Sofokles

Land og språk: Hellas og gammelgresk

Aias (Αἴας) 🗓️

År: ca. 450 - 440 fvt.
Omsettar: Peter Østbye


«Å stakkars Aias! Før så sterk, og nu så svak»

Eg blei drittsjarmert av brødrene Aias og Tevkros då eg las Iliaden, der dei som regel heng i hop og slåst i lag. Så her blir me introdusert for dei:

…Og som den niende Tevkros som spente den smidige bue.
Hen til Aias, til Telamons sønn, bak skjoldet han trådte.
Aias tok varlig til side sitt skjold, mens helten som snarest
speidet omkring, og hvergang han traff og rammet en kriger
inne i stimlen, da styrtet han død til jorden; men Tevkros
ilte tilbake og dukket seg ned bak Aias, som barnet
gjemmer seg trygt bak sin mor, og han dekket ham stadig med skjoldet.

Nusselege ikkje sant? Dei er begge med her, men dessverre ikkje samstundes. Tragedien om Aias er dessverre ganske tragisk og Aias tar sitt eige liv sånn halvveges uti. Det er ikkje så mykje som skjer: Aias har akkurat drepe ein heil haug med kyr og hans vener og familie er litt fortvilte «Å ve, å ve!» – Aias dør - diskusjon mellom familien og Atreidane om Aias kan få ei gravferd.

Då det går opp for Aias at han har drepe alle kyrne i staden for alle grekarane (han føler seg urettferdig behandla av dei) så blir han svært fortvilt sjølv. Mitt moderne sinn trudde han var lei seg fordi han hadde tenkt å drepe sine eigne vener og landsmenn og nå angra han, men han er lei seg fordi han ikkje har drepe dei. Også trur eg kanskje det er litt flaut og uverdig å ha drepe all buskapen/maten i leiren.

Å Zevs, du min stamfar, å la meg få knust
hin mester i sluhet, hin listige skurk
og Atrevs’ sønner, de mektige to,
og la meg så selv gå i døden!

Stykket er delt i to: før og etter sjølvmordet. Fyrste del er prega av Aias som føler seg forrådt av sine eigne vener og som er budd til ganske så drastiske steg: Drep heile gjengen! På mange måtar er det jo likt Akillevs’ skuffelse i Iliaden, dei er begge snytt for sine rettmessige prisar – skjønt Aias’ reaksjon er ein aktiv hemn, mens Akillevs berre satt ved snekkene og nekta å delta i slåssinga (som gjekk jo utover andre grekarars liv, men likevel). Då Aias mislukkast med si hemn mister han heilt gleda til å leve vidare «Hvor kan det glede deg å legge dag til dag, når døden dog må komme tidlig eller sent?» og venskap har han visst mista trua på: «ti de fleste menn som tror på vennskap, søker inn i utrygg hamn». Eg synst det kan vere vanskeleg å tolke desse greske stykka riktig og forstå dei gamle grekarane rett, eg trur eg er litt fredligare enn dei var sånn i gjennomsnitt. Men eg forstår at ein krigar som Aias, som beviste fleire gonger i Iliaden at han var fantastisk flink til å slåst, ikkje klarar å nøye seg med ein nest-best plass etter Odyssevs. Alle hadde ein stor respekt for Akillevs og kunne visst godta å vere nummer to etter han. At Aias blir så sinna og føler seg så krenka at han bestemmer seg for å drepe dei alle, synst eg er i overkant, men det skaper jo drama! Då forstår eg betre hans botnlause fortvilelse når han kjem til hektene igjen. Venene han no hatar lev endå og han har berre klart å drepe ein gjeng med kuer. Korleis kan han sjå sin stolte far i auga etter dette? Han har dumma seg heilt ut og ser ingen god veg tilbake.

Siste delen, etter at Aias er daud, handlar om at familien og venene ynskjer ei skikkeleg gravferd men Menelaos og Agamemnon nektar dei det, heilt til «hin mester i sluhet», Odyssevs får dei overtalt. Odyssevs er jo nesten irriterande snusfornuftig, smart og flink og minner meg om Mikke Mus. Det er hjarteskjærande å høyre Tevkros’ sorg for sin bror «Hvor mang en sorg for meg vil spire av din grav!» og det er underhaldande å høyre på når han og Menelaos kjeklar. Deira krangel var høgdepunktet for meg, trur eg. Dei, særleg kona Tekmessa, er bekymra for sin eigen lagnad. Og det er vel ikkje heilt utan grunn. Ho er, som vanleg, ei kone Aias tok som bytte etter eit slag. Ho har ingen heim eller familie og no er ho heilt i uveners nåde. Me får ikkje vete kva som skjer med ho, men Tevkros lovar i alle fall å ta vare på den litle sonen hennar.



