Sverresoga đŸ—“ïž

Forfattarar: fyrste del, GrĂœla av islandsk abbed Karl JĂłnsson (i samarbeid med kong Sverre), forfattar av andre delen er uklart

Omsettarar: Halvdan Koht

Land og sprÄk: skriven pÄ norrÞnt i alle fall

År: Fyrste del er truleg frĂ„ mellom 1185-1188, andre del mĂ„ vere frĂ„ fĂžr 1210 (dette er frĂ„ snl.no)

Kart over kor Sverre drar frÄ han kjem til Norge til han blir konge aleine i 1183

No stÄr ein mann for tre,
- ein for konge, for jarl, og for erkebisp,
og den mannen det er eg

Me startar med at kongen er Magnus, son til Erling Skakke. Han er i slekt med Sigurd Jorsalfare pÄ morssida, men er ikkje kongsson og blir av Sverre stempla ugyldig pga dette. Folket ser ikkje ut til Ä bry seg stort. Sverre sjÞlv dukkar berre opp ein dag og seier han er son til Sigurd Munn. Det er svÊrt tvilsamt at det er sant, historieboka mi seier at Sverre trudde det nok ikkje sjÞlv ein gong, men eg veit ikkje kva folket tenkte og trudde. Det er i alle fall ikkje uvanleg med forfalskingar av pavebrev og kongssÞner. I Noreg fÄr Sverre stÞtte av Sigurd Munn og Øysteins etterkommarar, altsÄ dei som var anti-Inge og er no anti-Magnus. Med desse kjem birkebeinane, som er ein fattigsleg gjeng meir som ein rÞvarbande enn hÊr av soldatar. Sverre mÄ overtalast tre gonger fÞr han gÄr med pÄ Ä bli deira leiar - veldig Zhuge Liang.

Saman fer dei land og strand, nord-sÞr-Þst-vest, og slost og svelt og bind tette venskapsband. Heile denne biten er svÊrt eventyrleg og spennande. Dei slost nesten litt geriljaaktig og er kjappe til Ä rÞmme nÄr det trengst. Og dÄ alle bÞndene i bygda seier dei ikkje har nok julemat til seg sjÞlv ein gong sÄ stikk birkebeinane til skogs lenge nok til at all den gilde maten blir satt pÄ bordet og kjem sÄ tilbake for Ä forsyne seg. Sverre har fyrst og fremst gode rÄd.

«Det var den stÞrste vansken for birkebeinane heile vegen sÞnnafor Staden, nÄr dei skulle halde njosning, den tid stride stod mellom Magnus og Sverre, at det var jamnt sÄ at kvar dei rÄka bÞnder, kjÞpmenner eller fiskarar, sÄ brukte dei aldri seie sant ifrÄ kong Magnus og mennene hans, om det sÄ berre var eit andnes eller eit leite imellom; men alle sa sant ifrÄ birkebeinane, kvar dei var».

Det er fleire gonger at Sverre blir skildra litt stusseleg. T.d. dÄ han i Trondheim snublar i det han skal til Ä gÄ i land. Eller ein historie der han mÄ rÞmme pÄ verdens verste hest. Til bisp Nikolas vitsar han og seier at dei er som to bikkjer begge to sida folk seier dei manglar mot. Historieboka mi seier at alt dette er litt rart, at Sverre har ein annan humor enn resten - sjÞlvironi i staden for skadefryd. SjÞlv om Sverre kjem frÄ FÊrÞyene og visstnok ikkje har vore andre stader fÞr han kom til Norge verkar han meir sivilisert enn nordmennene.

«Kong Sverre var kledd i ei sid blÄ kappe. Han svinta seg frametter skipet og ville gÄ i land. Men dÄ han kom fram for masta, rauk ei tilje under fÞtene hans, sÄ han datt ned i rommet. Mennene sprang dÄ sÄ tjukt over han, sÄ det var lenge han ikkje kunne reise seg opp»

Det er sÄ mykje slag og fram og tilbake Bergen-Trondheim eg mÄ nesten hoppe over det meste av det. Men nokre skil seg litt ut:

Slaget pÄ Kalvskinnet i 1179

Kalvskinnet er i Trondheim. Dette er det fyrste slaget som gÄr ordentleg godt for Sverre og dÄrleg for Magnus. Erling Skakke dÞyr.

