SOPIHOPEN

Her er alle slags bøker eg ikkje har nok å sei om. Nokre er bøker eg likte, andre er bøker eg ikkje likte, men uansett var det ikkje nok inspirasjon til fyldige tekstar: så om eg putter dette i hovudbiblioteket så vil eg berre synst det forsøplar. Det kan godt vere dei bøkene eg ikkje har likt er bøker eg berre ikkje har forstått, eg er ofte redd for det. jaja. Denne seksjonen er av svært låg kvalitet. Ingen innhaldsfortegnelse, ingen informasjon anna enn forfattar og tittel, og ingen linkar til andre stader. Og heller ikkje særleg kvalitet på skjølve innhaldet. Det er mest så eg kan prøve å ha nokre tankar om bøker eg har brukt tid på så det ikkje er heilt bortkasta. Eg leste forresten boka Momo forleden og eg tror ifylgje den vil denne tvangsskrivinga for å hindre bortkasta tid i seg sjølv vere bortkasta tid. 💥🧠💥

Det nyaste kjem øverst, og om du held pila over tittelen kjem datoane fram då eg skreiv teksten

Los habitantes del aire

Forfattar: Holly black

Omsettar: Jaime Valero Martínez

Eg hadde ikkje større forventningar til boka enn at eg var mykje eldre enn målgruppa, men eg var særdeles underhaldt! Boka stal nattesvevn frå meg 💤. Det blei litt kollaps mot slutten eg må innrømme det, det dukka opp ein slange utav det blå, Cardan gløymte ut at han skulle vere både cruel og malvado, og blei heller ein liten søtnos, og eg ville så gjerne vite meir om … alt eigentleg. Men eg blei aldri særleg irritert av nokon og det er eit megapluss (bortsett frå at Cardan insisterer på å ha kruna si på snei og at både han og Jude reagerte negativt då folk vegra seg for å bukke og neie på dei). Eg klarte ikkje å mislike verken Madoc eller Taryn, dei hadde sine eigne liv og mål som dessverre gjekk litt på tvers av Jude sine. (Og Jude minna meg litt om YA-versjonen av Felisin frå Malazan-bøkene).

Som om jeg ikke fantes

Forfattar: Slavenka Drakulić

Omsettar: Kirsten Korssjøen

Eg visste ikkje kva eg gjekk til med denne boka. Ho er hjarteskjærande og opprørande! Og eg gråt litt. Eg las ho rett etter Euripides sin «Trojanerinnene», og dette var jo nesten som ein fortsetting. Det var ofte eg begynte å tenkje på korleis livet verkeleg var for alle Trojanerinner opp igjennom historia. At folk er så grufulle og har vore slik sidan alltid. Er det ein eigenskap å halde på? S. tenkte ofte på kven som er skyldige og uskyldige, kven som er frie og kven om er fanga av krigen. Ho er ganske nådig og imponerer meg ofte, men spørsmåla ho stiller er så store at eg klarer ikkje heilt å bli einig med meg sjølv, skjønt eg vil òg helst ver nådig.

U3

Forfattar: Kjartan Fløgstad

Eg likte skrivestilen, men eg kunne ikkje fordra dialogen (alle snakker så innmari teit: det er så mange gammelmann-vitsar til tross for at gutane i boka er i 20-åra eg blei litt gal, og er det ikkje kleine vitsar så siterer dei dikt?), og sjølve handlinga må eg innrømme var svært uinteressant for meg.
Eg synst det var vanskeleg å forstå handlinga. Kvifor drog Alfemann til Mexico for å finne sekretæren? Kva hadde Alfemann med kaldkrig og USA og Sovjet å gjer? Er han liksom både stor i sin lille verden, men ubetydelig i den store? Akkurat som Norge? Eg satt igjen med svært lite etter å ha lest boka, eg trur det må ha vore for komplisert for meg eller noke.

