Ballet in Blue

Detaljar

Eg brukte garnet som står i oppskrifta, men i andre fargar: Drops Alpaca i fargen 3650 (rødmelert) og … eg ser nå at eg IKKJE brukte Drops sin Kid Silk, men Merinor sin Kid Silk 🤭 i fargen 175 (rød). Rundpinne 4,5 til ribbestrikkingen og rundpinne 5 til alt det andre. Eg hadde ikkje vanlege pinnar i 5, så eg prøvde meg for fyrste gong med magic loop då eg strikka ermene, og det funka fett.

Strikking

I sidene som sys saman under arman skulle det strikkast “1 rille”, altså begynne/avslutte(alt etter som) med ei rettmaske uansett om ein er på retta eller vranga, og eg trur eg gløymte dette ut meir enn ein gong. Eg er litt usikker kva som var formålet med det - skulle det gjere det lettare å sy saman delane kanskje? Eg synst det gjekk greit uansett, litt tjukk saum blei det kanskje, men eg merker det ikkje når eg har toppen på.

Det var ein god del ulik auking og felling på framstykkene der det gjaldt å fylgje med, det hadde ikkje gått for meg om eg ikkje skreiv ned for kvar omgang - men sjølv då måtte eg av og til telje og rekne meg fram til kor eg var komt og kor mange fellingar eg hadde igjen.

Passform

Eg strikka ein prøvelapp, men eg må innrømme at sjølv om ikkje måla stemte heilt (eg hadde ikkje dei rette pinnane: i oppskrifta står det str.5,5 men eg hadde berre 5 og 6 og valgte str 5) så berre tenkte eg det stemte godt nok - eg synst toppen blei littegranne mindre enn forventa og det kan jo vere grunnen? Men samtidig så strikka eg jo langt nok, fordi det gjekk jo på cm. Men min kropp er òg ulik modellens så kanskje forventningane mine var feile. …Likevel, eg sit igjen med eit heilt alpaca-nøste og nesten eit heil kidsilk-nøste, og det hinter jo om at eg har strikka toppen litt mindre enn det oppsrifta la opp til.

Uansett, sjølv om han er litt kort så passar toppen bra til underdelar som går heilt opp til livet (og kjolar sikkert, men eg er ikkje så kjolete) og det var det eg ynskte. Ein ting eg må hugse å nevne er: at om eg ville hatt toppen lenger, måtte eg ha strikka han lengre heilt i starten - sidan toppen blir strikka nedanfrå og opp. Altså den forlenga delen må jo vere under armen langs brystkassen og ikkje ein høg skulder. Skulle toppen blitt lenger kunne eg ikkje ha strikka han etter mønsteret og så prøvd han på og sett, men eg måtte ha strikka han lenger utan sjangse til å teste fyrst.

Eg målte meg fram til størrelse M, den skulle passe perfekt i alle retningar, men kanskje var det fordi eg ignorerte borda på framstykkene at skuldrene blir sittande litt høgt på meg for eg synst ermene blei litt i det kortaste laget. I tillegg så ruller kanten seg litt inn, og det er sikkert òg sida eg ikkje har borda.

Smart jakke av restegarn

Detaljar

PS. Det er ein liten tråd på avveie under eine armen min - eg tok bildet før eg hadde festa trådane ferdig. 😇

Mesteparten av mai og juni blei brukt til å strikke ei chic jakke etter mønster frå 1947 (står det på bokhylla.no, men eg fann ikkje noko tal i sjølve boka), bilde s.3 og oppskrift s.63. Når eg no skal tenke tilbake på alt får eg litt TaztePriv-vibes: Eg er så utruleg ferdig med den jakka! 😭. Men, greitt nok eg får vere mi eigen kjerring for eg vil helst faktisk få nedskriven tankar og notisar.

Størrelsen på jakka i oppskrifta er str.42 – som jo eigentleg seier meg ingenting. Sjølv om det er ein liten guide: 28m = 10cm så famla eg litt i blinde og det er mest flaks at jakka passar. Eg prøvde å måle og justere pinnar alt etter som, og ho blei heller for stor i ermene (ikkje bolen) enn for liten.

Pinnar eg brukte var: 2.5 på vrangbord og 3 på bolen. Lappane tok eg litt etter kva garn eg brukte, men nedst varierte eg mellom 2.5 og 3, men sida det fort blei litt stort så gjekk eg ned til 2.5 og 2 etter den delen der eg sydde ermene litt smalare.

