La meg samle saman dei ulike stadene eg har fått tak i gratis bøker (frå sofaen – bibliotekdørstokken er ofte for høg for sofagriser som meg). Når eg seier at desse bøkene er gratis så er ikkje det heile sanninga. Fordi du treng både internett og noko å lese bøkene på - i botn og grotn koster alt i livet penger. Kapitalismens fengsel folkens (obs! strøm treng du òg kom eg på nå). Uansett. Gratis bøker er praktisk talt det same som gamle bøker, men folk har skrive bøker - eller slikt som har same funksjon som bøker - dei siste 4000 år (då reknar eg Gilgamesj som den fyrste roman sidan Wikipedia seier det). Altså, det er mykje å velje mellom. DOG! teller ikkje gamle bøker som har blitt omsett i nyare tid naturlegvis. Desse er altså sider som eg sjølv har brukt og kan anbefale.

Project Gutenberg

Om du aldri har høyrt om Project Gutenberg då antar eg at du ikkje er særleg interessert i gratis bøker på nett. Fordi Project Gutenberg er megastandard. Dei har ein haug med gamle bøker, på fleire språk, men for det aller meste på engelsk.

📚

Nasjonalbiblioteket

La nasjonal-biblioteca har heilt psyko-mange bøker. Dei er fullstendig forferdelege å lese på datamaskin, men ikkje ille i det heile tatt på nettbrett, det fungerer veldig bra faktisk. Ein kan dessverre ikkje laste dei ned til lesebrett, men me får heller vere takknemlege for at nokre stakkarar har skanna tallaust med sider og lasta dei opp på nett. Eg hadde blitt gal. Men seriøst, dei har så mange ulike bøker! Eg har lest dritmange kokebøker frå lengesiden og har så lyst til å teste oppskriftene, men eg har endå ikkje prøvd. Ein god del av oppskriftene startar omtrent så: «Tag 20kg kjøtt…» eller «Tag 40 egg…», for meg som føretrekk å laga kjøtlaus mat er desse gamle kokebøkene heilt ubrukelege. Men veldig spennande. Eg skal sei ifrå om eg ein dag lagar noko, eg lovar. Også har dei haugevis med gamle quiz-bøker, som eg personleg er svært glad i. Einaste advarsel er vel at bøker skrevne før år 1900 ofte bruker slik snirkelsnorkel uleselege bokstavar ... det går seg jo til, men det tar TID!

📚

Bokselskap.no

Velkommen til ei side med eit veldig lite utval, MEN, du kan laste dei ned til lesebrett (eller det du vil, du kan sikkert printe dei å snekre di eiga bok om du absolutt vil. Bokbinding verkar for så vidt interessant.). Så det er jo ganske fantastisk. Desse er norske bøker, og synet av alle desse gamle forfattarane på same side vekker nokre skule-norsk-mareritt i meg, men eg pakkar alle dei negative assosiasjonane ned i ein liten boks og brenn han opp. Gammal norsk litteratur er kjekt det òg når ein les det av eigen fri vilje.

📚

Litteraturbanken

Kan eg freiste med litt svensk litteratur? Då er det mykje svensk litteratur på denne sida her. Eg skal ikkje påstå at eg er ein storforbrukar av litteraturbanken.se, den er meir nyoppdaga for meg. Eg har berre lest ei bok(drama) frå der, «Fröken Julie» av August Strindberg, og om eg ikkje kan anbefale boka(dramaet) så kan eg i alle fall anbefale denne sida. No må eg altså berre finne nokre svenske forfattarar å interessere meg for! Har du eit forslag?
P.S. Dette er ei veldig vakker side med tipptopp brukervennlighet.