Njaala (Brennu-Njáls saga, eller Njála) 🗓️
Forfattar: ein islending
Omsettar: Olav Aasmundstad
Land og språk: Island og norrønt
År: 1280
Soga om Njål er svært lang, ho er den lengste. Naturlegvis er det ein haug med folk med. Eg måtte slå opp kor mange folk som budde på Island rundt år 1000, og wikipedia seier om lag 100.000 folk ved år 1100. Om desse er fordelt jamt rundt på øya (som dei sikkert ikkje er) så er me vel innom heile nabolaget på sør-vest Island. Det er i sør-vest handlinga er lagt for det meste, og eit kart anbefalast til dei grader - det gjer alt lettare! Eg fann kart i denne boka som eg snip&sketcha. Det er alltid så mange tankar ein må ha i hovudet samstundes når ein les dei islandske sagaene, og med ‘tankar’ meiner eg ‘slektstre’, så eg måtte skrive alt ned eg. Det er kanskje litt mas å måtte ta notat, men det hjelper SÅ mykje når folk dukkar opp igjen seinare, eller det dukkar opp slektningar av folk som var med tidlegare i boka.
La meg berre fyrst skrive litt om den omsettinga er las. Ho er skriven av Olav Aasmundstad frå Gudbrandsdalen og er skriven på landsmål. Det var svært krevjande for meg å lese ho. Men! Så las eg høgt – og akkurat som det var trolldom på ferde gjekk alt mykje lettare! (Det var framleis ein del ord eg måtte slå opp … og einaste svar google gav meg var denne boka… Tenk ju, gugel 💀) Altså, mens eg las høgt kjente eg at mi eigen lese-dialekt blei berre breiare og breiare og det var svært underhaldande. All dialogen gjekk frå å vere tunglest til å bli den mest naturlege dialogen nokon sinne. Einaste som mangla var eit «farr/mårr» på sluten av kvar setning (men slikt kan ein jo føye til sjølv når ein les høgt).
Favoritt-biten min var når Gunnar blei angripen heime hjå seg og ein av angriparane klatrar opp husveggen til vindauget. Gunnar stikker atgeiren sin ut og stikker til angriparen så han detter ned. Angriparen tumlar seg bort til dei andre angriparane som spør «er Gunnar heime?» Og får til svar at «atgeiren er nå heima i alle fall». Også vil eg nemne den beste fornærmelsen i boka. Ein fyr får refs for å ikkje oppretthalde dei sosiale normane: «Og so skulde du stagga ut or tonnom dine rass-tarmen av merri du aat, fyrr du reid til tings».
Den kjedelegaste biten var den største rettssaka – eg forstod ingenting. Eg lurte på om eg skulle sette meg inn i dette, kva er det som eigentleg skjer, men eg forstår vanlegvis ingenting av rettsakar i tv-seriar og slikt uansett så kvifor skal eg tvinge meg til å lære rettssakssystemet på Island anno 1000. Uansett trur eg folka i soga var like oppgitte som meg med alt dette fram-og-tilbake-styret. Sjølv om eg ikkje forstod strategiane til folk kunne eg ane all sukking og akking 🙄.
Til slutt må eg nemne at Kåre tar ein Asbjørn Selsbane (Eller tok Asbjørn ein Kåre?) og halshuggar ein type rett framfor både ein konge og ein jarl. Og det sette eg pris på.
Omlesing
Omsettar: Aslak Liestøl
«Berr er brorlaus bak»
Eg las Njålssoga i ein litt meir moderne omsetting og eg må innrømma at det gjorde lesinga litt smidigare om enn mindre sjarmerande. Men denne gongen var ikkje rettssaka heilt uforståeleg – eller forståeleg nok til å forstå at opplegget er så intrikat at det gjekk litt i baddel for saksøkjarane sjølv – og det var sjølve forsvaret til forsvararane! AHA! Du gløymte deg ut og sa ikkje talen din rett og nå er heile saka spilt og DU er den som blir lyst fredlaus! Men seriøst: heile rettssaka handlar meir om korleis ein kan best trikse med systemet enn å få til noko ordentleg, soga ser ikkje ut til å respektere systemet i det heile tatt. Vidare blir alle dei lange talane om å lysa den og den og det og det og der og der repetert to gonger og når då soga faktisk repeterer heile remsa ein gong til så tar rettssaka ganske stor plass mot slutten. Då folk begynner å bli leie av rettssaka vel dei å slost i staden, introduksjonen seier: «berre når dei subjektive kjenslene, hatet, og den objektive retten har fått sitt – kan det bli fred i landet».
