Como agua para chocolate

Forfattar: Laura Esquivel

Land: Mexico

År: 1989

Den norske tittelen på denne boka er Hjerter i chili og eg antar begge titlane referer til sterke kjensle. Etter litt googling og youtubing ser eg at når ein lagar kakao med vatn så skal vatnet boble og frese, nesten så det syd over gryta. Tita (eller Popelka om du vil), hovudpersonen har det ofte slik inni seg (og eg òg som lesar for så vidt). Mamá Elena er ein drittmamma som alltid skal ha viljen sin og Pedro er berre ein vanlig dritt. Eg er definitivt noko partisk fordi det eg liker aller minst i heile verda, i bøker og TV, er triangeldrama (er det ein grei omsetting? Eg stal det frå svensk.) og det eg liker aller best er gode søskenforhold.

Likevel liker eg at boka får blodet mitt til å boble så, ho er ikkje kjedeleg! Og ho er så erotisk (sjølv om Pedro er ein dritt og kan helst flytte ut av heile boka) og det er så sjeldan eg les slike bøker. Det er lett å sjå for seg den vesle garden og den vesle familien med berre jenter, og sjølv om Tita lev i sitt Askepott-mareritt så verker det ikkje heilt urealistisk ille og ein kan heller ikkje alle vere rebellar som storesyster Gertrudis.

Eg prøvde, inspirert av tittelen, å lage kakao av vatn. Eg brukte coop 70%, ei halv plate (50g) i 5dl vatn. Vatnet blei kokt opp og eg la i plata, som smelta på ein to tre. Med ein visp gjorde eg mitt beste for å vispe, eg trur dei har spesialverktøy for slikt i Mexico, og lét det koke i eit minutt eller to eller tre mens eg vispa. Eg brente meg på tunga på fyrste sup, så eg er litt snurt på heile kakaoen, og eigenleg smakar det smelta sjokolade i vatn. Tita seier sjølv at sjokoladekvaliteten er alfa og omega, og eg antar ho ikkje brukte den billigaste sjokoladen ho fant på butikken(ho lagar faktisk sjokoladen sjølv).

Til biblioteket!

Second Class Citizen

Forfattar: Buchi Emecheta

Land: Nigeria / Storbritannia

År: 1974

Adah veks opp i Lagos, men blir vaksen i London. Ho har alltid vore eit annanrangs menneske, ho er jo tross alt ei jente, men i London blir ho òg ein annanrangs borgar – ho har feil hudfarge i følgje britane og ho stammar frå feil folk i følgje dei andre nigerianarane. Ikkje har ho vener heller, berre ein mann som slår og kjeftar. Det som kanskje er like kjipt, skjønt naturleg, er kor fort ho finn seg i det. Ikkje berre i rasismen, men at England absolutt ikkje er det draumelandet ho såg for seg når ho var liten. Ingen draumar blir oppfylt av å «reise til England», vêret er kaldt og vått, og folk er enten inne i stovene sine eller er dei ute og ikkje seier eit ord. Engelskfolk veit berre å oppføre seg som folk på laurdagskveldar - seier ho. Kulturforskjellane er store, og ho prøvar så hardt å passe inn. Når ho føder barn i England for fyrste gong så er det på sjukehus, og ho ligg på eit rom saman med mange andre damer. Dei er alle så perfekte og vellykka, med sine snille menn og fine nattkjolar. Blomar og gratulasjonskort har dei på nattbordene. Dei andre damene har det ikkje så fantastisk dei heller, men kontrastane er frykteleg store for Adah, og det er eigenleg fyrst då ho ser kor ulikt hennar liv er frå dei andre.

Som eg nemnte er Adah gift med ein fyr som slår og kjeftar. Han har sikkert opplevt ein god del skuffelsar sjølv i livet som me ikkje får høyre om, men det er ingen god unnskyldning. Francis fyller ikkje krava for å vere ein god ektemann, korkje dei engelske krava eller dei nigerianske krava. Adah pleier ofte å kjefte tilbake og stå på sitt, men ho tilgir han alltid, ho klarer ikkje la vere å vere glad i han seier ho. Adah startar livet med å kjempe seg til ein skulegang, og ho seier at ho forblei ein student heile livet og at ho aldri slutta å lære. Eg trudde då at draumane hennar skulle vere ordentleg store, eller slikt eg ser for meg er store draumar. Men ho vil berre vere ei tradisjonell dame, mor og husmor. Og det er jo ingenting gale i det, tvert imot! Og særleg sida hennar draumar, om dei er enn så uskyldige, er vanskelege for ho å oppnå.

