Remembrance of Earth's Past (地球往事)

Forfattar: Liu Cixin

Omsettar: Lars Peder Kallar Devold (norsk bok 1), Ken Liu (engelsk bok 1), Joel Martinsen (engelsk bok 2)

Land og språk: Kina og kinesisk (mandarin antar eg?)

År: 2006, 2008

Trelegemeproblemet (三体) 🗓️

Science fiction er ikkje ein sjanger eg les ofte! Det er vel berre Haikerens guide til galaksen eg lest før, så med ein gong romvesena dukka opp kom eg i ein slik tullestemning. Dei haldt jo på med denne utbrettinga si av proton slik at dei enda opp i all slags fasongar og då var eg med ein gong i Haikeren-universet. Og alt blei så fantasifullt og vakkert. Eg likte best den fyrste versjonen med proton i ein dimensjon der ein såg lysets refleksjon overalt, men kunne ikkje faktisk kjenne noko, men likevel klødde alle i ansiktet på grunn av det. Då var eg der! Eg klødde eg og!

Eg synst eigentleg alt var lett å sjå for seg, det blei nesten som ein film! Og alle gamle kjendisane som dukka opp .. slik kan jo aldri bli gjort tilfredsstillande på film fordi mine eigne bilde av gamlefolk er så klare i hovudet mitt og det stemmer jo ikkje overeins med nokon skodespelar. Men at dei dukka opp i boka, i spelet, var kjempekjekt. Eg las Sofies Verden i vinter og det minna meg svært om det, der òg møtte me jo gammalkjendis etter gammalkjendis.

Det er mykje fokus på syklusar. Ting går frå godt til vondt og til godt igjen. Utan ende. Er dette svært vanleg i kinesisk kunst og kultur? Det er i allefall slik Beretningen om dei tre kongedømma òg startar. Uansett så liker eg det, tanken på syklusar fenger meg veldig, og det minner meg om enda ei bok: Resiliens-boka! Den òg er jo full av syklusar i naturen og samfunnet. System som går frå ein tilstand til ein annan og tilbake igjen (eller til noko heilt nytt, men det kan vel reknast som ein del av syklusen det òg? Ein Syklus i fleire dimensjonar!? Eller forvirrar eg berre meg sjølv no?).

Også er det jo eit slikt tema som får meg til å tenkje: Kva ville eg gjort, kven si side ville eg vere på? Og eg er ikkje heilt sikker. Det er jo ein ting å berre fundere på det og noko anna å leve det. Men dette er berre fyrste del av ei lenger historie så det er litt skummelt å bestemme seg allereie nå når eg liksom ikkje veit alt som er å vete. Fordi eg har inntrykk av (frå internett) at kontakt med romvesena kanskje var verre enn noko me kunne ha funne på mot kvarandre.

The Dark Forest (黑暗森林) 🗓️

Fyrste bok var interessant for all del, men denne var mykje betre! Boka handlar for det meste om at strategiar må utformast for å handtere Trisolaris. Det er utfordrande sidan trisolarisanne kan høyre og lese og forstå alt menneskja gjer, bortsett frå lese tankar. Så strategiane må bli tenkt og ikkje sagt. Uff, så komplisert! Det er dei utvalde strategane einige med meg i. Men det er spennande når moglege planane kan ver såpass store, dei har 400 år på seg og alle verdas ressursar, dei kan altså tenkje stort! Også er siste del av boka 200 år fram i tid der alt ser til å gå susande, heilt til det ikkje gjer det då! Eg må lese siste bok snarast!

Men, kona til Luo Ji var rar. Eg trudde heilt seriøst at ho var ein robot ganske lenge, fordi det var som ho aldri hadde eksistert utanom Luo Ji, og særleg med minne om den identiske draumedama hans i minne så blei kona Zhuang Yan svært unaturleg skildra. Kanskje det var med vilje? Uansett er det ikkje så alt for farleg med karakterane i desse bøkene, dei døyr uansett rett som det er og eg blir ikkje knytt noko til deg. Nokre delar av boka var jo heilt utan karakterar, det er mykje meir fokus på sjølve handlingane enn folka, eg får litt inntrykk at kven som helst kunne vore hovudkarakter – det hadde ikkje forandra historia uansett.

