Trolldomsfjellet đŸ—“ïž

Forfattar: Thomas Mann

Land og sprÄk: Tyskland og tysk

År: 1924

Omsettar: Per Qvale

Mitt fyrste inntrykk av Trolldomsfjellet er ‘Sofies Verden for vaksne’. Hovudpersonen, unge Hans Castorp, ender opp pĂ„ Berghof Sanatorium og blir med ein gong eit lite fadderbarn(smertensbarn) for mentorane Settembrini og Naphta. Dei kjem med ofte med lange monologar og dialogar om alt mellom himmel og jord, og sjĂžlv om dei startar samtalane med meiningar som heng pĂ„ greip sĂ„ ender dei som regel opp i absurde ytterkantar og sjĂžlv meinigmann Hans Castorp veit Ă„ ikkje hĂžyre for godt etter. Hans Castorp mĂ„ finne ein mellomveg, og det gjer han ein dag i ein snĂžstorm, berre for Ă„ glĂžyme heile openbaringa rett etterpĂ„. DĂ„ han ein dag forlat Berghof er det fordi krigen tvinger han til det.

Eg synst dei filosofiske samtalane var svÊrt vanskelege Ä henge med pÄ, at eg var dummare enn Hans Castorp som i det minste klarte Ä komme med meir eller mindre relevante spÞrsmÄl. Det er mange filosofiske faguttrykk(material og Änd, dualisme og monisme, humanisme, kvietisme, materialisme) og tankar som kanskje var meir aktuelle den gong dÄ. Eg mÄ altsÄ lese meg litt opp til neste gong eg skal lese Trolldomsfjellet.

At det er haugevis med tema i boka Ä henge seg opp i blir ikkje lettare av at dei alle har eit dualistisk preg, dei har heile tida ein motsetning. Motsetningar i seg sjÞlv er eit tema, om enn ikkje heilt fekk has pÄ det sÄ erkjenner i alle fall Hans Castorp at «Mennesket er herre over motsetningene, de er blitt til gjennom mennesket» slik at desse motstridande prinsippa Settembrini kjem med: Makten og retten, tyranniet og friheten, overtroen og kunnskapen, det konserverande prinsipp og fremskrittets prinsipp, av desse skal ein ikkje velje ut ein ytterkant og vie seg til som om det er fullt ut det rette, eller gi eit slikt «herredÞmme over sine tanker». Andre store tema er tid, sjukdom, musikk, passivisme, kjÊrleik og dÞd.

TID

Dagane er lange mens dei store tidsmassane gĂ„r treigt pĂ„ sanatoriet, og dei fyrste vekene der oppe for Hans blir via stor plass i boka for sĂ„ Ă„ la Ă„r forsvinne utan Ă„ bli nemnt. Klimaet forsterkar effekten, det snĂžr kvar mĂ„nad og dei har ofte sommartemperaturar om vinteren. For Ă„ motvirke alt dette, for Ă„ dele opp tida, fyller dei dagane med ulike aktivitetar, og det er sĂŠrleg mot slutten eg opplever dette som lesar: med opphaldet til Peerperkorn, grammofonen og seansen. Trolldomsfjellet er veldig lik Moby Dick i det at boka fĂ„r til ein nĂŠrmast direkte kontakt med min fysiske tid – dei lar ein fĂžle at ein opplever tida det tar med sju Ă„r pĂ„ sanatoriet og ein kvalfangstreise jorda rundt.

Eg kjenner meg for sĂ„ vidt igjen pĂ„ Berghof, eg har vore innlagt der i omkring 10 Ă„r no, og eg forstĂ„r freistinga til Ă„ kritisere dei innlagte for at dei ikkje berre reiser, men eg mĂ„ ha empati med at dei blir fordi eg sjĂžlv har blitt og eg har aldri sett nokon annan utveg enn det. Det at dei lev det ein kan kalle eit luksusliv der oppe trur eg er urelevant, det er ikkje derfor dei blir, dei blir fordi det er der dei hĂžyrer til. Om noko sĂ„ er det Clavdia Chauchat som er rar som berre kan plutseleg dra. Er vel ganske partisk, men dei har jo verkeleg laga seg eit eige samfunn der oppe og tilpassa seg ein livsstil som ikkje fungerer i «Lavlandet». Katastrofe meiner Settembrini om dette pĂ„ samfunnets vegne, og det forstĂ„r eg jo ĂČg, men mĂ„ ein nĂždvendigvis leve for samfunnets del?