Hundehjertet

Forfattar: Mikhail Bulgakov

Ei kort bok om ein hund som møter ein dyrlege. Akkurat som med Mesteren og Margarita merka eg raskt at eg kjem ikkje langt utan å sjå boka i perspektiv av 20-tallets Russland. For boka er jo meir enn ein forteljing om ein hund. Eg såg både ein youtube-video om boka som var til god hjelp i tillegg til etterordet i boka. Sida eg allereie hadde lest Mesteren og Margarita så hadde eg jo alt lest litt om Bulgakov og samfunnet han levde i før. Utanom dette var boka kjekk og fantasifull og hundetankane synst eg var svært hundete. Dyrlegen, eller professoren, var kanskje det nærmaste ein kom ein menneskeleg helt, men han fekk likevel lov til å vere passe irriterande og ufordrageleg (men eg synst han gjorde opp for det fleire gonger, eg likte då han ikkje ville gi til velgjerdsarbeid, men brukte masse pengar på ho kjærasten til Sjarikov.)

The Sport of the Gods

Forfattar: Paul Laurence Dunbar

Ein svart familie frå sørstatane i USA blir klandra for ran og må flytte til New York der dei treffer ein del tvilsamme folk og alle lever ulykkeleg alle sine dagar. Eg liker jo eigentleg realistiske tragediar som dette – men eg blei ikkje heilt overtyda av skrivestilen, det var ikkje heilt for meg, det blei litt upersonleg, som om forteljaren fortalte vidare ein historie han hadde høyrt av andre. Men ein ting som eg likte svært godt var at folk (i alle fall dei svarte) hadde sin dialog skriven på dialekt. Det var litt utfordring for meg men det var vel verdt det!

Før plogen din over de dødes knokler

Forfattar: Olga Tokarczuk

Ei bok ei litt eksentrisk dame og nokre mystiske dødsfall. Eg blei heilt bergtatt av dei forteljarstemma og alle idéane til hovudpersonen at det gjekk meg litt hus forbi at det var noko mysterium å løyse. Eg er ikkje av typen som tenkjer meg til sluttane lenge før, eg kjem liksom ikkje på at det er nokon slutt å føresjå men heller berre blir med dit boka fører meg. Her var det mykje vinter og snø og døde dyr og kallenamn. Ein hovudperson som eg synst var lett å like og å sympatisere med sjølv om eg absolutt ikkje forstår meg på hennar hovudinteresse, astrologi. Ho har sterke meiningar om mykje og kan fort verke litt rar og gal, og likevel ender eg med å vere einig i mykje! Eg vil lese meir av denne forfattaren. Og det er nesten så eg blir inspirert til å lese William Blake, eg er berre redd det ligg litt for høgt for meg.

Søvn: ei kulturhistorie

Forfattar: Bjørn Sverre Hol Haugen

Overraskande spennande bok om søvn! Eg måtte spørje mor mi heile tida om ho kjente til ditt og datt og om dei sov i slike senger og gjorde slikt og sånn, men som oftast var skikkane litt eldre enn mor mi. Det einaste som vekte eit ljos hjå henna var «pinnhua» som gutane alltid gjekk må då ho var liten.
Eg likte kjempegodt at boka var full av bilete og stadig nye tema eg absolutt ikkje hadde sett for meg skulle dukke opp. Og juicy opplysningar om han prestetypen som skogfinnane i Åsta Holths bøker forguda, opplysningar som fryda meg meir enn eg sikkert burde (Naturlegvis ikkje på vegne av dei verkelege jentene, men den prektige fiktive familien).
Eg lære om «napparyer» ei rye med innvendige ullduskar. Dei er kjempefine så slik skulle eg gjerne hatt – eg er så glad i tepper og ryer.

Kapteinens datter

Forfattar: Alexander Pusjkin

Ein søt forteljing om ein ung gut. Pjotr blir sendt til militæret av sin far for å bli eitt mannfolk. For det meste brukar han tida der borte på å krangle med ein tvilsam type om ei dame. Men han klarer også å sjarmere seg til eit slags venskap med opprørsleiaren Pugatsjov. Det var som eit eventyr, i alle fall slutten der ho jenta tilfeldigvis klarer å treffe på keiserinna. Eg trur eg hadde likt boka betre om ho var litt lengre.

Det er Ales

Forfattar: Jon Fosse

Ei bok eg føler eg må lese om igjen og skrive ned tankane litt tidlegare enn ein månad etterpå. Boka er kort men handlar om mykje. Eg sit mest igjen med store tomme følelsar om tap og sakn, ein mørk fjord og ei steinete fjære. Boka er svært «haust» om det gir meining – handlinga er lagt til hausten om eg hugsar rett, men stemninga er òg svært haustleg: folk som døyr (men ikkje er daude – det er meir vinter), farleg sjø og det er sikkert vått i graset og lauvet har nok for lengst starta sitt nedfall. Eg vil òg lese meir av same forfattar.