Ermane

Apropos den delen der eg sydde ermene smalare: det tok meg lang tid på å forstå dette konseptet (illustrert ved fig.3), men greia er at eg måtte sy saman *litt* av toppane på lappane og laga ein minilapp og ein rar lapp og sy alt saman – ja eg legger ved eit bilde der eg har gjort dette. Resultatet blir litt klumpete (kanskje det hadde vore betre om alt garn var av lik type) men ein ser det ikkje noko særleg på avstand når jakka er på uansett.

I oppskrifta kjem ikkje vrangborda ved handleddet før heilt til slutt, men eg måtte gjer det etter to radar med lappar fordi arbeidet mitt såg heilt merkeleg ut – ein gigantisk blom!? Eg såg ikkje heilt for meg om eg gjorde rett eller galt, men med den vrangborda som trakk alt saman såg det mykje ordentlegare ut og det gav meg sjølvtillit til å fortsette!

Eg var usikker på om ermene blei lange nok og gjorde dei fyrst ei rad lengre, men eg enda opp med å fjerne ho – dei er akkurat passe til mine armar slik som det står i oppskrifta.

Skuldrene på bildet ser svært store ut, og det var vel stilen den gong. Då eg skulle gå frå ermet til skuldra skulle eg lage 6 små halve spissar på 12m vidde – eg trur mine blei om lag 10m vide, og det gjorde vel ikkje akkurat skuldrene mindre puffa – så det er min tabbe. Skuldrane er vide nok til at eg tydeleg ser dei i augekroken når eg har jakka på, og det gjer meg svært bevisst på min eigen størrelse! Eg føler meg svært stor i jakka og eg er ikkje heilt komfortabel (endå).

Eg laga band av luftmaskar for å sy mellom alle lappane (forferdeleg drittarbeid! 💩) men eg valde å bruke meir av restegarnet enn kvitt. Eg tenkte kvitt ville skilje seg for mykje ut, og eg hadde (og har) likevel mykje garn igjen. Luftmaskebanda gjorde ermene betydeleg heftigare: tyngre og litt strammare, og eg var fyrst litt bekymra, men det hjelpte å stryke ermene. Stryking gjorde generelt underverkar på ermene gjennom heile prosessen – dei gongene eg var i tvil tok eg ein omgang med jernet og ermet såg så flott ut atte etterpå.

Stripene på sidene skulle eigentleg være kvitt-farge-kvitt-farge etc, men det blei litt for polkagris for meg så eg tok berre fargar, men annan kvar farge er fast farge på alle (gul – grøn – lilla, dei same fargane som eg brukte oppå skuldra).

Heilt til slutt i oppskrifta oppfordrer dei til å fôre ermene, men eg synst det er unødvendig på mi. Ho er allereie så tung og heftig (og korleis fôrer ein slike store ermer?)

Bolen

Eg veit ikkje om eg har lært før korleis ein feller til ermehull og no har lært det om igjen, men likevel: når det står «fell 2m i hver side, og videre 1m hver 2nen pinne» så meiner dei ikkje felling-felling, men å strikke to maskar saman (to gonger for å felle 2 masker). Då blir det sirkelform i staden for trappeform.

Ryggen var elles utan problem, men sidestykkene sleit eg litt med. Eg såg ikkje heilt for meg korleis eg skulle gjere øvst, men om eg hugsar rett så fortsette eg med å felle 1m. (2m. saman) kvar 2nen pinne, og på andre sida berre felte eg slik som skildra i oppskrifta (fell først 3m., så 1m. på hver p. til der ikke er flere m igjen). Det blei fort slutt på masker og det blei ein kort liten bue til halsen. (Mykje av halsen er jo òg ermene).

Eg synst halsen (utan vrangbord) var svært vid, men etter å ha strikt halsen etter oppskrifta så blei han nesten litt smal. Det blei og litt rynker på ryggen sida eg ikkje tenkte særleg på kor eg skulle plassere dei (sida vrangborda er mykje smalare enn bol-halsen), men eg er usikker på om det irriterer meg fordi eg veit ikkje om det finst ein betre plass for rynkene uansett.

Knappane var eg òg litt fram og tilbake på. Eg ville helst at alle var like og at dei var kvite eller relativt usynlege, eg ville jo helst unngå klovnevibes 🤡. Men eg tok det eg hadde og då måtte det bli knappar i ulike fargar. Eg sydde samen med garn og prøvde få så små saumar som mogleg, så eg gjekk berre gjennom halve maska på kvar side i stadet for heile (altså gjennom eitt bein i staden for begge to, om det gir meining?). Vekta på jakka er 787g.

