Babypusen sitter på rumpa på fanget

Lillefix, katten min, blei født nyttår 2001/2002.

Då eg valde namn til den litle pusen var eg ikkje sikker på om det var ein guttepus eller ein jentepus, så eg berre valde det namnet eg ynskte. Eg hugsar eg eigenleg var keen på namnet «Melody» fordi det var namnet til dotter til Ariel i den andre «Den lille havfruen»-filmen, og eg blei litt forført av det namnet «Det var så fiiiint!» Men storebror min sa det var ekstremt teit og eg er lett å influere så då blei det til det meir storebrorgodkjente – «Lillefix». Lillefix er jo såklart, som me alle veit, namnet på Obelix’ draumejente frå teikneserien «Asterix». «Asterix» har alltid har vore sett på som «klassisk litteratur» i min barndomsheim. Namnet «Idéfix» blei vurdert ei lita stund (Obelix’ hund), men eg trur det aldri var ein seriøs konkurrent. Uansett, min Lillefix var ein guttepus som stolt bar eit jentenamn.

pusen ligger på ryggen og får kos

Lillefix var ein frykteleg lat katt. Det var ofte han låg ute og ikkje ensa musene som pilte forbi. Han berre nøyt den varme sola på terrassen, eller den deilige skuggen under benken. Særleg då han var liten likte han å ligge på fanget på ryggen og få kos, men då han blei eldre foretrakk han å liggje på magen (og få kos). Han elska kos, ein kunne leggje seg på ryggen på golvet og så kom han å la seg oppå deg og malte. Eg hugsar eg pleidde knø og kna dei søte små øyrene hans og kjenne på kvar muskel, kattar har 32 musklar i kvart øyre seier internett. Lillefix lukta ullgenser, og på våte dagar – våt ullgenser.

Den fyrste sommaren i pus sitt liv blei han kastrert, det er jo vanlegvis ein enkel affære, men dyrlegen fann berre ein testikkel og opna opp heile buken på stakkars pus i leit etter den andre. Men han fant aldri den andre testikkelen. Eg veit ikkje om han blei fødd med berre ein, eller om den andre dukka opp seinare i livet hans – eg håper ikkje det, eg liker ikkje tanken på å ha bidratt til auking av kattetalet i nabolaget. Den dagen sjå dyrlegen hugsar eg godt, eg var aleine ute på venterommet mens pappaen min var inne med dyrlegen. Eg berre rydda i alle hyllene med fôr, og venta og venta og venta. Når katten var ferdig var han heilt tussete og sliten. Diverre skulle me på ferie rett etter, det var jo i utgangspunktet ikkje eit problem fordi kastrering ikkje skulle vere så stort inngrep, men me måtte sette han på kattehotell. Eg får framleis vondt i hjartet når eg tenkjer tilbake på dagen eg gjekk for å henta han heim. Han var i eit bur i eit stort rom med mange andre kattar i bur, tenk om han hadde sete i bur heile tida – nei huff, det er ein tanke som gjer så vondt. Me fekk han heim og sidan fekk han leve som ein ordentleg prins.

pusen ligger og sover

Me hadde ein nabokatt som kvar sommar fekk kattungar under terrassen vår, Lillefix blei god ven med ho og ungane hennar (hadde det vore opp til meg hadde ho vore sterilisert, men det var ikkje min katt, det var naboens katt). Lillefix hadde sitt eige hus der han låg og sov når han var ute i uvêr, og ofte fant me han der ilag me ein kattunge eller to. Der er særleg ein, ein oransje katt, han blei ein god onkel for (frykteleg tvilsomme greier hadde han vore eit menneskje). Men kattungen forsvann etter kvart – det er vel slik det er når ein er permanent utekatt utan ordentleg eigar, bærekapasiteten for kattar er vel nådd i dei fleste nabolag.

Som nemnd var Lillefix lat og glad i å berre nyte livet halvsovande. Av og til fekk han det for seg at han var ein liten kattunge igjen. Den gong hadde me ein slik sofa med kappe, mellom setet og golvet, og der ville han av og til ligge og jakte etter beina våre. Så hoppa han fram frå under sofaen, pilte tvers over golvet, skeinte og snudde seg for å pile tilbake under sofaen og jakte på meir føter. Når han sprang, sprang han ofte diagonalt – han var ikkje flink til å springe i rette liner i det heile tatt.

Når han var liten pleidde han leike samen med bror sin som budde i nabohuset, dei gøymde seg i blomane og jakta på kvarandre, diverre for min pus hadde han halsband med bjølle som gjor det svært vanskeleg for han å holde seg skjult. Broderen vann alltid. Han var heilt herleg søt både som lathans og rabagast.

pusen ligger i vinduskarmen rundt ei blomsterpotte

I 2008 blei han diverre svært dårleg og ville korkje eta eller drikke. Dyrlegane fant ikkje ut av det, og dei trekte nokre av tennene hans og han fekk antibiotika etter antibiotikakur, og me måtte nærmast mata han for at han skulle ta til seg noko næring som helst. I 2009 sa dyrlegane at det var kreft og han blei avliva. Det var svært tungt og trist, og eg saknar han endå så forferdeleg mykje. Den dagen eg gravla han i hagen snødde det ute, og ein anna katt sat i skuggen og såg på meg. Eg hugsar å ha spadd så godt eg kunne mens tårene rann, men det våte vêret berre gjorde at jorda satt seg fast på spaden i klumpar. Lillefix har for alltid ein heim sjå meg i hjarte mitt. I dag har eg selskap av ein ny katt, Sunniva (som er ganske lik til å sjå til), og eg har bedd Lillefix om å passe på ho når ho er ute, og det later det til som han gjer - ho vil nesten aldri inn.