gåter

Om vinteren veks eit underleg tre, men minkar om våren.
Roti snur opp og toppen ned, og smal er han skoren?

SVAR:

Jøkulen er dette vinter-tre, som minkar om våren;
han heng under taket med toppen ned,
og smal er han skoren.

*

Kva er det, som høgger heile dagen, og flis ikkje fell?

SVAR:

Klokka ho tikkar heile dagen og lange kveld.

*

Kva er det, som tyt og aldri tegjer i villande hei?

SVAR:

Bekken han tyt og aldri tegjer på langande lei.



Korleis får du ein sjiraff med i ein bil?

SVAR:

Skiene på taket og raffen i bagasjerommet.

*

Lite som eit egg og langt som ein låvevegg?

SVAR:

Eit garnnyste.

*

Kva spiser ein vampyr som er vegetarianar?

SVAR:

Blodappelsin.

*

Kor i verda har det brunne mest?

SVAR:

Alaska.

*

Korleis ter ei uhøfleg klokke seg?

SVAR:

Ho seier berre tikk, ikkje takk.

*

Kvifor bruker svenskene øyrevarmere?

SVAR:

For å stoppe den fæle trekken.



Kvifor er det trygt å låne bort penger til japanere?

SVAR:

Fordi du får pengene i Yen



Det sit på bordet
og tenar sin herre
og et seg sjølv

SVAR:

Eit brenannande talglys

*

Oppetter bakken
Nedetter bakken
Med ti tenner i nakken

SVAR:

Ei rive

*

Kva er det, som er kvar manns føda
men ikkje etande tygga er i?

SVAR:

Morsmelka, eller modermjølki som det så vakkert står i boka.

*

Kva er det, som sagar heile dagen,
og det finnest ikkje sagspon?

SVAR:

Augelokket

*

Det står to plater
på Kongens gater,
på dei platene
to stolper,
på dei stolpene står eit stabbur,
på det stabburet
står eit stett
på det stettet
stend ein knapp,
på den knappen
stend ein skog,
og mange ville dyr uti.

SVAR:

Det er ein mann(med lus antar eg. Gamledagar altse.)