Iliaden (Ἰλιάς) 🗓️

Forfattar: Homer

Land: Hellas

Omsettar: Peter Østbye

År: et sted mellom år 800 og 700 fvt?

Fleire sitat her


Eg lurte jo fyrst og fremst på kvifor historia heiter ‘Iliaden’ kva betyr det? Vel i forordet står det forklart at «Iliaden er sangen om Ilion eller Troja», og snl.no fortel meg at Ilion berre er eit anna namn på byen Troja. Det minner meg om ‘Bergensiana’.

Noko eg ikkje lurte på, men fant ut fort er at når historia startar har det allereie gått ti år sidan krigen starta og Troja blei kringsett. Eg veit ikkje kor intens slåssinga har vore, og om alle soldatane har vore der borte på andre sida av havet alle desse ti åra – fekk dei noko ferie?, men det er tydeleg at folk er temmeleg lei av heile opplegget og vil HEIM! I alle fall alle dei namnlause soldatane, dei med namn (kongar og deira væpnarar/vognførarar for det meste) er så klart alltid ivrige og modige. Sjølv når Akillevs ikkje vil slåst på trass står det at «Aldri til kampen han gikk, men med tærende nag i sitt hjerte satt han i nødtvungen ro og lengtet mot kamp og mot hærskrik».

OBS! om det dukkar opp ord som akaier eller argiver eller danaer i sitata eller teksten min så er det namn på grekarane, dei som slåst mot Troja for å hente Helena heim. Trojanar-sida består av troere, dardaner og folk frå hist og pist. OBS!

Akillevs og dei

Før eg nemner Akillevs eller nokon andre må eg absolutt nemne Diomedes! Ein fyr eg aldri har høyrt om før! Han blir via ein god del plass i boka mens Akillevs sitter i teltet sitt og sutrar. Diomedes er kjempeflink til å slåst. Ikkje berre slåst han med folk, han slåst òg med gudar. Han får Afrodite til å fly gråtande heim til mammaen sin!

Akillevs er altså ganske sur i starten av boka og vil ikkje slåst. Det er fordi Agamemnon har tatt frå Akillevs ei dame (det er vel mest snakk om prinsipp enn kjærleik her, Akillevs hadde akkurat stole ho frå eit by som blei grusa før boka byrjar). Men kjærleik eller ikkje, så er Akillevs’ litle tale rørande:

«Men hvorfor skal da argeierne kjempe
her imot troerne? Hvorfor har Atrevs’ sønn Agamemnon
ført sine stridsmenn hit? Mon, var det da ei for den fagre
Hélenas skyld? Men bærer da Atrevs’ sønner alene
elsk til sin viv? Å nei, hver mann som er brav og forstandig,
elsker og verner sin egen, som JEG av hele mitt hjerte
elsket hin kvinne, skjønt hertagen mø og vunnet med lanse»

Det som bringer Akillevs tilbake i slåsskampane er jo (er dette ein spoiler?) at hans bestekompis Patroklos blir drepen. Og den songen om Patroklos der han slåst aleine mens Akillevs framleis sit trassig i teltet er veldig fin. Det blir fleire gonger i boka snakka direkte til dei ulike karakterane – i staden for «han gjorde ditt og datt» står det at «du gjorde ditt og datt», men i songen om Patroklos blir det brukt nærmast kontinuerleg. Heile tragedien kjem så tettare på då, og ein veit jo korleis det endar, ikkje berre om ein har høyrt det før, men sjølve boka fortel oss det ofte korleis det vil gå. Patroklos VIL døy, Hektor VIL døy, og Akillevs VIL døy.

Akillevs’ sorg etter at Patroklos er daud er stor. Han slit noko seriøst med å akseptere det, det er ingenting som gir han fred – ikkje ein gong Hektors eigen daud. Det er kanskje lett å tolke forholdet deira som noko meir enn venskap, men personleg er det for meg venskap. Eg trur eg har nemnt det før, men eg synst venskapskjærleik er så vakkert og, i min erfaring med bøker, film og TV, underrepresentert. Det er det same med søskenkjærleik: søstrer interesserer meg mindre enn brør og bror og syster. Eg trur at uansett korleis ein vel å sjå kjærleiken mellom Akillevs og Patroklos, så er det berre vakkert og rørande. Desse to som praktisk talt har vakst opp i lag for å ha vore i krig saman i ti år. Lovd fedrane sine å ta vare på kvarandre… berre for at alt skal ende opp slik. Akillevs ber òg om å bli gravlagd ved sidan av sin ven.

