Fattigfolk på ferde (Feðgar á ferð) 🗓️

Forfattar: Heðin Brú

Land og språk: Færøyane og færøysk

År: 1940

«Det veit eg ikkje, om de er dumme eller ikkje dumme, men de er gamle. Det har hendt så mykje sidan de var unge, at de kjenner dykk ikkje att, og så går de misnøgde omkring og spår naud og undergang. Hald opp med det, det er ingenting fare or lage, det er berre stille ved straumskiftet, dykkar straum er faren, no kjem vår.»

Eg blei heilt sjarmert! Ketil er ein eldre mann som synst det er litt mas å hengje med i tida. Sønene synst han er heilt håplaus. Fullstendig nå mot då – ei tid i endring og om du ikkje blir med fell du av-stemning. Ketil, og dei andre eldre, klagar på alt nymotens og tvilar på alt (særskilt båt med motor 🚣). Ein av sønene får trøbbel med skatten fordi han bruker ein moderne måte å betale på som skattemannen ikkje heilt har satt seg inn i. Sonen blir heilt oppgitt av at skattemannen verken kan eller vil gjere jobben sin. Desse sonene (og konene deira) får mykje tyn frå foreldra: eller foreldra synst så lite om arbeidsmoralen til dei unge når dei snakkar seg imellom, men ungane klarer seg jo ganske fint, og dei fikser og hjelper til heile tida. Kanskje dei eldre er meir usikre på kva dei skal ta seg til no når alt er blitt så annleis. Husa til ungane er så flotte og moderne men dei sjølv ser ut til å bu i eit falleferdig skur som alltid lekk og der hønsa sit under taket og skit på folk. Eg forstår jo at ungane er litt oppgitte over foreldra sine.

Boka går ut på at Ketil må betale tilbake ein rekning på ein kjempestor kval han kjøpte på impuls. Men det er ikkje så lett å få tak i pengar om dagen, seier dei. Men Ketil prøver alt han kan til tross for at han er gammal. Fiske fisk og skyte fuglar og spøte genserar og alt som er. Sjølv om han altså er gammaldags er han god og jobbar godt.

Då brest det ut or Johan: «Helsa er god, ja, men for faen, ho er ikkje etande ... når det ikkje finst noko å tene.»
«Eg veit ikkje korleis det er,» svarar Ketil forsonande.
«Vi har vel alle så fjerre mykje jord at vi får fotfeste, og båt.»
Då var det ein som lo stutt: «Eta mold, ja.»
«Og skitfisk,» svara ein annan. «Ja, eg veit ikkje,» svarar Ketil og stuvar færøybrødet i seg: Dei gamle pla seia at der det fanst ei ku i huset, der døydde ein ikkje av svolt. Og vender vi jorda, får vi poter og korn. Den som så kan få seg noko å eta og kanskje meir til or havet i dei månader han er heime, han er endå ikkje så ille faren. Torv, det har vi. Så kan ein vel alltid få fiskepengane til å rekke til,» ... han etla seg til å seia meir, men då vart han var at han stod åleine att ved naustet. Så gav han seg i kast med å bøte båten.

Kalv var søt og sjarmerande, eg smelta litt kvar gong han syntest alt som hadde med framande folk å gjer var «så underleg…» - uff eg kjente meg litt igjen om det er lov å kjenne seg igjen i dei mest patetiske 💀. Men Klavus var eit ordentleg høgdepunkt. Fattigmannen Klavus som i motsetning til Ketil ikkje arbeidar for føda men snakkar seg til ho (og stel ifølge Ketil – og Klavus dukkar mistenksamt opp i tide og utide!) Det er vanskeleg å bli irritert når han er så herleg dramatisk:

«Sei får berre den som av Guds miskunn kan hale han opp or havet. Den helseknekte krypen kan berre frygde seg over at velsignelsen dryp ned over andre. Men på hin dag, når himmelens stjerner fell ned, verdsens kjelder opnar seg, og havet omslutter det ganske land, då skal Hans namn, som har anda på den hjelpelause krypen i trengselens tid, bli innskriven i Livsens bok.»
Ketil reiste seg og gav han nokre seiar.
«Takk, takk,» sa Klavus, «Gud skodar hjartelaget og løner den vesle gåva òg, når det sjuande seglet blir brote.»

Den norske omsettinga var skikkeleg god – det er slik eg får lyst til å lese høgt fordi dialogen er så morosam. Då Ketilskona og sønekona kranglar saman – herlighet! Eg heldt på å fnise meg i hel! Dei var så råe! Det er definitivt ein ting eg liker: kjekling om treff akkurat der det gjer mest vondt! Som kong Øystein sa: «Der tok du på svullen 😭». Til tross for all humoren, er jo egentlig boka ganske trist og kjip. Heile boka handlar jo om denne gjelda som dei aldri finn nok pengar til. Desse gamle har klart å leve heile livet utan skuld – og så på sine eldre dagar går det slik. Dei føler dei arbeid flettene av seg og ser knapt noko lys i nokonsomhelst ende, mens ungane lever sine fine slaraffenliv i sus og dus. Som sonen seier i sitatet heilt øvst: dei kjenner seg ikkje att lenger.

Til biblioteket