Et fjernt speil - det stormfulle 1300-tallet

Forfattar: Barbara W. Tuchman

sitat

Det er berre det vonde og kaotiske som det blir nedskreven, akkurat som på nyhetene på TV. Det normale og daglege blir gløymt og historia blir stådande som i overkant forferdeleg. Sjølv med dette i mente verker ikkje 1300-talet som tidenes århundre å leve i. Korkje for vanlege folk elle dei rike. Det er dei rike som måtte slost i alle krigane, men det er dei vanlege folks liv det fort går ut over når dei blir massakrert og husa brent ned. Og ein svartedaud som heile tida kom tilbake og tok med seg dei nye generasjonane. Og ei kyrkje i oppløysing. Det var ei spennande bok, men ho var frykteleg lang og detaljert. Det var litt ork å lese til tider.

Marianela

Forfattar: Benito Pérez Galdós

Boka er vakker og stemningsfull, men så forferdeleg trist! Eg synst det er lett å forstå Marianelas frykt og mangel på sjølvtillitt. Den stygge andungen som aldri blir ein svane 😭, men ho er jo ei perle til tross for at ho visstnok ikkje er så vakker. Ho er så fantasifull og filosofisk. Og Florentina, som egentlig ikkje gjer noko gale (ho er litt overklasse-nedlatande synst Marianela og eg er enig) så meiner ho godt. Alle meiner godt, men likevel er det vanskeleg for Marianela å sjå for seg ei lykkeleg framtid for seg. Tragisk.

Una corte de rosas y espinas

Forfattar: Sarah J. Maas

Denne boka var ikkje for meg, men ok som spansklesing etter den meir tungleste La barraca. Eg skulle ynskje det var litt meir tvistar mot slutten – det er fleire bøker i serien så det er vel spart på litt. Eg fatta ikkje heilt kvifor slutten i det heile tatt eksisterte? Kvifor gjekk Amarantha med på dette veddemålet med Feyre eigentleg? Kva i alle dagar fekk ho utav det? Berre for «kjekt»? Eg håper eg må ha misforstått noko…

Levende og døde

Forfattar: Han Kang

Boka var krevjande å lese. Skjebnane som skildrast er så vonde og heile historia – altså Gwangju opprøret, er så motbydeleg. Det er liksom ekstra vondt når folk er vonde og piner og drep sine eigne.

La barraca

Forfattar: Vicente Blasco Ibáñez

Eg likte svært godt kapittelet der den litle guten blir gravlagd og heile grenda for ein gongs skyld viser litt empati. Det kapittelet var fylt av fine setningar og sorgfull stemning (men som var ekstra sår sidan som sagt alle naboane var så omsorgsfulle). Det kan vere at eg mangla litt historisk kunnskap fordi eg fatta ikkje kvifor latsabben Pimentó var så innmari rasande på Batiste? Og særleg når dei blei klart at Pimentó aldri hadde betalt noko leige for sine eigendommar sjølv. Kva tyranni var det han trudde han liksom levde under? Er det ein del av samfunnskritikken?

På Sct. Jørgen

Forfattar: Amalie Skram

Hieronimus sender Else til Sct. Jørgen og dette er boka om det. Det er for å vere ærleg mykje av det same som førre bok, berre at det er litt meir futt i Else. Venninnene er svært sjarmerande, til tross for at Else verker ueinig. Eg saknar litt å høyre frå mannen til Else: eg lurer så på kva han har tenkt oppi det heile, ein får jo høyre litt gjennom ho venninna men eg vil oppleve det når han opplev det slik som me fekk i den fyrste boka.

Kinesiske eventyr

Fortalt av Dana og Milada Šťovíčková på grunnlag av kinesiske kilder

Anbefales! Anbefales! Anbefales!
Eg er svært glad i eventyr, men alle eventyrbøker er ikkje alltid like interessante.
Dette var ein innertier for min del 🎯. Eventyra var akkurat lange nok og varierte, og illustrasjonane var fine.

