Rosen på Tistelön 🗓️

Forfattar: Emilie Flygare-Carlén

Land og språk: Sverige og svensk

År: 1842

Eg las at i gamle dagar var dette ei kjempepopulær bok, og i biografien eg les i blei forfattaren nemnt blant lesestoff Hulda Garborg las natta gjennom då ho var ungdom. Eg kan lett sjå for meg boka som ein tv-serie, alt skjer for det meste enten i det eine huset eller det andre, og alt blir fortalt og formidla i dialog kjenst det som. For meg var det meste av handlinga ikkje særleg spennande, eg likte folka meir, og eg låg ikkje vaken om natta for å lese meg ferdig. Men eg likte boka altså. Og eg likte at eg får liksom bli litt meir kjent med Sverige på 1840-talet og det er alltid stas når det er gjennom ei dame, fordi det er det så sjeldan.

La meg gå igjennom to scener eg likte og så litt generelt om dei ulike menneska i boka.

Eg likte stundene med fru Kathrina og han gamle demente mannen som ho klipte papirfigurar til som han kunne leke med. Det var så roleg, koseleg og sjarmerande. Ei slik kvardagshending eg lett kan sjå for meg, som ikkje hadde noko særleg med handlinga å gjere, ikkje ein gong med Arve. Det berre viste kor god fru Kathrina er, ofte blir gamle som blir som barn igjen skildra som ein byrde, men Pehr var likevel godt selskap og like velkommen i stua som alltid. Etter han er død er det nesten som eg undrar om Kathrina forelska seg i han?

Den mest dramatiske hendinga er ikkje det skjebnesvangre mordet, men heller då Rosenberg blir redda frå skipsforliset. Og eg elska heile det handlingsforløpet frå start til slutt, og skildringa av det ville havet og galningen som hadde bunde seg fast. «I ögonhåren sutto isdroppar; men hvilken känsla, som lockat de förstenade tårarne i liflösa ögon, visste endast Gud och han sjelf, så framt det icke var droppar ur hafvet, som frusit fast vid hafvets döende son».

Og når me snakkar om Rosenberg så må eg innrømme eg likte han òg veldig godt. Veldig masse faktisk. Eg likte at han hadde så sterke prinsipp: at han nektar å gifte seg med Gabriella før han har fått nådd der han vil i karrieren. Det er jo så klart svært uromantisk og feil val, men eg respekterer det likevel. «Rosenberg tillhörde det slag af menniskor, hvilka, för att vidhänga en föresats, äro i stånd att försaka sin egen lycka och stå sig sjelfva i ljuset. Sjelf skulle han skapa sin framtid och sin sällhet, annars var den ej värd något».

Og når noko av det fyrste me får vite om fyren er at han er usedvanleg uheldig… då er eg seld: «Men mod, skickelighet och förtroende af andra rädda ej ifrån hemsökelsen af ett plågoris, som kallas otur». Og når det står at «Rosenbergs öppenhjertighet besegrade klokheten» forstår eg at eg kjenner meg svært igjen i Rosenberg, vanlegvis liker eg ikkje folk i bøker som eg kjenner meg igjen i – men dette er berre gode trekk (synst eg) så då blei det meir heimekoseleg enn avskyeleg. Men Rosenberg har litt meiningar om kva fruentimmer skal og skal ikkje gjera som eg ikkje er einig i så heilt like er me absolutt ikkje.

Arve er jo pliktoppfyllande og grei. Eg liker når han fyrst til kjem til Lars’ familie og må vere barnepike. Men eg kan ikkje tilgi han for korleis han behandlar Josefina. Arve prøver jo berre å være snill og tenker ikkje langt nok, han tenker ikkje over korleis Josefina (og alle andre) oppfattar det, og kanskje det er for strengt å laste han, men det gjer eg altså. «Men att Josefina hade ett hjerta, som också kunde dåras och såras, det var en sak, hvarpå han händelsevis aldrig kommit at tänka».

Birger og Erika likte eg begge to. I starten var eg sikker på at Birger skulle vere ein skurk og slemming gjennom heile boka, men han er jo for det meste ein heiderleg borger! Han prøver verkeleg å gjere opp for det han har gjort galt, også er han ein god bror (eg likte svært godt alle søskenforholda (inkludert Erika som blei som ei storesyster for Birgers småsøsken)). I byrjinga klandrar Birger Erika for det han gjorde galt: hadde ho ikkje avvist han så hadde han aldri vore så sint den natta og han hadde aldri myrda dei på skipet… Og Erika blir saman med han med eitt mål: å ‘frelse’ han. Det er ikkje ein sjarmerande start på eit forhold synst eg, men dei er søte ilag og eg kan ikkje la være å like dei til tross for alt.

Eller så likte eg Lars og mora, dei var underhaldande. Anton synst eg synd på, men eg likte han òg (og Nøkken-visa hans var ein versjon av ‘Liti Kjersti’?). Haraldsson var ein sjørøvar til siste stund – så sur for at sonen insisterer på å fortolle absolutt alt: «Han har icke visat så mycken aktning för sin gamla fars önskan, att han hemfört en enda klut, som inte varit förtullad! Nej, nej, det är för simpelt nu att smuggla!». Eg likte at Haralddson mjukna heilt når Gabriella snakkar til han, sin pappa lilla 😍. Men Gabriella sjølv – ho festa seg ikkje særleg hos meg. Men slutten hennar den var verre enn noko eg har lest før trur eg.

«Men man rår ej för att tankarne komma och gå; de äro nästan den enda vara, som är tullfri»

Til biblioteket