Trondheim 1181

Sverre og Magnus mĂžtest for Ă„ prate. Flokkane set seg ĂČg ned for Ă„ prate og drikke saman - dei fleste har kjenningar pĂ„ tvers av flokkane. Men det ender naturlegvis med ypping og kriging. Sverre forslĂ„r Ă„ dele riket mellom dei, men Magnus foreslĂ„r heller at «du, Sverre, og de birkebeinar fer bort or landet og aldri kjem att».

1183

Dette Äret er borga i Trondheim, Sion, ferdig og klar til Ä flytte inn i. Eg var og besÞkte ho sist desember sÄ dette er ei borg og ein utsikt eg kan sjÄ godt for meg.

Slaget ved Fimreite i 1184

I 1184 er det problem i Sogn mellom Sverres sysselmenn og dei lokale bÞndene. Sverre kjem og brenn bygdene som straff. Men Magnus lukter lunta og kjem etter. Sverre og birkebeinane fangen inni ein fjordarm og om dei rÞmmer mÄ dei forlate skipa noko Sverre er uinteressert i - sÄ dei blir til birkebeinanes mukk. Dette blir altsÄ slaget ved Fimreite og her dÞyr Magnus (han druknar). I dette slaget er det tydeleg at Sverre og Magnus brukar to ulike strategiar: Magnus er med Ä slost i fronten (som var det vanlege), men Sverre er ikkje med Ä slost sjÞlv - han stÄr utanom og gir ordre til hÊren sin. Sverre fÄr ein del kritikk for dette og blir klandra for mangel pÄ mot.

Sverre har eit stort skip som heiter Mariasuda. DĂ„ ho blei bygga men ikkje var ferdig endĂ„ sa Sverre at ho ikkje var stor nok og beordra ho kappa i to pĂ„ midten og pĂ„skĂžyta ein lengre kjĂžl. DĂ„ skipet blei sjĂžsett rakna ho litt og pĂ„ sin fyrste (og einaste) ferd hadde dei med seg fire store kister med skipssaum (naglar) for mannskapet Ă„ bruke nĂ„r det trengtest. Visstnok var skipet tydeleg uproporsjonalt med for stor midtdel og for liten fram- og bakdel. Men Sverre kan ikkje ha vore heilt misfornĂžgd fordi han gjer det same med fleire skip seinare ĂČg.

Sverre er konge i Noreg heilt aleine. 👑

Bergenserane blir fortalt dei gledelege nyhetene om at Magnus er fallen: alle blir lei seg og griner. Heile resten av si regjeringstid gÄr folkets stÞtte fram og tilbake mellom Sverre og hans motstandarar. Eg fÄr inntrykk av at folk har slekt og vener pÄ begge sider som regel.

«Somme seier at eg er djevelen sjÞlv som har komi or helvete og sloppi laus. Tenk no etter kven dei sjÞlve er da! Kva kan de vere anna enn trÊlane til djevelen, sidan de tener han, og di ynkelegare enn alt anna folk pÄ jorda, sidan de bÄde skal tene han her og brenne hos han i det andre livet? Er det ikkje toskeskap Ä seie slikt om kven det skal vere, og aller helst om kongen sin?»

Motstandarane etter Magnus er fleire og dei kjem flokkevis - den eine flokken etter den andre. Eg trur det er mange av dei same familiane, og det er etterkommarar av dei som slost for Magnus. For det meste er det adlege familiar og geistlege. I historieboka mi stĂ„r det dette om forholdet mellom Sverre og kyrkja: at kyrkja hadde gjort Magnus til konge og Magnus hadde gitt kyrkja meir makt og goder. DĂ„ Sverre ville gjere Magnus til ein ugyldig konge ville naturlegvis denne makta og godene kyrkja hadde fĂ„tt ĂČg bli gjort ugyldig. Det var umogleg for kyrkja, bispane bisla til paven, Sverre blei lyst i bann og eit godt forhold dei i mellom var umogleg. «Dette brevet lĂ©t erkebispen lese opp i Danmark, og lyste bann over over kong Sverre kvar sundag oppi koret» Men i tillegg: Sverre kjem ein dag med eit brev frĂ„ paven som avlyser heile banninga, men det var eit forfalska brev stĂ„r det i fotnota, soga later som ingenting.

Sverres motstandarar kjem altsĂ„ i flokkar: det startar med Kuvlungane og ender med Baglarane (Magnus’ folk blei kalla Heklungane). Det er Baglarane som er dei mest interessante: dei gir oss fleire store slag og dei er framleis aktive dĂ„ Sverre dĂžyr (dei drep han ikkje, Sverre dĂžyr av sjukdom).

