I den svale skyggen (Skugga och svalka) 🗓️

Forfattar: Quynh Tran

Omsettar: Gunstein Bakke

Land: Finland

År: 2021

Dette var ei bok ulik frå dei eg vanlegvis les! Handlinga er meir som scener frå ein draum - og det er slik eg-personen i boka òg opplever seier han. Eit lite innblikk i ein liten hending som kan verke nesten heilt ubetydeleg, Má og Hieu snakkar om noko - det er alltid ettelleranna dei ikkje seier men som me likevel anar og bessede er alt over. Som ein draum altså. Det er nesten skummelt å lese ei slik bok der ingenting blir sagt klart og tydeleg. Visstnok er dette ei austleg greie? To omtalar av boka eg las på nett nemner Junichiro Tanizaki sitt essay ‘Hyllest til halvmørket’ og ein fyr i boka hyller denne skuggen som er så populær i austleg kultur (visstnok (men eg har hjerta det essayet i biblioteksappen så eg les sikkert den heller før enn seinare(...43 dagar etterpå...))). Når folk og handling er satt såpass i mørket som her så må eg som lesar berre stole på meg sjølv at eg forstår sjølv kva som skjer og kva som blir sagt. Som i det verkelege liv – iiik og hjelp 💀! Det er ein annleis måte å lese ei historie på og eg klarer ikkje heilt bestemme meg om eg liker det eller ikkje. På ei side synst eg det er vanskeleg å skjønne om folk er oppriktige eller spydige og om alt berre skjuler ein annan sanning – er alt berre skodespel? Heilt i starten blir eg-et fortalt av mor si at han heller skal opptre ynkeleg enn å vere seg sjølv, og sidan då er det som om boka held noko skjult for meg – eg klarer liksom ikkje heilt å stole på ho. Det her var definitivt ein oppleving og eg håper forfattaren skriv meir bøker!

PS. Eg veit ikkje kvifor eg aldri har tenkt på dette før sjølv men i boka så blir alltid ungane servert søt te når dei vaksne får kaffi. Dette synst eg var ein strålande idé! Så greit! Eg har sidan prøvd det ut med 50% suksessrate.

Til biblioteket

Insektenes planet 🗓️

Forfattar: Anne Sverdrup-Thygeson

Land: Norge

År: 2018

Denne boka var mykje meir funfactete enn eg forventa, men ikkje at eg veit korleis ein kan skrive om all verdas insekt utan å komme med all slags rare og interessante greier dei ulike artane gjer. Det er så forferdeleg mange av dei og dei er temmeleg ulike og spesielle. Men eg trur at for meg så blei denne boka litt for brei til at noko ordentleg festa seg.

Konklusjonen til slutt er at det me gjer ikkje er til stor skade for insekt generelt (kva trussel trur me at me er liksom mot insekt som har eksistert i absurd lang tid) men at insekt med spesielle behov og vanar, særingane, ikkje har noko framtid ilag med oss (svært dessverre for mangfald er jo det beste i sikkert alle samanhengar).

Boka var svært lettlest og uformelt skriven – eg burde kanskje likt det sidan det er jo slik eg skriv sjølv men det gjorde eg ikkje, eg synst eigentleg at det var litt distraherande, men kanskje er eg meir van til meir skulebøker (og glad i). Eg fekk i alle fall inspirasjon til å lese ei tjukkare bok om insekt, ikkje at eg har ei slik bok men. Også må eg innrømme at eg blei litt fornærma då forfattaren kjente behov for å gi oss ein forklarande setning på kven keisar Augustus var (‘han med manntalet i juleevangeliet’ elns), og det var vel særleg då det gjekk opp for meg at boka er skriven lik så godt for ungar som vaksne. Skjønt det kunne vel òg fort vore ein forklaring som det kunne falt meg inn å skrive. Alt eg ikkje liker med boka er greier eg kjenner igjen i meg sjølv! Typisk!

Til biblioteket

Forfedrenes farkoster - norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider 🗓️

Forfattar: Arne Emil Christensen

Land: Norge

År: 2022

Eg hadde ikkje heilt forventa at ei bok om båtar skulle vere så spennande! Kanskje det var kjekt fordi temaet var relativt snevert og spesifikt: det var ikkje om båtar generelt i verda, det var berre båtar i Norge(Norden) og det handla for det meste om dei gamle båtane fram til mellomalderen (etter det så var det enten for lite kjelder(frå mellomalderen til 1800-talet) eller for mykje kjelder(frå 1800-talet til i dag) verka det som). Historia om båtane blei altså svært straumlinja sida det ikkje er meir enn ein båt (rester av ein båt eller helleristningar) her og der med fort fleire hundreår imellom – ingen utstikkarar om hist og pist lokalbåttradisjon. Ikkje at alle båtane som er funne kan representere alle båtane som har eksistert, dei fleste har vel forsvunne for oss – dei som me har er for det meste frå offer og graver. Og det som er igjen av desse som me har, er jo ikkje heile eingong(ein god del båtar er jo berre ein planke igjen av nærmast), så eg antar det var ein del meir mangfald då enn det det kan sjå ut som nå. Og forfattaren seier òg at dei ulike båtane, dei av eldre og nyare type, har sikkert eksistert og blitt bygga samstundes lenge.

