Hyllest til halvmørket (陰翳礼讃) 🗓️
Omsettar: Ika Kaminka
År: 1933
Det er så eg blir inspirert til å slå av lyset og sitte i halvmørket. Men min favorittunderhaldning på kvelden er datamaskinen, og det gjer vondt i auga om all belysninga kjem frå den skjermen 🤓. Men altså, det blir skrive fantastisk vakkert og lokkande om skuggar og skjønnheita i fråværet av lys, at eg blir heilt overbevist. Nesten overbevist for eg veit ærleg talt ikkje kva eg skulle tatt meg til om eg levde slik – blir det ikkje for mørkt til å gjere noko som helst? Eller er det slik at andre kanskje legger seg litt tidlegare enn meg? Men eit måltid i eit litt dunklare rom kan eg forstå er stemningsfullt, og desse skodespela som han snakkar om – eg søkte på bilde på google for å hjelpe meg å sjå det for meg men alle bilda der er definitivt opplyst med elektrisk lys så det hjelpte heller lite. Men eg kan jo ane at det er heilt magisk! Skuggar som fristar fantasien til å springa vilt. Og alt i alt fekk eg lyst til å ha heilt mørke rom – mørkt tak synst eg er særleg fint, og at mørke vinduskarmar rammar utsikta inn aller best er eit ubstridelig faktum! Og mørke vegger er eg omringa av allereie. Men golvet liker eg helst lyst og sånn er det.
Alle desse skildringane om lys og mørke minner meg når eg tar av meg brillene og alle liner viskast ut og alt blandar seg og forandrast. På eit blunk har alt fått eit anna liv og utsjånad, sjølv om det er utydeleg så er det vakkert – særleg lyskjelder blir vakre. Men tilbake til det forfattaren snakkar om så er eg heilt einig i kor irriterande overflødig lysbruk er og kor mykje det har å sei korleis lyset er. Naboen har eit heilt forferdeleg irriterande og intenst utelys 🤮. Og alle butikkar og slikt som har lyset på heile tida! Ikkje berre ute men inne! Det er jo forstyrrande for fauna (er det forstyrrande for flora?) og det er ikkje fint å sjå på og det kitlar i ‘skru-av-lyset’-muskelen min. Samtidig så er det fint med farga lys, og nattesbilder frå japanske gater opplyst av neonfargar er svært stemningsfulle, ironisk nok.
Boka er svært fint skriven, den er så poetisk og kapitla flyter så fint inn i kvarandre. Når eg les får eg ein lengsel etter tider eg ikkje har fått opplevd, desse tidene som visstnok var utan elektrisk lys: forfattaren seier at dagens menneske er så tilvent det moderne lyset at me har gløymt at mørket finst og eg trur ikkje det er ein gal tanke i det heile tatt!
The Makioka Sisters (細雪) 🗓️
Omsettar: Edward G. Seidensticker
År: 1943-1948
Eg skulle helst lest om Makioka-systrene på norsk, men boka er jo ikkje tilgjengeleg som ebok på nokon av biblioteka eg har tilgang til, og sjølv om eg faktisk hadde tenkt til å møte opp personleg på biblioteket å låne ei faktisk fysisk bok så gjorde eg aldri det og tok heller den lettaste vegen ved å lese på engelsk. Kanskje les eg ho igjen ein gong, men då skal det vere på norsk.
Originaltittelen betyr ifylgje Wikipedia «lett snø» og har visstnok sterke poetiske assosiasjonar til kirsebærblomar dalande frå treet om våren. Systrene drar kvart år for å sjå dei blømande kirsebærtrea, men då høyrest tittelen heller melankolsk og nostalgisk ut. Fleire gonger sukkar Sachiko fordi ho redd dette er siste gong dei drar saman, Yukiko og Taeko skal jo helst giftast bort, særleg Yukiko sidan ho er eldst. Det er ganske ironisk korleis dette fenomenet med kirsebærblomar som varar så kort og forsvinn så fort er så viktig i ei bok som er særdeles treig og langdryg. Men det er likevel ein følelse av ‘snart’, snart skal familien finne ein Yukiko kan gifte seg med og då forsvinn ho ut av liva deira og inn i ein ny familie. Eg forstår Sachiko, det er tungt å sjå at tida går og vente på ein så stor forandring som ein veit at før eller sidan kjem. Eg veit jo at ein dag vil alt vere annleis, uansett kor fint alt er nå er ein endring ikkje til å komme unna og alt det fine i livet som ein opplev kan vere denne gongen for siste gong utan at ein veit det, så i staden blir kvar gong litt melankolsk berre sånn i tilfelle og berre sånn ved tanken.
Sjølv om årstidene stadig endrar seg er systrene mykje meir fastfrosne, dei ser ut som ungdommar heile gjengen visstnok. Og med det store fokuset på den tradisjonelle kulturen og klesdrakta så minner dei meg om dokkene Taeko lagar. Og i stor kontrast blir me nå og då minna om krigen, krigen med Kina og krigen i Europa, men det er berre små bekymringar då venene deira drar vestover eller som små kommentarar mens dei les avisa. Bøkene er frå tida under og rett etter andre verdskrig så det er snakk om store hendingar og omveltingar som er friskt i folks minne, samstundes som dei 30-år gamle systrene blir skildra som evige ungjenter i kimono som dansar tradisjonell japansk dans eller går på kabuki-førestilling (eg kan ingenting om noko av dette og kva assosiasjonar det gir, men eg antar at alt er meir gamaldags, sakte og traust enn nytt, moderne og hesande og blesande).