Lucrezia Borgia đŸ—“ïž

Forfattar: Joan Haslip

Omsettar: Caro Olden

Land og sprÄk: Storbritannia og engelsk

År: 1953

FÞr du kritiserer fargevalet, er det Borgia-familiens eigne fargar, skyld pÄ dei.

Fyrst mÄ eg fÄ nemne min irritasjon over at boka heiter «Lucrezia Borgia», men sÄ sluttar boka 14 Är fÞr Lucrezia dÞyr! Boka kunne liksÄ godt heitt «Borgia», fordi det er eigenleg liksÄ mykje fokus pÄ far Rodrigo/Alexander og storebror Cesare som Lucrezia. Greitt, sÄ var det utav verden. Denne boka har heller ikkje noko introduksjon der det stÄr om kjelder og slikt. Eg forstÄr utav teksten at det er brev, dagbÞker og andre slike nedskrivingar det gÄr i, men eg skulle gjerne hatt berre eit lite samandrag av kjelder, men det stÄr det dessverre ingenting om.

Boka her brukar ein god del ord eg aldri har hÞyrt om, sÄ eg samla dei i ei liste. Ordlista for boka har eg lagt her, kanskje finn du ord du heller aldri har sett fÞr? (sÄ slepp eg fÞle meg sÄ dum Äleine).

Europeisk renessanse kjente eg ekstremt lite til fĂžr eg sat meg ned Ă„ leste, alt var nytt for meg – sĂ„ det blei ein del notat i margen dei fyrste kapitla. Greia er at Italia er ikkje eit samla rike, men bestĂ„r av fleire mindre bystatar, og i tillegg eig Vatikanet sjĂžlv store landomrĂ„de. Paven har dei siste Ă„ra dessverre dalt i autoritet, folk ser ikkje ut til Ă„ ta religion sĂ„ seriĂžst lenger, og dei fleste som jobbar for Kyrkja gjer det for penganes skyld. Lucrezias far Rodrigo, blir pave Alexander VI og Lucrezia blir praktisk talt prinsesse og hennar brĂžr prinsar (til tross for at paven sĂ„ klart eigentleg ikkje skal ha barn, men folk bryr seg svĂŠrt lite om det pĂ„ denne tida – det latar ikkje til Ă„ ha vore eit problem i det heile tatt!). Eg snakkar meir om dei sidan, fyrst eit lengre samandrag av Italia anno 1500(plussminus).

Det at Italia ikkje er eit samla rike, men bestÄr av mindre bystatar (eg er ikkje heilt sikker pÄ dei kallast bystatar eller om dei har eit eige italienskord) er ganske viktig. Eg er ikkje ekspert pÄ dette her men slik eg har forstÄtt det altsÄ: kvar by har sin eigen herskar(familie) - la meg liste opp dei eg synst var viktigast:

  • Vatikanet – Fam.Borgia
  • Napoli – Fam. Aragonia (deira sĂžskenborn regjerer i Spania og eg blanda dei HEILE tida)
  • Milano – Fam. Sforza
  • Firenze – her regjerer Fam. Medici men dei mĂžter me sjeldan
  • Venezia – desse er ofte eit lite wild-card, og eg aner ikkje kven som regjerer, dogen?
  • Mantua – Fam. Gonzaga
  • Ferrara – Fam. D’Este
    • Isabella d’Este (gift med ein Gonzaga) er veldig underholdande. Heile tida fĂ„r me hĂžyre Romas siste sladder gjennom brev til ho frĂ„ folka hennar. Lucrezia gifter seg med litlebror til Isabella og dĂ„ er det nĂŠrmast side opp og side ned om alt det Lucrezia kler seg i. Det verkar som om Isabella, som er 6 Ă„r eldre enn Lucrezia, desperat prĂžver Ă„ holde tritt med ungdommens mote og eg fĂžler meg ikkje treft i det heile tatt.

I tillegg til dette med bystatar er det dette med soldatar. Det Ă„ ha eigen permanent hĂŠr verkar upopulĂŠrt, i staden brukar dei leigesoldatar med ein leiar kalla condottiere, kva sjĂžlve gruppa med soldatar kallast er for meg eit mysterium. Uansett, dette betyr at soldatane bystatane kan fĂ„ tak i ikkje er sĂŠrleg lojale, leigesoldatar har ein tendens til Ă„ fĂžlgje pengane. Det er eit evig spel om beskyttelse og Ă„ halde pĂ„ makta, og ganske kjapt kjem Frankrike ĂČg og blandar seg inn. Det er eit rot rett og slett.

Hovudpersonane er Familien Borgia, og deira familie minte meg pÄ to(teknisk sett fire) ting: dei minte meg om to vers eg vil skrive ned under her ogsÄ minte dei meg om to andre familiar. Eg vil ikkje nemne spesifikt namn fordi gjenkjenninga er berre basert pÄ negativitet: penge- og pyntesjuke, makt og korrupsjon, evig masse rykte om alt inntil incest og ein god del myrding. Eg snakkar om verkelegheitas Fam. T. og fiksjonens Fam. L.

DĂžyr fe
dĂžyr frendar
dĂžyr sjĂžlv det same
Eg veit eitt som aldri dĂžyr
dom om daudan kvar

HÄvamÄl

Jade kan knusast, men fargen vil bli verande
Bambus kan knekkast, men ledda vil bli verdande
Ein mann kan dĂžy, men hans namn vil bli verande

Guan Yu

Det er vanskeleg Ä vite kva som er sant og kva som er sladder og lÞgn, sÊrskilt sidan det som blir sagt om familien Borgia til tider er ganske drygt. Desse er jo verkelege folk og ei skildring av deira verkelege liv og det mÄ ein jo ha litt respekt for. Alle desse ulike familiane var jo alle fiendar med kvarandre. Ingen av dei var englar, og som eg allereie har lÊrt av «Beretningen om de tre kongedÞmmer» sÄ er sladder og rykte liksÄ effektive vÄpen som noko sverd eller pil. Det er ikkje usannsynleg i det heile tatt at det som blir skrevet om desse folka berre er funne pÄ. Kanskje dei var ein gjennomsnittleg mordarisk familie i renessansens Italia, og dÄ hadde ein vel to-tre liv pÄ samvittigheta, men dette med incest er vanskelegare for meg Ä kjÞpe. Det hÞyrest ut som verdas lettaste sladder Ä spreie om ein nÊrt knytt familie, med ein far som allereie er kjent for Ä ligge rundt til tross for at han er kardinal/pave og der i tillegg mora er frÄverande. Men sÄ veit ein jo aldri, det er jo heller ikkje heilt fullstendig 100% absurd. Men eg vel i alle fall Ä vere skeptisk.


Til biblioteket