Death's end (死神永生) 🗓️

Dette føltes som nonstop handling, men kanskje mest fordi handlinga famna om ein ganske vidt spenn! Var det nokre millionar år det var snakk om frå start til slutt?! Alt i alt likte eg denne boka svært godt, og at heile trilogien saman var ein skikkeleg spennande historie. Eg er ikkje vand med å lese sciencefiction så eg har lite å samanlikne med, men eg har synst det var så kjekt å leve meg inn i denne framtidsvisjonen, og litt skummelt på ein slik realistisk måte – at me er så små og sjansane til overleving finst nærmast ikkje. Kanskje er boka meir optimistisk enn kva som realistisk er: Salamanderkrigen-boka var ikkje så optimistisk, der hadde dei ulike statane utrydda jorda på eigenhand før Trisolaris hadde fått sjans til avspark frå sin planet.

Eg likte hovudpersonen i denne boka betre enn dei tidlegare hovudpersonane, eller historia hennar i alle fall, det har ikkje vore dei lettaste karakterane å knytte seg til og kjenne. Men eg likte korleis Cheng Xin fekk så mykje makt og ansvar og feila og måtte leve med det(to gonger!). Slikt tragisk og kjipt som eg liker det, også får det meg til å tenkje på andre folk med mykje makt og ansvar oppigjennom historia, det må jo ha vore andre som har tatt gale val og angra, men så var det for seint og mange folk var daude og alt var deira feil. Som regel har folk i røynda fleire enn berre seg sjølv å lite på heldigvis, det må ha vore ufatteleg vanskeleg for Cheng Xin å ha ansvar for praktisk talt ein sluttknapp for heile planeten. Eg likte at det var tydeleg ingen eigentleg klandra Cheng Xin for valet hennar, elles så hadde eg synst det var litt vel mykje menn: gode val, kvinner: dårlege val – stemning (er vel òg pga skeiv kjønnsfordeling), men sida folk held med Cheng Xin så tolkar eg det som om dei fleste menneske er meir gode og håpefulle enn kva Luo Ji og Wade var. Menneska skil seg ut blant romvesena som me møter ved å vere godare. Og det altså til tross for at trilogien starta med vener og familiar som forrådde og drap kvarandre. Universet er skummelt.

Det var vanskeleg å lese med håp for ei framtid for menneska, uansett kva dei gjorde var universet så stort, skummelt og avansert. Bøkene starta med eit opprør i Kina der dei lærde ikkje fekk lære bort eller lære meir, så kom sofonene og gjorde praktisk talt det same med alle folk, og når sofonene ikkje var eit problem lenger så var det som om det gjekk opp for meg i alle fall kor ubetydelege desse menneska er uansett. Ein kan finne opp så mange lyshastighetsskip som helst men det hjelper ikkje mot ein mangedimensjonsromvesen som presser våre tre dimensjoner til to! (Eg berre jattar med når alt vitenskapsnakket startar, jadajada det gir meining 👍) . Eller kva med å berre pakke seg inn i verdas mørkaste teppe, det minner mest om den same undertrykkande scenen frå Kina i fyrste bok der ein legg eit lokk på vitskapen. Men sjølv om det er unaturleg å stenge seg ute frå heile universet så var kanskje den mest naive løysninga å gøyme seg. Hadde vore svært greitt om det hadde funka da.

Det mest interessante og spennande kapittelet var DEFINITIVT det om Singer og utslettelsen av alt liv. Uff, det var så hårreisande – ekkelt i magen men så vakkert på ein måte. Tanken på at det er liv, mykje meir avansert enn oss og som ikkje ensar oss som meir enn støv og seg sjølv som hushalderske.

Anihilation covered the sky of her thoughts like a giant pair of black wings, and she dared not look directly up at it

Til biblioteket