Mykje av denne avsluttinga minner meg om Orestien, berre at der er det rettssaka som er den siste avslutt, og rettferda er komen til Aten, medan i Njålssoga er det kristendomen som kjem og endar forteljinga(introduksjonen seier at meir enn kristendom er det behov på «ordningar som kan kontrollerast og føreseiast» som er den verkelege enden på blodhemntradisjonen, og Njål lar med vilje seg og sin familie bli brent av Fljose for få folk til å tenkje kritisk over hemnsystemet). Eg likte den rolege avsluttinga godt forresten, Kåre og Flose ser ut til å vere slitne (og ingen av dei har eigentleg med denne hemna å gjere heller? Skjønt denne hemna har ein tendens til å blande seg inn blant mange, kven er det til slutt som ikkje er innblanda?) og dei seier seg berre ferdige, og Kåre giftar seg med Hoskuld si enke. Rettferd for Hoskuld Kvitanes-góde forresten – han blei ille behandla av Njålssonane, og eg synst ikkje det var snilt av Njål heller å ta Hoskuld til seg slik at han måtte vokse opp som litlebror til farens mordarar. At Hoskuld aldri blei bitter er eit under.
Eg likte soga endå betre på denne andrelesinga enn fyrste: det var mindre å halde styr på fordi eg visste frå før kven alle meir eller mindre var og det var lettare å sjå den tragiske og frustrerande handlinga utan å bli forvirra av språk og folk. Og soga er ofte morosam – eg har markert mange replikkar i boka mi!
Kåre sa: «Det er kvar manns skyldnad å berga livet, og det skal eg òg gjera, men no skilst vi vel på ein slik måte at vi aldri ser kvarandre att. Om eg spring ut av elden, då har eg ikkje mot til å springa inn att til deg, og då skilst våre vegar.»
«Eg ska le godt,» sa Skarphedin, «om du kjem deg vekk, måg, og får hemnt oss.»
Egils saga (Egla) 🗓️
Forfattar: ein islending
Omsettar: Hallvard Lie
Land og språk: Island og norrønt
År: 1200-talet
Helst skulle eg kveda eit kvad i Egils stil, altså med enderim, men eg vil jo òg hatt bokstavrim med, men det blei litt for komplisert for meg. I tillegg for å være ærleg så synst eg det er litt skremmande å skrive kvad til ei soge full av fine kvad. Det er kvada som er høgdepunkta i soga, særleg Sonetapet. Både sjølve kvadet er rørande og alt som leder opp til at Egil lagar det. Sørgande Egil i senga som nektar å stå opp, og ei trøystande dotter som klappar han på kinnet og lovar å døy der i lag med han. Men Egil bør heidre sonen med eit kvad fyrst seier ho. Er det diktinga som gir Egil inspirasjonen til å leve likevel? Få satt ord på kjenslene sine. Akkurat slik som familien i boka Kveldens ubehag ikkje setter ord på noko og slik går dei mest i oppløysing.
Eg likte at dei norske kongane Harald Hårfagre og særleg Eirik Blodøks var såpass med i historia. Dette er jo saker me ikkje fekk høyre om i kongesogene! Tenk alt dette utspelte seg samstundes med alt brødredrama og kva som helst. Dei har vel alle hatt meir på gong enn det Snorre fortalte (Olav Kyrres liv er jo på så vidt ei side…). Eg likte at det dukka opp så mange berserkar og at folk trudde Kveldulv var ein varulv sida han blei så gretten på kvelden og pleidde legge seg tidleg (ingen hadde trudd eg var varulv!🐺). Også likte eg at Egil brukte enderim: plutseleg er det litt tydeleg utvikling i kvadtradisjonen. I følgje wikipedia så var enderim vanleg i engelsk poesi på den tida, og er det ikkje fyrst i England Egil kjem med enderim? Han har blitt inspirert!
Eg lærte forresten at i gamle dagar så levde det rein i Skottland! «Helt dit reinen reker, rekker Adalsteins rike» kvedar Egil, og kong Adalsteins rike rekker altså nord til Skottland.