Til biblioteket

The Joys of Motherhood

Forfattar: Buchi Emecheta

Land: Nigeria / Storbritannia

År: 1979

Dei fyrste kapitla var ikkje så engasjerande, men så etter kapittel 3 er det vanskeleg å legge ifrå seg boka. Nnu Ego, hovudpersonen, er så innmari stolt men må finne seg i så mykje nederlag – ho klarer ikkje leve opp til forventingane, verken sine eller andre sine forventingar. Ho er ifrå bondelandet, der menn er menn og dei arbeider ute på jorda heile dagen mens damene er heime å steller heimen, men ho må etterkvart, når ho flytter heimanfrå, tilpasse seg litt av kvart. Ho er ikkje sein om å sei ifrå kva hu synst om det, ho er generelt sett skikkeleg tøff, samstundes er hu fullstendig via til familien sin og dei tradisjonelle rollene ho er vakst opp med – kontrastane er svært tydlege og minner meg litt om Hedda Gabler. Nnu Ego er frå Nigeria og handlinga er satt til rundt 1930/1940 – akkurat årstal er eg ikkje sikker på, men andre verdskrig er inkludert sida Nigeria blir dratt med inn i krigen av Storbritannia. Det er deler av kulturen som var nytt for meg, særskilt chi (eg lurte fyrst på korleis kinesisk Qi hadde komme til Nigeria) som er (slik eg forstår det frå boka – og obs! ein del av Ibo-folkets kultur) ein personleg gud, eller skytsengel om du vil, som nærmast råder over heile di framtid og skjebne. Diverre for Nnu Ego, er hennar chi sur på ho og hennar familie og vil ho lite godt.

Til biblioteket

Woman at Point Zero

Forfattar: Nawaal El Saadawi

Land: Egypt

År: 1975

Eg føler meg ganske stø i engelsk, men eg må innrømme eg måtte søke meg fram til kva «point zero» vil sei. Slike eg forstår det (og google translate omset originaltittelen til «at scratch») så er det det mest utgangspuntigste utgangspunkt. Eg er litt usikker på kva tittelen er meint å sei meg, gjerne hjelp meg om du har ein idé!

Firdaus, hovudpersonen, var ei ekte dame, men det er ikkje ho som har skrive boka. Boka er ei gjenfortelling av hennar historie, frå sin barndom og til ho blir avretta(henretta på nynorsk visstnok) fordi ho drap ein fyr. Hennar liv er frustrasjon etter frustrasjon, full av slemme folk som er slemme og ein fattigdom det verker umogleg å rømme frå, særleg fordi ho er kvinne (seier ho sjølv. Ho levde sitt liv på 50 eller 60-talet i Egypt, ei tid og sted eg personleg kjenner lite til).

Heile historia er skriven i eg-form: Eg gjorde ditt og så gjorde eg datt, og det er litt annleis enn det eg er van med. Det gjer at historia spring av stad og det er lett å kjenne seg nærmast andpusten, og det passer eigenleg. Igjen og igjen i teksten skildrar ho alle dei svarte og kvite auga som stirrar på hennar, på kroppen hennar, og dei ekle, ekle neglene. Det er til å bli uvel av. Ofte kjenner ho seg så framand i sin eigen kropp og desse skildringane er som pustestunder mellom dei andre heseblesande hendingane. Og det er kjensle som det er lett å kjenne seg igjen i. Sjølv om eg i alle fall ikkje på langt nær har opplevd så mykje motgang i livet som Firdaus så kjenner eg igjen bekymringane og håpløysa. Diverre så opplev ho òg mine verste mareritt: ho får seg arbeid berre for å sjå at det livet er verre, og ho opplev sitt livs store kjærleik – berre for igjen sjå at det livet er verre.