SJUKDOM

Pasientane (og legen Behrens) er naturlegvis sjuke(lungerelatert sjukdom), men ein fÄr stadig fÞlelsen av at det skal ikkje mykje til fÞr ein blir stempla som sjuk. AltsÄ, det er dei som dÞyr, men sjÞlv om Hans Castorp i starten hostar blod og svimar av sÄ er hans sjukdom aldri heilt overtydande og eg trur at sanatoriet er lik sÄ vel ein opphaldsstad for dei samfunnsutmeldte som dei sjuke.

Behrens er forresten ein morosam fyr. Han er altsĂ„ sjuk sjĂžlv og gir inntrykk av Ă„ ha vore der sĂ„ lenge at det har rakna litt for han, ein kan jo lure pĂ„ om han er den rette til Ă„ helbrede desse sjuklingane. Kanskje Behrens ĂČg er ein fange av Trolldomsfjellet, men dĂ„ ein av dei verste sidan han tviheld pĂ„ pasientane sine. Settembrini kallar han for Rhadamantys – eit namn pĂ„ ein dommar i Underverda.

Hans Castorp synst sjukdom er Êrefullt, at Ä vere sjuk gjer ein til eit betre menneske og at sjuke folk kan ikkje vere dÄrlege folk, og den slags tankar. SjÞlv kan eg innrÞmme at eg synst det var merkeleg interessant Ä fÄ diagnosen lungebetennelse i fjor vinter, som om eg blei innvigd i ein eksklusiv klubb med bevis for min eksklusivitet. HAHA, Settembrini synst desse tankane er hÄrreisande! Sjukdom er nedverdigande synst han og bÞr bekjempes! Eg forstÄr at Castorps audmjukskap framfor sjukdommen er litt i overkant, men det er i alle fall stor verdi i det Ä finne fellesskap gjennom ein diagnose, slik at ein har ein plass ein veit at ein hÞyrer til. Hans Castorp er svÊrt ung og nyutdanna, han har ikkje familie nÊrare enn onklar og har aldri vore i arbeid, han har aldri hÞyrt sÊrleg til fÞr.

DØD

Hans Castorp er altsÄ svÊrt interessert i sjukdom og som likeins dÞden. DÞden er jo enda flottare enn sjukdom, han synst at «en kiste er et flott mÞbel» og han Þver seg pÄ Ä sjÄ dÞd ut. Han er ein liten raring til tider. Igjen fÄr han kjeft av Settembrini for Ä skilje ut dÞden sÄ til de grader og Ä opphÞye den, i staden burde han tenkje at livet og dÞden er det same, livet er ein del av dÞden og dÞden ein del av livet. «Som selvstendig Ändelig makt er dÞden en hÞyst lidderlig makt, hvis lastefulle tiltrekninskraft utvilsomt representerer den mest redselfulle forvillelse for menneskeÄnden». Hans Castorp finn sjÞlv ut i ein draum at det er ikkje livet dÞden stÄr i motsetning til, men kjÊrleiken, og at aldri mÄ gi dÞden noko slags rÄderett over sine tankar. «Jeg vil vÊre dÞden trofast i mitt hjerte, likevel ha helt klart for meg at troskap mot dÞden og det forgagne bare er ondskap og mÞrk vellyst og menneskefiendtlighet, dersom den bestemmer vÄr tenkning og regjering».

Som Castorp er Naphta ĂČg veldig opptatt av dĂžd og sjukdom. Han forheilager det til det ekstreme og ser opp til ein middelalder der unge jenter visstnok kyssa bylleforpesta hender for Ă„ oppnĂ„ den ĂŠre Ă„ bli sjuke sjĂžlv. Ein siste dĂždsinteressert ein er dr. Krokowski, den mystiske svartkledde legen som driv med psykoanalyse og gir foredrag om kjĂŠrleik annankvar veke. Mot slutten av boka tar han initiativ til seanse.

PASSIVISME(?)

Livsstilen eller livssituasjonen pĂ„ Berghof er «horisontal» blir me forklart. Store deler av dagen blir brukt til kvilepausar pĂ„ balkongen der dei ligg og blir helbreda av og gjere ingenting anna enn puste inn god gamaldags frisk luft. Hans Castorp bruker for Ăžvrig tida pĂ„ Ă„ lese fagbĂžker: fyrst om skip mens han endĂ„ har litt av «lavlandet» i seg fĂžr han gĂ„r over til menneskeleg biologi. Joachim godtar pliktoppfyllande sin liggekur, mens Settembrini aldri blir observert frivillig «horisontal», ein god del Ăžvrige pasientar brukar tida pĂ„ balkonghopping for lidderlige formĂ„l


Liggekuren ser ut til Ä bÄde vere litt farleg og litt nyttig. Det er unyttig for samfunnet at ein haug med folk bruker sine beste Är pÄ Ä ligge pÄ balkongar heile dagen, men for Hans Castorp i alle fall blir tida brukt til reflektering og som sagt studering.