«Dei hadde med seg ein gut som dei sa heitte Inge og var son til kong Magnus Erlingsson; birkebeinane sa han var dansk og heitte Torgils Tuveskit»

Slag og slosting:

Bergensommaren 1198

Birkebeinane vinn, men baglarane set fyr pÄ byen fÞr dei fer.

Trondheim 1199

Birkebeinane forsvarar byen godt til tross for at Baglarane stadig angrip med skip. Men til slutt gir dei opp og fer.

Oslo 1200

Her i dette slaget er det ikkje Baglarane, men baglar-venlege bĂžnder som slost mot Sverre, Birkebeinane, bymenn og kjĂžpmenn. Her kjem me litt tilbake til Sverres uvanlege strategi ved Fimreite (dĂ„ han ikkje slost med hĂŠren): fordi no har det blitt heilt motsett - han er med Ă„ slost tappert heilt fremst. Kvifor no og ikkje dĂ„? Eg veit ikkje. Han meiner sjĂžlv at det den gong ikkje var pga. mangel pĂ„ mot og siterer FĂ„vnesmĂ„l som seier at blaut ungdom blir ikkje djerve vaksne. Birkebeinane vinn i Oslo ĂČg men stikk heim med ein gong.

TĂžnsbeg, vintren 1201-02

Baglaren Reidar og hans menn sit pÄ kastellet pÄ fjellet og Sverre og birkebeinane stÄr nedforbi men fÄr ikkje tatt dei. Til slutt blir baglarane svelta ut og gitt nÄde. Sverre er meir imponert over dei enn sine eigne menn: birkebeinane har berre klaga og mast om Ä fÄ dra heim, mens baglarane hadde vore flinke Ä heldt ut til dei svelta nesten i hel - nÄr dei til slutt gir opp sÄ ser dei ut til Ä vere ekstremt underernÊrte, det er fleire som dÞyr av ete for mykje for fort.

I TÞnsberg blir kongen sjuk og pÄ veg heim til Bergen deler han sjukestove med baglaren Reidar - dei kjem godt overeins. Sverre blir skildra sympatisk her til slutt, han gir grid til absolutt alle som spÞr og formanar birkebeinane sine til Ä behandle dei gridgjevne fint - sjÞlv om dei har myrda vener og slektningar.

I Bergen i Är 1202 dÞyr Sverre av sjukdom og etterlet seg ein (Sverre er tydeleg pÄ at det berre er ein) son, HÄkon.

Eg mÄ nemne til slutt ein draum Sverre drÞymer ei stund fÞr han drep Erling Skakke: Ein gammal mann ligg pÄ bÄlet og blir stekt, heile kroppen steikast bortsett frÄ hovudet. Kva kan det bety mon? Det er Erling jarl som eldast. Ordspel! Hovudet som bestÄr er sonen, Magnus.

Historieboka som eg av og til nemner er Norges Historie, RedaktĂžr Knut Mykland, Bind 3: Noge under sverreĂŠtten 1177-1319, av KĂ„re Lunden.

Til toppen

Baglarsoger đŸ—“ïž

Forfattarar: den eldste er kanskje forfatta av ein islending seier snl.no eller ein baglar seier forordet. Den yngste er kanskje heller forfatta av ein birkebeiner

Omsettarar: Gunnar Pedersen

Land og sprÄk: skriven pÄ norrÞnt i alle fall

År: den korte eldste er frĂ„ rett etter 1208 og den lengre yngste er frĂ„ etter 1217

Baglarsoga var litt kjedeleg om eg skal vere ĂŠrleg, men teksten i historieboka som gĂ„r over same tid (og har baglarsoga som hovudkjelde ser det ut til
) var mykje meir spennande. Det er vel litt kjekkare nĂ„r alle hendingane blir analysert for meg og satt i perspektiv enn: sĂ„ skjedde det og det skjedde det, og sĂ„ skjedde det
. Blablablaabl. SkjĂžnt eg fekk ein Ă„tvaring i forordet: «Innhaldet i soga er stort sett rivalisering mellom kongsemne og ei endelaus rekkje med stĂžrre og mindre kampar og valdsverk rundt omkring i landet, der baglarar og birkebeinar har overtaket kvar sin gong. Striden blir fĂžrst stogga da erkebisp Tore, som stĂ„r birkebeinane nĂŠr, og bisp Nikolas, den store baglarhovdingen, gjer seg samde om Ă„ fĂ„ til fred». PS. Det er soger i fleirtal fordi det finst to ulike versjonar og ei omsatt utan original (om eg har forstĂ„tt riktig). Denne soga som eg laste er satt saman av alle tre.

