Norske tømmerhus frå mellomalderen 🗓️

Forfattar: Arne Berg

Land og språk: Norge og nynorsk

År: 1989

Dette var ei perfekt bok å lese for meg som visste absolutt ingenting om gamle norske hus frå mellomalderen. No veit eg litt meir, og eg kan betre sette pris på gamle norske hus frå mellomalderen. Dessverre er det ikkje så mange av dei, og dei fleste er forferdeleg langt unna meg. Men eg har notert meg Nesbyen og museet der som ein stad eg gjerne vil besøka ein gong. Og dei gamle husa som ennå finst er nokså ombygde og forandra. Særleg det at dei har forkorta dekorerte novarmar! Var det verkeleg så nødvendig? Hadde dei ikkje litt sans for det estetiske sjølv om loft var blitt utrendy? Det same med desse beitskiene som er blitt avkutta på tvers av skurden. Hadde dei ikkje fått lov til om eg var husfrue😤.

Men eg har lært mykje. T.d. forskjell på stabbur og loft er (som regel) at eit stabbur har laga for lagring i begge etasjar og har trappa på innsida. Altså du kjem opp i andre etasje ved å gå inn døra i fyrste etasjen. Eit loft (eit hus i to etasjar med soverom/stove øvst og som har gitt namn til heile huset) har trappa på utsida. (Det er ofte visstnok ein liten lem i golvet så ein kan bevege seg opp og ned innanfrå, men dei to etasjane har offisielt kvar si dør med kvar sin lås). Fyrste etasjen i loft var lagringsplass som i eit kva slags anna bur.

Lofta er laga med øks: «Sag er det ikkje grunn til å tru dei har nytta. Verktøyet er gammalt kjent. Men det var lenge rekna for skam å nytta sag der øksa kunne greie det». Og det er som regel berre ein mann som har stått for eit heilt hjørne oppover i huset (ikkje nødvendigvis same person som har laga hjørnet i begge etasjane da). For store hus har det vore ein mann kvart hjørne som hogga for seg sjølv, så kvar side av huset er ein ny manns arbeid og tid og liv og tankar og sjel.

Det er forferdeleg mange husdetaljar som det blir snakka om: gluggar og låsemekanismar og beitskier og dørhengsler, og heldigvis er det mykje bilde og illustrasjonar så eg klarer å hengje med. Men særleg i kapittelet med lås og nøkkel så måtte eg fleire gonger ty til internett for å fatta kva me snakka om. Likevel er det såpass mykje bilde i denne boka at det hadde vore svært freidig å krevje fleire. Noko eg stussar litt på er at etter alt dette detalj-snakket så nemner forfattaren «kamar», ein do som finst i andre-etasjen(!) på loft. Han seier jo at det ikkje er stort meir igjen enn spor i veggen og spor i soge, men kan han ikkje berre sei om han ikkje veit korleis ein do! I andre! Etasje! Fungerte. Det er som ein morosam fakta eg ikkje kan dele med nokon fordi eg veit ikkje meir enn at det er eit stort spørsmålsteikn. Kor blir det av skiten? Dett det rett ned? Om det bles, må ein då passe seg når ein er ved den veggen? Husa er jo ikkje så store, ein kan ikkje unngå ein heil vegg så lett. Eller er husa plassert slik i terrenget at ein do i andre-etasjen ikkje er så merkeleg som det høyrest ut. Hadde dei røyr? Eller blei det rett og slett ei stor møkkdynge under? Tett att med veggen? Æsj. Og dette skulle vere i dei staselegaste husa? Men forfattaren seier altså ikkje meir enn at slike «kamar» fanst.

Ein siste fakta eg har delt litt rundt om er om dørstokken: det er den nedste stokken rett under døra i eit tømra hus. Dei nedste stokkane heiter vel syllstokk på alle veggar, men på den veggen med dør vert han kalla dørstokk. Og så klart det eg visste allereie frå før: at dei eldre husa stod ikkje på pålar slik dei ofte gjer i dag. Dei blei bygde på bakken eller på ein grunnmur av stein, og blei seinare flytte opp på stabbar for gnagaranes skyld – på 1700 talet om eg hugsar rett. Og ein ting til som eg synst var morosamt: Då husa blei flytt opp i høgda kunne det jo komme tjuvar og bryte seg inn nedanifrå, med bor. Så i mjølkassar som står på golvet har dei steinheller i botn som tjuvsikring.

Til biblioteket