Professor Hieronimus 🗓️

Forfattar: Amalie Skram

Land og språk: Norge og noke konservativ norsk

År: 1895

Etter at Else blir lagt inn på sinnssjukehus så er det ikkje så mykje som skjer, dagane er temmeleg like: dei galne er galne, dei høglytte er høglytte, sjukepleiarane pleiar, men legene leger ikkje. Og Else føler seg som ein fange i fengsel. Og det det er ho jo òg for så vidt. Hadde det ikkje vore for at Amalie Skram sjølv var innlagt på ein slik avdeling og heile boka er basert på det så hadde det vore litt kjedeleg må eg innrømme. Det er som sagt ingenting som skjer. Men Elses situasjon er svært tragisk og ekte, og at historia har ein god del sann er lett å sjå for seg. Det er nok mange som har vore innlagt på slike galehus utan å faktisk vere gal. Eg kan ikkje så mykje om utviklinga av korleis psykiatriske pasientar blir behandla, men eg trur ikkje det særleg bra i dag ein gong? Det er ikkje mangel på avisartiklar om tvang og lovbrot i psykiatrien når eg søkjer på det. Else prøver å forklare til legen at ho ikkje høyrer til her på avdelinga, men uansett kva Else seier blir det tolka som noko symptom. «Formen for hendes sindssyge er den næsten fuldkomne mangel på evne til at beherske sit følelsesliv. Undertiden er hun en rén furie.» Seier professor Hieronimus til ektemann Knut.

Skjønt Hieronimus er vår «oprigtige fiende» så er alle andre ganske irriterande òg. Dei har for mykje respekt for denne professoren! Sjølv når dei tviler så gjer dei ingenting. Sjukepleiarane, reservelegen, huslegen og ektemann Knut – alle er heilt blaute føre Hieronimus. Else er einig:

Hvor kunde det dog være, at disse snille gode mennesker var så afstumpet i deres følelser for andres lidelser. Det var det same urgamle op igjen. Autoritetstroen som i alle århundreder havde bragt menneskene til å tro på og bøje sig for det ene menneske. Det ene menneske, som havde menneskeforagtlig frækhed nok til å optræde som den, der førte and og vidste besked. – «Vi med vores professor!»

Det er ei bok med faktiske følger: Amalie Skrams lege Knud Pontoppidan slutta som lege på Københavns Kommunehospital (og blei overlege ved Sindssygeanstalten i Århus 🙊). Hans danske wikipedia-side er forresten ganske positiv og dei får han til å høyrast ut som eit offer for ærekrenking og nemner ikkje Amalie Skram i det heile tatt. Ikkje at eg veit kva som er mest oppriktig og sant, det er vel to sider av same sak.

«Dette er helvede,» tænkte Else. «Den, som har lavet læren om helvedes pinsler, har uden tvil ved en fejltagelse vært på en eller annen sjette afdeling, med en eller anden Hieronimus til øverste.»

Til biblioteket