«Gi ham en sømmelig grav, så kan jo akaierne siden
vide den ut og gjøre den høy, når
I som skal spares og bli ved de toftede snekker tilbake»

Nestor vil eg òg nemne. Han er gammal og alle hans talar er versjonar av «Da jeg var ung….!!!!». Men han var visstnok (i følgje han sjølv) ein kjempeflink krigar då han var yngre og dei fleste på valen der ved Troja burde sanneleg skjemst! FNYS og HYTT!

Hektor og dei

Av trojanarane er det for det aller meste Hektor det blir fokusert på. Flotte, fantastiske og flinke Hektor. Også litlebror Paris/Aleksandros får me høyre ein del om, men han blir framstilt som nokså patetisk. Ikkje eingong snille storebror Hektor er nådig: : «Visst vil akaiernes hårfagre menn måtte briste i latter, de som har trodd at så fager en mann var en ypperlig kjempe». Paris kan svare for seg om ikkje anna: «Legg meg dog ikke til last Afrodites velsignede gaver». Til tross for kor mykje pes Paris får så blir Helena omtalt ganske positivt. Ho er for det meste lei seg for alt som har skjedd og ønsker stadig alt ugjort og at ho sjølv hadde døydd for lenge sidan mens ho enda budde i Sparta.

Om Hektor igjen: I Hektors siste kamp så er ein stor del av kampen springing rundt byen, Hektor fyrst og Akillevs etter. Dette er jo naturlegvis akkompagnert av antikk 🎷Yakety Sax 🎷 (antar eg).

Zeus og dei

Gudane er stadig med heile tida. Det verker nesten for meg som om vanlege folk ikkje har noko makt i det heile tatt. I forordet står det at «faktum er at eposets mennesker på tross av gudehandlingen ikke fremstår som marionettefigurer», og dette kan eg ikkje sjå meg heilt einig i. Ikkje utan døme i alle fall – og det får eg ikkje. Gudane har, slik eg ser det, ein finger med i absolutt alle spill og avgjer kven som skal vinne og kven som skal tape. Eg har likevel kanskje eit lite mot-argument frå Homer sjølv:

«Kjære Akillevs, å tving dog ditt sinn; ti å huse i brystet
hjerte som ikke kan røres, er skam; selv guder kan bøyes»

Generelt er Hera og Atene pro-grekarar og Afrodite og Apollon pro-trojanarar. Desse gudane får som oftast sine kjære og nære med seg på si side. Zeus sit for det meste på ein fjellknaus som heitar Ida og vaklar litt mellom kven han støttar (han er ikkje heilt nøytral fordi han har lovt Akillevs mor Tetis at Akillevs skal få vinne). Zeus plan blir altså: få trojanarane til å nesten slå alle grekarar ned i sandalane, men rett på målstreken skal han få Akillevs tilbake i action og la altså Akillevs slå dei overmodige trojanarane ned i sine eigne sandalar i staden. Meir poetisk:

«Zevs ville unne de troiske menn og Hektor å seire,
såsom han aktet å øke Akillevs’ ry; men å felle
alle akaier ved Ilions mur var ikke hans vilje.
Tetis og sønnen, den modige helt, ville herskeren hedre»

Noko eg stussa litt på med desse gudane er at når dei kjem ned blant menneska så er det i ein menneskeleg skikkelse. Dei ifører seg ein venleg ham, det er forståeleg nok. Men det står alltid at dei kjem «skuffende lik ‘ein eller annan’». Eg lurte litt på kva det skal bety? Men eg trur det må vere at ein kvar menneskeskikkelse må vera ein stor skuffelse samanlikna med ein gud. Gudane er jo mykje flottare og vakrare og sterkare og imponerande enn noko menneske antar eg. Om det ikkje er det er dei skuffande som at dei skuffe borti folk? Skuffe folk til å gjer sin vilje? Denne forklaring nr.2 verker litt svak for min del og eg heller meir mot forklaring nr.1.