Til biblioteket

A Fine Balance

Forfattar: Rohinton Mistry

Land: India / Canada

År: 1995

Velkommen til ei lang bok med hovudtema: «aldri så galt at det ei kan bli verre - også blir det verre». Det var til tider vanskeleg å lese fordi eg skjønte jo temmeleg fort at i denne boka er all glede ganske så kortvarig, og eg ville ikkje øydelegge gleda mens me hadde ho. Også må eg berre få ut ein liten irritasjon fyrst: det verker som om det berre er ein handfull folk som bur i byen deira (eg trur dei bur i Mumbai)(ganske så i motsetning til det som var tilfellet i Beretningen om de tre kongedømmer). Tilfeldighetane kjennest til tider ganske dryge, men eg skal godta det, det var uansett alltid kjekt å helse på folk eg hadde møtt tidlegare i boka.

Så altså eg likte desse folka veldig godt, dei sjarmerte meg. Spesielt godt likte eg tenåringane Omprakash og Maneck. Venskapet deira var så snålt og koseleg, og dei var nokre ordentleg fnisegutar som berre tenkte på pupper.

Akkurat som Tita er Dina travelt opptatt med å lage seg eit sengeteppe, eit sengeteppe hu syr livet sitt inn i. I alle fall heile livet sitt saman med dei tre mennene hu ender å bu saman med: Ishvar, Omprakash og Maneck. Det er nesten som om eg blir inspirert til å gå tilbake i tid å lage mitt eige teppe å sy livet mitt inn i.

Boka er ganske lang, men det er ikkje frykteleg mange namn å hugse på, og boka hjelpte meg heile tida og minna meg på kven folk var og kva som hadde skjedd tidlegare. For min del var det litt verre med sjølve språket, denne her forfattaren er frykteleg glad i engelske ord eg aldri har høyrt om før! Heldigvis for meg leste eg boka på kindlen med innebygd ordbok, men eg blei reint overraska over kor mange ord eg måtte slå opp.

Til biblioteket

Solens Rike (Empire of the Sun)

Forfattar: J. G. Ballard

Omsettar: Kari og Kjell Risvik

Land: Storbritannia

År: 1984

Eg forstår ikkje avstandane i denne her boka. Det verker som om dei har køyrt dagen lang forbi rismark etter rismark, men så seinare kan Jim gå til fots same distansen på omkring fem minutt? Og det skjedde fleire gonger mellom fleire områder? Fullstendig forvirra på det punktet altså.

Jim startar krigen med å få eit nytt namn, han går frå å vere «Jamie» til å bli «Jim». Eit nytt liv og eit nytt namn. Jim er forresten kjempeglad i både ord og namn, og prøver å lære seg nokre nye kvar dag. Også er han så glad i fly, og han er så klart rågod til å identifisere dei på himmelen. Han frydast ved flyangrepa fordi da får han sjå flya på kloss hold. Det er til tider nesten heilt absurd: han er omringa av svolt og sott, men framleis synst han krig er ganske kult i grunn.

Det er veldig lite dialog, men mange observasjonar. For det meste er det Jim og Jim sine tankar. Han er så sprudlande og arbeidsvillig at alle dei vaksne blir irriterte av han, så han er for det meste aleine. Eg antar at sidan han er så masete så er han ganske plagsam, men eg liker han likevel. Okei, så stel han mat, men det er for det meste frå dei som er halvdaude – og halvdaud er praktisk talt heildaud.

Eg må sei denne boka vekka bokanalyse-innsiktene mine veldig: ho er relativt kort, men full av forskjellig å henge seg opp i. Men eg har ikkje lyst til å skrive nokon bokanalyse.

Til biblioteket

River Town

Forfattar: Peter Hessler

Land: USA

År: 2001

Det står på framsida av boka at «om du skal lese ei bok om Kina, så bør det vere denne», men det må vere om boka du vil lese om Kina handlar om det å vere turist i eit land med ei heilt anna historie og kultur enn deg sjølv. Fordi det fortel hu godt om, og av og til er det akkurat som eg er der på ferie sjølv! Han er amerikanar og skil seg ganske godt ut frå kinesarane, både utsjånad og oppførsel er forskjellig. Eg synst det var så kjekt å lese om korleis det er å oppleve Kina for fyrste gong, med turistauge, og samtalane hans med kinesarane. Det er noko spesielt med slikt, fordi alt blir så fantastisk og spektakulært. Og sjølv om han jobba i Kina og teknisk sett ikkje var på ferie så seier han jo sjølv at arbeidstimane er særdeles korte så han har heller ikkje noko særleg av kvardagsstresset han sikkert hadde om han hadde vore heime.

