Faust đŸ—“ïž

Forfattar: Johann Wolfgang von Goethe

Land og sprÄk: Tyskland og tysk

År: 1806

Omsettarar: AndrĂ© Bjerke, Åse-Marie Nesse, Elisabeth Beanca Halvorsen

Faust har fleire omsettingar pĂ„ norsk som fĂ„r fram valkvida i meg og eg har vel lest Faust som eit amalgam av fleire omsettingar, men omsettinga til Halvorsen og Nesse leste eg mest fullstendig. Eg sĂ„g ĂČg operaen til Gounod, og det var eigentleg at eg planla Ă„ sjĂ„ den som fekk meg til Ă„ lese stykket fĂžrst. Goethe sin tekst er mykje meir filosofisk og funderande og fyldig enn operaen, men operaen var underhaldande. Eg likte svĂŠrt godt Margeruite i kyrkja, og alle korsongane. OgsĂ„ var eg svĂŠrt glad i orgelet, orgel er eit av mine favorittinstrument og eg var ganske gledeleg overraska og imponert dĂ„ det dukka opp!

Fyrste delen av stykket var litt vanskeleg Ă„ komme seg gjennom. Me startar med folk pĂ„ teateret som diskuterer det nye stykket dei skal sette opp og kva mĂ„l dei har med deg, svĂŠrt meta. SĂ„ er neste prolog i himmelen der Herren og Mefistofeles (Tuppen og Lillemor) fjasar (sjĂžlv om Herren synst Ă„ vere uformell og fortoleg med M sĂ„ ler han ikkje, fordi det har han visst slutta med) og veddar om M kan lokke Herrens favoritt doktor Faust pĂ„ galne vegar. Mefistofeles skildrar seg sjĂžlv som ein katt som leiker med mus og Herren oppmuntrar han. Dei neste scenane fram til veddemĂ„let mellom M og Faust er inngĂ„tt var litt for filosofiske for meg, sĂ„ eg har prĂžvd Ă„ gĂ„ litt grundigare gjennom den delen sĂ„ eg veit kva eg sjĂžlv tenkjer om det. Sitata pĂ„ bokmĂ„l er skrivne av AndrĂ© Bjerke, mens dei pĂ„ nynorsk er av Åse-Marie Nesse.

«O, mÄne, skinn for siste gang
pÄ denne uforlÞste trang
som holdt meg vÄken her eg satt
ved skrivepulten natt pÄ natt,
mens du, min vemodsmilde venn,
belyste bok, papir og penn.
Akk, la meg vandre i din glans
pÄ hÞye fjell, og trÄ en dans
rundt grottene, som Ă„nder gjĂžr,
og veve egens mÄneslÞr!
Befri meg for all tankens mugg,
og bad meg sunn i mÄnedugg!»

PĂ„ jorda sit Faust ved arbeidspulten og er frustrert: han har studert sĂ„ mykje forskjellig berre for Ă„ ikkje komme fram til nokon ting. Å lĂŠre meir fĂžrer berre til spĂžrsmĂ„l og ingen svar, og Faust er lei og klar til Ă„ gi opp, sĂ„ nĂ„ vil han teste magi i staden for. Og med magi blir det eigentleg faktisk ein slags suksess? Naturen veit, men dessverre vil ikkje Naturen dele med Faust, fordi Faust er ikkje svar verdig. Akkurat slik som Faust ser ned pĂ„ famulus Wagner fordi han er for simpel og jordisk, ser Ă„ndene ned pĂ„ Faust.

Det Faust er ute etter er Sanninga. Den store sanninga med alt, svaret som ikkje leder til nye spĂžrsmĂ„l. Og han vil lĂŠre det bort til andre menneskjer for at dei skal kunne forbetre sine liv, det ser ut til at hans ynskje er eit godhjerta ynskje og ikkje eit tilslĂžrt ynskje om heider og ĂŠre – til tross dĂ„ for at han gjer ein del uverdige ting seinare, men eg trur dette sanningsynskje er meint Ă„ vere ekte, fordi Wagner vil ha heider og ĂŠre og Faust foraktar han for det. Men Faust finn altsĂ„ ikkje noko sanning, og ser berre kor dĂ„rlege menneskjer er til Ă„ sjĂ„ forskjell mellom kva som er sant og kva som er falskt.

«Det herligste vÄr Änd kan nÄ, forderves
av fiendtlige stoffer dag for dag.
NĂ„r denne verdens goder fĂžrst erverves,
blir straks det beste kalt bedrag
De fÞlelser som gir vÄrt liv en mening,
vil verdens mylder bringe til forstening.
Mot evighetens vidder i et sinn
flÞy fantasien fÞr i hÄp og spenning,
men rommet for dens flukt blir snevret innn
nÄr fryd pÄ fryd forgÄr i livets brenning.
Bekymringen tar bustad i ditt hjerte
for hemmelig Ă„ avle smerte.
Dens uro hakker pÄ din fred, gjÞr gleden grÄ, og stadig nye masker tar den pÄ:
Den kan bli hustru, barn og hjem – og dens register
er dolk og gift, og vann og flammer;
du frykter slag som ikke rammer,
og du begrÄter det du aldri mister»

I sin frustrasjon ser han ut til Ä overveie dÞdsriket? At Änder er Änder, og kanskje sjÞlvmord er ein mogleg inngang til denne Ändeverdenen der han vil finne svar. Men eit englekor som minner han om barndomsglede ute i naturen fÄr han i frÄ sjÞlvmordstanken. Allereie neste dag er han tilbake til gamle tankar om sjÞlvmord igjen.