Til biblioteket
Til toppen

Antigone (Ἀντιγόνη) 🗓️

År: 422 fvt.
Omsettar: Eirik Vandvik


Det er svært praktisk at dei fleste av dei gamle tragediane handlar ofte om dei same historiene, og ‘Antigone’ høyrer til tema ‘Oidipus m/fam’. Antigone er hans dotter, og dette skodespelet foregår rett etter Aiskhylos ‘Sju mot Teben’. Brørne har drepe kvarandre, kong Eteokles (som forsvarte byen) får gravlegging men bror Polyneikes (som angreip byen) får inga gravlegging. Gravlegging er sed og skikk så det å nekte gravlegging er svært utradisjonelt og Antigone har definitivt folket på si side når ho trassar bodet og gravlegg broren likevel.

Dette stykket var definitivt et av dei betre, dei ulike dialogane var svært kjekke og eg likte koret. Dessverre hadde ikkje nynorskomsetjaren tatt med alt i si omsetjing og det var nokre vers mot slutten der dei fortel om ulike folk som var blitt stengt inne i fjell før som eg likte godt – og dei var tatt bort. Men dei er med i bokmålsomsettinga (side 132-3).

Det er òg lett å føle for Antigone som no har mista begge foreldre og sine to brør (ho har ei syster igjen, men ho tørr ikkje trosse forbodet og gravlegge broren så Antigone blir temmeleg sur og skuffa). I tillegg er jo heile familiesituasjonen hennar ganske bedrøveleg i seg sjølv.

Syster Isméne, barn or same fanget,
veit du om vondt vi ikkje får i livet
av Zevs som arv frå Ødipus, vår far?

Men Kreon, Antigones onkel (bror til Iokaste), liker eg vel så godt. Han er den nye kongen, han er streng og prinsippfast. Eg må innrømme at det var spesielt etter eg såg Hålogaland Teater sin versjon av stykket frå 1996 at eg fekk auga opp for han. Det gir jo meining at Kreon er så streng og sta: dei har nettopp blitt angripne og ikkje av kven som helst heller, men Kreons eigen nevø som i tillegg har drepe hans andre nevø. Og i same krigen døydde hans eigen son, og før det så tok systera hans, Iokaste, livet av seg sjølv pga Kreons nevø/svoger Oidipus. Han må jo ha et svært rart og komplisert forhold til heile den sida av familien. Kanskje han har behov å setje klare liner og å halde på prinsippa og det verker verkeleg som om han er overbevist om at det han gjer er rett: rett for familien, fedrelandet og gudane. Polyneikes har jo tross alt angrepe byen og folk har døydd. At kongen ikkje er sinnsykt keen på å gi angriparen sjelefred i døden og tilgang til underverdenen er ikkje heilt vondt å forstå. Men alle prøver å få han til å skifte meining (å nekte gravlegging er visst svært tabu og uhøyrt), og særleg rørande er samtalen med Haimon, Kreons son og Antigones forlovede.

«Det er då inga skam for den som vis er,
å læra nytt og spenna bogen varsamt.
Ein ser så titt i flaum at tre som bognar
og mjukt gjev etter, bergar grein og kvist,
men det som stretar mot, vert velt med rota.»

Og etter at både sjåaren Teiresias og koret òg har snakka med Kreon så ombestemmer han seg! Eg synst det var svært vakkert at denne kongen som har uttrykka seg så sterkt om sine eigne prinsipp faktisk òg har mot nok til å forstå og godta at han tok feil. Og han innrømmer det og tar alt tilbake. Og då hadde eg gløymt at det var ein tragedie eg las, så så klart er Kreon akkurat litt for sein. Det er faktisk ganske deprimerande, definitivt ein tragedie som rørte meg på ordentleg. Tenk førre gong eg las om dette tema ‘Sju mot Teben’ synst eg heile greia var svært uengasjerande, men dette var andre boller!



