Hundre år under pisken
Fortellinger fra Finnmark
🗓️

Forfattar: Magnar Mikkelsen

Land og språk: Norge og skriven på nordnorske dialekter

År: 1978

Alle mine besteforeldre døydde relativt tidleg i mitt liv: då eg var 13 år gammal hadde eg ingen igjen. Eg kom aldri på å spør dei om livet då dei var unge, så dessverre er deira historier tapt for meg for alltid. I denne boka er det ein gjeng menn (og ei dame) frå Finnmark som fortel om deira ungdom frå 1910-talet fram til før andre verdskrig (eller «siste krigen» som dei kallar det). Eg heldt absolutt INGEN styr på kven som fortalte kva men berre godtok alt som ei stor felles oppleving, det er mange av dei same plassane som går igjen: Mehamn, Gamvik, Kamøyvær, Repvåg – det er desse stadane eg hugsar best. Det er fortalt om familiane Bull og Brodtkorb som ikkje behandla fiskarane fint i det heile tatt, og det same med alle dei andre folka som kjøpte fisken av fiskarane. Dei bestemte, seg i mellom, å betale så lite som mogleg og om væreigarane ikkje fekk viljen sin blei dei berre pottesure. Det var ein av desse forteljarane som fortalte at nokre ungdomar hadde fiska ute i vågen til ein av desse væreigar-gubbane og fekk kjeft og beskjed om å pelle seg vekk, noko dei ikkje gjorde. Og då kom han mannen roande og hadde saks med seg og øydela heile garnet deira. Eg ser det for meg. Gamle gubbar har vel vore gamle gubbar sidan tidenes morgon.

Men det er andre historier òg: ei heil HAUG av spøkelseshistorier. Eg måtte spørje mor mi om hennar besteforeldre fortalte slikt, men det gjorde dei ikkje (berre ungane seg i mellom). Også er det mykje om kva folk opplevde ute på sjøen i vær og vind. Eg kan ikkje sei eg heilt ser for meg desse båtane frå 50-100 år sidan. Når blei motoren oppfunnen eigentleg? 🤓. Men dei nemner ulike slag i alle fall: skøyter og åttringar – som i fylgje mi googling er svært varierande båt-typer, så eg sit igjen like klok. Dei ror nå ein del. Eg likte då ein fortalte om då han og faren var ute på sjøen også begynte det å bli uvær (været er alltid ein «han» forresten) og alle dei andre fiskarane berre fortsett og held det ut, men faren til han her er meir forsiktig og seier at «Det blir daga ette disse å ro». Og det synst eg var eit fint råd 🧘. Og ja forresten så er boka skriven fullstendig på dialekt 😍.

Det e vemodig å tenke på
Dem levde livet slik
Vi blei feskera alle sønnan
Pappa hadde vore feskar
Han låg våken om netten
når det blei dårlig vær
Det e litt trist, dét
For det e rart med det
Når han sjølv va med
såg han ikkje faran
Men når han va på land og vi va ute
så han fare bestandig
Han trodde dét ser-du
At når ikkje han va med
så gikk det ikkje bra
Mens ho mor, ho hadde større tiltro
Ho visste vi hadde solid båt
Ho visste vi brukte fornuft

Eg synst ei slik bok som dette var heilt fantastisk! Kunne ikkje fleire folk fortalt om korleis livet i Noreg var for hundre år sida, det er så kjekt å høyre på. Ikkje dei store hendingane, men kvardagen til folk. Desse menneska vil jo på ein måte aldri døy, og særleg sida det er skrevet ned såpass munnleg. Nei, denne boka likte eg knallgodt og det er som om eg har blitt så godt kjent med ein gjeng eldre menn (og ei dame). Men eg veit ikkje om desse gamlingane hadde likt meg like godt som eg likte dei – ungdommen nu til dags, da «nu» var 70-tallet har det altfor godt seier dei – og eg har det jo ikkje akkurat verre. Men eg håper dei hadde likt meg.

Til biblioteket