Men til tider legg forfattaren Peter ut om kva som ligg bak kinesaranes auger og smil, som om han er ein slags tankelesar. Han har berre vore i Kina i to år og fyrste året kunne han ikkje språket ein gong! Kva slags innsikt er det han trur han har! Ein gong blir han invitert heim til ein familie han kjenner og då har ungen deira på to år bestemt seg for at Peter er skummel og sitter berre å græt. Det verker nesten som om Peter oppriktig er fornærma på grininga og ser på det som ein representasjon av heile Kinas rasisme mot han. Det er ganske så i overkant. Også er det ein annan gong, eg veit ikkje om han har skreve det med noko glimt i auga, men eg håper det:

«Alt eg hadde lært om kinesarane ymta om at dei ville vere særdeles dårlege kolonistar. Dei hadde sterke meiningar om rase, dei hadde liten respekt for religion, og dei hadde problem med å ta hensyn til ein ikkje-kinesisk synsvinkel»

Til biblioteket

Heart of Darkness

Forfattar: Joseph Conrad

Land: Polen / Storbritannia

År: 1902

Eg las dei to bøkene River Town og The God of Small Things samstundes, og begge snakka om same forteljing: om Marlow si ferd oppover elva på jakt etter den mystiske Kurtz. Eg ville gjerne vete kva desse forfattarane hadde lest og festa seg ved i denne boka eg aldri hadde høyrt om før. Boka handlar altså om ein europear på slutten av 1800-talet som arbeidar på ein båt på elva Kongo (på jakt etter den mystiske Kurtz). Det er ingen afrikanarar med dialog og personlighet med i boka, for det meste er dei berre namnlause afrikanarar i fleirtal. Dei minner meg eigentleg ein del om alle kinesarane i Solens Rike, ei forteljing lagt til Kina med så vidt ein kinesar i (bortsett frå haugevis av namnlause kinesarar i fleirtal).

Forfattaren skreiv boka etter å ha sjølv vore i Kongo og det verker veldig som om det har gjort eit inntrykk på han. Han skildrar elva og trea slik at han gjer dei heilt levande. Og skumle. Han seier at båten er ei lita fortapt bille på den store elva, men at det eigentleg berre er godt fordi den litle billa vil alltid berre forsette å kravle seg framover. Forteljinga er eigentleg ein historie i historia. Altså Marlow fortel alt til eg-personen og tre andre, mens dei sit på ei skip på Themsen og ventar på lågvatnet. Eg blei fullstendig trollbunde av historia eg, det var som om eg sat der på dekk å høyrte etter saman med dei. Forfattaren, Joseph Conrad, hadde ikkje engelsk som morsmål og ikkje sitt andre-språk ein gong, men det var hans språk nummer tre og likevel klarar han å erobre sinnet mitt så! Boka er ganske kort så det er ikkje megaimponerande, men eg leste boka på ein dag, eg ville ha heile bli-fortalt-til-opplevinga.

Boka er full av metaforar og allegoriar og det masse å henge seg opp i og overanalysere. Akkurat slik me liker det.

Til biblioteket

The God of Small Things

Forfattar: Arundhati Roy

Land: India

År: 1997

Eg liker dei fleste bøkene som eg les ferdig, så alle bøkene eg vel å skriv om her er alle bøker eg liker. Men det er enkelte bøker eg liker meir enn andre og denne boka er definitivt ei av dei eg liker aller mest og best! Historia er skriven litt fram og tilbake i tid og språket er litt tullete og barnleg sida hovudpersonane er ungar. Me blir fortalt med ein gong at noko har hendt i livet deira då dei var små og at det var skikkeleg ille, men me får aldri ordentleg vete kva som har hendt før mot slutten av boka, og det er nesten som om eg blir irritert: «sei ferdig det du skulle til å sei!» men det er berre nesten. Eigentleg gjer det ingenting fordi all hoppinga fram og tilbake i tid og mellom personar er så spennande å vere med på. Folk er irriterande og alle forholda dei imellom er frustrerande, men likevel så liker eg dei, eg liker dei så godt! Dei følast så ekte, om enn noko overdrivne. Når dei er lei seg blir eg lei meg, og når dei er glade blir eg glad. Men dei er for det meste lei seg.