Til biblioteket
Til toppen

Kvinnene i Trakis (Τραχίνιαι) 🗓️

År: 450-425 fvt.
Omsettar: P. Østbye


Det er så mange tragediar eg aldri har høyrt om og alltid blir eg positivt overraska! (Eg bør vel berre starte å forvente at dei er gode…). ‘Kvinnene i Trakis’ minna meg faktisk littegranne om ‘Volsungasagaen’ som eg las forleden. I begge er lagnaden ikkje til å unngå og det er plenty tragisk kjærleik. Også heilt i starten så dukkar dei same visdomsorda opp som frå Herodot: at ein må vente til at ein er daud før ein kan sei noko om kor lykkeleg livet har vore. Dette er tekstar frå same tid, Herodot si historie er fra år 430fvt. så kanskje dette var eit vanleg uttrykk frå den tida? Sjå Herodot er det vel Solon som seier det og han levde ei god stund tidlegare i Hellas (638fvt-558fvt).

Det er blant folk et visdomsord fra gammel tid,
at ingen vet om lykke eller usæl lodd
ble noen her på jord til del, før han er død.

Tragedien er litt todelt. I fyrste delen er me i lag med Herakles' kone Deianeira og i siste del med Herakles sjølv, og eg likte den fyrste delen best. Med Herakles var det mykje sinne og gråt og død, men med Deineira er det ikkje sinne i det heile tatt (berre gråt og død). Deinaeira er så søt, sjølv om ho veit godt at Herakles har hatt mange damer så godtar ho det – når han kjem med si nye frille heim er ho berre svært skuffa. Men i motsetning til alle desse andre greske dronningane så er ho ikkje noko hemngjerrig, berre lei seg. Også er ho så innmari bekymra for Herakles, ho slår meg som ei slik brannmannfrue som aldri veit om mannen kjem heim. I tillegg er det ein slik spådom at no skal han enten døy eller leve resten av livet i sorgløs ro. Ho sjølv har levd i sus og dus til no, men er redd for utfallet av denne spådomen:

men enhver som tenker klart,
kan dog ei være trygg, men gruer alltid for
at den som lykken fulgte, snart kan stå for fall

Alt dette med kjærleiksdrikken/giften er svært sørgeleg. Det verker for meg som om ho hadde denne opplevinga med kentauren når ho var svært ung og naiv. Det går ikkje opp for ho at kentauren så klart er meir interessert i hemn på Herakles enn å pleie Herakles' og Deianeiras kjærleiksliv. Men han snakka forvirrande og då ho trudde ho forstod meininga gjekk det vel aldri opp for ho å tenke nøyare over det. Ho har fokusert så på dette sikkerheitsnettet av ein kjærleiksdrikk at ho såg seg litt blind.

Så har du det som mektig tryller sjel og sinn,
så Herakles, når han får se en fager mø,
kan aldri elske denne kvinne mer enn deg

Men før ho tar livet sitt har ho i alle fall lært å ikkje handle alt for snart og lærer det vidare til koret(kvinnene) og oss. Ho har aldri testa drikken/salven og det seier ho før ho starter heile planen, men likevel så er ho overbevist om at planen er ein god plan. «Ingensinne skal jeg gi det råd å handle uten visshet, følge blott sin lyst». Eller betre føre var enn etter snar altså (i alle fall når ‘etter snar’ betyr sjølvmord. Då har du jo seriøst drete på draget).

Eg har ikkje sagt noko særleg om siste del, den med Herakles. Den festa seg ikkje like fast i meg. Herakles er pissesur fordi kona har svikta han og drepe han. Og sonen må forklare at alt har vore ein misforståing - og Herakles godtar det, og så må Herakles ordne med sin eigen gravlegging(eller bållegging) og sonen mister på ein dag begge sine foreldre. Noko eg stussa litt på og forvirra meg er kor lang tid og over kor lange avstandar denne tragedien foregår. For meg verkar det som at på ein samtale har dei dratt frå kysten til innlandet og på neste samtale er dei på eit fjell? Det kan vere eg som er forvirra og ikkje kjenner godt nok til Hellas’ geografi.



Til biblioteket
Til toppen

Kong Oidipus 🗓️

År: 429 f.vt.
Omsettar: P. Østbye


Men når du håner meg som blind, så vil jeg si:
Du ser og ser dog ei ditt vanhells overmål,
ei hvor du bor og ei med hvem du festet bo.

