Velkommen til biblioteket

Fyrst og fremst har eg skrive ein kort tekst om lesing, eller om kvifor eg les, og korleis eg les.

Her har eg lista oppp alle bøkene eg har skrive ein liten tekst om, dei er alle bøker eg har likt - for om eg ikkje liker bøkene gidder eg ikkje lese dei ferdig. Nokre gonger blir eg ekstra insipirert til å skrive lengre tekstar så enkelte bøker har fått si eigen side - tekstar med meir enn 400 ord får si eige side, og dei er markert med ei 🐇 kanina.

Bøker er organisert i alfabetisk rekkefølge, ein knagg til titlar og ein til forfattarar (Du forstår det når du ser det). Null hensyn til sjangrar. Forfattarar er sortert etter fornamn, altså det namnet som står fyrst når eg gjer eit google-søk på dei, uavhengig av om det er eit personnamn, familienamn, eller kvasomhelstanna-namn. Bøker i same serie er samla samen under ein hovudtittel (Eg har foreløpig berre ein serie og det er haikerens guide til galaksen).

🎵 Det er enkelte bøker som er litt korte, eller som eg ikkje har særleg å skrive om, og då har eg bestemt meg for å skrive kvad til dei. Det er ikkje måte på. Inspirert av at eg leste ei soge (uten kvad ironisk nok) ~KVAD~

📚 Eg har laga ei liste med kjelder til gratis bøker som kanskje kan vere til hjelp om du har lyst på gratis bøker, men du gidder ikkje dra til biblioteket (å dra til biblioteket innbærer jo òg det at du ein gong i framtida må/bør dra tilbake til biblioteket, og personleg er eg ikkje glad i forpliktingar).

Her er enda meir eg har laga side om relatert til bøker: ei side for sitat som eg ikkje veit kor eg skal gjere av.

📕 ALLE BØKENE FINT SORTERT! 📕