Tin ceiling washcloth (rosa)
Fair+Square washcloth (lilla)

Den lilla kluten blir strikka rundt, altså eg måtte legge opp haugevis med masker og så strikke meg innover med felling i kvart hjørne slik at det blei ein firkant. Resultatet er jo søtt nok, men strikkeopplevinga var ikkje søt, eg synst det var litt knovete, men så var garnet eg brukte litt uregjerleg i tillegg (og eg var grei og tok bilde av sida der det er svært tydeleg at eg gløymte meg heilt ut ein halv pinne – eg la ikkje merke til det før eg festa trådane! 🫠). Eg måtte ned til fem pinnar til slutt og då er eg så dårleg til å få det jamt i overgangane og det irriterer meg. Eg trur ikkje dette blir ein klut eg lagar igjen. Ikkje verdt det og dessutan er det alltid et stort minus å måtte legge opp hundrevis av masker sida eg aldri får det rett på fyrste forsøk (eller andre 😭).

Den rosa kluten var litt skummel i starten (eg brukte illustrasjonen av mønsteret) og eg måtte dobbelskjekke heile tida at eg gjorde rett, men det var ikkje så vanskeleg strikke seg over på andre sida av pinnen og pinnen tilbake var det berre å sjå på omgangen under og *gjer likt* (altså svært greitt med ulike markørar i sidene slik at eg aldri var i tvil om eg var på rettsida eller vrangsida). Altså det var ikkje verre en at eg lett kunne sjå TV på same tid 🦥. Eg har ikkje prøvd kluten endå, men basert på strikkeopplevinga er dette ein klut eg kan gjerne strikke igjen! Og handklea ser òg fine ut.

Dette gjelder begge klutar: I oppskrifta skal ein starte med å lage hank (det er dei fyrste 15maskene som blir lagt opp i Fair+Square, i TinCeiling blir du bedt om å gjere det etter at du fellt av), men eg har aldri hatt bruk for hank på mine klutar så det hoppa eg over. Her blir dei lagt over krana. Ingen av desse er særleg store heller, dei kan ikkje brettast saman noko særleg før det blir ingenting igjen, men eg har ikkje brukt dei endå så eg veit ikkje om det vil irritere meg (eg skal prøve å oppdatere her når eg har fått ei meining om det). Men eg trur måla passer med det som står i oppskriftene. Dei bli i alle fall ikkje for store!

Rose Stitch Dishtowel

Detaljar

Eg likte ikkje dette handkleet! Ikkje lag dette igjen! … og fargane eg valde hjelper jo absolutt ikkje. Handkleet er svært tøyeleg og slapsete. Det heng ikkje fint. For at det ikkje skulle bli ei laaang remse på kroken flytta eg hempa frå kortsida til langsida.

Sjølve strikket har ein veldig interessant utsjånad (detaljbildet er på sida - slikt må eg hugse på til neste gong at irriterer meg) og tar seg sikkert betre ut ein annan stad en på eit handkle.

Soft Cotton Washcloths

Detaljar

Denne strikkemetoden som kallast «linen stitch» på engelsk og eg ikkje veit kva heiter på norsk er eg svært glad i. Eg har tidlegare laga skjerf slik. Alt blir så flatt og jamt. Det er svært enkelt, du berre strikker berre annan kvar maske – rett på rettsida og vrangt på vrangsida. I tillegg så må du alltid legge tråden på rettsida på dei maskane som ikkje blir strikka. Isipisi.

Som dei tidlegare klutane er desse ganske små, men eg synst ikkje det er noko negativt i det heile tatt. Det er litt vanskelegare å vri dei opp, men det kan lett vere fordi eg er mei van til større klutane. Desse mindre pleier eg ikkje å folde saman før eg vaskar, eg berre brukar dei slik dei er.

Hankane som eg har på to av desse er slik som blir skildra i oppskrifta, og er altså ein liten runding på tre maskar strikka på to pinnar. Når eg strikker fyrste maske på kvar omgang drar eg tråden fram frå andre enden. Det er jo berre tre masker så det er ikkje så langt, men det er om å gjere å strikke stramt.