Soga startar i 1202 rett etter at kong Sverre er daud og son HÄkon skal bli neste konge. Baglarkongen dÞyr pÄ same tid og baglarane blir litt opplÞyst for no. Mens HÄkon regjerer er det ganske stille og fredeleg i landet, folket liker han og bispane kjem tilbake til landet. Men han har eit dÄrleg forhold til stemora si: rett etter at Sverre dÞydde hadde stemor Margret tenkt seg tilbake til Sverige der ho var i frÄ og hadde dottera med seg. Kongens menn syntest ikkje om at kongsdotter Kristin skulle ut av landet og kidnappa ho med seg tilbake kong HÄkon (hennar halvbror). Likevel feirar dei jula 1203 saman og det er svÊrt dÄrleg stemning og ubehageleg. Same jula dÞyr kong HÄkon.

Etter kong HĂ„kon blir i 1204 neste konge 4-Ă„ringen Guttorm Sigurdsson (barnebarn til Sverre), men han dĂžyr seinare same Ă„ret. Neste kongen no blir verande heilt til sogas slutt: Inge BĂ„rdsson. Inge er barnebarn til Sigurd Munn – barn til Sigurds dotter Cecilia, og derfor altsĂ„ kong Sverre sin nevĂž. Dette valet av konge gjekk ikkje heilt smertefritt: folk var ueinige mellom ein sterk krigar som hĂŠren ville ha eller ein stille og koseleg ein som bĂžndene ville ha, Inge blir eit kompromiss. Men likevel fĂ„r hĂŠrmennene det litt som dei vil ha det og deira mann Harald Galen blir jarl og halve kongsinntekter og halve hĂŠren. Harald Galen er Inges halvbror (svensk far).

Samtidig har baglarane fÄtt ein ny konge: Erling Steinvegg. Han pÄstÄr sjÞlv Ä vere ein son av Magnus Erlingsson, men soga trur ikkje pÄ han og fortel oss om korleis den ekteErling Steinvegg dÞydde.

SÄ skjer det ikkje stort anna dei neste Ärene anna enn ei skildring av korleis baglarane voldtar ei bondekone og gjer narr av den sure bonden. Historieboka seier at det viser «militÊraristokratiets holdning til vanlige bÞnder», og ei forklaring pÄ kvifor baglarane ikkje var sÊrleg populÊre blant bÞndene.

I 1206 er det to stĂžrre hendingar: fyrst eit blodig bryllaup i Trondheim og sĂ„ eit antiklimaks i Bergen. Det blir altsĂ„ heldt bryllaup i Trondheim og alle er fulle. Den natta kjem baglarane og angrip – dei tek alle pĂ„ senga. Fullstendig kaos, kong Inge gĂžymer seg pĂ„ taket. Kongen kjem seg etter kvart ned til elva og til eit skip han vil klyve oppi. Men buksa hans viklar seg inn i tauet han held i og eg antar ho faller av? Uansett mĂ„ kongen gi opp heile bĂ„ten og sym til elvebredda der han faller sliten om, det gĂ„r ein kjenning forbi som ikkje vil hjelpe han, men sĂ„ kjem ein betre ven som tar av seg kĂ„pa si, svĂžper kongen inn og ber kongen pĂ„ ryggen til sikkerhet (og nye klede).

Om Skule kongsbror blir det nemnt at han drar ned til elva under husa. Eg trudde at hus pÄ pÄlar var eit nyare fenomen, men her gÄr det faktisk ann Ä gÄ under dei. Guttorm kongsbror er ein annan som gÞymer seg under eit hus.

Denne affÊren ender med ein baglar som slÄr i hel ein birkebein berre for Ä sjÄ, nÄr det er for seint, at birkebeinen var hans eigen bror. Det minner meg litt om den festen mellom Sverre og Magnus dÄ folka deira slappa av og drakk i lag, fordi dei fleste kjente nokon i den andre gruppa. Og det blir kanskje meir og meir bÞnder og adel som er dei to store grupperingane heller enn birkebein og heklunge/kuvlunge/baglar/etc.

Eg har notert at det finst ein birkebein som kallast Andres Dritljod og vil gjerne ha det med. I ei anna bok frĂ„ bokhylla.no stod det alternative namnet Andres Dritskit. đŸ’©

SĂ„ var det altsĂ„ Bergen: Birkebeinborga er under beleiring men jarl HĂ„kon Galen snik seg inn. DĂ„ jarlen og mennene inni borga fer ut sĂ„ flyktar baglarane. Det er svĂŠrt lite imponerande og ganske stusseleg. Men sĂ„ faktisk, i ein av dei siste setningane i kapittelet stĂ„r det at birkebeinane jaga baglarne heilt til skips og ut pĂ„ sjĂžen og det gĂ„r eigentleg strĂ„lande for birkebeinane – heilt til det ikkje gĂ„r strĂ„lande. Baglarane klarar plutseleg Ă„ drepe 200 birkebeinarar. Kapittel slutt.