Det var ein del båtord eg aldri har vore borte i før men sidan båtbyggjekunsten blir utvikla steg for steg, båt for båt, får me det forklart på same vis – og det gjekk eigentleg rett inn! Eg må innrømme eg har saumfare google for all slags bilde for å hjelpe meg å visualisere alt mogleg – og det hjelpte òg. Men det var ein god del bilde i boka òg, og dei var ikkje ille i det heile tatt (det var eitt oversiktsbilde av dei ulike delane som stod heilt sist i kapittelet og det synst eg var litt rart seint). Det eg framleis lurar mest på er korleis dei får opp og ned masta? Kjem ho ikkje dundrande ned i ein fart? Men ja, orda og meininga lærte eg overraskande fort så det var ikkje særleg vanskeleg å henge med i det heile tatt. Eg visste ikkje at båtane, trebåtar blei sydd, syddsydd altså, og knyta saman – spesielt det med at dei knyta båten til banda synst eg var morosamt. Eg har liksom aldri tenkt at ein trebåt kan vere så lite sofistikert (sjarmerande lite sofistikert). Også ja, det einaste eg forstod ingenting av var det om utskjeringar og utskjeringsprofilar? Hus forbi for min del.

Til biblioteket

Hyllest til halvmørket (陰翳礼讃) 🗓️

Forfattar: Jun'ichirō Tanizaki

Omsettar: Ika Kaminka

Land: Japan

År: 1933

Det er så eg blir inspirert til å slå av lyset og sitte i halvmørket. Men min favorittunderhaldning på kvelden er datamaskinen, og det gjer vondt i auga om all belysninga kjem frå den skjermen 🤓. Men altså det blir skrive fantastisk vakkert og lokkande om skuggar og skjønnheita i fråværet av lys, eg blir heilt overbevist. Nesten overbevist for eg veit ærleg talt ikkje kva eg skulle tatt meg til om eg levde slik – blir det ikkje for mørkt til å gjere noko som helst? Eller er det slik at andre kanskje legger seg litt tidlegare enn meg? Men eit måltid i eit litt dunklare rom kan eg forstå er stemningsfullt, og desse skodespela som han snakkar om – eg søkte på bilde på google for å hjelpe meg å sjå det for meg men alle bilda der er definitivt opplyst med elektrisk lys så det hjelpte heller lite. Men eg kan jo ane at det er heilt magisk! Skuggar som fristar fantasien til å springa vilt. Og alt i alt fekk eg lyst til å ha heilt mørke rom – mørkt tak synst eg er særleg fint, og at mørke vinduskarmar rammar utsikta inn aller best er eit ubstridelig faktum! Og mørke vegger er eg omringa av allereie. Men golvet liker eg helst lyst og sånn er det.

Alle desse skildringane om lys og mørke minner meg når eg tar av meg brillene og alle liner viskast ut og alt blandar seg og forandrast. På eit blunk har alt fått eit anna liv og utsjånad, sjølv om det er utydeleg så er det vakkert – særleg lys blir vakre. Men tilbake til det forfattaren snakkar om så er eg heilt einig i kor irriterande overflødig lysbruk er og kor mykje det har å sei korleis lyset er. Naboen har eit heilt forferdeleg irriterande og intenst utelys 🤮. Og alle butikkar og slikt som har lyset på heile tida! Ikkje berre ute men inne! Det er jo forstyrrande for fauna (er det forstyrrande for flora?) og det er ikkje fint å sjå på og det kitlar i ‘skru-av-lyset’-muskelen min. Samtidig så er det fint med farga lys, og akkurat Japan som eg forbinder med neonfarga gater utan at eg har vore der altså, er òg vakkert.

Boka er svært fint skriven, den er så poetisk og kapitla flyter så fint inn i kvarandre. Når eg les få eg ein lengsel etter tider eg ikkje har fått opplevd, desse tidene som visstnok var utan elektrisk lys: forfattaren seier at dagens menneske er så tilvent det moderne lyset at me har gløymt at mørket finst og eg trur ikkje det er ein gal tanke i det heile tatt!

Til biblioteket