Dramaet om Oidipus er det einaste eg har lest tidlegare, før eg bestemte meg for å lese dei alle saman, og no når eg har lest det igjen så … eg blei ikkje inspirert til å skrive akkurat. Det er litt krim-stemning (eg kan ikkje fordra krim) og hadde slutten vore ein overrasking så kanskje det hadde vore meir spennande, men eg veit jo sanninga så i staden berre lurer eg på korleis folk ikkje fattar kva som skjer? Er det vanleg at søner blir fortalt av orakelet dei skal drepe fedrane sine? Og kva med desse gjennomhola anklane – har dei ikkje snakka om det ein gong? Og at Oidipus drap ein heil gjeng før han kom til Teben har visst heller aldri vore eit tema? For kvart nye spor og hint dei får blir eg berre oppgitt av dei ikkje fattar teikninga, eller i alle fall bekymrar seg pittelitt for ein mogleg sanning.

Kreon får eg møte igjen, han er jo med i dramaet om Antigone der han er streng og vil ikkje at Polyneikes skal få ei gravlegging. Og eg likte han då og eg liker han nå. Han kjem heim ein dag og får plutseleg skyld for allslags konspirasjonar mot kongen. Han må jo tro kongen har dotte av hengslene, men likevel blir han ikkje sur eingong. Kreon held seg roleg og spør om å bli høyrt på. Etter at det er blitt klart kven kongemordaren er så vil ikkje Kreon avrette Oidipus før han har dobbeltsjekka med Apollon, og før Oidipus drar kjem Kreon me døtrene til han for ein siste avskjed. Kreon oppfører seg heilt eksemplarisk, særleg samanlikna med Oidipus.

Oidipus irriterer meg litt i same nerven som Odyssevs: dei er så mektige og flinke og har så høge tankar om seg sjølv. Det er litt i meste laget for min del. Oidipus blir jo definitivt jekka ned til aller nedste hakk, men det er ikkje slik at eg uner han det – eg skulle berre ynskje at han var litt meir audmjuk i utgangspunktet (og han er heller ikkje mindre dramatisk ved dramaets slutt!). Oidipus løyste Sfinksens gåte så derfor er han best og flinkast og sterkast og flottast og smartast osb. Sjølv når ein blind sjåar, Teiresias (som òg dukka opp i ‘Antigone’), kjem for å gi råd så klandrar Oidipus han for renkespill! Eg forstår dei er i ein stressa situasjon: Pandemi! Og folk døyr som fluger! Det er folk som ber som galne ved kvart alter i byen, men ingenting hjelper og tida held på å renne ut!

Ti som du ser, er byen stedt i havsnød svar.
Den går med oss til bunns, og ei formår vårt folk
å løfte hodet opp fra blodig opprørt sjø.
Det dør med jordens frukt, som ei til modning kom;
det dør med fe på solsvidd vang, i kvinners kval
i golde veer, og hin onde pestens gud
slo ned med feberbrann og pisker nu vårt folk.
Han legger øde Kadmos’ stad. Kun én blir rik,
den sorte Hades, rik på sukk og klageskrik.



Til biblioteket
Til toppen

Elektra (Ἠλέκτρα) 🗓️

År: 410 fvt.
Omsettar: P. Østbye


Å dødsgudens hall og Persefones hjem!
Å Hermes som fører oss ned under jord!
Å hør meg, du mørke forbannelsens dis
og blodhevnens vetter av gudenes ætt.
I strenge som skuer det rettløse mord
og ser når en ekteseng skjendes ved hor,
å kom dog og hjelp oss! Å, hevn dog vår far,
og send meg tilbake min elskede bror!
Ti bære alene den knugende sorg
formår jeg ei mere. Jeg segner.

Hmmm, eg trur kanskje nesten at eg liker Sofokles’ Elektra betre enn Evripides’ versjon. Eller at eg i alle fall liker begge to svært godt. Elektra hjå Sofokles er kjempesint, nærmast til eit manisk nivå – alt ho ser er raudt. Eg veit ikkje kor gammal ho er: 10år med krig + ho er ikkje yngst av syskena + tid etter at faren blei drepen = kanskje ho er ein tenåring? Hu følest som ein tenåring – den blinde kjærleiken til den drepne faren og det blinde hatet til mora som drap han. Mora drap ikkje Agamemnon utan grunn – Agamemnon hadde jo fyrst drept Ifigenia tross alt, men her er Elektra faktisk nok ein gong litt blind. Kanskje var ho for ung til å huske systera? Det er i alle fall ikkje noko traumatisk minne for ho, ikkje samanlikna med minnet om drapet på faren. Så Elektra er altså svært sint og lar ingen gløyme det – og alle er drittlei ho. …Kan du gi det snart Elektra? Du kan ikkje klage far din i live igjen seier koret av kvinner til ho.

