Does Foreign Aid Really Work? đŸ—“ïž

Forfattar: Roger C. Riddell

Land og sprÄk: Storbritannia og engelsk

År: 2008

Det var ein gong eg hadde i heimelekse Ă„ lese ei bok, og sĂ„ gjorde eg det aldri. Men no har eg gjort det! Omrent ti Ă„r for seint, men betre seint enn aldri. SkjĂžnt, akkurat som med boka ‘Linking social and ecological systems’ sĂ„ lurer eg heile tida pĂ„ om ting har forandra seg eller ikkje sida dei blei skrivne. Er informasjonen relevant i dag eller er det meir ei historiebok? Eg veit ikkje. Men noko eg i alle fall fekk inntrykk av er at no endeleg (2008) har folk innsett at effektiv bistand krev at mottakarland er inkludert i heile prosessen, og det funker ikkje om donorlanda skal styre og bestemme alt (ikkje at det nĂždvendigvis funker om mottakarland styrer og bestemmer alt heller, men 'bistand' ser ut til Ă„ ofte vere eit tapsprosjekt der ein bare hĂ„per og ber at i alle fall noko gjer meir nytte enn skade - det er mitt inntrykk i alle fall). Men at det er viktig at mottakarland fĂ„r bestemme sjĂžlv var allereie velkjent frĂ„ Pearson Comission’en frĂ„ 1968 (som sjĂžlv litle eg lĂŠrte om pĂ„ universitetet sĂ„ den mĂ„ vĂŠre svĂŠrt velkjent for dei fleste som arbeidar med bistand). AltsĂ„, det har vore visst lenge men ingen har brydd seg sĂŠrleg fĂžr 2000-talet. TTT og det som er populĂŠr tankegang i dag har sikkert vore populĂŠr tankegang fĂžr. Intet nytt under solen og den slags.

Hovudinntrykket mitt av heile bistand-verdenen er at det er eit stort rot! Det er uendeleg med organisasjonar og prosjekter, men samarbeid er det lite av. Land er gjerne ute etter Ä breie rundt om seg sine eigne interesser enn Ä hjelpe andre land hjelpe seg sjÞlv. Og fÞr noko prosjekt blir gjort ordentleg ferdig og evaluert og brukt til Ä lÊre av for framtida sÄ er dei allereie fem-seks prosjekter fram i tid.

«Konkurranse speler ein stor rolle, sÊrleg nÄr det gjeld idéar»

Eg mĂ„ fyrst berre sei at eg hadde altfor fĂ„ knaggar i hovudet mitt til Ă„ fĂ„ med meg alt og forstĂ„ alt. Dessverre, men det er det lite Ă„ fĂ„ gjort med nĂ„. Eg las og tenkte sĂ„ godt eg kunne. Det var likevel overraskande (!) interessant, i alle fall nĂ„r eg berre godtok at nĂŠrmast kvar diskusjon enda med: ‘sidan det generelt manglar data/informasjon om alt er det vanskeleg Ă„ trekke nokon ordentlege konklusjonar’.

🐝🐝🐝

Organisasjonar og offentlege grupper som driv med bistand er ikkje sÊrleg interessert i Ä publisere kor dÄrleg prosjekta deira gÄr, dei vil heller understreke at mykje fungerer. Men sjÞlv om mykje fungerer, sÄ er det jo ganske sÄ langt i frÄ alt, men i boka stÄr det faktisk at blant folk som er klar over slike realitetar er stÞtta for bistand framleis stor!

«Bistandsorganisasjonar forsterkar sjÞlv trua pÄ at bistand mÄ vÊre basert pÄ bevis pÄ suksess og at donorane har makt og moglegheit til Ä fÄ bistand til Ä fungere»

«Om ein hadde gitt folk eit betre bilete av kva bistand gjer og kan gjer, sÄ ville ikkje bistands-floppane vore grunn god nok for Ä sei at bistand er ein dum idé som ikkje fungerer»

Forfattaren seier ĂČg at folk som er positive til bistand ofte ikkje veit nokon ting om kva deira eiget land gir og til kven. 🎯Eg kjente meg igjen... sĂ„ her er informasjon om bistand frĂ„ Norge i Ă„ret 2020, tatt frĂ„ Norad: Norge gav 39,5 milliarder NOK fordelt slik: 63% til generelle greier, og resten fordelt pĂ„ ulike land. Her er topp fem land: Syria, Afghanistan, Etiopia, SĂžr-Sudan og Palestina.

🐝🐝🐝

Eg mĂ„ innrĂžmme at det er vanskeleg Ă„ ikkje prĂžve skrive ein miniversjon av boka: «Dette har eg lĂŠrt: » Men det skal eg ikkje gjere, det fĂ„r vere grenser. Men det er fleire greier eg har notert meg som eg syntest var interessant og som eg ikkje har tenkt noko sĂŠrleg pĂ„ fĂžr (Eller i alle fall kan eg ikkje hugse at eg har tenkt pĂ„ det fĂžr):

Men alt dette er meir interessant i boka, for forfattaren gĂ„r sĂ„ grundig til verks. Han er ikkje redd for Ă„ repetere seg! SjĂžlv om det er vanskeleg stoff sĂ„ tilbyr han det med teskei. Det er ein slags tran kan eg vel sei. 🐟

«SĂ„ det sentrale spĂžrsmĂ„let er ikkje ‘Fungerer bistand?’ men heller ‘Korleis kan bistand bli betre?’»

Til biblioteket