Boka minte meg òg på og inspirerte meg til å ikkje dvele ved fortida, men heller sjå framover. Det er ikkje så godt å bevare alt akkurat som det er no eller som det var då ein hadde det godt. Godta at alt det vonde frå fortida ikkje alltid blir lega av tid, og ta imot framtida berre slik ho er og håpe det beste.

Til biblioteket

The Bridge of Beyond (Pluie et Vent sur Télumée Miracle)

Forfattar: Simone Schwarz-Bart

Omsettar: Barbara Bray

Land: Frankrike

År: 1972

Det er eigentleg ei bok skriven på fransk, men eg las ho på engelsk. Og ein dag kanskje eg har lyst å lese ho på norsk? Det burde vel vært at ein dag skulle eg lese ho på fransk, men eg har ingen planer om å lære meg fransk så det for berre vere. Uansett, eg likte ho knallgodt så eg vil gjerne lese ho ein gong til i framtida. Eller dei siste kapitla var litt som ein virvelvind med nye folk som kom og forsvann og eg fekk aldri tid til å bry meg om dei, men mesteparten av boka likte eg masse. Massemasse.

Boka snakkar så mykje om sorg og at ein ikkje kan komme utanom, men det var ikkje direkte trist for det om, det var lett å kjenne seg igjen i. Store nederlag og ein kamp for å komme seg tilbake til livet, berre for å sjå at livet går i bølgjedalar heilt til slutten.

«Alle elver, sjølv dei mest glitrande, renner ut og druknar i havet. Livet ventar på mannen lik havet ventar på elva»

Versjonen eg las er jo omsett men likevel var teksten så fin og vakker – lett å leve seg inn i og full av gode råd som trefte meg rett i hjartet. Tenk kor flott det må vere på fransk. Eit stort tema i heile boka er at ingenting varer evig, spesielt ikkje glede. Men ein må berre godta det ein får, og gjere det aller beste ut av det – ho seier heile tida at me må sjølv ri hesten og ikkje la hesten ri oss.

No høyrest det ut som om dette er verdas mest depressive bok, men det er ikkje det altså. Og ho seier det heilt i starten, fyrste avsnittet: «Kunne eg valt er det atter her i Guadeloupe eg vil bli født, lida og døy. Men eg kom ikkje til jorda for å bere jordas sorg. Eg ønsker å drøyme, i hagen min, som kven som helst gammal dame på min alder, til døden kjem og tar meg mens eg drøymar. Meg og heile mi glede».

Også må eg berre ta med et sitat til som eg forstod i hjarterota: «For dei som er vane med høge trer og fuglesong til si sorg, for dei er byen ein ørken».

Til biblioteket

The First Wife: A tale of Polygami (Niketche: Uma História de Poligamia)

Forfattar: Paulina Chiziane

Omsettar: David Brookshaw

Land: Mosambik

År: 2002

«Det er til å le av. Det er til å grine av» - mine tankar om teksten, slutt. Rami startar boka med å finne ut at hu berre er fyrste kona i ei rekke av fleire uoffisielle og drar på krigsstien. Men dei damene (og Rami) ender med å bli… systrer er å dra det litt langt, men i alle fall kollegaer, og nokre blir vener. Kor skal eg begynne? For ei annleis bok! Eg likte ho kjempegodt! Me fylgjer Rami sine tankar frå ho finner ut at ektemannen altså har fleire kjærastar, og det blir unnskyldt med at i Mosambik er polygami tradisjon serru. Mannen har dratt tilbake til røtene serru. Men Rami fortel at polygami er ikkje å ha ei dame i kvart nabolag, det finnest jo reglar og struktur. Ein kan ikkje berre gjer som ein vil. Sanninga er at Tony er ein liten baby som vil gjer som han vil og han vil liggje rundt.

For det meste av boka er Rami prega av så lite sjølvtillit. Og sida me høyrer alt ho tenkjer på er det heilt forferdeleg deprimerande å lese. Ho er så trist, og snakkar så stygt om seg sjølv. Ho gjer sitt beste, men tapar alltid, «eg tvilar på meg sjølv, Mor. Alt eg gjer i livet er feil». Og likevel klarar ho å samle alle damene, i ein kjerringfagorganisasjon, og sjølv om ho ikkje ser det så er ho så sterk og flink. Alle dei andre damene ser det heldigvis. Og Rami får sagt morosame ting òg, ikkje berre triste: «Du har rett Tony, kvinner nå fortida har gått frå vettet. Kvifor tar du ikkje heller å gifter deg med bestemor mi?». Å, eg likte Rami så godt.