Sunday Dinner Dishtowels

Detaljar

Det er litt linen-stitch-dilla på gong (det er eit arbeid til i same strikkemetode snart under her) fordi eg synst det tar seg så godt ut. Eigentleg kunne eg tenkt meg å lære å veve. Men kan ein veve utan ein svær vevstol? Eg kan ikkje investera i det. Då får det bli dette her i staden for. Dessverre er det litt vondt for fingrane, nemnte eg det? Og det går treigt å strikke det til tross for at mønsteret er enkelt. Maskane blir nemleg fort tronge, sidan berre halvparten er faktisk strikka og andre halvpart heng med frå førre omgang. I tillegg er det eit mønster det er best å fylgje med på kva ein gjer fordi det er noko ordentleg MAS om ein mister ei maske eller har gjort noko feil nokon omgangar under. Mitt største problemområde er fyrste maske, men det er det vel alltid – eg har ein tendens til å miste ho.

I dette mønsteret med to fargar så klarer ikkje eg å få det til slik som mønsteret vil når eg startar ein ny omgang – å ha tråden over eller under den andre tråden alt etter som, slikt gløymer eg alltid ut. Så min kant er kanskje ikkje den vakraste, men det kan eg enkelt leva med. Mitt handkle er forresten dobbelt av det oppskrifta seier. Eg blei ferdig med det dei sa, men eg synst det var altfor lite. Mitt er no på størrelse med eit vanleg kjøkkenhandkle. Eg har ikkje sett så nært på kva mål dei gjer (dei brukar så rare mål amerikanarane), men eg har jo ikkje brukt garnet dei foreslo. Eg brukte Bambino frå Vikinggarn som er ein blanding av bomull og bambus (og anbefalt vaska på 40C 🫠 la meg ignorere det og håpe det går greitt!) og det er knallmjukt! Forferdeleg å strikke med, det gjer hendene mine glatte og det sklir ut av fingrane mine, men mot huda kjennest det som ei mjuk sky. Eg kunne nesten tenkt meg eitt plagg i slikt garn.

Golden Rectangle Washcloth

Eg kan lett innrømme at desse klutane ser heilt heslege ut. Ikkje er dei beine og ikkje er fargane særleg fine. Det er ser ut som noko sopihoprestar. Men tenk at dei døma på nettsida er så innmari søte og ulike mine. Er det fargane? Det hjelper vel heller ikkje at eg gjekk tom for grønt garn på den lilla kluten og måtte erstatte det med meir lilla. Det ser liksom ikkje ut som nokon ting. Eit strikk utan intensjon.

Sjølv om dei er stygge er det ein grunn til at eg laga to: dei var kjempekjekke å strikke! Eg hadde det ekstra morosamt, til altså tross for det tvilsamme resultatet. Den største delen er strikka fyrst som ein slags L: fyrst strikka eg heile botnen fram og tilbake. Så blei ein del maskar tatt av pinnen og lagra på ein tråd mens resten av maskane blei strikka opp opp opp og så felt av. Då blei det ein L. Så brukte eg neste farge til å ta opp nye maskar på tvers av førre strikkeretning, altså langs langsida på L-en og maskane på tråden blei satt på sin eigen pinne. Så strikka eg fram og tilbake maskane som blei tatt opp og for kvar omgang tok eg med meg ei ny maske frå trådmaskane, og då alle var blitt med på same pinne hadde det blitt ein slags firkant. Kanskje ikkje eitt vakkert kvadrat, men likevel. Omkring fira hjørne er det i alle fall.

Kantane på desse er slike rullar i motsetning til dei hjarteforma på vevklutane og rombekluten over. Eg prøvde fyrst med slik hjarte form (altså at tråden haldast framfor arbeidet då fyrste maske blir tatt av i staden for bak) men det passa ikkje. Det sto absolutt ikkje i stil til resten av kluten og såg berre heilt malplassert ut. Så eg gjorde heller som eg blei fortalt og det var naturlegvis mykje betre.

Cerus scarf

Stripe med feil

Dette er eit skjerf eg har strikka før to gonger. Ein gong slik som i oppskrifta og ein annan gong som eit rundt skjerf. Resultatet blei begge gongene eit finslegare skjerf, men òg eit nyttig, tett og varmt skjerf. Denne gongen så gjorde eg skjerfet ekstra langt og breitt, det gjorde kanskje skjerfet mindre finsleg? Men eg ville jo berre at det skulle varme godt. Garnet eg brukte var DROPS sitt Alpacca, på pinne nr4 måtte eg legge opp 499 masker 😵 Einaste måten eg får det på er spamming av markører: ein kvar 50-ende maske. Elles blir eg sitjande å telje i fleire dagar. Fargen er forresten grønt, og det er grønnare i virkeligheta enn bildene får det til å se ut. Eg lover, eg hadde aldri strikka grått skjerf! 🤮

Om det var vanskeleg å fikse gale masker i bomullsgarn så er alpakka mange gonge verre: eg fiska det rett og slett ikkje då eg oppdaga ei lita stripe av feil. Eg trur det er vrangmasker på retten eg har lagt i veg med. Eg synst ikkje det er særleg synleg uansett, og at handarbeid har småfeil er ikkje det verste i verda, det berre gjer det meir personleg. Ikkje sant?! Dette skjerfet var ikkje til meg, og ikkje dei to førre heller. Neste gong så vil eg lage eit til meg sjølv trur eg. Dei er liksom som ein stas-bøff. Varmt i halsen utan at det tar så mykje plass.

