STIKLINGAR

Å lage stiklingar av ein plante vil sei å kutte av små bitar og la dei få vakse opp til ein ny eigen plante. Den avkutta biten kan vere stengel, blad eller rot. Også finst det vevskultur-metoden som blir gjort i sterile tilstandar med hormon i løysning, men eg er spektakulært dårleg og slurvete på labarbeid så det er det vel best eg ikkje prøver meg på til tross for at det ser kjempespennande ut! (Eg vil gjerne anbefale youtubekanalen Plants in Jars som driv med vevskultur). Det er stiklingar av stengel eg har erfaring med, så derfor har eg heller ikkje tenkt til å sei stort meir om blad- og rotstiklingar.

PS! Alle bilder kan klikkast på og bli gjort større! 🔍🥸

Korleis stikke: Stikk stikling i potte med fuktig jord eller glas med vatten. Vent til røtene dukkar opp.

Stengel

Stiklingar er årsskott, det vil sei dei er vekst frå dette året (eller sommaren som var om ein tar stiklingar i februar). Ein kan altså ta stiklingar både om sommaren og om vinteren, om sommaren er stiklingane alltid ein plantedel i vekst, men om vinteren kan ein ha stiklingar både frå planter i vekst og planter i kvile. Det er fordi dei vintergrøne plantene ikkje kviler om vinteren slik som dei lauvfellande og stiklingane vil naturlegvis sjå like ut som sommarstiklingane.

Stiklingar som vart laga av grøne stenglar med blad vert kalla skottstiklingar mens stiklingar frå bare kvistar er kviststiklingar.

Ein bør kutte av stiklingar under ein knopp/blad (fjern blad!) fordi der er det lettast for stiklingen å lage røter. I eit slikt område er det allereie mykje celler som deler seg og hadde tenkt å bli noko, no skal dei få lov til å bli røter i staden for blad og skot. Sjå elles boka eg linkar til under, den skildrar alt litt finare enn meg.

Det er ikkje berre årstida som har noko å sei for stiklingen men òg kva del av årsskotet: nokre får røter lettare om ein bruker øvre del andre nedre del, her er ein kalender for kutting stiklingar som viser kva del som skal brukast for best resultat, s. 159-64

Skottstikling

☀️: Årsskott i vekst
❄️: Årsskott i vekst

Årsskott er skot frå dette året, eller om det er vinter: sommaren som var. Det er den veksten som ser yngst ut.

🍃≥ 1 blad, 4-8cm lengde, 🌸 ingen blom

Grunnen til at dei må ha minst eitt blad er for fotosyntesen si skuld: i blada finst kloroplast der planta brukar CO2, vatn og energi frå sola til å produsere sukker, O2 og vatn. Planta treng sukkeret for å overleve, sukker er energi.

Grunnen til at det ikkje er ein fordel med mykje blad er tredelt: Om blad er borti stikkemediet kan dei rotne, ein større plante har større energibehov, og kanskje viktigast så vil blada føre til vasstap.
Under blada finst små opningar kalla stomata der gassar og vatn kan bevege seg inn og ut av planta. At vatn kan fordampe ut av blada er ei ulempe for ein stikling. Ein kan ikkje be stiklingane om å vennleg lukke stomata, men ein kan tilby eit miljø med høg luftfukt. Om lufta er like metta på vatten på utsida av stiklingen som inni så kan ikkje vatn fordampe.

Planta ein tar stiklingar frå kallast morplante og må vere frisk og saftspent, ikkje vissen og slapp, for å gi gode stiklingar.

Når ein kuttar stiklingar så har dei jo ingen røter til å begynne med. Då må dei altså klare ta opp alt vatn med sjølve stengelen og det er han jo ikkje heilt meint til, så då hjelper det mykje om morplanta i utgangspunktet er saftspent.
For å halde på vatnet er det i tillegg praktisk å dekke til stiklingane med plast slik at luftfukta blir høg: om luftfukta er 100% klarer ikkje planta miste noko vatn.