Det er fasinerande at ei bok kan vere både så vond å lese - for damene blir behandla svært dårleg, men samtidig så morosam. Eg lo og eg grein.

Til biblioteket

Mitt russiske testament (A russian diary)

Forfattar: Anna Politkovskaja

Omsettar til engelsk: Arch Tait, eg trur boka er omsat frå engelsk, fordi orginaltittel er engelsk

Omsettar til norsk: Kjell Olaf Jensen

Land: Russland

År: 2007

Det er ikkje alle bøker det er like lett å skrive om. Denne boka var fæl å lese, og ein veit jo frå starten av at det blir ikkje betre – Russland er jo framleis Putin sitt Russland. Om du ikkje har høyrt om forfattaren før, det hadde ikkje eg, så var ho ein russisk journalist som skreiv mykje om Tsjetsjenia spesielt, og det er mykje fokus i boka på Tsjetsjenia òg naturlegvis. Boka er det som ei slags dagbok, ikkje om hennar liv, men om ting som skjer i Russland frå omkring rett før gjenvalet til Putin i 2003 til eit år etter gisseldramaet i Beslan, 2005. Alt som blir skildra er altså ganske… kva skal eg sei, at ho mislikar Putin legg ho ikkje pittelitt skjul på og det aller meste er framstilt slik at sjansane er store for at Putin ligg bak alt det ille som skjer i Russland. Og ikkje veit eg, kanskje ho har rett.

Bortsett frå Putin kjente eg ikkje til ein einaste russisk politikar så eg brukte wikipedia mykje, berre for å få nokon oversikt, eller i alle fall nokre bilete til namna. To hendingar som blir snakka om ein del: gisseldramaet i Dubrovka-teateret i Moskva og gisseldramaet i Beslan fant eg dagsrevyenepisoder frå, og det var jo litt interessant – skjønt det er frykteleg ukomfortabelt når dei insisterer på å intervjue folk som akkurat har opplevd kven veit kva. Det er i tillegg ein slags rar kontrast mellom slik ting blir framstilt på dagsrevyen og slik det blir framstilt i boka. I boka er det kanskje tjue gonger mindre dramatisk, og ein god del meir trist og deprimerande. Spesielt intervjua som er med er deprimerande. Ikkje berre dei foreldra som har mista ungane sine, men òg dei intervjua om skada soldatar og familiane deira som sit igjen med ingenting. Det er så mange ofre, og det er deira eige land som bryt dei ned og drep dei. Det er eit svært bedrøveleg Russland som blir skildra. Alle er så slitne og trøyte og utan håp, og det er jo ikkje så vanskeleg å forstå at dei er det etter så lang tid med dårlege leiarar. Det er vel også tungt å vete at dei same som var ved makt då er ved makt nå.

Til biblioteket

Kyoto eller De unge elskende i den gamle keiserby (古都)

Forfattar: Yasunari Kawabata

Omsettar: Inger Inadomi (frå tysk)

Land: Japan

År: 1962

«Nei, er me ferdige?!» var spørsmålet eg sat igjen ved slutten av denne boka. Og ho er ganske kort. Eg blei heilt trolla bort til Kyoto, skjønt eg aldri har vore der. Skildringane av byen, husa og spesielt alle trea var veldig omfattande, og det var òg skildringane av alle festivalane som blir heldt i løpet av året i Kyoto, og det verker ikkje som om det er få. Og alle dei ulike templa dei besøkte og snakka om. Eg trur Kyoto er hovudpersonen. Og Kyoto er ein gammal by med svært lang historie og mykje gammal kultur, men historia handlar òg om ei ung jente som er i god gang med å vakse opp. Om eg må finne fram skuleeleven i meg og finne noko smart å sei så kanskje dette: Gamle Kyoto står føre framtida, og unge Chieko står føre fortida.

