Middlemarch đïž
Her er nokre smÄ sitat tilThe presence of a noble nature, generous in its wishes, ardent in its charity, changes the lights for us: we begin to see things again in their larger, quieter masses, and to believe that we too can be seen and judged in the wholeness of our character.
Eg har brukt omtrent eitt Ă„r pĂ„ Ă„ fĂ„ lest denne boka: eg byrja med gratisversjon pĂ„ lesebrett men merka fort eg heller ville lese papirbok, ogsĂ„ med litt utsettingar og andre bĂžker og skulearbeid innimellom blei eg til slutt ferdig! Middlemarch er blitt blant mine favorittbĂžker, alle menneska er sĂ„ kjekke Ă„ lese om, og sjĂžlv fleire oppfĂžrer seg ille er dei skildra slik at det likevel er lett Ă„ forstĂ„ og like dei. Boka har ein forteljarstemme som ikkje skjeldan blandar seg inn for Ă„ kjefte pĂ„ lesaren om at ein ikkje mĂ„ dĂžmme heilt vanlege negative personleghetstrekk for hardt, eller for kommentere pĂ„ folkas tankar og oppfĂžrsel nĂ„r dei kanskje lyg for seg sjĂžlv. Det hĂžyrest irriterande ut, men forfattaren klarer faktisk Ă„ unngĂ„ at det plagar meg â kanskje det er fordi eg som regel er einig.
Det er altsĂ„ ikkje mykje handling men mykje daglegdagse hendingar, vitjingar og samtalar. Det er rart at slikt âingentingâ kan vere sĂ„ oppslukande, kanskje det er fordi det kjennest sĂ„ ekte, og det er sĂ„ mange folk at det skal litt til for Ă„ ikkje kjenne dei og situasjonane igjen. Men er det nok Ă„ berre kjenne dei igjen for at det skal bli spennande? Det er kanskje den snodige blandinga av spydigheter og medkjensle frĂ„ forfattar og forteljarstemme som gjer at ein kan le av alt fjaset og folket og samstundes fĂ„ vondt av dei. Men boka er faktisk svĂŠrt morosam, eg lover.
«You are a poemâand that is to be the best part of a poetâwhat makes up the poetâs consciousness in his best moods,» said Will, showing such originality as we all share with the morning and the spring-time and other endless renewals.
SjĂžlve skrivemĂ„ten er svĂŠrt vakker, med lange setningar og mykje bruk av metaforar: but prejudices, like odorous bodies, have a double existence both solid and subtleâsolid as the pyramids, subtle as the twentieth echo of an echo, or as the memory of hyacinths which once scented the darkness. Det var eigentleg ofte eg stussa og mĂ„tte lese setningane fleire gonger, eg fatta berre ikkje kva setningane betydde. Av og til tok eg til og med ChatGPT til hjelp đ« men det er mykje kjekkare Ă„ faktisk forstĂ„ setningane ein les og ikkje berre godta at dei finst og lese vidare. Det er ein god del kontekst som gĂ„r meg ganske sĂ„ hus forbi: alt med politikken og denne Reformen dei snakkar om og KatolikkspĂžrsmĂ„let, det berre godtok eg for det meste. I starten prĂžvde eg Ă„ fĂ„ litt meir kontroll for Ă„ finne ut kva eg skulle forstĂ„ ut av meiningane til dei ulike folka, men eg gav fort opp. Eg skal vere fornĂžgd om eg huskar kven som er kven av tories og whigs og la det vere med det. Men altsĂ„ med skrivemĂ„ten sĂ„ er det berre om Ă„ gjere Ă„ forstĂ„ kva ord som heng saman grammatisk, ogsĂ„ forstĂ„ enkelte gamle ord som ikkje blir sĂ„ mykje brukt t.d. Providence brukar ho mykje â eg brukte litt tid pĂ„ Ă„ bli vant til det slik at det gav meining i setningane. AltsĂ„ det eg vil fram til er at det kan ta litt tid Ă„ faktisk forstĂ„ setningane, men det er verdt det, fordi nĂ„r dei faktisk klikker i hovudet sĂ„ klikker dei sĂ„ heftig og alt gir meining.
Om James Chettam seier forteljaren at «Kind Providence furnishes the limpest personality with a little gum or starch in the form of tradition» og her forstÄr eg Providence som Gud eigentleg, altsÄ det at sjÞlv den mest tÄpelege har til ein viss grad personlighet i form av tankar og meiningar som gÄr i arv i samfunnet, og dette fenomenet er gudegitt (sjÞlv om ho akkurat i dette sitatet ser ut til Ä meine Providence pÄ ein ganske spydig mÄte, *himlehimle*).
