Fyrsten (Il Principe) 🗓️

Forfattar: Niccolò Machiavelli

Omsettar: Jon Bingen

Land og språk: Italia og italiensk

År: 1532

Gamle MacHiavelli hadde et Italia i ruiner, i-ai, i-ai, åo.
Og for Italia hadde MacHiavelli mange råd: i-ai, i-ai, åo
Med et: «ver vill som ei løve» her 🦁
og et: «ver snedig som ein rev» der 🦊
«vill-vill», «snedig-snedig»
Her et «vill», der et «snedig»
alle steder «vill og snedig»
Gamle MacHiavelli hadde et Italia i ruiner, i-ai, i-ai, åo

Machiavelli har praktisk talt skreve ein fyrste-manual, og det var overraskande spennande. Politikk og filosofi er ikkje mitt hjarte særleg nært, men likevel blei kvart kapittel lest med iver. Kapitla var veldig korte og hadde enda kortare under-kapittel. Det er ein ekstremt praktisk måte å organisere boka si på, berre med to tall kan ein finne fram til rett paragraf. Men det aller beste med boka er alle eksempla! Machiavelli gir døme på alt han snakkar om, og sida eg leste tidlegare i vår ei bok om Lucrezia Borgia, og ho levde på same tid som Machiavelli, så kjente eg igjen fleire av folka og hendingane Machiavelli snakkar om. Dei antikke døma var litt meir fjernt for meg, men han forklarar godt og boka er full av omsettarens fotnoter.

Eg trur ikkje eg hadde likt Fyrsten så godt om eg ikkje fyrst hadde lest boka om Borgia-familien eigentleg. Men sida eg likte Borgia-boka så var det ein fryd å nå vere tilbake der igjen og oppleve dei same greiene om igjen, frå eit litt anna synspunkt. Eg har sett der ligger to bøker til om Lucrezia Borgia på biblioteket…

Eg har ikkje tenkt å gi noko mini-manual eller toppliste av råd, men her er det som festa seg mest sjå meg:

Forsyn:

Omsettaren har valt ordet forsyn for eit konsept eg ikkje heilt klarer å forstå. Eg skylder mest på sjølvet ordet forsyn, fordi det er heilt nytt for meg og seier meg ingenting. Så vidt eg fattar er det skjebnen me snakkar om. Machiavelli kallar det Fortuna 🎵 og seier ho er ei ubarmhjertig kvinne. Han samanliknar forsynet med ein vårflaum som kjem plutseleg og øydelegg alt som var, men du kan jo alltids forberede deg på flaum ved å bygge dike. Dika hjelper men vil aldri kunne hindre ein flaum, og me kan heller aldri hindre at forsynet kjem å øydelegg alt, men ein kan og bør forberede seg på at livet vil gå ad undas 🎵 .

Kjærleik:

...Eg trur nokon har såra Niccolò ein gong eller to: «Kjærlighet er ikke annet enn et forpliktelsesforhold, som alltid opphører når menneskene aner anledningen til å male sin egen kake»

Nøytrallitet:

...Er overvurdert. Aldri ver nøytral, men velg heller nokons side. «Tar du ikke parti, vil du alltid bli seierherrens bytte, til taperens glede og tilfredsstillelse».

Til biblioteket