Ivanhoe: A Romance đŸ—“ïž

Forfattar: Walter Scott

Land og sprÄk: Storbritannia (Skottland) og engelsk

År: 1819

Mitt inntrykk av Ivanhoe fĂžr eg hadde lest boka var at det var ei eventyrbok (som i ‘la oss dra pĂ„ eventyr!’ ikkje troll og alvar-type eventyr) for ungdommar, og boka levde ganske opp til dei forventningane! Men – gusjelov for at eg las ho pĂ„ lesebrettet som har innebygd ordbok for det var mange ord eg mĂ„tte slĂ„ opp! Og alltid stod det dĂ„ sĂ„nn i parentes: [archaic]. Og dialogen
 ooo det var ein fryd Ă„ lese! Masse slikt thou og thee, dost og doth og slike gamle bĂžyingsformer. Eg prĂžvde Ă„ halde tritt med hĂžfleg tiltale og vanleg tiltale (uhĂžfleg? Uformell?), og eg er temmeleg sikker pĂ„ at ‘thou’ er vanleg og ‘you’ er hĂžfleg – men sjĂžlv ut i frĂ„ samanhengen blei eg litt forvirra til tider, det er som dei brukast litt om kvarandre, men det lĂ„g sikkert ein tanke bak det var berre eg som ikkje nileste. Men altsĂ„: det er ei spennande eventyrbok, men pĂ„ engelsk er i alle fall sprĂ„ket litt vanskeleg. Eg hadde ikkje klart Ă„ lest ho som ungdom pĂ„ engelsk, men eg skjekka dei norske omsetjingane og det er ei i to deler som er meir eller mindre fullstendig sĂ„ vidt eg kunne sjĂ„, men er milevis lettare Ă„ lese. Men ein mister jo mykje av sjarmen.

Eg var forberedt pĂ„ slutten heilt frĂ„ starten av – altsĂ„ no skal eg snakke om sjĂžlve slutten
 du er advart! Han som skreiv introduksjonen seier korleis det gĂ„r med Rebecca, Rowena og Ivanhoe og at mange lesarar heia heller pĂ„ Rebecca enn Rowena. Og det forstĂ„r eg: Rowena spiller ein svĂŠrt liten rolle i boka, ho gĂ„r berre rundt og er vakker. Rebecca er jo nĂŠrmast ein av hovudrollene, ho er dyktig og smart og kan snakke for seg. Hu er ein utstĂžytt og blir stadig sett ned pĂ„ fordi ho er jĂžde, men krev likevel respekt – kven kan ikkje fĂžretrekke Rebecca framfor Rowena, Rebecca er jo sĂ„ beundringsverdig 😍. Ho fĂ„r tale etter tale frĂ„ tempelridder Brian, men Rebecca svarer han berre med hans egne logiske brestar og ho blir ikkje forfĂžrt eit sekund. I motsetning til Brian sĂ„ skal det ikkje mykje til fĂžr ho faller for Ivanhoe. Eg synst sjĂžlv at det er sĂ„ mykje usannsynleg som skjer mot slutten at et forhold mellom ein jĂžde og ein kristen ikkje er heilt utenkeleg, men det er heller Ivanhoe og Rowenas langvarige venskap og forhold som gjer at eg ikkje har noko imot at dei blir saman heller enn Ivanhoe og Rebecca. Men eg likte at Ivanhoes lidenskap for Rebecca ikkje blir heilt lagt skjul pĂ„ sjĂžlv etter han er gift, fordi fĂžr det kunne ein undre seg om han fĂžlte noko som helst for Rebecca:

Yet it would be enquiring too curiously to ask, whether the recollection of Rebecca’s beauty and magnanimity did not recur to his mind more frequently than the fair descendant of Alfred might altogether have approved

Kva med dei andre folka? Dei som gjer styrst inntrykk mĂ„ vere narren Wamba fyrst og fremst, ein comic relief alltid unnskyldt med at han jo er «a fool». Men han er ikkje dum. Tempelriddaren Brian blir jo faktisk heilt bergtatt av Rebecca (utan at det er hennar vilje) og det er nesten sĂ„ eg synst synd pĂ„ han mot slutten – nesten. Og Ivanhoe eg jo ogsĂ„ med
 men han er for det meste sengeliggande og seier ikkje stort. Men mot slutten dĂ„ Ivanhoe skal ri etter kongen og mĂ„ lĂ„ne hest av prioren – det var gĂžy: prioren lĂ„ner bort sin gode gamle Malkin og seier til Ivanhoe at nĂ„ mĂ„ han behandle denne kjĂŠre hoppa fint og vĂŠre snill og Ivanhoe fĂ„r ikkje ha pĂ„ seg full rustning nĂ„r han skal sitte pĂ„ ho. Men Ivanhoe puttar pĂ„ seg dei stĂžrste og skarpaste sporane nokosinne «Trust me, holy father, I will not distress her with too much weight; and if she calls a combat with me, it is odds but she has the worst». Prioren: Â«đŸ’€Â».

I starten dĂ„ eg las sĂ„ blei eg litt forvirra kva gong jĂždar blei nemnde, det var liksom sĂ„ positivt og negativt pĂ„ ein gong. JĂždane er nokre pengeglupske stabeistar, men det er fordi dei blir sĂ„ forferdeleg behandla av absolutt alle, og Ă„ lĂ„ne ut pengar har blitt det einaste arbeidet opent for dei – og for Ă„ halde pĂ„ sin kultur og minnet om sin heim og historie har dei mĂ„tte vere stabeistar. Eg trur ikkje eg tar alt for mykje feil at det er samtidige antisemitiske haldningar som blir kritisert. Den kristne kyrkja fĂ„r gjennomgĂ„ med mindre nĂ„de: alle kyrkjefolk og tempelriddarar er tvers igjennom hyklarar. Kanskje han Lucas er den einaste som verkeleg trur pĂ„ det han seier, men han er jo ein av dei vondaste av dei alle! Broder Tuck er ein av dei gode kyrkjefolka, men han er jo hyklar han ĂČg tross alt og gjer allslags han ikkje har lov til.

“Holy Mother,” said the monk, as he addressed the assembled knights, “I am at last safe and in Christian keeping!”
“Safe thou art,” replied De Bracy; “and for Christianity, here is the stout Baron Reginald Front-de-BƓuf, whose utter abomination is a Jew; and the good Knight Templar, Brian de Bois-Guilbert, whose trade is to slay Saracens—If these are not good marks of Christianity, I know no other which they bear about them.”

Andre greier eg likte var at «kjendis i forkledning» blei brukt 3 gonger! Drygt! Og at boka eg las hadde bilete. Korkje likte eller ikkje: var at folk ofte snakka pÄ latin til kvarandre, og eg forstÄr jo ikkje det sprÄket og berre satsa pÄ dei sa noko vettig om det ikkje var klart utifrÄ samanhengen, men etter kvart trur eg eg forstod dei folka i boka var sjÞlv ikkje heilt drivne i latin og at dette var humor: det var ofte gebrokkne fornÊrmingar. Kanskje?

Til biblioteket