Folk
Eg likte faktisk Ä lese om alle karakterane i boka, det var ingen kapittel eg sleit med pÄ grunn av hovudpersonen. Men om eg mÄ rangere dei er det Mary Garth for meg som var kjedelegast, ho var svÊrt flink og flott og fantastisk og slikt, men bidrar til lite drama (ho minner meg om ein del hovudkarakterar i meir moderne bÞker, tv og film). Eg liker at ho er ein tro kjÊrast for Fred til tross for at ho er skuffa av hans livsstil og mangel pÄ initiativ, kanskje det hÞyrest ut som eit negativt trekk men sida ho ikkje er redd for Ä kjefte pÄ Fred og held han for det meste pÄ pinebenken sÄ er det vanskeleg Ä sjÄ pÄ lojaliteten som noko ille, ho synst sikkert berre han er skikkeleg fin og Middlemarch er jo ein liten landsby. Mr Farebrother er vel eit tryggare husbondemne, men han er rundt 40!
Mr. Causabon har fÊrre fine karaktertrekk, men eg liker han likevel, i alle fall Ä lese om han. Han er sÄ gammal og ser ut til Ä vere sÄ smart, men sÄ er han eigentleg ganske stusseleg. Og altsÄ, desse bygdefolka har gjennomskoda denne stusselegheita, det er vel mest for seg sjÞlv han speler skodespel. Dorothea er for ung til Ä sjÄ det alle ser og bli lurt med, og ender opp svÊrt aleine i eit stort hus. Kapittelet som var via til han (kap. 29) likte eg, fÞr me fÄr komme inn i hovudet hans er han litt hÞg, mÞrk, gammal og skummel, men etterpÄ sÄ er han heller gammal og patetisk og det eg fÄr vondt av han. Han er sÄ ivrig pÄ at Will skal fÄ seg eit virke samstundes som han veit innerst inne at alt det han har jobba for i livet er eigentleg ingenting, berre fÄnyttes. Han virker pÄ mange mÄtar redd.
Dorothea som skulle redde verda ender opp i mĂžrket for seg sjĂžlv, eg kan ikkje unngĂ„ Ă„ like ho. Hennar idealmann, ein slags farsfigur Ă„ sjĂ„ opp til og lĂŠre av og fĂžlgje etter som ein hund, minner meg om Jenny, ho ĂČg hadde slike idear. Begge drĂžymer stort, om ekte, frie og gode liv, samstundes som dei ser ganske smĂ„tt pĂ„ seg sjĂžlv, som om dei ikkje kan noko og mĂ„ ha ein evig rettleiar. Mens Jenny forsvinn heilt i det, finn aldri sin plass og tar livet sitt, ender Dorothea opp som ei kone og mor. Ein fĂ„r ikkje hĂžyre ordentleg frĂ„ Dorothea om ho er tilfreds i livet anna enn at det ser slik ut, og kanskje Dorothea klarte Ă„ justere forventningane sine til livet. Eg synst det er ein litt bitter slutt for Dorothea, ho virka sĂ„ initiativrik men stadig hindra av alle menna i livet sitt. Eg veit ikkje nok om tidsperioden og samfunnet for Ă„ vite om Dorothea burde klart Ă„ oppfylle draumane sine pĂ„ eigenhand i staden for Ă„ vere avhengig av desse mennene, men eg trur det er samfunnet og ikkje ho det stod pĂ„.
Det er nok kapitla om Dorothea eg likte aller best. SjĂžlv om det er lett Ă„ sjĂ„ pĂ„ hennar filantropi som svĂŠrt ârik dame utan virkelighetssansâ sĂ„ trur eg seriĂžst at ho er seriĂžs og genuint villig til Ă„ bruke pengane sine pĂ„ dei fattige i nĂŠromrĂ„det. Ho fekk aldri det til og det mĂ„ vel vere fordi ho ikkje har full kontroll over pengane sine eller noko slikt? Eg kan ikkje systemet, eg berre nektar Ă„ tru at Dorothea ikkje ville ha gjort som ho seier om ho faktisk kunne. Elles er forteljinga som Dorothea vakker pĂ„ sin mĂ„te, om ei annleis jente som draumar stort men dei same draumane fangar ho i eit slags fengsel, Mr Causabon, der alt er sĂ„ ukomfortabelt og trykkande. Ved hans dĂžd blir det heller ikkje betre, ho er innhylla i sine sĂžrgeklĂŠr og er heilt aleine i det store huset, og berre mot slutten opnar det seg eit glime av hĂ„p og eit liv.
She longed for work which would be directly beneficent like the sunshine and the rain, and now it appeared that she was to live more and more in a virtual tomb, where there was the apparatus of a ghastly labor producing what would never see the light. Today she had stood at the door of the tomb and seen Will Ladislaw receding into the distant world of warm activity and fellowshipâturning his face towards her as he went.
