på rekkje
«Who are you?»
spør jenta
«Eg er Ole»
svarar Askepott

Danmark og Island

Danekongen var sliten
av å høyre islendars spott,
sendte ut ein hemnarhop:
dei segla nord
så reiste dei sør
berre vitna om drakar og vetter

Sigrid Storråde

Den eine utlending
etter den andre
fridde til frøken Sigrid
«Stikk og brenn!»
svara ho og
brente belarane til daude

Håkon Jarl - Fuckboy

Sjarmerande Håkon
dåra alle i hop:
«For mykje» meinte mennene
Jaga av bønder
han gjømtest i bingen
men avslørt av egen træl

Kristning

«Her skal det kristnast!»
sa kongen strengt
«Elles dauden» dømte han
«Ofre med oss heller»
ønskte bøndene
«Då blotast folk!» svarte fyrsten


Innhold!

Inspirert av soga om Olav den Heilage av Snorre

Samandrag av soga

Olav Digre får på europaferie ein draum at han skal erobre Norge, så han drar heim og prøver på det. Det går greitt nok og med ein gong han har tid fortsett han med den same heftige kristninga som han O.Tryggvason heldt på med. Samstundes er det litt drama med Sverige og Danmark, fordi dei begge seier at dei vant Norge i slaget ved Svolder. Til sist irriterer Olav Digre sine egne norske bønder til ein slik grad at det er dei som lagar seg ein gigantisk hær og går i mot han på Stiklestad. Etter at Olav Digre er død blir ein ung danske satt til å styre landet og lovane hans er megastrenge! Og alle dei norske bøndene angrar fælt.

Bjørn og Hjalte

Bjørn fekk i oppdrag
å be svenskekongen
om fred. Ærendet var
farleg. Sørgmodig han
spurte kompis Hjalte
om lag. «Ja, du er jo
min beste ven, eg
blir så klart med»

Sur svenske

Kven trur’an Olav
att’an eigentleg er?
I Norge betalast skatt
til kongen av Sverige
Aldri at Olav får stele
det eg har kriga meg til!
Fy fabian! Far åt
pipsvingen ditt fjols!

Storebror Olav og litlebror Harald

Litlebror sit på
storebror sitt fang,
olmt og skummelt
blir han sett på.
Litlebror skuler
like skummelt tilbake
og ruskar storebror
strengt i skjegget

BabyMagnus

Ein klein unge blei
fødd ein kveld og
ingen trudde han’sko
overleve, så han måtte
døypast snarast. Kva
med faren? Ingen drista
vekkje den skumle
store kongen

Kongelig depresjon

Uansett kva han gjer,
så tapar han. Siger
verker umogleg, og
landet har han mista
Dei dumme bøndene
vil heller vere danskar!
Nå melder kongen
seg inn i kloster!

Sigvat Skald

Folk er klar for strid
og skaldane står fremst
Dei skal jo kvede om krigen.
Bortsett frå Sigvat
som segla på ferie, og
vandra nå Romas via-er


Innhold!

Inspirert av soga om Magnus den gode av Snorre

Samandrag av soga

Magnus er ein liten gut ~11år, Olav den heilage sin son, som blir satt til å styre Norge. Det meste av tida blir brukt til å krangle om Danmark med ein dansk jarl.

Magnus den såkalla gode

Om du drep rundt
i Danmark, så gjerne
for oss. Herj
så mykje du ynskjer.
Berre du ikkje
brenn våre bygder
kan me kalla deg
god, kong Magnus


Innhold!

Inspirert av soga om Harald «Hardråde» Sigurdsson av Snorre

Samandrag av soga

Harald Sigurdsson er glad i å slost, er det eg fekk aller mest utav å lese om han. Fyrst slost han ved Stiklestad når han er 15, så sør i Europa, så i Norge slost han kontinuerleg med Danmark, og til slutt slost han i England. Også står det at han hadde eit augnebryn som satt høgare enn det andre 🤨.