Kviststikling

❄️: Årsskott i kvile

Årsskott er stadig vekst frå sommaren som var, men på planter i kvile kan det vere litt vanskelegare å finne fram til dei rette skotta. Desse plantene var kanskje grøne og mjuke i sommar, men om vinteren er dei blitt brune og harde og årsskotta skil seg mindre ut. Årsskotta er kanskje litt lysare, litt finare og sit i enden på eldre greiner og kvistar om ikkje dei har komme rett opp av jorda.

🍃🌸ingen naturlegvis…, 15-20cm lengde, 🍼vekstpunkt/knoppar: ja takk.

Kviststiklingar kan ein kutte når som helst mens planta er i kvile. Ein kan kutte på hausten og stikke stiklingane direkte i jorda, eller ein kan kutte om vinteren og stikke stiklingane i potte til våren. Om ein plantar stiklingane direkte ut om hausten må dei få nok tid på seg til å klare overvintre, og om ein sparar på dei til utplanting seinare så må ein lagre dei ordentleg: kaldt og fuktig, t.d. pakka i vått papir i ein pose i kjøleskapet. Det er ein treigare metode, men sida desse stiklingane ikkje har blader treng dei mindre stell og påpassing.

Etablering

Stiklingen treng røter for å ta til seg vatn og næring. Røter som spring fram frå ein stad som ikkje var rot frå før, t.d. ein stengel, kallar me adventivrøter. Adventiv betyr framkomst: noko kjem som ikkje var der før. Adventivrøter blir laga av udifferensierte celler som har evna til å bli nesten kva som helst, ganske likt våre stamceller. Når stiklingen blir kutta av vil han naturleg dekke til såroverflata med eit vev av udifferensierte celler som ein kallar kallus. Nokre stiklingar kan trenge at ein «sårar» stengelen litt ekstra, altså skjærer vekk litt bark og blottlegg kambiet. Kambiet er stengelens delingsvev.

Stengel i vatn/våt jord kan fort rotne så lenge han ikkje har røter, men kallus hindrar rotninga. Jorda, eller stikkemediet, bør ikkje vere våtare enn at ein kan lage ein klump utav det. Stikkemediet treng ikkje ekstra næring så lenge stiklingen ikkje har røter, men ho må vere luftig – ikkje kompakt. På skulen har me blanda jorda med perlite og deretter pakka jorda godt saman, då vil perliten gjere at jorda likevel ikkje blir kompakt men er full av porer for luft og drenering.

Kor lang tid det tar å danne røter varierer med stiklingstype og plante. Urteaktige stiklingar kan danne røter i løpet av ei veke, mens vedaktige kan trenge eit heilt år! Men det varierer altså.

Mine erfaringar

Det er generelt vore lettare for meg å få røter av skottstiklingar i eit glas med vatn enn rett i jorda, i alle fall hurtigare. Det er òg lettare å sjå røtene i vatn slik at eg er jo ikkje heilt sikker på kva som skjer med stiklingar i jord. Stiklingar av urter har stått i vinduskarm mot sør og det har fungert fint, men eg har òg hatt dei i minidrivhus i vinduskarmen og då går det svært fort! Eg har ikkje passa særleg på om dei har hatt det for varmt eller fått for mykje direkte sol, dei har berre stått i vinduskarmen og fått påfyll av vatn når dei treng det. Eg får følelsen av at røter som blir laga i vatn er svakare enn dei som er laga i jord, det gir jo litt meining: det er vanskelegare å vekse fram i jord enn i vatn og røtene har naturleg blitt sterkare. Derfor har eg alltid planta vassglas-stiklingane i ei potte med jord før eg har planta dei ut.

Blåbær

Eg prøvde meg på blåbær fyrste gong i sommar, så eg må oppdatere seinare. Eg har to stiklingar i ei potte med fuktig jord (vanleg plantejord) med pose over og satt potta ute på terrassen litt i skjul for sola – ved sida av ein busk. Stiklingane har to halve blad kvar.