MUSIKK

Fleire gonger dukkar musikk opp som eit lite tema og samtalepunkt. Settembrini synst musikk er politisk suspekt, sÊrleg musikken utan ord. Musikken kan agitere og flamme opp fÞlelsar, men ikkje fornufta og dette er farleg! Eg forstÄr det slik at musikk er av natur politisk uavhengig, det er opp til lyttaren Ä tolke, slik at kjensleflammane som blussar opp kan ikkje styrast av komponisten og gjer musikk til ein lunefull og ufÞreseieleg kraft.

Behrens kjem ein dag med ein grammofon som Hans Castorp blir heilt trollbunden av. Han bruker heile dagen og natta pÄ Ä hÞyre pÄ musikk og systematisere og organisere albuma, han utroper seg sjÞlv som grammofonsjef med nykelen i lomma. SÄ skildrar han for oss dei ulike songane han hÞyrar pÄ, for det meste opera, og denne delen var fantastisk Ä lese, eg hÞyrde pÄ den rette musikken mens eg las og leseopplevinga blei for meg lik som dÄ eg las Kongens fald av Johannes V. Jensen. Dei fleste songane handlar forresten om dÞden.

DÄ dei har seanse for Ä finne fram til hinsides Joachim settes det pÄ musikk, og heilt til slutt pÄ slagmarka syng Hans Castorp folkesongen Der Lindenbaum stotrande til seg sjÞlv.

LIKER:

Mijnheer Peeperkorn. Mot slutten dukkar Mijnheer Peeperkorn opp saman med Clavdia Chauchat, og desse kapitla med han er svĂŠrt underhaldande. Peeperkorn er som person kvantitet og ikkje kvalitet, han er karisma utan substans, han snakkar hĂžgt men seier ingenting. Dei drar pĂ„ piknik til ein stor foss der han insisterer pĂ„ Ă„ halde ein tale for fĂžlgjet, men dei fĂ„r med seg absolutt ingenting fordi fossevatnet druknar ut alle orda og han blir ikkje anna en store handgestikulasjonar – men det har ikkje stort Ă„ sei sidan han aldri fĂ„r sagt noko av betydning uansett. Han stĂ„r i veldig kontrast til vĂ„re kjente veltalande mentorer Settembrini og Naphta, men ĂČg fordi han blir ein nĂŠrare ven for Hans Castorp enn dei to andre.

Fluoroskopi. Tidleg i boka drar Hans Castorp og Joachim til Behrens for Ă„ fĂ„ tatt rĂžntgenbilete og fluoroskopi. Det er eit fascinerande kapittel som skildrar ny teknologi som noko frankensteinaktig magisk og overnaturleg. RĂžntgenbileta er nĂ„ ein ting, men denne fluoroskopien, real-time rĂžntgen, er bĂ„de fantastisk og forferdeleg skummelt. Fyrst mĂ„ dei ha alle lys avslĂ„tt og vinduer dekka til, dei mĂ„ vende seg til lyset for Ă„ sjĂ„ med katteauge. Dei mĂ„ vaske auga med mĂžrket seier Hans Castorp og opplever fluoroskopien som eit slags religiĂžst ritual. SĂ„ kan dei sjĂ„ direkte inn i kroppen, og Hans Castorp fĂ„r sjĂ„ Joachims bankande hjarte, ikkje video altsĂ„ – hjarte til Joachim som akkurat nĂ„ stĂ„r rett fĂžre han. Joachim blir skildra som eit levande lik.

Seansen. Heilt mot slutten av boka (og Hans Castorps opphald ved Berghof) blir ei ung dansk jente innlagt og ho stÄr i sÄpass nÊr kontakt med dei dÞde at det blir arrangert seansar. Hans Castorp ynskjer Ä komme i kontakt med Joachim ein siste gong og blir med. Det er ein langtekkeleg affÊre, for det meste sit danejenta enten stille eller stÞnnande som i vear mens alle andre sit rundt bordet Ä ser tolmodig pÄ. Til slutt sett dei pÄ musikk frÄ operaen Faust og ved songens slutt sit plutseleg Joachim i hjÞrnet og Hans Castorp angrar pÄ heile opplegget og stormar ut. Det er ein spennande scene fyrst og fremst fordi det er sÄ ukjent for meg, eg har aldri lest om seansar fÞr trur eg.