Sjølv om Orestes og hans kompis Polyeides dukkar opp så er det kvinnene som tar s tyrst plass, og særleg forholdet dei imellom. Klytaimnestra-Elektra og Elektra-systera Krysotemis. Sjølv om Elektra er god til å skape dårleg stemning så ser det ikkje ut som om dei eigentleg hatar kvarandre (eller Elektra hatar vel mor si, men mora hatar ikkje Elektra(ho er berre trøytt i øyrene)). Då Krysotemis ser teikn etter folk på farens grav er den fyrste ho fortel det til Elektra, og ho seier det jo for å glede Elektra.

Forresten seier Elektra meir enn ein gong at ho veit ho oppfører seg dårleg, men at det var Klytaimnestra sin stygge handling som har smitta ho – stygt må avle stygt. Sjølv om eg sa tidlegare at hatet til Elektra var blindt, så meiner eg altså at ho er helst blind for Agamemnons feil og kva Klytaimnestra sjølv har lidd. Men Elektra er ikkje blind for å sjå at ho gjer ikkje sitt eller systeras liv betre ved å vere så sint, men heller verre. Det er litt tragisk, det mørkes farlege begjær, det er vanskeleg å måtte innsjå at Agamemnon ikkje er den idealpappaen ho kanskje hadde sett for seg: ho har vel sikkert aldri kjent han sidan han var i Troja i ti år og døydde med ein gong han kom heim.

Men ja, Orestes er jo òg med, og det er ein slik gjenkjennelsesscene som eg vanlegvis liker svært godt, men akkurat denne gjorde ikkje noko spesielt for meg, det var ok. Eg likte at Elektra var så lykkeleg og gira og plutseleg så sprudlande av glede at ho holdt på å avsløre alt, kanskje om dei hadde sove på det hadde ikkje den hemnen vore så viktig likevel? Men akkurat det oppdraget er det jo ikkje berre Elektra som er ansvarleg for – men Apollon sjølv (og aller mest sånn for all del). Tragedien startar med at Orestes fortel at han har akkurat vore i tempelet og snakka med Apollon, og Orestes har blitt pålagt å hemne far sin – han må drepe både Klytaimnestra og Aigstos.



Til biblioteket
Til toppen

Philoctetes 🗓️

År: 409fvt.
Omsettar: Richard C. Jebb (trur eg? litt forvirret 😕)


Odysseus: Your words are not wise, nor is that which you want to do.
Neoptolemus: And yet if they are just, they are better than wise.

Philoctetes hadde tenkt å vere med i krigen, men blei skada og etterlaten på øya Lemnos. Nå har han vore der i ti år med skada fot som gjer skikkeleg vondt, og sjølv om det kjem folk som går i land så berre helsar dei på han og drar igjen?! Han ber dei i alle fall sei ifrå til faren hans om han kan gjere noko, men sidan ingen har dukka opp på farens vegne i løpet av desse ti åra så kan ein gå utifrå at ingen har gjort det han har bedt om. Det er det frekkaste eg har høyrt! Men så kjem Odysseus (🙄) og Neoptolemus, son til nyleg daude Akilles, og skal lure Philoctetes og bogen hans med seg til Troja. Det er nemleg spådd at berre slik kan Troja bli lagd i grus. Bogen er forresten gamlebogen til Herkules og magisk. Odysseus er naturlegvis heilt ufordrageleg (eg kan aldri fordra han: O til ein krabbande P: Farewell! Enjoy your strolls on Lemnos!) og får unge Neoptolemus (tenåring?) til å lyge til Philoctetes fordi Philoctetes vil på ingen måte dra og kjempe for dei same folka som forrådde han for ti år sida, men Neoptolemus slit med dette: det går imot hans moral og etikk og moral, å lyga er galt! Odysseus seier at denne gong er for alle sitt beste, må man så må man. When what you do promises gain, it is wrong to shrink back. Og til slutt dukkar sjølv Herkules opp og seier meir eller mindre det same: Philoctetes må berre bite i det sure eplet elles så vil denne krigen aldri ta slutt.

Eg høyrte på ein podcast der det blei nemnt at sida ein går utifrå at det er tre skodespelarar som spelar alle roller (bortsett frå kor) så kan Herkules (og dei andre som dukkar opp) vere Odysseus i forkledning – det er jo same skodespelar og opp til publikum å undre på, i teksten er det jo ikkje klart. Kanskje det var tydeleg i sjølve spelet? Men det er i alle fall noko Odysseus kunne ha funne på, og det gjer ei endå større greie utav temaet: er det nokre gongar «rett» å lyge? Eller er løgn alltid usselt? Om resultatet er godt er det då lov å bruke skitne triks for å oppnå det?

