Eiler Hundevart đŸ—“ïž

Forfattar: Regine Normann

Land og sprÄk: Norge og bokmÄl (eller noko gammalt og konservativt)

År: 1913

Fleire sitat her

NĂ„ har eg saumfare internett etter noko soge boka her kan vere inspirert av, fordi nettsidene som har nemnt boka seier at ho er «bygd over et sagn frĂ„ Malnes». Denne soga kan ikkje ha vore godt bevart for ettertida dessverre. Det kan vere at soga er at det ligg ei svartebok gĂžymd i Malnes kirke. Heilt i starten finn Eiler svarteboka i alteret i kyrkja dei held pĂ„ Ă„ demontere (dei skal flytte kyrkja frĂ„ Malnes til Eidet i 1829, det gjekk ikkje opp for meg at boka, skriven i 1913, har handlinga lagt til ~80 Ă„r fĂžr). Eg gjekk utifrĂ„ at boka skulle handle om Eiler og svarteboka og all slags faenskap (i ordets rette forstand 😈). Det gjer boka eigentleg ikkje. Eg synst ikkje dette er nokon form for spoiler, men heller ein slags Ă„tvaring: ikkje tru dette er ein slags innfĂžring i trolldom (ei slik bok finn du her), dette er ei bok med sjarmerande folk som snakkar ilag pĂ„ nordnorsk dialekt. Handlinga er ikkje det som festa meg mest i det heile tatt, men folka og samtalene og tankane er gull. Eg lo meg i hel fleire gonger 💀. SvĂŠrt underhaldt av gamla pĂ„ 50 som er temmeleg lysten pĂ„ Eiler pĂ„ 25: «Glad ved kytet hans la hun begge armene flatt efter bordkanten og lĂŠnet sig mot dem sĂ„ barmen svulmet.» Eiler er heller ikkje alt for vond Ă„ be: ««Jammen er hun drug,» tĂŠnkte Eiler, han lĂ„ og tok ĂžiemĂ„l av kjĂŠrringen, «men du verden for en glo at ha hos sig i sengen en kold vinternat.»»

Kima er ei ung jente som me fĂ„r vere mykje ilag med. Ho har ein far som er finne, og eg antar at det betyr same og ikkje «frĂ„ Finland». Mormora legg ikkje skjul pĂ„ at ho synst slik slekt er nedverdigande for hennar bumann-familie. Det er ikkje mykje fokus pĂ„ korleis finnane eller samane blir sett pĂ„ og behandla i samfunnet (bortsett frĂ„ denne ufordragelege mormora), men me fĂ„r hĂžyre ein del av Kima sine tankar om det. Ho liknar nemleg mest pĂ„ faren i utsjĂ„nad, og ho blir stadig minna pĂ„ det (av mormora). Ho synst det er vanskeleg og ho er ser at det synst faren ĂČg det er, «Han far, han er sĂ„ underlig. Somme ti’ e han kry for han e finn, og somme ti’ vil han ikkje vĂŠre ved det. Men ĂŠg, ĂŠg hĂžir ikkje heime nokken steds». Det er veldig sĂ„rt, og liknar tankar ho har gĂ„tt med lenge. I alle fall samanlikna med hennar herlege kjĂŠrleikskvalar: «Koffer e ĂŠg skapt og koffer har ĂŠg fĂ„t liv, nĂ„r det bĂŠre var for Ă„ mĂžss han ĂŠg var gla i?».

Til biblioteket