🔥🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🔥

Finnskog-trilogien

🔥🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🔥

Forfattar: Åsta Holth

Land og språk: Norge og skriven på nynorsk

Kornet og freden 🗓️

År: 1953

Eg lyger om eg seier dette var ei dritspennande bok, men det var verkeleg kjekt å fylgje med livet til personane i boka, og dialogane deira var ofte så morosame. Alt var så uformelt, både i ord og handling. Eg var overraska over kor avslappa Anni og Pål var då dei sov saman aleine i fjøset, men kanskje det er eg som undervurderer dåtidas folk.

Kerttu minner meg om mor mi, i alle fall mens Kerttu endå er ung og ikkje grin heile tida. Kerttu har så mykje sjølvtillit at mangel på slikt er ein tanke som aldri kan ha streifa ho. Og ho har så klare meiningar om kva ho ynskjer seg – akkurat skal det bli … og slik blir det. Det er vel absolutt late Pål som gagnar mest ved at dei to er saman. Men sjølv om Pål berre utsett og utsett alt som må bli gjort så blir eg sjarmert av kor mykje glede han puttar i alt han lagar: krusedullar og namn og årstal. «Aldri var han så blid som når han heldt på med slikt som ikkje var nødvendig».

Dei to fyrste delane av boka hadde vatn-tema: drivtømmer og Skades sjø, og det synst eg va interessant sida me er jo langt inni skogen. Eg trur aldri dei er ute på denne sjøen dei bur ved ein einaste gong heller faktisk. Eg antar drivtømmeret her er finnane? Om eg har forstått det riktig? Og den fjerne kysten er skogane på Norge-Sverige-grensa. Men den sjøen… fekk eg ikkje mykje utav.

Også såg eg for meg mykje meir brenning av landskap og såing av korn, svedjebruk 🔥, men det var heilt i bakgrunnen. Det gjorde meg litt skuffa eigentleg. Eg såg for meg at det skulle vere ein av dei store forskjellane mellom finnane og nordmennene (og svenskane), men det var som regel språket som var den store forskjellen (og badstu).

Ein ting til, nå er det kanskje pliktmennesket i meg som er alt for sterkt, men det irriterte meg at dei var så utakknemlege for sitt nye heimland. Dei vil ikkje vere med å krige, dei skylder på at dei er finner og ikkje kjenner desse toskekongane. Det er ikkje det at eg liker krig altså, det er vanskeleg å støtte kriging av alle ting, for om ingen av soldatane stiller opp så blir det vel lite krig, men samstundes så synst eg ikkje det er rett å ikkje kjempe for landet fordi ein ikkje føler ein høyrer til der. Dei har levd i Norge nesten heile sitt liv, det er den norske jorda som før dei og gir dei liv faktisk! (Eg må vel ta med at ein stor porsjon av boka er at jorda er sjukt dårleg på å fø dei og gi dei liv, men sånn i teorien… Det er ikkje jordas feil at det ikkje regner!). Men deira foreldre rømte jo frå eit Finland i krig og svolt og skattar til svenskekongen (eg har ikkje heilt lest meg opp på dette) så kanskje desse familiane er pasifistar heilt til sin ryggrad. Men altså det er sjølve holdningen eg ikkje liker, at ‘dette har ikkje noko med oss å gjere’. At dei ikkje vil slost og drepe er jo så klart positivt.

Okei, okei, no er eg nesten ferdig, men berre eit pittelite sitat eg likte så godt. Det er etter at Kerttu har vore å kjefta på Pål som ligger å latar seg ved bekken og ho snur seg og går heim mot huset igjen: «Stakkekanten hennes feide over strå og blomar som spratt forskrekka opp att bak henne». Så levande! Og det minner meg om dei trea frå Ve's mor.

Til biblioteket

🔥🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🔥

Steinen blømer 🗓️

År: 1963

Den fyrste delen av denne boka var passeleg kjedeleg: det var så mykje mas om kven som eigde jorda og betale eller ikkje betale leige – og eg lukka øyrene litt eigentleg. Denne generasjonen fekk heller aldri heilt sin eigen personlighet så dei forsvann litt for meg. Mattis og Ola som er hovudpersonane mot slutten var meir interessante: eg likte alle sjelekvalane og den dårlege samvita. Mattis er redd han ikkje gjer ære på sine døde forfedrar då det ser ut som om garden vil bli eigarlaus, og Ola har heimlengsel bort frå faren til ein heim som kanskje ikkje var så paradis som han har gjort det til i sitt minne. Det er jo kjekt at forholdet deira utviklar seg og blir godt, men det blei litt for enkelt synst det at når Ola såg brura si føre seg så forsvann plutseleg alle kvider og sorger. Eg skulle ynskje det stakk litt djupare.

Eg forstår jo at bøkene har fokus på kor hardt familien har kjempa og arbeida for å halde på garden, og dei har ikkje tid til å tenkje og fundere på stort anna enn det heilt praktiske. Men eg saknar tenking og fundering. Eg har ikkje lest Anna Karenina sida eg var tenåring og eg hugsar eg sleit meg gjennom kapitla til Levin utan å forstå mykje, men no har eg lyst å lese boka igjen. Kanskje får eg meir utav det no? (Og kanskje er ikkje hans historie i det heile tatt relevant for denne boka? Det er så lenge sida 😳)

Eg har ikkje notert meg andre sitat enn denne skildringa me får av skogfinnane: «eit kuva og audmjukt folk med små tankar om seg sjølv», eg snøfta då eg las det, det er absolutt ikkje mitt inntrykk av desse Pålane i alle fall – dei er heller det stikk motsette (ikkje kritikk altså, dei er dei dei er). Men dei gjer jo ikkje anna enn å snakke om kor hardtarbeidande dei er og at dette hadde ingen andre heldt ut, og når det kjem allslags embetsfolk (elns) så jagar dei dei vekk og det som verre er.

Heilt til slutt blir me presentert med eit slektstre, og då går det opp for meg at det er forfattarens forfedrar eg sit å les om. Iiik, då blir det så pinleg for meg å kritisera dei!

Til biblioteket

🔥🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🔥

Kapellet 🗓️

År: 1967

For å vere heilt ærleg så blei det for kjedeleg nå. Hadde dette vore bok 1 hadde eg ikkje lest ho ferdig, men ho var berre 200 sider og like lettlesen som dei andre så eg tenkte eg kunne liksåvel gjere meg ferdig.

I alle generasjonane har mødrene vore opne om at dei har aktiv funne ektemenn og kvinner til ungane sine og dytta dei saman utan å tvinga nokon ting, og det er vel naturleg at ein vel jenter og gutar som ein kjem overeins med sjølv, som er lette å like. Men det er så ekkelt å lese det likevel: «Ho kunne vera dotter mi, så lik meg er ho, tenkte Anne» - du kan ikkje ynskje at son din skal gifte seg med miniversjonen av mor si Anne. BLÆRRRR! Men det er vel ein grunn til at alle generasjonane er så innmari like.

Eg sakna framleis litt meir. Då foreldra til Vappo sel garden blir Vappo heilt frå seg og ho grin på seg hovudverk. Sorga blir til og med samanlikna med sorga då ungane døydde! Men så er det over og me får aldri høyre meir om det enn akkurat dette. Eg visste ikkje at Vappo brydde seg så mykje om barndomsheimen?!

Til biblioteket

🔥🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🌾🔥