Eg har ikkje nemnt det fÞr, men boka er faktisk veldig morosam! Det oppstÄr ofte absurde heilt absurde situasjonar, underhaldande dialogar og fraser, og dei er oppriktig morosame. SjÞlv dÞden blir til tider framstilt pÄ sÄ morosam makaber mÄte, kanskje mest tydeleg dÄ me fÄr hÞyre at folk som dÞr om vinteren blir sendt ned til byen frÄ sanatoriumet med bobbanen!

Thomas Mann er flink til Ä sette namn pÄ folk, namna er stemningsfulle og gir visse assosiasjonar fÞr folk har fÄtt introdusert seg sjÞlv. Dei namna som var med ein gong tydlegast for meg var Chauchat, Behrens, Krokowski og Mijnheer Peeerkorn.

Eg likte alle snĂžskildringane, korleis snĂžen fysisk forvandla dalen og kor innestengde dei blei som resultat. Og eg likte alle dei repeterande ordvala som blei brukt for Ă„ skildre folk.

TIL SLUTT

Eg blir dradd i to retningar av denne boka: det ser ut som ein kritikk av folk som gjer alt anna enn Ä ta del i samfunnet og aktivt former si eiga framtid, men samstundes sÄ er det ein naturleg forteljing om utvikling av sin eigen etikk og moral, ein personleg utvikling som tar tid og som hÞyrer til i ein litt annan Verd enn den verda med Dagleg Arbeid. Det er liksom det at det kjennest bÄde som ein kritikk og det at eg kjenner meg sÄ veldig igjen som pasient pÄ sanatoriet, at eg prÞver Ä finne dei meir dyrebare sidene ved Trolldomsfjellet.

Eg har ikkje sagt sĂŠrleg om dei filosofiske kranglane mellom Settembrini og Naphta, mest fordi eg ikkje er smart nok til det. SĂŠrleg Naphta er forvirrande, eg lurer pĂ„ om det er meininga at han skal vere forvirrande, at han er litt paradoks eller motstridighet av natur. Han er jĂžde/jesuitt/kommunist og snakkar godt og lurt for seg, men alltid ender argumenta hans opp som dei mest absurde meiningar, snart vil religiĂžs overtru fĂ„ sin revolusjon og me vil fĂ„ ein ny medelalder der fornuft og opplysning blir forkasta som ideal. Medisinsk framskritt er ikkje tilrĂ„deleg fordi dei friske er ikkje «milde» med dei sjuke «for sin egen sjelfreds skyld» slik at gjennom ein sosialreform vil dei sunne gĂ„ glipp av sitt viktigaste middel for retterdiggjĂžrelse, mens dei elendige vil bli frĂ„tatt sin status som heilag stand
 Og slik held han pĂ„.

Settembrini er absurd i motsatt retning, men sidan det fell meg lettare Ä oversjÄ hans absurditetar sÄ merker eg ein tendens i meg sjÞlv til Ä berre godtar det han seier. Men eg kan innrÞmme at det er litt i overkant at ein kan gjere dei sinnsjuke friske berre ved Ä glo pÄ dei med «fornuft» nok i blikket, slik som Settembrini pÄstÄr at han har gjort.

Det sÄ mykje i boka som eg ikkje har snakka om og sikkert ikkje tenkt pÄ, og eit siste spÞrsmÄl som eg heller ikkje heilt veit svaret pÄ er: kvifor glÞymer Hans Castorp openbaringa si? Kvifor drar han ikkje, eller kva nytte for han er denne openbaringa? Kjem det til uttrykk pÄ noko som helst mÄte anna enn i siste setning?

TIL NESTE GONG skriv ned det som fÄr meg til Ä le, det musikk-relaterte og repeterande skildring av folk. OgsÄ mÄ eg vere meir obs pÄ kva tid Settembrinis fornuft blir absurd, ogsÄ vil eg ha eit svar pÄ spÞrsmÄlet over.
ORD og FOLK eg mÄ lese litt om fÞr eg les neste gong: kvietisme, dualisme/monisme, materialisme og Änd, fornuft og humanisme. Plotin, Kant, Schopenhauer og Nietzsche.

Til biblioteket