Lappisk mythologi

Forfattar: J. A. Friis

Fyrste delen om sjølve mytologien, samisk mytologi, veit eg ikkje kor stor verdi det er i? Eg kan jo ingenting om det, men det var interessant uansett. Særleg då han gjekk gjennom runebommene, eg kan ikkje sei har eg nokonsinne har studert slike så nøye. Men andre delen! Andre delen med alle eventyra og historiene var kjempekjekk! Eg likte særleg godt historiene om tjudar og karelar, ein kan kanskje ikkje ver sikker på at ‘historiar’ er sanne, men eg er trur lett. Møje meir tvilsom historie ute og vankar. Historie 38-2 på side 119 (i andre del altså) må jo vere inspirasjon til filmen Veivisaren?! Eg har ikkje sett filmen sidan ungdomsskulen men … ei slik soge må ha vore inspirasjon.

Eg bur her no

Forfattar: Kari Anne Bye

Eg ville høyre på noko mens eg gjorde reint og slik enda eg opp her. For eit lykketreff! Denne boka er kjempesøt: det er historia om eit kjærastepar frå dei møtest for fyrste gong til dei er ganske trygt i saman. Det er ei samling dikt som saman fortel ei historie. Eg høyrte på lydboka og det var som om eg høyrte på ei venninne som tatla i veg og eg kunne berre lytte : det var kjempekoseleg, eg var Momo! Eg gispa HØGT då ho fortalte om kjærasten som putta skitne knivar rett ned i dei fine arveglasa frå bestemor som stod i oppvaskkummen! 🙅‍♀️Men ja, det er som om eg har hatt besøk av ei god venninne i dag og det har vore kjempekoseleg! Takk for besøket!

Dialoger med naturen

Forfattar: Jens-Ivar Nergård

Det var interessant å lese om korleis reingjeting foregår og kva som truer den næringa (særskilt klimaendringar og nødvendigheta for eksta arbeid ved sida av). Det er litt rart å lese ein slik antropologisk tekst om folk som kunne vore, type, naboen – men det er jo berre slik det er, ein kan vel faktisk skrive antropologiske tekstar om naboen. Nokon kunne faktisk gjerne gjere det, dei får meg ofte til å lure litt? Ein god del gjekk meg husforbi(alt teknisk om filosofi/sosiologi/antropologi), eg forstår ikkje kvifor folk må skrive så innmari vanskeleg, kan dei ikkje berre bruke vanlege ord så eg slepper å måtte slå opp alt?!

Kims lek

Forfattar: Sun Heidi Sæbø

Det her var ei spennande bok til tross for at eg visste jo frå starten av at me aldri kom til å komme fram til nokon løysning. Det gav meg litt True-Crime-vibber, kanskje mest fordi det var det eg forventa når eg såg at forfattaren var Dagbladet-journalist. Det var ein god del koreansk historie, og det var kjekt fordi det kunne eg ingenting om. Men det kunne gjerne vore med nokre bilde.

Med havet i hånden

Forfattar: Odd Sivertsen

Denne boka fekk eg lite utav, ho festa seg ikkje i meg i det heile tatt. Det er ein gut som veks opp eit sted i Lyngen og familien hans er samisk, og dei både skjemst av det og er stolte av det – eller guten lærer seg eller bestemmer seg for å bli det i alle fall. Og dei er læstadianarar og er ofte på samlingar. I Dialoger med naturen fortalte forfattaren om læstadianismen om kor viktig den hadde vore for å ta vare på samisk kultur og språk, særleg for dei som ikkje driv med rein.

Sånn ble det

Forfattar: Maren Uthaug

Eg likte ikkje slutten i det heile tatt! Boka levde definitivt opp til namnet sitt, det var stor ‘jaja, då er det vel bare sånn då’-stemning, men slutten?! Dei siste sidene?! Skal eg avsløre det? Eg skriv det i bakteksten her, slik at det dukkar opp om du held pila over. Resten av boka var heilt grei, men fengde meg ikkje og inspirerte meg ikkje til å tenkje stort om ho.

Presten

Forfattar: Hanne Ørstavik

Eg veit ikkje. Det var både for mykje som haldt på og for lite. Eg brydde meg ikkje om nokon, men eg likte ideen om presten som ikkje klarer å trøyste eller røre ved nokon.

