Edda 🗓️

Forfattarar: Ukjente (eldre delen) og Snorre Sturlason (yngre delen)

Omsettarar: Ivar Mortensson-Egnund (eldre delen) og Erik Eggen (yngre delen)

Land og språk: Island og norrønt (i alle fall det Snorre skreiv)

År: i alle fall ikkje seinere enn 1200-tallet

➡➡ Til Edda-ordbok! ⬅⬅

Etter langt om lenge og lenger enn langt så har eg lest heile Edda-boka. Det blei frykteleg mange notat i margen, og ordboka har vakse seg kjempelang. Boka er delt i to, den eldre delen med alle dikta utan kjente forfattarar, og den yngre delen – ein tekst skriven av Snorre (me er på fornamn). Personleg så liker eg dikta best, altså den eldre delen, men Snorre sin del er òg svært kjekk fordi han bidrar med fleire forteljingar. Mange av dikta har ikkje ein ordentleg historie i det heile tatt, det er berre oppramsing av namn og slekt, eller svar på faktaspørsmål om verda og livet og slikt – men på diktform da så klart.

Den eldre Edda

Jo, også er det to ulike typar dikt i den eldre Edda: Det er dikt om gudar også er det dikt om folk som ikkje er gudar. La meg fyrst snakke om dikta som IKKJE handlar om gudar: Kjempekvede kallar mi bok dei. Mange av desse dikta er om same forteljing som forteljinga i soga om Volsungane, altså dei fortel om dei same folka og den same historia - skjønt dei er ikkje heeeilt like (det minner meg litt om at kvar eventyrbok eg hadde då eg var liten hadde sin egen versjon av Tornerose, særleg detaljar om feane varierte). Å lese desse volsungedikta, utan å ha peiling på historia, er som å løyse eit puslespel. Ulike dikt fokuserer på ulike ting, begynner og sluttar på litt forskjellige stader og refererer til greier som om eg burde visst det – men dei fortel aldri klart kva dei snakkar om! Dette igjen er som dei greske tragediane: der handlar ofte spela om dei same historiane og ein går ut i frå at publikum allereie kjenner til folka og handlinga. Har det vore slik med volsungehistoria òg mon? Er det eit folkeeventyr? Nesten eit år etter at eg las Eddaen så las eg Volsungesoga òg, og kjærleikshistoria til Sigurd og Brynhild er ein av mine favorittkjærleikshistoriar Nokon Sinne 💘.

Så var det kvada om gudane, Gudekvede som dei kallar det. Ein del var altså ganske oppramsande og repeterande, men det var fleire meir spennande kvad òg, la meg gå litt igjennom dei eg likte best. Voluspå handlar om korleis verden vart til og korleis verden vil forgå. Det er ganske stemningsfullt når ho (volva eller forteljarstemma) går frå å snakke om den gode og frodige starten til å skildre, steg for steg, tida mot ragnarok. Håvamål er !utmerket! *kokkekyss* til ein råd-for-dagen-kalender. Skirnesmål handlar om at guden Frøy er forelska i gygra Gjerd – forboden kjærleik! Men at det er særleg romantisk kan eg ikkje påstå, Gjerd verker ikkje interessert. I Hymeskvida er Tor på tur til jotnen Hyme, men Tor berre plagar han. Hahaha du Tor, du Tor. Men sånn heilt seriøst. Desse jotnane gjer aldri noko gale (ikkje meir enn gudane i alle fall), men dei er alltid «slemmingane», og gudane slår og dreper dei utan det minste teikn til dårleg samvit – eller gute-jotnane i alle fall. Jente-jotnane – gygrene, har dei ikkje noko i mot å ligge og kose seg med (skjønt dei dreper dei sikkert sidan kjenner eg gudane rett). Desse gudane eig til tider ikkje skam i livet der dei støtt bryt all slags løfter og unnskylder seg med at det er ok å bryte løfta ein har gitt ein jotne. Sikkert gudar… sikkert. Kor var eg? Jo, eg hadde eit dikt igjen eg ville nemne: Loketretta, her kjeftar gudane på kvarandre(eller på Loke og han på dei) og det er kjempeunderhaldande!

Den yngre Edda

Den andre delen, Snorre sin del, er skriven som ein ordinær tekst og handlar omtrent om dei same greiene som dikta. Men den yngre Edda og den eldre Edda er jo skrivne på litt ulik tid og har ulike forfattarar, så det blir kanskje Snorres tolking eller Snorres versjon av desse historiene. Eg antar det uansett ikkje finst ein versjon som er den rette og opphavlege – det er vel litt usannsynleg sida dette er fortalte historier og ikkje skrivne historier. Uansett, Snorre-boy hjelp til med å forstå dikta, kva som skjer og kva dei snakkar om (eller forslag om ikkje anna).

Til slutt i min ustrukturerte tekst vil eg sei at det å lese Edda-boka har litt av ein gledes-kurve, om eg kan kalla det det (frå låg(lite) til høg(masse)). I starten forstår ein ingenting, det er så mange rare ord og uttrykk. Men etter kvart ser ein at ulike dikt refererer til andre dikt, og fyrst etter å lest noko som kjem seinare i boka kan ein forstå uttrykk tidlegare i boka. Det verker ikkje som om det er ein rett rekkefølge å lese desse dikta på slikt at ein kan få med seg alt på fyrste lesing: alle referansar går på kryss og tvers – og ikkje alle referansane er til dikt i Edda-boka heller men til historier andre stader (Grottesongen, vers 22: Rolv Kråke er både sønn og bror til sin mor, og det lærte eg i Ynglingesoga som står i Heimskringla)