Reisedagbok fra turen til Danmark 1802 🗓️

Forfattar: Christiane Koren

Land og språk: Norge og på dansk?

År: 1802

Fleire sitat her

Dei beste bøkene kjem så uventa på. Denne gongen var det ei reisedagbok frå 1802. Ei av dei bøkene eg lasta ned for lenge sida då eg oppdaga bokselskap.no og berre plukka ut tilfeldige bøker av kvinnelege forfattarar. Og dette er altså reisedagboka til Christiane Koren då ho drog til fødelandet Danmark etter å ha vore 15 år i Noreg. Dagboka er skriven som ein reiseblogg på internett ville blitt skriven i dag: ho skreiv for familien og venene sine heime, slik at dei kan få vite alt om reisa hennar. Christiane skriv heile tida direkte til lesaren og særleg til mannen og ungane, og avsluttar alltid med å be dei ei god natt. Nokre gongar blir eg litt satt ut kor ærleg ho er om andre menneskje i boka. Ho er litt småfrekk, til tross for at ho ikkje heilt innrømmer det sjølv. Me blir godt informert om kven som er feite (Om hans Appetit end er aldrig saa bergensisk) og mindre vakre, men av og til er freidighetane hennar svært morosame.

– Da jeg intet skrækkeligere kiender, end at vilde strøe Mismods Sæd i et vænligt Hierte, umagede jeg mig for at finde den beste Side af alt, og rose hendes lille trange, mørke, qvalme Boelig, i hvilken Gud give hende mange glade Dage!

Elles får me jo ta del i at ho opplev Danmark på nytt etter mange mange år. Ho møter igjen gamle kjente (inkludert eks-kjærasten Dichman!) og besøker gamle trakter som ofte er svært endra. Sjølv om det er fantastisk å gjensjåast nemnar ho at det er nok for aller siste gong (og ho drog aldri tilbake til Danmark heller) og det gjer alt så bittert midt oppi gleda. Eg blei særleg rørt av dette møte med ei gammal dame, som dessverre ikkje har det så godt lenger som ho hadde det då Christiane var ung.

Saa snart jeg havde steget af paa Posthuset ilede jeg, og Sara og Ørsted kunde næppe følge mig, til min fordum, min altid kiære Fr: Hincheldej. Man viste mig ind, jeg aabnede Dørren – Der sad den, sidst jeg saae hende, blomstrende, af lutter glade lykkelige Mennesker omringede Kone, der sad hun nu, bleg og affalden, ganske ene, med sit Arbejde. Jeg kunde ikke tale – Taarene kom før Ordene. «Maae jeg spørge, hvem De er» begyndte hun endelig, og vilde rejse sig – Hvad jeg svarede, veed jeg ikke – men da jeg talte, kiendte hun mig, og hendes Taare ledsagede mine. Jeg kunde kun blive der en halv Time, og saa meget vi havde at sige hverandre, saa lidt blev der talt. «Min egen, min gamle Christiane!» sagde hun hvert Øjeblik – Jeg lovede, paa Hiemtouren at blive hos hende et Par Dage. Saa svag hun er til Fods, fulgte hun mig ud, og blev staaende saa længe hun kunde øjne mig. Hendes ulykkelige Datters lille Datter, som er hos hende, fulgte os, tilligemed en gammel Kone (tilforn Husjomfrue der) til Vandet. Det var altsammen saa ængsteligt, saa underligt. Alle her giennemlevede Scener stode saa levende for mig. Hvert Skridt mindede mig om en nye. Ja mange af min første Ungdoms lykkeligste Timer henflød her – men kun faa af dem, som da glædede sig med mig, kan sige med mig: «da var jeg lykkelig – nu er jeg lykkeligere.» O at de alle kunde det!!!

Kvar kveld legg ho seg relativt seint «Som en Sieldenhed maae det anmærkes, at vi i Aften kom herop for at gaae til Sengs Kl: 10, hvad aldrig før er hændet». Eg kan ikkje sjå for meg anna enn at desse familiane må ha stearinlys som ein av sine største utgiftskjelder? Me er jo i sep-okt-nov-des. Det er mørkt tidleg sjølv i Danmark då!