Philoctetes er svært tydeleg om følelsane sine og kor desperat han er etter selskap og å dra heim, og kor usselt det er å forråde ein som allereie har blitt maks forrådt. Og det er jo umogleg å ikkje føle med han: eg forstår godt at han ikkje har lyst å redde Odysseus og Atreusbrødrene som har gjort hans liv til pine – han ynskjer dei berre like pinefulle liv, inga ære kan vere god nok så lenge dei monstera lever i sus og dus. Det er mange som ikkje er villige til å ofre seg for å tene alle til gode, inkludert dei som har gjort ein vondt. Kanskje er det noko å strekke seg etter: om Philoctetes aldri hadde dratt til Troja så ville krigen har vart mykje lenger og kravd meir liv (til tross for at slik det enda opp var ganske blodig for Trojanerane, men slutt på krig er vel uansett betre enn ein langdryg krig? Det å vekse opp i eit slikt miljø er skadeleg).

No evil thing has ever been known to perish. No, the gods take excellent care of their kind. They find a strange joy in turning back from Hades all things criminal and crooked, while they are always dispatching the just and the good from life. How am I to regard these doings? How can I praise them, when in the very act of praising the ways of the gods, I find that the gods are evil?

PS. appropos sitatet over så endar Herkules sin tale med at OBS! Hugs å vis respekt for gudane: Vær from! 🙇🙇🙇

Kor irriterande det er at Philoctetes må ofre sin verdigheit blir berre meir irriterande då det blir poengtert at det er alltid leiarar som er ansvarlege for kor verdig ein byen eller hæren er: altså leiarar med dårleg etikk og moral gir eit samfunn med dårleg etikk og moral, og det er borgarar som må betale prisen slik som nå Philoctetes må gjere. For a city hangs wholly on its leaders, and so does an army, but when men shatter law and order, it is the lessons of their teachers that corrupt them. Han har ikkje gjort noko gale, men blir berre straffa og må i tillegg hjelpe dei som har svikta han mest! Han har ingenting han skulle ha sagt.

Eg likte skodespelet, det rører ved følelsar som er lette å forstå til tross for at ein kanskje ikkje har opplevd den pina og forrådelsen som Philoctetes har opplevd, men temaet «nokre gongar må ein berre bite i det sure eplet og ofre seg for dei ein hatar mest» er lett å forstå og vanskeleg å godta. Ordentleg tragedie der det gode resultatet, slutt på krigen, ender opp med å vere eit bittert resultat. Eg elskar bittert (i litteratur).

Eg likte den biten mot slutten då Philoctetes har mista bogen, mister heilt håpet på alt i livet og gir seg hen til Lemnos klar til å bli bytte for alle dyr har jakta på før, det høyrest dramatisk ut men er jo eigentleg heilt realistisk for hans framtid.

In taking my bow, you have robbed me of my life. Return it, I beg you, return it, I pray you, son! By the gods of your fathers, do not rob me of my life! Ah, me! He speaks to me no more. He looks away, as if he will never give it up! O you inlets and headlands, you wild creatures of the hills who have shared my life, and you jagged cliffs, to you—for you alone hear me—to you my accustomed companions, I bewail the treacherous treatment I have received from the son of Achilles. Although he swore to take me to my home, it is to Troy that he takes me. Although he gave me his right hand in pledge of his word, he has taken my bow, the sacred bow, once belonging to Zeus's son Heracles, and he keeps it, and wants to show it to the Argives as his own. By force he drags me away, as if he had captured a strong man, and does not see that he is cutting down a corpse, the shadow of smoke, a mere phantom. In my strength he could not have taken me—no!—nor even in my present condition, save by deceit. But now, because of my rotten fate, I have been tricked. What should I do? Wait, give it back! Now, at least, recover your true self! What do you say? Silence! I am nothing! Double-gated cave, back, back again I return to you, but now stripped and lacking the means to live. Yes, in that chamber I will wither away alone, bringing down with that bow no winged bird, no beast that roams the hills. Rather I myself shall die in misery, and supply a feast for those who fed me, becoming the prey of those on whom I preyed. Ah, in requital for blood my own blood will flow, shed at the hands of a man who seemed all unknowing of evil!



Til biblioteket
Til toppen