Etterord

Det er kjempemange fine skildringar av tilfeldige folk på valen som berre blir nemnt denne eine gongen før dei døyr. Sjølv dei namnlause (teknisk sett får dei sitt namn uttrykka her da) har sine liv og sin historie(det minner meg litt om den facebook-greia ‘humans of …’). Her er eit døme:

«Aias, Telamons sønn, vog først en blomstrende yngling,
helten Antemions son, Simoeisios. Hist ved de grønne
bredder av Simoeis fødte hans mor, da hun vandret fra Ida.
Begge foreldrene fulgte hun dit, da de så til sitt småfe.
Derfor fikk sønnen sitt namn Smioeisios; men hans foreldre
fikk ikke lønn for å fostre sitt barn; ti kort ble hans livsvei,
nu da han segnet for Aias’ spyd blant de forreste kjemper.»

Iliaden handlar om ein krig som fann stad omkring år 1200 fvt ifølgje grekarane sjølv, før Hellas blei Hellas. Dette var bronsetid (og sanneleg nok: alle våpena er av bronse) og ein av dei største byane på den tid var Mykene. Det var der han Agamemnon var konge. Eg har lagt ved noko videoar frå youtube-kanalen SmartHistory om Mykene så ein kan tenke seg at slik omtrent så verda der borte ut på den tida:

Slik eg forstår det har det gått ein del kviskrelek og Iliaden slik ho er no er meir ein skildring av Homers eigen kultur enn Akillevs og Hektors kulturar. Slik står det i forordet:

«I det store og hele er eposet en bedre kilde til
politikk og religion, til menneskers dagligliv og forestillingsverden
i Hellas på 800- og 700-tallet enn i mykensk tid».

Her er og ein video der ein mann snakkar om det same. Om du ender opp i starten av video skal rett plass vere kapittel 2 eller 13.09.
👨‍🏫 Professoren her seier at det er mykje som heng på greip med Homers historie, men òg ein del som ikkje: 1. Stridsvognbruk. I staden for å slåst med stridsvognene sine brukar dei de som drosje. Professoren seier at vogner ikkje var brukt på Homers tid. Deira eksistens var foreviga i dikt, men ikkje korleis dei blei brukt. 2. Gravlegging. På mykensk tid blei folk gravlagd, men i Iliaden blir folk brent (dei gravlegg beina i ei potte etterpå (mine ord, ikkje professorens)). 3. Skriftspråk. I Iliaden verker det ikkje som om ein sjel kan skrive, men dei hadde eiget skriftspråk på mykensk tid: Linear B. 4. Fattige kongar. Dei mykenske kongane var knallrike, men alle kongane i Iliaden er praktisk talt bønder.

Herodot nemner òg Iliaden i sitt verk ‘Historie’. Herodot er skeptisk. I følgje han drog Paris og Helena innom Egypt på sin veg frå Sparta mot Troja den gong ho blei røva/forført. I Egypt blir Paris sladra på til Farao og Faraoen tar Helena i sin varetekt og landsforviser Paris. Menelaos veit ikkje om at Helena faktisk er i Egypt og drar sporenstreks til Troja for å hente heim si vene viv. Trojanske kong Priamos seier at Helena ikkje er hjå dei, men Menelaos nektar å høyre etter. Menelaos grusar Troja og finner ikkje Helena. Så drar han til Egypt med halen mellom beina og hentar ho der. Herodot seier:

«For verken Priamos eller hans øvrige slektninger
var grepet av slik galskap at de ville bringe seg selv, sine barn og sin by i fare,
bare for at Alexandros skulle få føre sitt samliv med Helena»

Favoritt-songar:


Videoar om potter frå Homers tid (700fvt-talet) frå ein av mine favoritt youtube-kanalar: Smarthistory

Kart 🗺

Til biblioteket