Or

Eg tok tre kviststiklingar av or (svartor) i haust og satt dei i same bøtte med jord og sand, og eit tjukt lag sand på toppen. Eg hadde tilfeldigvis ein god del sand eg måtte få brukt til noko så då blei det mykje sand i bøtta. Bøtta har stått på terrassen i fred i trekvart år og to av stiklingane har utvikla blad og skott. Dessverre har skotta sett litt skrøpelege ut i det siste.

Oregano

Oregano har eg hatt som stikling i eit glas i vinduskarmen der ho fekk greitt røter, sida flytta eg ho i potte og så planta eg ho rett nedi jorda i hagen berre for å ha ho ein stad. Eg hadde heilt gløymt ho ut men så dukka ho opp i år og har blitt ei lita tue.

Peppermynte

Peppermynte lagar røter før du veit ordet av det. Eg trur ikkje det er behov å stresse noko med desse stiklingane: berre kutt og stikk kor som helst (i potte helst fordi ho spreiar seg som berre det!).

Rips

Ripsstiklingar skal vere kviststikling av toppen av eit årsskott. Eg tok kviststiklingar både før og etter eg lærte korleis ein riktig kviststikling ser ut, og eg stakk dei litt ulikt. Nokre planta eg i bøtte i haust, nokre sparte eg på til våren og planta i potte då, og nokre fekk stå i eit glas med vatten. Eg synst eigentleg alle metodar fungerte, men det er litt tidleg å sei endå med ripsen fordi dei har alle utvikla seg så treigt. Eg har planta dei ut nå på sommaren.

Rosmarin

Seriøst verdas treigaste plante!!! Eg blir gal! Det tok litt tid før stiklingane fekk røter, eg trur dei fekk stå i minidrivhuset, men etter at dei kom i potter så har dei kvilt i snart eitt år trur eg. Det ser ikkje ut til at dei har tenkt å bli stort høgare enn typ. 10 cm 🫠

Sitronmelisse

Sitronmelissestiklingar fekk fint røter bade i glas og jord. Eg gjorde det i fjor og eg burde verkeleg ha tatt litt notat for eg hugsar at dei utvikla seg i litt ulikt tempo, men eg hugsar ikkje detaljane. Eg trur sluttresultatet var uansett likt. Det som var mindre fordelaktig var at hadde sitronmelisse ståande i utestova heile vinteren og forskjellen på den og sitronmelissa som stod utandørs var stor. Det kan jo ha vore mangel på næring, men utandørsmelissa såg mange gonger friskare, grønare og større ut enn den som stod inne. Begge var altså i potte, men den som stod utandørs hadde ei større potte.

Solbær

Solbærstiklingar skal vere kviststiklingar frå basis av årsskott, det vil sei at enden på årsskotten skal kuttast av. Eg har prøvd litt forskjellig med desse stiklingane (akkurat som ripsen): Dei fekk overvintre ute i potte, dei fekk blei utplanta om våren, dei fekk stå i vatten, og alt fungerte eigentleg. Og solbær ser ut til å få røter svært lett, lettare enn rips og stikkelsbær. Omgjengeleg plante.

Dei stiklingane som overvintra er desidert dei mest herda plantene, mens dei som blei planta i potte etter å ha fått røter i vatten fekk noko heftig med skott: Lange grøne stenglar rett i været fulle me blader! Svært vakre, men svært lett for dette av – det er som om skotta heng fast på kvisten med dei svakaste band mogleg. Eg satsar på at dei herdar seg sjølv til været etter kvart, skott kan vel vekse ut på nytt om dei dett av. Skotta som har falt av har eg satt i eit glas med vatten…

Stikkelsbær

Stikkelsbær tok eg kviststiklingar av i haust då eg klippa busken. Dette var før eg hadde satt meg særleg inn i kviststiklingar så eg veit ikkje heilt kva kvist det er eg har stappa i ei bøtte med jord, fordi det er ikkje mykje som ser ut til å skje. Dei fekk altså overvintre ute. Det har dukka opp blader (som blei nesten spist opp av ein åme 😡) men ingen skott.

attande