Våke over dem som sover

Forfattar: Sigbjørn Skåden

Denne boka handlar litt om ein stor overgrepssak frå Kautokeino som eg aldri hadde høyrt om før. Hovudpersonens kunstprosjekt har som eit av sine mål og ikkje bli likt og det klarar han med glans, for eg kan ikkje fordra han. Ubehageleg bok og eg veit ikkje kva som var poenget?

Kátjá

Forfattar: Elle Márjá Vars

Ein roman for ungdom i alle aldre … eg trur eg ikkje er nokon ungdom i nokon alder lenger for denne boka var ikkje for meg. Eg kunne ikkje fordra Kátjá. Starten likte eg, då ho var på internatet - ho var ein ordentleg drittunge, men ein kunne jo forstå kvifor det blei sånn. Men etter at ho drog til Tromsø blei det jo etthundreprosent kjærleikshistorie! Det var jo ingenting anna? Og begge dei to gutane… fyrste samen ho trefte i Tromsø og så fyrste samen ho trefte då ho flytta til Oslo. Begge forelska seg i ho ved fyrste blikk, og begge hadde kafé-tema. Ho hadde ingen kvinnelege vener - ikkje eingong systrene snakka ho særleg med, ho helte heller mot broren.

Om natten er alt blod svart

Forfattar: David Diop

Som ein draum. Eller mareritt: skummelt og trist. Boka er så heftig, ho nesten oppfordrar til å lese heilt frå start til slutt utan stans. Bileta i hovudet mitt er litt like Mørkets hjerte, så hypnotiserande og rituelt.

Usynlige byer

Forfattar: Italo Calvino

Eg vil ha ho som ordentleg fysisk bok. Kvar by var så fantasifull men lett å sjå for seg, og eg trur eg har vore på besøk i fleire av dei byane før!

En eventyrlig mann

Forfattar: Mary Jo Putney

Eg måtte sjekke om eg liker 90-talls kjærleikshistorier. Ikkje noko særleg. Eg likte at hovudpersonen er skildra som «ikke spesielt høy», det er uvanleg blant dei romantiske heltar. Og han har ei sigøyner-mor. Dei kallar ho sigøyner og eg var litt usikker på kva folk det sikta til (boka er frå England), men det er romanifolk det er snakk om. Eg synst ikkje boka var ufin eller noko, skjønt enkelte romaniskikkar var korkje for meg eller heltinna (men ifølgje internettet er dette faktiske skikkar, skikkar som har med det å vere rein å gjere, og alt som ikkje er reint).

Petersburgnoveller

Forfattar: N. V. Gogol

Interessante noveller! Han her Gogol og Bulgakov er begge like flinke til fantasifull kritikk av samfunnet dei lev i! Eg vil lese meir av begge! Den fyrste novella, Kappen, er den mest kjente og det var òg min favoritt.

Taus Kjærlighet

Forfattar: Theresa Charles

Eg fekk denne og fleire andre av same forfattar for kjempelengesidan av ei gammal tante. Det var berre denne eg klarte å hugse nok av handlinga til å finne ho igjen. Så ville eg jo lese ho for å sjå … vel kva høgkultur eg nøyt som tenåring. 😬 iiiiiiiik! Fyrste kapittel møter me helten og heltinna på veg heim frå ein date. Dei har ikkje hatt sex endå og helten er kjempekeen. Dei stoppar ved vegen for heltinna vil plukke bjørnebær. Helten røskar ho til sin bankande barm og smyg handa oppover låret på ho, men ho vil ikkje! Ho skubbar han frå seg og nektar han alt som helst! «Han følte en nærmest sinnsyk trang til å trekke henne med seg etter det lange håret. Og en kjøligere, liksom uengasjert del av hjernen hans forstod med ett hvordan tilsynelatende avbalanserte menn hadde kunnet begå det som gikk under betegnelsen ‘lystmord’». Ja, det er såvisst ein sjarmerande helt. Han set seg i bilen og køyrer ho heimover, men i sitt raseri klarer han å kollidere så heltinna ender på sjukehus og han blir sendt til Afrika(!). Eg lurer på om heltinna hadde vore så forelska i han typen om ho hadde lest si eiga bok.