I skogens dype, stille ro đŸ—“ïž

Forfattar: Mikkel Soya BĂžlstad

Land og sprÄk: Norge og bokmÄl

År: 2019

Eg veksla mellom sjalusi (for dei med dei kjekke jobbane og liva i boka) og frustrasjon (fordi folk er sÄ slemme og griske) dÄ eg las denne boka. Hadde det ikkje vore sÄ spennande hadde eg ikkje klart Ä lest ferdig, men eg ville jo vite om ho hadde ein lykkeleg slutt! ( - hadde ikkje). Me fÄr hÞyre om norges skogar heilt sida fÞrre istid og fram til i dag. Kor me har klart Ä leve saman med naturen i mangemange tusen Är, fram til no. Fyrst med oppgangssager pÄ ~1600-talet og sÄ stormforelskelsen med flatehogst pÄ 1900-talet.

Flatehogst er nĂ„r dei hogger praktisk talt a l t som er i eit omrĂ„de. Og det er krise for alle dyr og planter som lev der. (NĂ„r eg seier dyr meiner eg vel fyrst og fremst insekt, eg teller dei som dyr). Leksikonet seier det er det same som ‘snauhogst’ (I leksikonets artikkel om flatehogst stĂ„r det ĂČg om miljĂžkrav: livslĂžptrĂŠr og ein standard skogbrukarane skal fylgje – ikkje tru pĂ„ det, alt er berre bullshit, sjĂžlv om slikt finst sĂ„ blir det gjort absolutt minst mogleg for Ă„ fylgje det: livslĂžptrea – dei som fĂ„r stĂ„ igjen, er skvip-trea, og denne standarden
 det er skognĂŠringa sjĂžlv som har laga ho og er ansvarleg for Ă„ skjekke at dei fylgjer ho! Uff, no blei eg sinna igjen).
Tilbake til flatehogst. Det er altsÄ eit landskap reinska for alt. Dyr og planter har ikkje lengre nokon stad Ä bu og ikkje noko Ä ete. Det finnes sÄ klart dei som kan overleve slike steder og finner seg etter kvart til rette, men det er ikkje dei raudlista artane. Dei raudlista artane er jo ofte dei dyr og planter som me har stjÄle heimen frÄ. Til dÞmes skogen. Det er nemleg mange som berre vil bu i svÊrt gamle trÊr, eller daude trÊr eller svÊrt gamle daude trÊr. Og slikt finst det lite av, altfor lite. Om skog ein dag blir gammal og full av trÊr i alle aldrar og attpÄtil daude, sÄ er jo det jo ikkje likevel sikkert at alle desse gammeltreelskande artane kjem tilbake, dei blir jo ikkje til med magi. SjÞlv om det finst ein familie i ein annan skog er det ikkje sÄ lett Ä flytte (Eg lurte litt pÄ nÄr eg las om ein kunne gro slike planter, Ä skape eit kunstig miljÞ som dei liker, men det er ikkje et tema sÄ eg antar
 nei?).

SÄ fekk me hÞyre ein god del om lav og sopp (dei har alle morosame namn). Og spesielt lav vil eg lÊre meir om. Det visste eg eigentleg frÄ fÞr at eg ville lÊre meir om lav, men eg hadde glÞymt det ut. Og sopp altsÄ. Det verker som om soppen som veks utanpÄ trestammen fyrst har levd inni treet lenge til han blir stor nok eller bestemmer seg for Ä poppe ut.

Kapittelet om klimagassar var.. slitsamt. Det var som ein slik tusenfryd: ‘hogge skog lĂžnner seg’ ‘hogge skog lĂžnner seg ikkje’ ‘hogge skog lĂžnner seg’ ‘hogge skog lĂžnner seg ikkje’ đŸŒŒ. Det er liksom noko med alt. Men konklusjonen er at sĂ„ lenge skogen berre stĂ„r sĂ„ forureinast det mindre enn om ein gjer noko. Det er jo slik at tre kan erstatte fossile brensler i eit og anna, men om det finst andre alternativ til tre kan det vere betre. Forfattaren seier det kan lĂžnne seg pĂ„ lang sikt Ă„ hogge og bruke trĂŠr, om hundre Ă„r eller to-hundre Ă„r sĂ„ er skogen klimagass-a jour igjen, men
 Men pĂ„ kort sikt hadde det vore litt krise fordi det hadde blitt sĂ„ mykje klimagassutslepp pĂ„ ein gong at ‘lang sikt’ ikkje har sĂŠrleg betydning. Kva om ragnarok har komen fĂžr me har nĂ„dd ‘lang sikt’ liksom?!. AltsĂ„: la skogen stĂ„ og vekse seg gamal. Den bind ikkje like mykje karbondioksid som ein ung skog, men han bind traust og godt.

Har du hÞyrt om FSC? Det er merke som stÄr pÄ dei fleste papirprodukt. Det er ein internasjonal ordning som skal sikre at trea som hoggast ikkje er bl.a. verneverdig. Norge skal fylgje denne standarden. Men sÄ var det denne skognÊringa som fÄr gjere alt pÄ eigenhand. Dei har sine eigne kartleggarar som vurderer om skogen er verneverdig eller ikkje, i fylgje forfattaren har ikkje desse kartleggarane meir utdanning enn eit helgekurs! Og dei er jo naturlegvis heilt hÄplause. I skogar biologar har funne masse raudlista artar ser kartleggarane ingenting, og slik blir ikkje skogen sett pÄ som verdifull for artsmangfaldet og trea fÄr sitt FSC-stempel. Desse sjusovarane synde og eg trur dei veit det.

Konklusjonen her er altsÄ at Norge bruker utallig med penger pÄ regnskog i andre land samtidig som norske skogbrukere tyne den norske skog og skogfauna, heilt med statens velsignelse. Det som er igjen av skog i Norge i dag er berre eit hint av kva skog faktisk er. Slik skog som var i landet dÄ vÄre besteforeldre og eldreforeldre var smÄ sÄg annleis ut enn den me har igjen. Me veit ikkje kva me har mista, for det er sÄ fÄ av oss som har opplevd skog. P.S. Sverige er MYKJE flinkare enn oss pÄ Ä verne skog (ikkje at dei er fantastiske heller, men det seier jo sitt om oss).

Til biblioteket