The Romance of the Three Kingdoms (三國演義)

Forkorta versjon 🗓️
Heil versjon 🗓️

Forfattar: Luo Guanzhong

Omsettar: Martin Palmer (forkorta versjon) og Yu Sumei (heil versjon)

Land og språk: Kina og kinesisk

År: 1300-talet

Fyrst og fremst: Ein oversikt over folk eg synst var interessante.

En drake kan vere kva størrelse som helst, han kan stå opp i herleg glans eller vere skjult for syn. I enorm storleik, lager han skyer og tåke; i mindre storleik, kan han ikkje dølje ein sennepsstilk eller ein skugge. Stigande, kan han sveve til himmelen; dalande, er han skjult i havets djup. Det er sein vår, årstida draken vel for sin metamorfose, lik ein mann som gjer alvor av sine ambisjonar og underlegger seg verda. Dyret Dragen er lik mennesket Helten.

No har eg altså lest denne boka i to versjonar: ein forkorta og ein heil. Eg likte begge to eg, men eg vil jo helst anbefalt ein heil omsetting, eg har ein link til ein slik versjon her, som eg dessverre ikkje oppdaga før eg var ferdig med å lese så denne omsettinga har eg altså ikkje lest sjølv.

Det er ingen eigenlege hovudkarakterar i denne boka, handlinga strekk seg frå omkring år 170 til år 280, og dei som er i live ved bokas slutt er barnebarna til dei me blei kjente med i starten. Hovudtemaet blir fortalt oss i aller fyrste setning, «Om eit rike har vore heilt og fredeleg lenge vil riket kriga og splittast, og om riket har lenge kriga og vore splitta vil det igjen bli heilt og fredeleg». Alt i boka hender altså mellom to slike fredelege periodar. Det gamle dynastiet blir sakte men sikkert brote ned og dei tre kongerika Wei, Wu og Shu blir etablert. Fokuset i siste halvdel av boka er for det meste på Shu der Liu Beis arvtakarar prøver så godt dei kan å samle Kina under hans namn og dynasti. Wei prøver for så vidt det på det same, men ender opp i ein liknande situasjon som keisar Xian var i i starten av boka. Og Wu gjer lite ut av seg.

Alle dei smarte strategane og sterke krigarane i frå fyrste halvdel vaks opp i eit nokså fredeleg land og kjemper for å få tilbake det dei hadde. Men dei blir erstatta med dei neste generasjonane som berre kjenner til eit liv i krig. Og det er ikkje småting heller me snakkar om, ved kvart slag er det fleire titusen og opptil ein halv million folk involverte frå kvar side. Og folk døyr, døyr dei ikkje av piler eller sverd døyr dei av svolt, det er berre dei heldige sjefane som døyr av sjukdom.

Eg synst den fyrste delen er mykje meir spennande og lett å lese, mens mot slutten, etter at Liu Bei er daud, blir det litt langdrygt. Det er så mange forsøk på invasjon av Wei og dei fører jo aldri noko sted, men eg lét det berre flyte over meg og flyte saman – detaljane rundt kvart angrep kan eg ikkje tvinge meg til å hugse. Då er det kjekkare å berre henge med enkelte personar som gjer litt ut av seg. Dei som skilte seg mest ut er jo dei eg har tatt med i oversikten, men dei aller fleste er frå starten av boka. Det er to menn eg ikkje tok med, men eg vurderte det veldig: Deng Ai og Zhong Hui – dei er ikkje med før heilt i slutten men er like viktige for den delen som mange av dei som er i oversikten er for starten.

Ei dame som dukkar opp i ei lita stund er Cai Yan, men møtet med hennar gir ikkje noko hint om kva forferdeleg liv ho fekk. I starten av krigen blei ho bortrøva frå heimen sin til nordlege Kina og der blei ho gift med høvdingen. Seinare sendte Cao Cao bod om å få ho heim, men sønene måtte bli igjen. Ho har eit dikt kalla «Sangen om Sorg» som handlar om dette og det er forferdeleg trist (namnet hennar vert skriven som Ts’ai Yen i diktboka).

Verdas kvardag fortsett, i endelaus straum;
Styrt av lagnaden, ingen kjem unna.
Dei tre kongedømma har blitt ein draum,
for folk å grunda på.

Til biblioteket