Ild og Sverd (Ogniem i mieczem) 🗓️

Forfattar: Henryk Sienkiewicz

Land: Polen (Kongress-Polen)

År: 1884


Fleire sitat her

Ein må vel starta med det kjipaste: Og det er at dei norske omsetjingane av Ild og Sverd (og dei to andre bøkene i trilogien ‘Trilogien’) er ganske så forkorta. Boka eg las (frå 1902) er på 421 sider, mens den amerikanske omsetjinga er på over 1000 sider (og den polske boka eg fann på Amazon var på 800 sider? 🤷‍♀️). Snl.no seier i artikkelen om forfattaren: «De norske oversettelser av Sienkiewicz' verker er i stor utstrekning forkortet og gir ikke noe adekvat bilde av originalene» 💔 . Så derfor blir min tekst her basert på den korte norske utgåva (frå 1902, den frå 1952 VAR ENDÅ KORTARE!)

La meg starte med innleiinga. Den finst ikkje. Derfor måtte eg ta eit djupdykk i pols historie på wikipedia og Youtube. Så nå er eg praktisk talt ekspert. Det er to viktige ting å vite om (gjelder dei fleste bøker): Tida handlinga er lagt til og Tida boka blei skriven på. Handlinga er lagt til 1648 då Polen-Litauen (som det heit den gang) var eit megaland med megamakt. Kanskje var Polen då på sitt mest imponerande? Då boka blei skriven så fanst ikkje noko Polen. Polakkar fanst jo, men sjølve Polen var blitt fordelt mellom nabolanda. Det var nok ein syrgjeleg stemning blant polakkane den gong, og wikipedia seier at boka var meint til oppmuntring.

Skjønt eg ikkje har noko særleg forhold til Polen var boka oppmuntrande for meg! Det er ein svært underhaldande historie me får vere med på og han blir fortalt på ein svært levande måte. At boka er blitt film skulle berre mangle! Men eg lurer jo på kva det er dei har utelate frå den norske omsetjinga…

Då eg las blei eg mint på to av mine favorittbøker: Romansen om dei tre kongerike (som eg òg dessverre berre har lest i ein forkorta utgåve) og Krig og Fred (som eg nå har lyst til å lese om igjen…). Er dette ein sjanger? Bøker om krig frå før 1900-tallet (og ikkje amerikansk borgarkrig) er kanskje min favoritt-sjanger. Eg mottar med glede tips om fleire bøker i denne sjangeren!

På ein måte er dette ei bok om Polen(heltane) mot kosakkane som gjer opprør(skurkane). Men kosakkane, eller i alle fall leiaren deira (eg er litt usikker på hans status som kosakk), er eigentleg ikkje skildra så barbarisk og urimeleg som ein kanskje kunne vente seg. Chmelnitski (på norsk wikipedia stava Khmelnytskyj (fordi han er basert på ein ekte person)) seier at:

Jeg søger ikke Krig mod Kongen, ei heller Krig mod Polen! Landet er vor Mor, og han er vor Far. Kongen er en mandig Herre, men Smaakongerne – med dem er det umuligt at leve sammen; deres Udpresninger, Skatter og Paalæg af alle mulige Slags, det Tyranni, de udøver gjennem de jødiske Agente, skriger paa Hevn.
Hvilken Tak har den zaporogiske Hær faat for de store Tjenester, den har gjort i Krigstid? Hvor er Kosakkernes Privilegier? Kongen gav os dem; Smaakongerne tog dem fra os.

Eg les for tida Konfutse sine Samtalar og han klagar på dei ulike distriktssjefane som ter seg som kongar – sjølv om dei ikkje er kongar! Konfutse seier at embetsmenn skal tene sin fyrste med plikttruskap(III,19)! Og han akkar seg for kor dårleg alt står til når det blir sett ned på at folk gjer jobben sin ‘ordentleg’ (eller «ifølgje Sedvanane» som Konfutse seier): «Å tena sin fyrste heilt ut ifølgje Sedvanane, det tek menneska for å vere smisking»(III,18). På ei anna side kan det(det=den polske adel-foreininga) vere ein slags (ein slags) form for demokrati, og det har sin wikipedia-artikkel kalla Golden Liberty (som eg berre skumma ☁️).

Appropos Chmelnitski, sjølv om han er ‘skurken’ er det vanskeleg å ikkje like han – han er så tøff og flink og modig og …ja for ein fyr! Han er sur fordi han har fått alt sitt land og hjem stjåle frå seg av adelsmennene og sin son drepen og om eg har forstått det riktig så har han fått brev med godtgjørelse frå kongen men dei breva er i Chmelnitskis hjems nye adelsmann-husbonds varetekt. Og adelsmannen vil knapt vedkjenna breva! Var det forståeleg? Det er ikkje så viktig, poenget er at Chmelnitski synst den polske adelen misbruker si makt og det vil han ha slutt på! Og ingen kan stoppe han:

Han toget videre uden Ophold; frem drog han gjennom Oprør, Blodbad, og Brand, men Ruiner og Lig merket hans vei. Han raste frem som et Sneskred og ødela alt omkring sig. Han stormet afsted som en hevnende Aand, et Eventyrvidunder; hans Skridt presset Blod frem, hans Aandedræt tændte Ildebrande.

Det er òg ein romanse i boka som eg håpa har blitt særdeles forkorta i den norske omsetjinga for den var… svak. Ho kan eg forstå, fordi ho er i ein slik Askepott-situasjon, men Han… ? Dei har møttest ein gong og hans kjærleik veit plutseleg ingen grenser! Ikkje at ho har nokon større rolle i boka enn at ho finst som ein lengsel for heltens hjarte.

Alt i alt var det ei svært fornøyeleg bok med mykje action og morosame figurar. Dei er ein vennegjeng på fire og eg liker dei alle saman (pluss tenesteguten til Pan Jan, han likte eg svært godt!). Eg skulle eigentleg tenkje ut kven eg likte best, men alle! Eg likte dei alle best! Dessverre ser eg ikkje for meg at eg leser dei to resterande bøkene i den norske omsetjinga, då vil eg heller lese heile sulamitten i den engelske versjonen – men det blir nok ikkje med det fyrste.

PS. ein liten MorosamFakta til slutt er at fyrste nemning av vodka* kjem med stjerne og ei forklarande fotnote!



Til biblioteket
Til toppen