Som eg sa er boka kort, om lag 160 sider var det vel, så eg fekk akkurat tid til å bli kjent med folka i boka før alt var over og eg skulle gjerne få høyre meir for slutten er ganske open, dei har jo mykje av liva sine igjen å leve og det er ingenting som antydar at dei kjem til å leve «lykkelege alle sine dagar». Men det er jo litt fint og med slike opne sluttar, livet er jo opent og har ingen slike sluttar anna enn dauden, ikkje sant. Han i boka eg lærte best å kjenne var definitivt byen sjølv. Faktisk blir svært mykje tid brukt på forklaringar av kva dei ulike festivalane går ut på og oppramsing av haugevis med tempel, det er nesten som ho er sponsa av Kyotos turistforeining. Eg likte òg heile stemninga i boka, alt var så roleg. Dei siste sidene i boka snør det, og jentene sovnar til lyden av det lette snøfallet på taket og med eld i omnen. Og den stemninga hadde eg sjølv gjennom heile boka mens eg leste, det var berre koseleg, fint og roleg.

«Blomster lever bare en liten stund, men de lever. Året etter har de knopper som åpner seg. Slik lever naturen...»

Til biblioteket

Essential Cell Biology

Forfattarar: Bruce Alberts, Karen Hopkin, Alexander D. Johnson, David Morgan, Martin Raff, Keith Roberts og Peter Walter

År: 2014

Eg var usikker på om kom til å like denne skuleboka eller ei, eg likte jo temaet – men kven tenkjer godt om sine gamle bøker frå skulen? Men null stress, cellebiologi er framleis kjempeinteressant. Alt om gen er kjedelegast, men det visste eg at eg syntest frå før. Boka er ikkje berre interessant, men teikningane er fine og gode, og teksten er lettlesen! Det er ei oppriktig god bok! Så klart gjorde eg ikkje oppgåvene, eg vurderte det men om eg hadde starta med det trur eg at eg ikkje hadde lest forbi kapittel 1. Det eg synst er kjekkast er cellemembran. Eg veit ikkje kvifor, men alt om cellemembran likar eg: kanskje spesielt om proteinene som sit fast der og stikk ut på begge sider. Apropos det eg ikkje likte, gen, forresten. Har eg lest dei same bøkene om og om igjen eller har eg lest historia om Gregor Mendel og dei irriterande ertene hans omkring femtitusen gonger? Eg er så lei å høyre den same gamle remsa, og bli vist dei same gamle firkantane. Guri. Eg trur det er lite eg har fått så inn med teskei som Gregors liv og virke. Kjekt for han da, han er definitivt foreviga. Så ja. Dette er i alle fall ei skulebok eg har tenkt å behalde sånn i tilfelle eg vil oppfriske mine cellekunnskapar ein gong i framtida (igjen).

Til biblioteket

Fuglane

Forfattar: Tarjei Vesaas

Land: Norge

År: 1957

Eg klarte ikkje akkurat suse gjennom boka Fuglane. Ho gjer så vondt. Eg hugsa at det var vondt å lese ho fyrste gongen, då eg gjekk på vidaregåande, men det var verre denne gongen då eg var nærare Mattis og Hege i alder. Det er kjekt å lese bøker frå fjerne stader med andre slags opplevingar, og som berre er heilt ulik meg. Men det er òg fint å kjenne seg litt igjen. Å ikkje vere så aleine og einsam med tankane. Det er liksom fint å vete at ein ikkje er den einaste med rare tankar, men me er fleire. «Kva skal ein gjera når alle ikring ein er sterke og kloke?». Eg kjenner meg mest igjen i Mattis, men eg vil gjerne drøyme om å bli som Inger. Ho verka så grei og godhjerta, og skarp som Mattis seier heile tida.

Men det gjer frykteleg vondt òg. Likevel er dette ei av mine favorittbøker. Og akkurat denne fysiske boka fekk i gåve, ei heilt overraskande gåve av ei veldig god venninne så nå betyr boka endå meir for meg. Men ja, det er vanskeleg å ikkje synst synd på eller føle med både Hege og Mattis som begge har det vondt både saman og aleine. Det finst liksom ingen lykkeleg slutt. Ein kan ikkje unngå å bli forlatt, ved dauden blir ein jo forlatt uansett. Liksom.

Mens eg las tenkte eg forresten på det diktet «Det er den draumen» av Olav H. Hauge. Kanskje Mattis hadde likt det? Spesielt når Mattis lykkeleg ror rundt på sjøen og har funne noko han er flink til.