«Eg skodar deg: min hugverk vil du lindre.
Eg fattar deg: du gjer mi uro mindre.
Dei ville stormar stilnar smÄtt om senn,
det opne havet er den famn eg mĂžter,
det ligg der spegelblankt for mine fĂžter,
og over ukjend kyst ein morgon renn.» (Faust ser pÄ flakongen med gift)

Mefistofeles som dukkar opp etter kvart gir ikkje uttrykk for Ä vere heilt fornÞgd han heller. Han har prÞvd kjempehardt Ä fÄ til eit ragnarok pÄ jorda, men stadig stÄr fjell og ligg hav, stadig blÞmer planter og ynglar liv. M vil vondt seier han, men gjere berre godt. Er det fordi han til sjuande og sist er underlagt Herren uansett, sÄ kva enn han gjer sÄ er resultatet Godt fordi Herren er god? M ser i alle fall til Ä vere litt frustrert, men gjer han seg meir svak og patetisk enn han eigentleg er for Ä manipulere Faust?

Faust og M inngĂ„r eit veddemĂ„l, eller i utgangspunktet sĂ„ berre foreslĂ„r M at han kan gjere alt for Faust i denne verda og sĂ„ motsett i neste verd. Faust ser ikkje ut til Ă„ stole pĂ„ M sine intensjonar og er det derfor han plutseleg foreslĂ„r eit veddemĂ„l i tillegg? Fordi han veit dette vil ende med daud og pine for han uansett nĂ„r djevelen er innblanda og sĂ„ komme det litt i forkjĂžpet med sine eigne premisser? VeddemĂ„let er at om M kan gi Faust eit augneblink han ikkje vil gĂ„ glipp av sĂ„ skal F dĂžy. Det hĂžyrest risikabelt ut! Eg trur Faust ynskjer glede, men ikkje ein slik som fĂžrer til latskap og eit passivt liv, «I byrjinga var dĂ„d» seier Faust. Samstundes har han jo ĂČg sagt at han har to skjelar, og mykje av denne gleda han sĂžker ser ut til Ă„ vere «piker, vin og sang». Meiner han oppriktig at det er vegen til sanninga? DĂ„ hadde vel dei fleste hatt ho.

«To sjeler, akk! har bustad i mitt bryst,
dei vil gÄ kvar sin veg og skyr kvarandre.
Den eine klamrar seg med freidig lyst
til denne verda og dei gamle vanar,
den andre flyg med velde mot den kyst
der Änder sviv i hÞgre banar.»

SÄ drar Faust og Mefistofeles ut pÄ eventyr der Gretchen blir forfÞrt og mens ho mÄ hÞyre pÄ spott frÄ sin bror feirar Faust og M walpurgisnatt pÄ Blokksberg. Dette stykket er berre del ein, sÄ slutten er ikkje annan slutt enn at Gretchen dÞyr og blir frelst, og det er kanskje eit slags vendepunkt for Faust? Eg har ikkje lest vidare sÄ eg veit ikkje kva forandringa eigentleg er, men i starten av stykket, i himmelen, seier Herren at han trur gode folk veit innerst inne kva som er den rette veg, og eg trur Faust viser teikn til Ä vite at han for augneblinke ikkje er akkurat der.

Eg forstĂ„r at Mefistofeles gjer alt han kan for Ă„ leie Faust pĂ„ gale vegar, men Faust er ikkje eit vanskeleg offer, det skal svĂŠrt lite til for Ă„ overtale han. Men eg lurer pĂ„ dĂ„ han sĂ„g Gretchen i spegelen hjĂ„ heksa, forelskar han seg der pĂ„ ordentleg eller er det eit tryllespegel? For han er skikkeleg irriterande nĂ„r det gjelder ho: sett ho ein gong og tenkjer berre pĂ„ Ă„ fĂ„ ho – og det er jo lovleg, ho er tross alt eldre enn 14 Ă„r. HĂžyrest ikkje ut som om ho er stort eldre om det mĂ„ presiserast. Og til tross for alt det snakket om kor forelska han er sĂ„ tviler han med ein gong M kjem med smykkar til Faust for Ă„ forfĂžre Gretchen med 
 smykkeskrinet ser ut til Ă„ freiste meir enn ho plutseleg! Mot slutten i fengselet sĂ„ begynner Faust verkeleg Ă„ forstĂ„ at han gĂ„r pĂ„ ein mĂžrk veg, men det er vel meir forviklingar etterpĂ„ i den mykje lengre andre delen.

Mefistofeles er ein svĂŠrt sjarmerande type, og det er jo djevlar kjente for Ă„ vere (til tross for at Slangens einast gjerning er ‘sjarmering’, sĂ„ trur eg Goethe har bidratt vel sĂ„ mykje med Ă„ gjer djevelen likande). Han er morosam, spydig og gjer stadig narr av ‘fornuft’. Han ser ned pĂ„ menneskja, kallar dei «den vesle verdsgud», men han bryr seg i alle fall meir med dei enn dei andre englane som ikkje ser jorda for berre natur og berre talar for Ă„ smigre Herren. Mefistofeles blir fornerma nĂ„r presten stel Gretchen sine smykkar og vil helst melde presten til djevelen, om ikkje M sjĂžlv var djevelen da
 Og samtalen med studenten er fascinerande, der han gjer narr av heile skuleverket – det minner meg pĂ„ at eg vil lese «Gift» av Alexander Kielland.

«Ver grundig budd pÄ fÞrehand,
pugg setningar som best De kan,
fÞlg med i timen og sjÄ til
at alt blir sagt slik lÊreboka vil!»

Midt oppi Walpurgisnatta og alle heksene og alle dei andre venene sÄ tar Faust til litt meir fornuft og vil avslutte forholdet med M og heller dra tilbake til Gretchen, og me fÄr plutseleg ei scene som ikkje er i dikt-form. Det likte eg, det skil seg sÄ tydeleg ut.

Til biblioteket