I Äret 1207 dÞyr baglarkongen og deira nye konge blir Filippus (tidlegare jarl). Baglarane drar tilbake til Bergen og beleirer borga igjen. Det blir ikkje sÊrleg av det denne gongen heller og alle som er inni borga fÄr ikkje berre lov til Ä gÄ fredeleg ut, dei fÄr ta med seg alle eigendelane og pengane sine! EtterpÄ ransakar baglarane borga og finne ein flott stol som Sverre ein gong i tida hadde designa, men dei finn ikkje alt smÞret som ender opp med Ä tyte i strie straumar or veggane dÄ dei brenn borga ned. Historieboka kommenterer denne hendinga med Ä kalle det ein «hÞvisk dans».

Borga blir bygga opp igjen, men dÄ kjem baglarane tilbake. Alle fÄr grid og borga blir tatt i frÄ kvarandre stein for stein.

1208 er det store fredsĂ„ret. Kongane og bispane mĂžtest pĂ„ KvitingsĂžy for Ă„ bli einige om ein fred. Kong Filippus blir Filippus, men skal fĂ„ Kristin Sverresdotter til kone(ho som ein gong i tida blei kidnappa) og han skal fĂ„ rĂ„de over dei austlegaste delane av riket som jarl. Filippus seier ja til alt til tross for at det er han som kommer verst ut av alt, birkebeinane er ikkje seine med Ă„ fornĂŠrme han heller. Men Filippus seier at «men for namnebota mi fĂ„r kong Inge vel rĂ„; eg blir likevel den eg er» đŸ„”.

Det er ikkje alle som er fornÞgde med Filippus: Filippus pleier alltid gÄ hand i hand med ArnbjÞrn, men nÄr han no rekk ArnbjÞrn handa fÄr han til svar «Lei deg no sjÞlv»! Kapittelet avsluttast med at «baglarane kalla Filippus konge liksom fÞr». Og nÄr Filippus kjem heim sÄ vil han faktisk ikkje gje frÄ seg kongsseglet.

Her dukkar Odin opp i soga, han er pĂ„ veg til Sverige. Eg stussa litt pĂ„ dette, men historieboka forklarer det for meg «Krigsguden Odin, som hadde voldt sverdtider og Ăžkstider i Norge fra den grĂ„ vikingalder, forlater her landet for alltid, just som dagene blir lengre fram mot forlikssommeren 1208». Året 1208 er eit tidsskifte. Og resten av soga handlar om at den eine etter den andre dĂžyr.

I 1213 dĂžyr Kristin Sverresdotter (ho kidnappa, no kona til Filippus). Ho heldt pĂ„ Ă„ fĂžde eit barn, men barnet dĂžydde ĂČg. Filippus seier og har vitne pĂ„ at ho dĂžydde fĂžr ungen, og derfor er Filippus rette arving til alle Kristins eigendelar. Betyr dette at dĂ„ fruer dĂžydde gjekk deira eigendeler tilbake til slekta? Og at Filippus dĂ„ arvar ungen sin teknisk sett? Interessant.

Jarl HÄkon Galen dÞyr i 1214 og kong Inge dÞyr i 1217. Det siste Inge fÄr gjort er Ä gjere Skule kongsbror til jarl.

Til slutt mÄ eg ha med ei historie om kong Inges bestekompis PÄl drottsete. Inge liker PÄl aller best av venene sine, dei deler til og med seng. Men ei natt ser Inge at PÄl har med seg ein kniv i senga og kastar han ut pÄ gata. Men han held det hemmeleg kva som har skjedd, han seier det berre til bror sin Skule etter at Skule har lovd Ä ikkje bli sint. Men Skule blir litt sint likevel. Inge seier at han skal sende PÄl utor landet, men det skjer aldri. Til slutt drep Skule og ein av hans vener PÄl, og kongen blir lei seg. Det er ein svÊrt kort forteljing men eg synst det var sÄ rÞrande korleis kongen blei forrÄdt av sin besteven, men klarer ikkje heilt Ä skilje seg frÄ han og vil kanskje ha han buande i same by sjÞlv om dei ikkje kan vere saman lenger.

Til toppen