Eg brukte forresten to fargar då eg strikka. Eg hadde tenkt å notere meg korleis stripene blei til, altså slik at eg kunne lage ein guide for meg sjølv for å strikke spesifikke striper ein annan gong. Men eg droppa den ideen ganske fort og berre laga stripar på måfå utan å notere meg noko som helst. Men eg trur ikkje eg hadde meir enn 3 omgangar i same farge nokon stad, bortsett frå starten og slutten.

Veske til mobilen

Detaljar 1

Detaljar 2

Heilt sida eg fekk meg ny mobil har eg slitt med problemet at mobilen ikkje passar i ei einaste av veskene mine (bortsett frå dei svære som har plass til sikkert 20 mobilar). Mobilen er mindre enn 15cm lang, men det er altså dessverre alt for langt slik at han stadig må ligge på skrå prest nedi veskerommet. Den mest favoritte av veskene mine lukkes med magnetknapp og der er eg alltid så redd for at magnetknappen skal øydelegge skjermen, eg trur eg må teipe over knappen eller noko så han blir litt mjukare for stakkars mobil (eigentleg er det jo ikkje synd på mobilen så klart, han burde vore mindre – kvifor er det blitt så trendy med store mobilar? Me var jo på så god veg med dei knøttsmå før. Eg føler meg sviken av teknologiutviklinga).

Eg blei inspirert av ein youtubevideo av ei hekla veske full av blomar. Hennar tråd er svøpt i metall elns, og slik tråd har ikkje eg så mi veske er i bomull og ein god del meir slapsete. Men ho er akkurat stor nok til mobilen, så når den er oppi er det ikkje noko veske igjen å slapse. For å finne ut korleis eg skulle hekle blomster brukte eg ein annan video. Og bord på toppen frå video 3 og skulderstroppen er frå video 4.

Fyrst prøvde eg å lage framlapp og baklapp og sidelappar og hekle det saman men det var heilt håplaust, så i staden hekla eg ei stripe med fastmasker på begge sider av kjeda av luftmasker (eg veit ikkje heilt kva som er godtatt heklemetode fordi eg kan så vidt hekle men dette funka for meg). Eg trur eg hadde ei kjede på 25masker, men eg måtte prøve meg fram – eg ville ha ho heller litt liten enn for stor sida ho strekk seg jo uansett godt ut rundt mobilen. Vidare hekla eg då i ring oppover. Både før og etter blomstermønsteret hadde eg ei rekke med halvstavar, og heilt på toppen er det ei bord.

Eg lagde berre blomar på eine sida og prøve å få dei fordelt på framsida sånn halvveges jamt, men eg ser jo at ein blom har hamna nede i eitt og to andre er heilt på kanten og desse irriterer meg litt fordi dei liksom ‘snur seg bort’ frå framsida, men det blei som det blei. Mellom kvar blom hadde eg tre stavmasker og eg laga blomar annan kvar omgang. Men på den mellomomgangen tok eg og hekla litt i kronblada blomane krøller seg så fort og det hjelpte å feste dei litt. Den siste og fyrste stavmaska i ‘mellommaskene’ hekla eg saman med kvar sitt kronblad – det gir meir meining når ein held på, det var slik det var mest naturleg å feste desse blada.

Skulderstroppen begynte eg på på eine sida og hekla 120cm og hekla/sydde fast omtrent same plass på andre sida. Eg har ingen lukkemetode for væska. Fyrst ville eg ha glidlås, men eg trur det blir ikkje fint med mine evner, men så ser eg at væska er stram nok som ho her for no i alle fall. Snur eg ho på opp ned dett ikkje mobilen ut. Om ho vidar seg ut så syr eg inn trykkknapp. Eg er òg litt bekymra for skulderstroppa: at ho skal utvide seg og bli for lang (120cm var kanskje i overkant) eller enda verre: at ho skal slite seg.

LØYE
🧶
🧶
🧶
🧶
🧶
🧶
🧶
🧶
🧶
🧶