Til biblioteket

Mesteren og Margarita (Мастер и Маргарита)

Forfattar: Mikhail Bulgakov

Omsettar: Erik Egeberg

Land: Sovjetunionen

År: 1973 (men Bulgakov døyde i 1940)

Det er som eg har lest eit eventyr. Eg har blitt dratt med på ein heisann-hoppsann tur til Moskva, og ein stillare tur til Jerusalem. Og nå er det dessverre over. Boka er fylt med så mykje stemning og så mykje musikk, så eg høyrte så klart på musikk heile tida mens eg las, Berlioz – inspirert av boka sjølv. Men eg var altså absolutt ikkje klar over at dette var ei såpass eventyrleg bok. Ikkje misforstå, ho er òg soleklart ein refleksjon av det Russland forfattaren levde i, kritikken er langt frå subtil. Det er nok masse ting som har gått meg hus forbi, men eg enda opp ganske fort å lese alle notata på denne hjelpefulle sida. Skjønt dette er slikt eg ofte kranglar med meg sjølv om: Er det best å berre lese for kjekt fyrste gong, og så kan eg les meir nøye om boka og alt det eg ikkje forstod etter på og kanskje lese boka igjen seinare. Eller er det best å berre lese alle fotnotar ein kan finne? Eg ender alltid med alternativ to, alltid. Men eg trur den sida eg lenka til eigentleg gav meg for mykje informasjon, eg var ikkje så interessert i alt som blei fortalt meg om ulike «fun facts». Men, men gjort er gjort og boka var ein fornøyelse uansett.

Det var mykje koplingar til Faust, som eg forstår finst i både skodespel og opera – og eg vil ein dag få med meg begge, ja takk, eg har allereie hjerta ei faust-bok på biblioteket. Og eg gleder meg svært til dagen då eg leser «Mesteren og Margarita igjen». Einaste irriterande er at den norske boka, om eg skulle kjøpt ho, er ufatteleg stygg! Sparken omgåande til den som designa forsida. Er det Times New Roman dei har brukt? Og kven er ho dama? Går det ann å putte mindre sjel i arbeidet sitt? Neppe. Den personen burde skjemst. Eg skjemmer meg i alle fall på personen sine vegne. Æsj 🤮. Introen i biblioteksboka var i slutten da, og det er tommel opp.

Til biblioteket


Pinocchio

Forfattar: Carlo Collodi

Omsettar: Anne Lømo

Land: Italia

År: 1883

For ein rakkarunge han Pinocchio er! Eg blei fullstendig sjarmert. Aldri gjer han som han blir fortalt – han veit at han ikkje burde, men så klarar han berre ikkje la vere. Alt som høyrast kjekt ut lokkar så veldig. Det er eigentleg ganske lett å kjenne seg igjen i. Boka har ein heftig arbeidsmoral som eg ikkje er heilt einig i, men som tunfiskpolitikere visstnok seier: «[andre sine] meiningar skal respekterast!». Gong på gong får me høyre at å arbeide er det viktigaste i verda, berre eldre og sjuke har lov til å tigge, og det er jo kanskje noko i det – det er jo fornuftig og bra å jobbe så klart. Men Pinocchio er så liten og at han har meir lyst til å leke enn å lese ABC klarar eg ikkje laste han for. For så vidt, kan ikkje laste vaksne folk heller for å ha meir lyst til å leke enn å lese ABC.

Teikningane i boka var laga av italieneren Roberto Innocenti og er heilt fantastiske! Dei er store og detaljerte og passa kjempegodt til. Eller på et tidspunkt forandrar årstida seg på om lag 10 minutt eller så, men eg er ikkje godt nok kjent med Italias klima til å kritisere det fullstendig, og i tillegg er det eit bilde av ei høg klippe som ikkje passa heilt til handlinga, det burde ha vore ein svært kort klippe for å gi meining. Men, men – teikningane i seg sjølv var kjempekjekke å sjå på.

Summa summarum så trur eg at eg likte Pinocchio aller mest fordi eg kjente meg igjen i han(utan at eg skjemst for det). Og eg lo nesten høgt når eg las at når Feen lokkar Pinocchio til å ta bitter medisin med at han skal få ein sukkerbit etterpå så seier Pinocchio: «Jeg vil ha sukkerbiten først, så skal jeg drikke det ekle, bitre vannet». Og det er eg enig i.

Til biblioteket