Til slutt er det denne Dr. Lydgate⊠han vinn premien for Ä fÄ meg til Ä himle med auga flest gonger, og dÄ mest i samanheng med damer. Han er kanskje ein nytenkjande lege, men likevel ganske sjÄvinistisk og irriterande imponert over Dorotheas evne til Ä tenkje sjÞlvstendig. Og akkurat som Dorothea klarer ikkje han heller Ä oppfylle sine idealistiske idear, han ender praktisk talt opp som plastisk kirurg i Hollywood (urinsyregiktlege i London meir eller mindre, kanskje litt meir livsviktig enn plastisk kirurgi men same rike klientell). Dette var litt vel kritisk kanskje om doktoren fordi eg kan jo ikkje anna enn Ä like han heller! Han berre frustrerer meg sÄ, at han finn seg i Rosamund! Eg mÄ minne meg pÄ at ho berre 20 Är eller no og er faktisk virkelighetsfjern (i allefall samanlikna med Dorothea) og det er ikkje hennar feil ho er bortskjemt av foreldra. NÄr det er sagt er ho til tider sÊrleg slem og sjÞlvopptatt og det er ikkje noko som kan unnskyldast, me blir fortalt at ho sjÞlv meiner oppriktig at ho er den einaste gode og sanne i verda⊠Tilbake sÄ smÄtt til Dr Lydgate sÄ trur eg han er meir fortapt i verda enn Dorothea. Dorothea veit at ho som dame stÄr langt nede pÄ rangstigen og mÄ kjempe seg til ein plass i verda, mens Lydgate veit tydeleg at han er Mann og er betre enn alle sÞte damemennesker og det er hans rett Ä bli sett opp til. Han har liksom ingenting Ä kjempe for og litt som Causabon sliter han med Ä ikkje strekke til slik han hadde berre gÄtt ut ifrÄ han naturleg gjorde som mann.
To Lydgate it seemed that he had been spending month after month in sacrificing more than half of his best intent and best power to his tenderness for Rosamond; bearing her little claims and interruptions without impatience, and, above all, bearing without betrayal of bitterness to look through less and less of interfering illusion at the blank unreflecting surface her mind presented to his ardor for the more impersonal ends of his profession and his scientific study, an ardor which he had fancied that the ideal wife must somehow worship as sublime, though not in the least knowing why. But his endurance was mingled with a self-discontent which, if we know how to be candid, we shall confess to make more than half our bitterness under grievances, wife or husband included. It always remains true that if we had been greater, circumstance would have been less strong against us. Lydgate was aware that his concessions to Rosamond were often little more than the lapse of slackening resolution, the creeping paralysis apt to seize an enthusiasm which is out of adjustment to a constant portion of our lives. And on Lydgateâs enthusiasm there was constantly pressing not a simple weight of sorrow, but the biting presence of a petty degrading care, such as casts the blight of irony over all higher effort.
Resten
SjÞlv om det er litt skuffande med slutten pÄ historia for desse folka sÄ er det ikkje meir skuffande enn passande, det er ei historie om vanlege folk og skjebnar og dei aller fleste av oss fÄr ikkje oppfylt dei store draumane ein hadde og jobba for. Eg antar Dorothea og Lydgate har tilpassa draumane sine og funne seg i at livet er slik det er og finn lykke andre stader enn der dei hadde forventa i starten av boka, men slik som det stÄr skriven er det altsÄ litt antiklimaks.
NÄr det er sagt sÄ er det svÊrt tydeleg for meg at alle karakterene i boka, Mary kanskje einaste utanom, er folk med pengar. Det er eit ganske einsidig bilete av Middlemarch ein fÄr, fordi ein hÞyrer jo stadig om fattige som bur der med andre verkelegheiter enn hovudpersonane. Avslutningsvis seier boka at det er mange folk i ubesÞkte graver som har gjort livet godt for andre, og det er eg heilt einig i, men eg er ikkje sikker pÄ om gravene til Dorothea og Lydgate og dei andre er dei mest ubesÞkte gravene blant folka i Middlemarch. Dei er jo ganske innflytelsesrike pÄ grunn av pengar og arbeid.
Andre ting eg likte godt var alle sladresamtalane, og sÊrleg Mrs. Cadwallader og Mr. Farebrother, samtalane med dei var alltid sÄ kjekke Ä lese. Mrs. Cadwallader er sÄ morosam og Mr. Farebrother som alltid er sÄ skjÞnn. Men, til tross for alt sladderen som var sÄ underhaldande mesteparten av boka er det jo kjipt mot slutten dÄ alle snakkar stygt om alle som ikkje har gjort noko gale. Det er som om med alle saman fÄr kjeft frÄ forfattaren for Ä ha vore med pÄ baksnakking ved Ä nÄ oppleve at dei karakterane me fÞler mest for skal bli offera.
For in the multitude of middle-aged men who go about their vocations in a daily course determined for them much in the same way as the tie of their cravats, there is always a good number who once meant to shape their own deeds and alter the world a little. The story of their coming to be shapen after the average and fit to be packed by the gross, is hardly ever told even in their consciousness; for perhaps their ardour in gernerous unpaid toil cooled as imperceptibly as the ardour of other youthful loves, till one day their earlier self walked like a ghost in its old home and made the new furniture ghastly.
Til biblioteket