Ord i dikt?

Her kjem altså ein liten tekst om dikt. Det burde kanskje vore eit dikt om dikt seier du, vel nei. Det er ein tekst. Eg er ikkje lærar og dette er ikkje nokon objektiv læretekst om poesi, men derimot litt personleg skribleri om meg og dikt. Det var i utgangspunktet meininga at eg skulle skrive om kvifor dikt er best og at dikt burde me hatt meir av, men eg klarer ikkje skrive om noko anna enn at eg er glad i dikt.

Dikt på skulen

Dei fyrste dikta eg høyrte trur eg må ha vore André Bjerke sine «Moro-vers». «Ja-grisen og nei-grisen» var favorittdiktet mitt, og det skal framleis få stå blant mine favorittar: det er så kort og sjarmerande. Eg blei fyrst lest for frå «Moro-vers»-boka og seinare leste eg ho sjølv om og om igjen. Ho har så fine bilde! Han litle mannen i eit vindauge framme på boka og med baksida hans bak på boka – hysterisk! Eg er evig overtyda om at utsjånaden på bøker er megaviktig. Kva er vitsen med å skrive ei bok om ho skal sjå stygg og kjedeleg ut? Altså, mitt førsteinntrykk med dikt var eit svært godt eit.

Einaste minnet eg har om dikt frå grunnskulen var andre klasse, då skreiv eg Inger Hagerup sitt dikt «Mauren» i løkkeskrift gong på gong. «Mauren» er òg eit anna av desse korte og sjarmerande dikta eg liker veldig – det er lagt i favoritthaugen. Det var fyrst på vidaregåande me blei på ordentleg tvungne til å lese og analysere dikt. Og eg veit folk hatar det, det er ganske så klisjé. Sjølv så likte eg diktanalyse. Det var ein todelt lek: fyrst måtte eg gå gjennom alle dei enkle greiene om fri eller bunden form, enderim og den slags. Andre delen var ein skattejakt, der skattane var ord og uttrykk som kunne ha skjulte meiningar og støtte opp om det temaet eg bestemte for diktet. Mine karakterar i norsk var ikkje akkurat noko å skryte av, men eg hadde det kjekt likevel og eg lærte å like poesi! Nå les eg dei dikta eg vil og eg dømmer dei som regel etter fyrsteinntrykket, er det slemt?

Når eg les dikt

Eg pleier som regel å lese dikt høgt til meg sjølv, eller det er i alle fall det eg føretrekk. Då kan eg nyte rytmen betre. Om eg ikkje forstår noko som helst eller om diktet kjeder meg lar eg det ver og finn heller eit anna dikt. Ofte synst eg det er lettare å forstå diktarar som eg har i alle fall litt til felles med. Dikt er som regel så korte og ein har liten plass å formidle ting på, og om eg då ikkje kan sette meg inn i dei bilda diktaren vel å bruke så blir det eit problem for meg. Alt som har med skog å gjer er eit enkelt døme på noko eg ikkje forstår meg på. Eg er ikkje oppvaksen blant tre. Eg er oppvaksen blant lynghei. Og eg kan ikkje strekke min fantasi til å forstå høgare tretoppar enn 10-50cm(Store norske leksikon). Av og til liker eg tittelen eller eit ord så godt at eg prøver å tvinge meg sjølv til å like og forstå diktet. Eg les det fleire gonger, men det er ikkje alltid det hjelper. Ein kan ikkje bli sams med alle dikt.

Dikt eg festar meg med

Dikt gir meg ein sjanse til å kjenne på kjensle. Av og til gir dei meg eit innblikk i andre sine følelsar, følelsar eg aldri har vore borti før. Slik som ein reise til andre land kan utvide min forståing for andre kulturar kan eit dikt hjelpe meg forstå andre folk (håper eg i alle fall). Andre gonger kan eg kjenne igjen mine egne følelsar i dikt, og eg blir mindre aleine. Nå skal eg komme med ein samanlikning som eg håper du ikkje blir heilt skremt unna av, men ofte kan dikt minne meg om tarotkort. Eg blir presentert for ulike bilde og så må eg sjølv finne ut korleis dei heng saman og skape ein ny meining. Eg får utfordre og utvikle nye perspektiv bygd på det eg allereie veit. Trening av kreativitetsmuskelen.

Likevel er det ikkje alle dikt som bidrar til min personlege følelse-utvikling og slikt, ofte liker eg berre rytmen i dei, eller ein kreativ bruk av språk, eller kanskje dei er underhaldande og løgne! Nokre dikt kan få meg til å tenke på andre enn meg sjølv(uvant), dei opplyser sider ved livet, kulturen og samfunnet som eg kanskje ikkje har tenkt på eller som ikkje angår meg. Kanskje det finst dei som liker lange lesarinnlegg, men det er ikkje ei gruppe eg er blant. Hadde lesarinnlegget vore på vers, derimot.

Nå burde det kanskje vore naturleg med ei «anbefalt lesing»-liste, men som sagt trur eg at kva som er "gode dikt" varierer frå person til person, og dessutan er eg redd for om eg seier alle mine favorittdikt at det skal avsløre litt for mykje om meg. Om noko så er det plenty diktbøker digitalt på Nasjonalbiblioteket sine sider.

Kjelder