Augnebryn

Alle vil sjå seg
fornøgde i spegelen
på to slyngande slangar
Tøffe gutar har òg
sine lyte med eitt bryn
her og eit heilt oppi der

De dødes spa

Trettifem år er gått
sidan fyren døydde
han dei seier er Heilag
Framleis kjem årleg
frisøren for hårstuss
og klipp av lange klør

Villmarkstips

Er du på ei aude
øy og utan vatn?
Finn deg fyrst ein orm
Tyrst han ut og bind
eit band om magen
og han virvlar seg mot vatn


Innhold!

Inspirert av soga om Olav Kyrre av Snorre

Samandrag av soga

Olav styrer I 26 år og alt er fredeleg(Kyrre = den fredelege). Folk drikker og eter i lag og kosar seg, dei fant opp gilder på denne tida (Gilde som i foreining, men det verker som om «drikking og eting» var ein viktig del av møta). Mote kjem på moten. Og Olav får ein vakker son som han kallar Magnus - er han kanskje oppkalla etter storebroren som han var konge ilag med i to år etter faren Harald Hardrådes død? Storebror Magnus døde berre 21år gammal pga. dårleg mat.

Motekvad

À la mode: ermer
lengre enn menn,
ordna i rynker
opp heile armen.
Bukser trongt
snørt om beina
og sko sydd av
gull og silke.


Innhold!

Inspirert av soga om Magnus Berrføtt av Snorre

Samandrag av soga

Magnus, son til Olav Kyrre, har ein liten trone-trussel i sin kongelege start, i form av sitt søskenbarn, men han dør allereie i kapittel … ~ 3. Resten av livet bruker Magnus for det meste utanlands, det verker som om han har heilt forelska seg i heile Hebride-landskapet og der omkring, og det er lett å forstå fordi det er veldig vakkert. Dessverre herjar han ein del på ferie og ender opp med å døy av hugg i halsen i Irland.

Ode til Skottland(og der omkring)

Fjell og sau i
skjønn forening
Tistlar og steinar
rundt kvar sving
Det mørke havet
og gråe himmel
rammar heile
herligheten inn


Innhold!

Inspirert av soga om Magnussønnene av Snorre

Samandrag av soga

Fyrst og fremst handlar denne soga om berre ein son av Magnus Berrføtt, Sigurd. Kong Sigurd drog til Jerusalem og blei sidan kalla Sigurd Jorsalfare. Han (og brørne) er godt likt i Norge og det verker som om tida med brutal kristning (i Norge) er over for godt. No byggjast det kyrkjer utan eit mukk frå folket. I siste halvdel av soga blir med introdusert til ein fyr som heiter Harald Gille. Harald er frå Irland og seier at han er òg son av Magnus Berrføtt. Han beviser det han seier ved å gå på gloande jern, og sjølv om kong Sigurd tar godt imot Harald Gille er andre svært skeptiske, og Sigurd sin son Magnus hatar Harald Gille.

Jorsalaferie

Fyrste gongen Sigurd
drog på ferie, herja
han heile vegen, skjønt
vikingtida var forbi.
Ibiza og Menorca,
Gibraltar og Sicilia.
Nordmenn har alltid
elska ein sydentur.

Brødrekrangel

Er me ikkje like?
Eg er sterkare
Me svømmer like godt
Mine musklar er større
Pilene våre er like beine
Kraft er best
Eg er smartare
Fordi du alltid sit heime


Innhold!

Inspirert av soga om Magnus Blinde og Harald Gille av Snorre

Samandrag av soga

Det er Sigurd Jorsalfare sin son, Magnus, som er neste konge i rekka. Men ingen liker han, og vil heller ha Sigurd Jorsalfare sin bror, Harald Gille, til konge. Dei slost litt, og det ender med at Harald Gille blir konge aleine for heile Norge, og Magnus blir…. Kan du gjette? … 👨‍🦯blind. Men, soga er ikkje over for det. Då kjem ein ny ukjent bror: Sigurd Slembe. Ingen trur på han, ikkje minst kong Harald Gille, og Sigurd Slembe dreper sin såkalla halvbror kongen. Ikkje berre det: han seier det til folket at det var han! Sigurd Slembe! Som drap sin eigen bror kongen alle var fornøgde med! Applaus takk! Dessverre for Sigurd blir alt folket pissesure.