Noko eg sakna var mat. Christiane nemner nesten aldri kva dei eter og eg er så nysgjerrig! Ho seier dei skal ete middag, men ikkje meir enn det. Eg har notert all mat som bli nemnt: smørrebrød, chokolade, is, punsch, butterdejs tærter, og makroner. På heimvegen til Norge eter dei karusser (fisk?) og steg, og østers. Men det som blir nevnt heile tida er caffe. Det er krise dei få gongene ho av ulike grunnar ikkje får tid til ein kopp. Det blir feira både jul og nyttår mens ho er i borte, men jula blir ikkje skildra som noko utanom det vanlege. Altså, dagane blir kalla julaften, 1.juledag og 2.juledag, men elles ser det ut til å vere heilt vanlege dagar. Eg aner ikkje kva tradisjonar om nokre dei hadde for jula den gongen, Christiane gir inntrykk av at jula ikkje var noko særleg viktig. Men til nyttår feirar dei «ordentleg» med risengrød og gaaselever osv.

Ein aktivitet dei driv på med ein kveld er å «brænde Lak og Papir» og dette er visstnok noko som både lukter og ryker. Eg forstår ikkje heilt kva dei held på med for å vere ærleg? Er det brevsegl dei smelter? Er det noko ein kan holde på med over lengre tid ein kveld? Men ein aktivitet eg vel forstår er fyrverkeri. Dei drar nemleg ut ein kveld for å sjå fyrverkeri! Men det lev visst ikkje heilt opp til forventingane om eg forstod dei riktig? Men ho seier òg at dei kom litt seint, så kanskje det er deira egen feil. Då lærer ho meg eit uttrykk: «Jo Pyt, fikst Du Pæren, Zacharias!» den danske ordboka seier: «spottende udtryk, tilraab, brugt over for den, som bliver skuffet i sine forhaabninger, snydt for noget, taget ved næsen olgn»

På heimturen gjennom Sverige fortel ho om ein stad der dei har strødd heile golvet med halm! «Saa opdagede jeg i Dag et Stæd i Kongbakke hvor vi maatte ind mens Vognen blev løftet af Sneefanen, en Skik, hvorom jeg i min Barndom har hørt tale: Hele Gulvet var overstrøet med Halm, i dette, for Resten meget pene Værelse. Og veed I hvorfor? Fordi Christus er født i Julen i en Stald, og har lagt paa Halm». Dette er jo noko som det blei snakka om i søvn-boka òg, julehalmen!

Då ho kjem heim til Hovind fortel Christiane at ho blir møtt i stua av kanonskudd (?!!) Så sterke at dei knuste vindaugsglaset?! Eg aner ikkje kva som skjer. Var det vanleg med kanoner inne? Ho synst ikkje å vere særleg overraska.

Lige for Ruinerne af det fordum saa prægtige Slot bleve vi paa engang, som om det var aftalt, staaende, tause og vemodsfulde hvilede vore Øjne paa dette Forgiængeligheds Minde. Solen kastede sine sidste Straaler giennem de tette, skiøndt afløvede, Bøgegrene, ned i den sivgroede Slotsgrav, hvor de før saa ofte forsølvede den muntre, legende Bølge, imens knejsende Svaner svømmede stolt omkring mellem glimrende Baade fulde af glade Mennesker. Hvor er nu alt dette? Ja hvor? – Intet Spor findes mere tilbage af det altsammen. Om nogen – hvem veed hvor kort? Tid, findes intet Spor af vor Tilværelse her tilbage. Hvad er det, som giør denne Tanke saa skrækkelig? som bragte mig i dette Øjeblik den giennemfoer min Siæl, til at misunde de mange hundredaarige Ege og Bøge, der, syntes mig, rystede stolt og spottende deres ærværdige Hoveder over mig.

Til biblioteket