Hitchhiker's Guide to the Galaxy

Forfattar: Douglas Adams

Land: Storbritannia

The Hitchhiker's Guide to the Galaxy (1. bok) đŸ—“ïž

År: 1979

Kapitla i denne boka er innmari korte, og det gjer det sĂ„ lett Ă„ finne tid til Ă„ lese. Ikkje er boka sĂŠrleg lang heller, sĂ„ det gĂ„r fort. Me mĂžter Arthur, frĂ„ vĂ„r planet (jorda), som ender opp i verdsrommet nĂ„r jorda dessverre blir sprengt for Ă„ gjere plass til ein galaktisk hovudveg. Eg mĂ„tte sette meg litt ned Ă„ gĂ„ gjennom sjĂžlve handlinga av boka nĂ„ nĂ„r eg var ferdig, og det er ikkje tidenes historie eigenleg, det er berre ei byrjing pĂ„ noko meir. Det er mĂ„ten boka er skriven pĂ„ som gjer ho sĂ„ kjekk, alle anekdotane! Min favorittanekdote var den om ein krig i ein galakse langt, langt unna som plutseleg hĂžrte ein liten kommentar Arthur sa til seg sjĂžlv. Dialogane er ĂČg veldig lette Ă„ leve seg inn i, eg hĂžyrer stemmane deira sĂ„ godt inni hovudet (eller er det fordi eg har sett filmen? Eg fĂ„r sjĂ„ korleis det gĂ„r vidare med dei neste bĂžkene).

Eg hugsar frÄ fÞrre gong eg prÞvde (eg veit ikkje kor mange bÞker eg leste ferdig) sÄ datt eg frykteleg fort av hovudforteljinga og blei heilt tussete av alle dei andre smÄhistoriene. Denne gong skal eg vere mykje flinkare, og eg tar notat i margen og held hjernen skjerpa! Eg har eit samandrag (mest for meg sjÞlv) under knappen her, sÄ ikkje klikk der om du ikkje vil sjÄ det.



Til biblioteket

The Restaurant at the End of the Universe (2. bok) đŸ—“ïž

År: 1980

Desse bĂžkene er noksĂ„ like, altsĂ„ fulle av anekdotar og veldig britiske ord (eg mĂ„ bruke ordboka flittig), og sjĂžlve historia er vanskeleg Ă„ hengje med pĂ„ (eg har eit samandrag frĂ„ start til slutt under knappen her, berre ein Ă„tvaring!). Det er best Ă„ berre setje seg ned Ă„ godta historia for det ho er, for det er ganske morosamt til tider. I denne boka likte eg best kapittel 15 som handlar om grammatikk for tidsreising, absurd men interessant – kanskje sĂŠrleg fordi enkelte sprĂ„k har sĂ„ mange tidsformar at det er ikkje ein heilt utanomjordisk tanke.

SjĂžlv om handlinga er ute i rommet pĂ„ andre planetar oppfĂžrer alle dei ulike livsformene seg sĂ„ innmari kjent, og alt er ofte sĂ„ byrĂ„kratisk og – kjedeleg pĂ„ ein mĂ„te. Dette er andre gang eg leser desse bĂžkene, eg trur eg har sagt det alt, men fĂžrre gong sĂ„ datt eg sĂ„ lett av og forstod sĂ„ lite sĂ„ eg ser pĂ„ dette som min fyrste lesing av bĂžkene. Eg lurer pĂ„ om bĂžkene er like kjekke om ein leser dei igjen, eller om det Ă„ ikkje ha peiling pĂ„ kva tullete kapittel som er det neste er det som gjer det sĂ„ kjekt. Men slikt er det kanskje for dei fleste bĂžker eigenleg – eg pleier ikkje lese bĂžker meir enn ein gong.



Til biblioteket

Life, the Universe and Everything (3. bok) đŸ—“ïž

År: 1982

Eg har, som for dei andre bÞkene i denne serien, eit fullstendig samandrag under her om du trykker pÄ knappen. (dei samandraga blir berre lengre og lengre...)

Dei to fyrste bĂžkene i denne serien hang veldig saman, mens denne boka er «gjengen pĂ„ meir eventyr». Heldigvis er eventyret like kjekt som alltid, og ein fĂ„r oppleve meir av det absurde universet, denne boka har fokus pĂ„ universet sitt tidlege historie! Eg trur det var litt mindre anekdotar i denne boka, mindre fokus pĂ„ guideboka, bortsett frĂ„ at guideboka gir deg instruksar om korleis du kan lĂŠre deg Ă„ fly. Kapittelet eg likte best var bokas fyrste Marvin-kapittel, der han er stranda pĂ„ planeten der madrassane bur. Madrassane har sitt eiget sprĂ„k som ikkje kan omsetjast, og det er akkurat slik sprĂ„kleik som morer meg. Eg mĂ„ innrĂžmme eg hadde litt problem med Ă„ halde fĂžlgje med handlinga – det var sĂ„ mykje nytt, og namna er alltid sĂ„ lite fengande, pluss heile cricketopplegget som eg, heilt ĂŠrleg, mĂ„tte google-bilde litt for Ă„ forstĂ„. Det hjelpte veldig Ă„ ta notat.



Til biblioteket

So Long, and Thanks for All the Fish (4. bok) đŸ—“ïž

År: 1984

NÄr eg begynte pÄ denne boka merka eg fort at her trengs det eit brillebytte, «kjÊrleiksbrillene» mÄtte pÄ! Dei bÞkene som kom fÞr var jo eventyr i verdsrommet, men her er det dating i England det gÄr i. Det er ein svÊrt sjarmerande historie, og me fÄr jo sjÄ ei heilt anna side av Arthur. Eg har ikkje sÄ mykje tankar om denne boka eigenleg, ho er sÞt-sÞt-sÞt, men det er ingenting som skjer. Men ho er zÞt.



Til biblioteket

Mostly Harmless (5. bok) đŸ—“ïž

År: 1992

I mellom fÞrre bok og denne er det ei novelle: «Young Zaphod Plays It Safe» som eg likte, spennande og mystisk og pirret min nysgjerrighet!

SÄ dette var definitivt ei bok. Men det er som om boka blei ferdig fÞr ho hadde ordentleg begynt? Det er jo morosame dialogar og idéar, men eg saknar litt handling. Eg har klaga pÄ dette fÞr. Det var koseleg Ä treffe pÄ desse gamle kjente, og nye Trillian eller Tricia, skjÞnt eg hadde ikkje eit veldig sterkt inntrykk av ho gamle sÄ dei er nÊrmast to vidt forskjellige personar for meg. Eg likte Colin svÊrt godt. OgsÄ likte eg den planeten Arthur budde pÄ og Old Thrashbarg, ogsÄ likte eg Tricia pÄ kontoret mens ho gÄr gjennom filmen sin med intervjuet av romvesena sine. Ja. Folk og idéar er kjekke, men skjÞlve handlinga interesser meg ingenting.



Til biblioteket