Hesiod og musene
Musene meinte
han mangla skam
og kalla Hesiod ein feit hyrde
Så skjenka dei’n
ein heilt sjuk presang:
Sjå-gamle-tider-Talent!
Himmelen og hans ungar
Himmelen bannlyste
sine eigne Barn:
slik gidde han Jorda mageknip
Kronos blei vreid
på mor Jord sine vegner
og stussa den himmelske stake
Lemen blei kasta
langt utpå havet,
på bølgjene vogga han vevert
Då syda fram
fossande skum
og ut sprang deilige Afrodite
Kronos og hans ungar
Frå stammen falt
ikkje frukta langt:
Kronos eter ungane sine.
Makta blir tviheldt
Barn er ein trussel
og særleg den vise Zeus
Kronos får stein
til middag av kona
og barnet gir brekkmiddel.
Så frigjer Zeus
Himmelens fangar
og tyner dei gamle titanar
Zeus og kona
Zeus hadde erfart
av far og farfar
unger er rota til alt ondt
Men Zeus var jo
smartast av alle
og han åt si eige kone
Medusa
Tre søte jenter
er systrer men
berre Medusa skal døy
Halshugd gravid
av helten Persevs
Då føddest ein fole og gut
Promethevs
Promethevs lurte
den allvise Zeus
og då blei folk nekta flammen
Promethevs stal
elden for oss
og blei steinfesta og eten av ørn
Så kom Zeus
med straff til folket:
Sorg og klage, det var kvinna!
Promethevs bror
den alltid skuffande
blei hennar mann seier Hesiod