Kanskje er det lettare å gjere gartnerleksene mine om eg kan late som om eg gjer det for kjekt til å putte her fordi kva som helst leksene handlar om er sååå interessant? Eg veit ikkje om eg blir gartnar nokon gong, kva er eigentleg ein gartnar? Eg er ikkje heilt sikker sjølv. Folk som skjøtter natur - eg trudde det var bønder som gjorde det, eller så hadde dei sommarjobb i statens vegvesen. Mest sannsynleg får eg vel ingenting økonomisk ut av gartneriet (annna enn reise og bu-utgifter 🙈), men det blei no ein gong sånn og no har eg lekser igjen. Og igjen utsett eg alt til siste frist.
Kva seier utdanning.no at ein gartnar er? Ein gartnar produserer planter og grønnsaker.