Herodots historie (Ἱστορίαι) (bok 1) (bok 2) 🗓️

Forfattar: Herodot

Omsettar: Henning Mørland

Land og språk: Hellas(Halikarnassos) og gammalgresk

År: 430 fvt.

Herodot skreiv denne boka si for ganske lenge sidan. Det er vel om lag 2500 år sidan – lenge sidan men samstundes òg lenge etter dei eldgamle pyramidane blei bygde. Leksikonet seier at ordet historie på Herodots tid ikkje betydde ‘historie’ slik me bruker det, men ‘undersøkelse’. Og det er vel litt slik det kjennest og. Eller her er korleis det kjennest: Hovudtemaet er Persarkrigane: land for land som blir lagt under persarkongen, det joniske opprør, slaget ved Maraton, Xerxes krysning av Hellesponten og slaga Termopylae, Salamis og Plataiai (eg trur dette er eit greitt samandrag av handlingsforløpet). Men mesteparten er ikkje dette. Mesteparten er skildringar av ulike land og folkeslag og deira kulturar. Det er svært spennande.

I introduksjonen er forresten alle desse anekdotane snakka om i allereie fyrste setning, la meg gi eit sitat av eit sitat: « Selv Alexander Kielland lar i «Gift» de bleknebbede peblinger undertiden «le af en morsom Anekdote hos Herodot» ».

Det er altså ein god del anekdotar om alt som interesserer Herodot, og han interesserer seg for mykje, særleg ulike skikkar hjå folk. Han er eigentleg heilt herleg open for kulturar andre enn sin eigen, og viser betre skjønn enn mange folk av i dag:
«Dersom man ville pålegge alle mennesker å velge ut de beste skikker blant alle, så ville nok enhver etter å ha tenkt seg om velge sine egne».

Og i tillegg, mens me er her: så smelta eg heilt då han Herodot sa at militærdama Artemisia fylte han «med største beundring» 😍. Kanskje ganske litt fordi eg har lest på Njåls saga ei stund nå og alle kvinnene der er heilt forferdelege og vonde og slemme og ekstremt hemngjerrige. Eg har ikkje noko inntrykk i det heile at Herodot ser noko særleg ned på kvinner, han synst berre at alt er interessant. Veldig nyfiken type.

Den norske omsettinga var veldig god, den anbefaler eg: lett å lese og forstå. I tillegg blir mitt favoritt-uttrykk brukt: «Gi en god dag i» så det er både pluss og meget bra ⭐! Det vanskelegaste er å henge med geografisk, men eg brukte ein GOD DEL kart. Eg har linka til alle dei karta eg har brukt.

Dette er ei bok eg gjerne skulle hatt i ordentleg fysisk versjon for å kunne hoppe litt rundt frå her til der. Markert det eg likte best kanskje. Boka gir eit så omfattande bilde av verda for 2500 år sidan på grunn av alle desse anekdotane om kultur og geografi, det er nesten som eg er der. Historia om krig og slag og opprør er ikkje så spennande, slikt kan ein jo lese seg til på wikipedia om ein er så interessert, det er anekdotane som gjer boka. Alle historiene Herodot får høyre av folk han møter og han fortel til oss, foreviga! Til tross for at han seier sjølv at han ikkje trur på alt han blir fortalt, og det held eg vel kanskje litt med han i, det er ganske mykje rart han kjem med. Men eg leste boka med eit opent sinn og tviler ikkje på at folk pleide bygge små kjerrer til sauene sine så dei feite og lange halane ikkje blei dratt nedi jorda då dei vandra omkring.

Kart


Videoar frå ein av mine favoritt youtube-kanalar: Smarthistory

Frå Persarkrigane si tid:

Frå Herodot si tid:


FIN


Til biblioteket