Son i kvar hamn

Du tenkte siste
stikk var tatt,
då kom freidige Sigurd, slentrande.
Fattig trøyst:
dine faderlege påstandar
blir faktisk trudd av folket.

Sigurd Slembe

Du kan mase
så mykje du vil,
ingen trur på dine ættesoger
Og å drepe ein bror-
ein dyktig konge,
var svakt planlagt Sigurd


Innhold!

Inspirert av soga om Haraldssønene av Snorre

Samandrag av soga

Blant Harald Gille sine søner er hovudfokuset på to: Sigurd og Inge som begge er berre småbarn då dei blei kongar. Seinare kjem ein storebror frå utlandet og blir konge nummer tre, kong Øystein. I starten, før Øystein kjem til Norge får me høyre om Sigurd Slembe (han som drap Harald Gille) og Magnus Blinde (kongen som Harald Gille overvann og tok kongetittelen frå) og kva som skjer med dei. Dei prøver seg på opprør eller noko liknande, men dei blir drepne. Så kjem altså storebror Øystein og då mistar soga litt futt. Det blir frykteleg mykje fram og tilbake og lite som skjer. Men det ender med at Sigurd og Øystein er daude, og Inge er konge aleine. Til tross for at Inge har hatt dårleg helse sidan han var veldig liten.

Babykongane

Å halde styr på
eit land er hardt
når ein er vaksen og
kanskje verre når
ein berre er ein
liten baby.
Ei stor trøyst
at me er to.


Innhold!

Inspirert av soga om Håkon Herdebrei av Snorre

Samandrag av soga

Kong Sigurd Haraldsson hadde ein son som heit Håkon, og no blir Håkon konge saman med onkel kong Inge. Dei er ikkje vener, kong Inge har tross alt drepe far og onkel til kong Håkon. Dei slost og Inge døyr og Håkon blir den einaste kongen i landet.

Frå me fyrst fekk høyre om litle babyInge på to år som blei konge i Norge, så såg eg ikkje for meg at det var slik hans liv ville gå. Han starta jo med slag heilt frå dag ein, det er sant det, og då han var tre år trua han storebroren på livet. Men det var jo strengt tatt dei vaksne som styrte dette. I førre soge blei han skildra som snill og koseleg, mens brørne var barske og slue. Likevel er det Inge som drep dei og er konge lengst (ikkje superlenge da, han døyr som 25-åring). Snorre seier det er Gregorius’ innflytelse at det gjekk som det gjekk med brørne, at då han kom så forandra alt seg og Inge berre gjer som Gregorius seier.

Kong Inge

Blonde krøller og
barnleg glede,
Klumpen blei skadd
i krig, medynk
er lett å hauste.
Krokrygg og halt...
livleg med smøret!
Er dette manipulering?


Innhold!

Inspirert av soga om Magnus Erlingsson av Snorre

Samandrag av soga

Var det ikkje borgarkrig før så er det i alle fall borgarkrig no. Håkon Herdebrei er på ei side og dei resterande etter Inge/Gregorius på den andre, det vil sei Erling Skakke. Erling Skakke må finne ein ny konge å støtte, og det blir sin eigen son Magnus (Erlings kone er kongeleg). På Håkon Herdebrei si side døyr konge etter konge, og den gjengen blir etter kvart kjent som «Birkebeinarar». Ved sogas slutt er Magnus Erlingsson konge aleine i Norge, og desse «Birkebeinarane» er ikkje noko problem.

Håkon i feil skip

Hør! Dei kjem!
Herre, hjelp oss!
Hiv på brynjer og
hopp i båtane.
Sverd og piler
dei flyr i sverm.
Er naboskipet mi frelse?
niks og absolutt nei

Alle berre døyr...

Håkon er kongen!
Håkon døydde.
Sigurd skal sigre!
Sigurd slokna.
Kva med Olav?
Han kreperte.
Men Øystein?
...manglar tarmar


Innhold!